Gå til innhold
Arkivverket

Herman Johannes Hermansen - eller Johannessen/Johnson - fødd i Bergen 1861 - seglmakardreng og sjømann - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande og imponerande innlegg!

 

Eg søkte fleire gongar sjølv i FT1900, men ser no at eg hadde feilstava etternamnet...  Uansett, me kan etter dette slå fast at Herman var del av 16th Wisconsin, og det er vel rimeleg å gå ut ifrå at han budde i eller nær Milwaukee, WI då han i september 1861 melde seg til hærteneste.

 

Yrket hans er oppgjeve til skreddar, som fekk meg til å stussa.  Ved fødsli til yngste sonen Herman Johannes, som vart døypt i Domkyrkja 15.12.1861, er nemlig yrket oppgjeve til:

 

* snikkararbeidsmann: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007438349

 

Men i kyrkjeboki står det vitterleg

 

* skreddararbeidsmann: https://media.digitalarkivet.no/view/8327/74

 

Her fann eg forresten Herman i «soldatmanntalet» frå 1890 der me får vita at han vart kjend kampudyktig i 1863 på grunn av rheuma og nauralgi (kva no enn det måtte vera...?):

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-5183

 

Huslyden til Herman er likevel ganske so «frustrerande».  Gravferdskortet til Herman (jmf. innlegg #22) oppgjev adressa hans til Memphis, TN, so me lyt vel tolka dette slik at han var busett der då han i 1889 flytte inn på soldatheimen.  At han i 1900 vert oppgjeven som enkjemann, KAN vera feil, med mindre han gifte seg med Harriet etter 1900?

 

Herman BURDE vera å finna i FT1870 og FT1880, rimelegvis i Memphis, TN(?), men som me ser, so var det berre ytterst få norske i Memphis, TN på den tidi (25 i 1870 og berre 4 i 1880!), og ingen Herman...

 

Harriet BURDE likeins vera å finna i Memphis, TN i 1910, men mellom dei om lag 50 enkjene i Memphis, TN med namnet Harriet, derav svært mange med «black» eller «mulatto» hudfarge, er det ingen eg tykkjer «høver» med vår.  Her er dei elleve enkjene som hadde kvit hudfarge:

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=1910USCenIndex&gss=sfs28_ms_r_db&new=1&rank=1&gsfn=Harriet&gsfn_x=1&msrpn__ftp=Memphis%2C Shelby%2C Tennessee%2C USA&msrpn=36307&msrpn_x=PCO&msrpn__ftp_x=1&_83004005-n=widowed&_83004005-n_x=1&_83004003-n_xcl=m&_83004002=white&_83004002_x=1&MSAV=1&uidh=008

 

Fleire av desse enkjene kunne «teoretisk» ha gift seg med Herman etter 1900 for so å ta attende det «gamle» etternamnet då Herman døydde...  Eg veit ikkje...

 

Slekti til Herman er òg drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/220996-øyanes-påskenøtt-2018-9-anna-haaversdotter-1793-1873-frå-luster-til-bergen-med-forgreiningar-til-amerika-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1867386

 

men dei opplysningane som der er framkomne om Herman Jordanger og borni hans, skal alle vera medtekne i dette oppdaterte manuskriptet;

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire «banebrytande» funn, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #31 under!

 

Dette er verkeleg ein utfordrande huslyd å forska i, men eg takkar på ny for framifrå bistand til å framskaffa ein meir eller mindre komplett biografi for dei!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har spekulert litt meir på problematikken kring Harriet.

 

Dersom ho levde i 1910 og budde i Memphis, TN, kan ho IKKJE ha skrive seg for Johaneson eller liknande.  mem teljingi vart teki opp i APRIL 1910, d.v.s. FØR Herman døydde, og ser me på FT1910 for Memphis, TN, finn me berre EI EINASTE kvit Harriet som då var «married», men som levde åleine:

 

* Harriet A. Randall  48  IN  IN  IN  gift i 30 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYJ-936Q

 

Den same Harriet dukkar opp i mange city directories og der alltid som «widow of William H. Randall».  I 1900 budde ho òg i Memphis, men då som «widow»:

 

* Harriet Randell  Mar. 3, 1850  IN  IN  KY: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XC6S-YNT

 

I 1900 skal ho ha hatt 8 born, og 6 av dei levde, men berre ei dotter er nemnd, Leonora!

 

Indiana marriage index syner at William H. Randall og Harriet A. Ruark gifte seg i Vigo Co., IN 24.11.1877.

 

Men det heile kan sjølvsagt vera eit «skòt i natti», at denne Harriet ikkje har noko å gjera med «vår» Harriet og Herman!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er det på tide endå ein gong å seia BINGO!

 

Eg la ut spørsmål om Herman Johaneson ogso på den norsk-amerikanske rootsweb-sida, og i kveld fekk eg ei melding som fekk manken til å reisa seg hjå meg.  Mellom anna skriv vedkommande følgjande:

 

«I have not, as yet, found an actual marriage record, but Herman was married to Harriet Ellen Held from Croydon, Indiana. They had several children, their first, Anna, coming around the time of his military discharge. For a long time in my search there was a long gap in the ages of the children, after Anna, and all girls, until near the end of my looking last night, when I found other children, including at least a couple of males with very common names, thus difficult to winnow out.

None of the women I followed were successful in marriage, using the common "Widowed" in the records instead of "Divorced". I believe that is also what happened to Herman and Harriet in the end.

I followed three daughters to their death, two dying within one week in 1923, victims of a "lysteria" outbreak in the USA and Europe. It was the death certificate record for their first child, Anna, that tipped me off to their mother's maiden name, and got this search rolling.

From the time of Herman's military discharge, they lived in Spencer County, Kentucky, then Montgomery County, Tennessee, and eventually Memphis, TN.»

 

Meir vil komma frå Amerika, men utifrå desse opplysningane kunne eg finna Herman i FT1870 for Taylorsville, Spencer Co., KY (med fødestad Sweden!):

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DRGS-NWM

 

og i FT1880 for Montgomery Co., TN (då var Herman med eitt vorte ire!):

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBP-VHX

 

Og her er Harriet Johnson som ENKJE i Memphis, TN i 1900 med m.a. to av døtrene hennar (der fødestaden til far deira er oppgjeven til Indiana!):

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XC6S-B52

 

Eg har ikkje finne Harriet i 1910 og heller ikkje dødsfallet hennar, men:

 

Her er find-a-grave for dotteri Lula: https://www.findagrave.com/memorial/176123649

 

og her er dødsattesten til dotteri Anna: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D1MQ-L22

 

Dette må vel vera Harriet E. HETH med foreldri sine i Corydon, Harrison Co., IN i 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62BQ-NFR

 

Og her var jaggu vigsli til Harman Johnson og Harriet Heth i Floyd Co., IN 23.6.1863:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60282/004003417_00484?pid=37665&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx8721&_phstart=successSource

 

Ifølgje FT1900 hadde Harriet åtte born, men berre fire av dei var då ilive.  No lyt eg venta på fleire detaljar frå Amerika, samstundes som eg vil ta til med å setja i saman det som er kome so langt.

 

Eg føler meg som «Alice in Wonderland» etter desse kjempemessige funni, og eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

 

Hadde me no berre greidd å finna nokre obituaries...!?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no hatt ei lang økt med denne huslyden, og eg har gjort fleire interessante funn, samstundes som fleire opplysningar er komne frå Amerika.

 

Oppdatering av manuskriptet følgjer i morgon, men nokre detaljar vil eg nemna i kveld om nokon sit med høve til å søka amerikanske aviser etter obituaries:

 

* Harriet og Herman vart nok skilde, for 14.11.1906 gifte Harriet Johnson seg att i Memphis, TN med Robert P. Payne, fødd i GA 1852, men Robert Payne døydde i Memphis, TN 9.10.1910.  Harriet døydde som enkje i Memphis, TN 15.4.1921

 

* Dotteri Anna Nellie Jackson døydde i Memphis, TN 26.3.1923

 

* Dotteri Jessie Stanton døydde i Memphis, TN 17.3.1923

 

* Svigersonen Joseph P. Stanton døydde i Memphis, TN 10.4.1938

 

* Dotteri Lula Nora Hottum døydde i Memphis, TN 23.8.1928

 

* Svigersonen Christopher Hottum døydde i Memphis, TN 22.9.1959

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Svigersonen Christopher Hottum døydde i Memphis, TN 22.9.1959

 

Han var mest kjent som "Doc" Hottum (sports-promoter, spesielt boksing),  det finnes mange avisartikler om ham, men kan ikke finne noen OBIT som omtaler familie. Pussig nok har jeg ikke funnet noen OBIT for Lula Nora Hottum - men skal søke mer.

 

Evening Star Wednesday, Sep 23, 1959 Washington (DC), Page, 78

Evening Star Wednesday, Sep 23, 1959 Washington (DC), Page, 78.jpeg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget.

 

Eg har i føremiddag hatt ein grundig gjennomgong av denne huslyden og presenterer nedanfor eit oppdatert manuskript der borni til Herman og andre kona Harriet òg er «bygde inn».  Men før eg legg dette fram, vil eg gjerne få nemna særskilt kva «hovudutfordringar» som i augneblinken står att å finna svar på:

 

NB: Korrigert liste følgjer i innlegg #34 under!

 

Her følgjer so det oppdaterte manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #26 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #34 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (daughter:

 

            * Jessie E. Hottum – Apr. 1896 – married Henry O. King of Memphis, TN)

 

The Tennessee, Death Records, 1908-1958 - LENKE Ancestry - https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=TNDeathRecords&indiv=try&h=198040
Name:    Jessie Helen King
[Jessie Helen Huttum] 
Gender:    Female
Race:    White
Birth Date:    5 Apr
Birth Place:    Tennessee
Death Date:    30 Jun 1934
Death Place:    Memphis, Shelby, Tennessee, USA
Father:    C H Huttum
Mother:    Nora Johnson
Certificate Number:    14255

 

Lenke FAG - https://www.findagrave.com/memorial/89388026/jessica-helen-king

 

The Tennessee, Death Records, 1908-1958 - Lenke Ancestry - https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=TNDeathRecords&indiv=try&h=972594
Name:    Henry Otha King
Gender:    Male
Race:    White
Age:    58
Birth Date:    18 Nov 1891
Birth Place:    Fowlkes, Tennessee
Death Date:    30 Mar 1950
Death Place:    Memphis, Shelby, Tennessee, USA
Father:    Henry E King
Mother:    Catherine King
Certificate Number:    50-09435

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for oppfølgjing av denne huslyden i Memphis, TN.

 

Ein skulle nesten tru me talar om to ulike menn når me høyrer kva dei skriv om Christopher Hottum og samanliknar med kva som kjem fram i ulike folketeljingar.  Av erfaring veit eg at «sjølvkomponerte» biografiar frå Amerika ofte er meir «skrytealbum» enn røyndom, so eg helde meg stort sett til kva eg finn i dei offisielle kjeldene...

 

Eg legg elles merke til at nøyaktige datoar, særleg fødselsdatoar, er noko dei ikkje synest ta so «høgtideleg» på denne kanten av Amerika.  Pussig nok hadde eg ei liknande erfaring med ein annan huslyd som eg i si tid følgde frå Wisconsin til Kentucky, men eg greidde då omsider å få tak i det meste, og eg vonar jo at det ogso denne gongen skal gå bra...

 

Elles har eg i kveld arbeidd litt meir med dotteri Andrine Marie, som Herman hadde med første kona si, og eg oppdaga at eg har gjort ein feil i samband med tolkingi av kven mann hennar var.  Dødsattesten hans seier han var frå SARPSBORG, men ved første blikk finn eg han ikkje att der.  Kan henda er han fødd i eitt av naboprestegjeldi?  Me har jo både ein fødselsdato og eit omtrentleg utvandringsår...

 

Her følgjer ei korrigert «utfordringsliste» frå innlegg #31:

 

* Lagnadane til James og Sina Monsen i Chicago, IL etter 1880?

 

* Kven var Robert P. Payne som døydde i Memphis, TN i 1910?

 

* Opphavet til Anton Andersen, visstnok fødd «i Sarpsborg» 20.9.1863?

  

* Lagnaden til Herman Johannes (Jordanger) etter han rømte frå skipet i New York i 1879?

 

* Fleire detaljar om borni etter James og Sina Monsen, fødde i Chicago 1869/1878?

 

* Fleire detaljar om Ed L. Jackson frå South Carolina, gift med Anna Nelia Johnson?

 

* Lagnadane til William Albert, James og Lilly Pearl Johnson etter 1880? - truleg er William Albert eller Lilly Pearl det fjerde av dei fire borni som i 1900 levde etter Harriet, men som døydde før 1910!

 

* Og kven var dei to siste borni etter Herman og Harriet?

 

Og her kjem so eit oppdatert og korrigert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #31:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Johannesson {Jordanger}, f. {i Hafslo} 15.4.1829,

Herman Johannessen Jordanger flytte i 1851 til Bergen og gifte seg der 24.9.1854 med Monsina Andrine Monsdotter Espeland, ei dotter av husmannsdotteri Anna Haaversdotter frå Lovolden under Fortun i Luster (1793-1873).  Monsina var f. i Bergen 18.5.1836.  Herman var nokre år yrkessoldat og sidan skreddararbeidar, men «deserterte» til Amerika i 1861.  Monsina slo seg kring 1867 i lag med Jens Monsson frå Hjelmeland indre i Gaular.  Han var son av husmann Mons Larsson på Seljegjerdet under Hjelmeland indre, opphavleg frå Tuften, og andre kona Martha Torstensdotter frå Hjelmeland indre og f. i Gaular 7.4.1831.  Jens gifte seg første gongen i Fana 19.10.1861 med Ida Marie Johannesdotter Mathiesen frå Spinneriet i Fana, f. i Bergen 10.5.1835.  Mons livnærte seg som tømmermann til sjøs, og parfolket budde i Bergen.  Dei fekk tre born i lag, men flytte frå kvarandre i 1865.  Ida d. på Spinneriet i Fana 25.5.1881.  Jens tok til som bordarbeidsmann (snikkar), og i 1868 utvandra han med Monsina til Amerika.  Me finn dei att under namni James og Sina Monsen i Chicago, Cook Co., Ill. der James heldt fram som snikkar («carpenter»). 

 

##### (what happened to them after 1880? – their deaths?)

 

Herman fór i 1861 til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men verva seg alt i september same år til hærteneste i borgarkrigen («Civil War soldier»).  I militære dokument skreiv han seg for det meste som Herman Johannessen, men til dagleg kalla han seg for Herman Johnson.  Han gifte seg på ny i Floyd Co., Ind. 23.6.1863 med Harriet Ellen Heth, f. i Harrison Co., Ind.

 

##### (exact date of her birth? – Jan. 1844?)

 

Herman livnærte seg som skreddar («tailor»), og han og Harriet budde ei tid i Taylorsville, Spencer Co., Ky., men flytte derifrå kring 1871 til ein farm nær Clarksville, Montgomery Co., Tenn.  Herman var ein tur heime på vitjing i 1887, men reiste bort att same året.  Ein gong på 1880-talet flytte han og Harriet til Memphis, Shelby Co., Tenn., men frå 1889 var Herman busett på soldatheimen nær Dayton, Montgomery Co., Ohio der han d. 4.5.1910.  Han og Harriet vart skilde på 1890-talet, og Harriet dreiv ei tid pensjonat («lodging house keeper») i Memphis, Shelby Co., Tenn., men gifte seg att i Memphis, Tenn. 14.11.1906 med Robert P. Payne

 

##### (railroad clerk – born GA (GA/SC) 1852 - he died Memphis, TN Oct. 9, 1910 – Mrs. H. E. Payne still lodging house proprietor in Memphis!)

 

Harriet d. i Memphis, Tenn. 15.4.1921.  Sina fekk i alt ni born, fire frå ekteskapet med Herman og fem med Jens (James), men Jens hadde òg tre døtrer frå første ekteskapet sitt med Ida, medan Herman fekk åtte born i andre ekteskapet sitt med Harriet:

 

##### (av desse åtte borni var fire i live i 1900 og tre i live i 1910!)

 

a. Gurine Johanne Monsine, kjend som Johanne Hermansen, f. i Bergen 14.6.1855, voks opp som fosterdotter hjå besteforeldri sine, men utvandra til Amerika i 1871,

 

     ##### (destiny in America? – called Johanna Gurine in 1865!)

 

b. Mons Julius Hermansen, f. i Bergen 4.6.1857, voks opp som fosterbarn hjå ein gardbrukar på Dyngeland i Fana, men d. som fattiglem på sjukehuset i Bergen 20.10.1873.

c. Andrine Marie, kjend som Marie, sidan som Randine M. Johnson, f. i Bergen 1.8.1859, voks opp som fosterdotter hjå Lars Einerson frå Motræ under Mo (1830-1915), men utvandra frå Bergen til Amerika i 1883.  Ho gifte seg i Chicago, Ill. 8.8.1885 med Anton Andersen

 

     ##### (fødd Sarpsborg Noreg 20.9.1863 – utv. 1879/1880?)

 

     Anton og Randine vart buande i Chicago, Ill. der Anton livnærte seg som

 

     ##### (what is a latherer or lathing contractor?)

 

     Han d. i Chicago, Ill. 8.4.1926, medan Randine d. som enkje same staden 1.5.1940.  Dei fekk ein son i lag.

 

     ##### (son:

            * Arthur Anderson, born Oct. 1886)

 

d. Herman Johannes Johannesson Jordanger, f. i Bergen 22.11.1861, voks liksom eldste søsteri opp som fosterson hjå besteforeldri i Bergen.  Han var i 1875 kalla seglmakerdreng og vart sidan sjømann.  Siste gongen me finn han nemnd, var då han i september 1879 som jungmann siglde frå Bergen til Amerika.  Han rømte frå skipet i New York City, N.Y., og

 

     ##### (what became of him? – not yet heard from by 1881!)

 

e. Martine Johanne Jensen, f. i Fana 5.1.1862, dotter av Jens og Ida, d. på ein gamleheim i Bergen 7.11.1933.  Martine gifte seg hjå byfogden i Bergen 14.4.1891 med Karl Johan Johanson frå Karlstad i Värmland, Sverige, f. i Karlstad 30.7.1851.  Han d. i Bergen 10.3.1913.  Karl var sagbruksarbeidar, medan Martine var sekkesyerske.  Dei budde i Bergen levetidi ut.  Dei var barnlause, men tok til seg ei pleiedotter.

f. Udøypt Jensson Monsen, f. i Bergen 5.8.1863, d. i Bergen 13.8.1863, son av Jens og Ida.

g. Mine Jensdotter Monsen, f. i Bergen 9.12.1864, d. i Bergen 19.10.1865, dotter av Jens og Ida.

h. Jens Andreas Monson, f. i Bergen 18.12.1867, utvandra med foreldri i 1868, men d.

 

     ##### (kan henda undervegs til Amerika?)

 

i. Jens Andreas, kjend som Andrew Monson, f. i Cook Co., Ill. 16.3.1869,

 

     ##### (listed 1880)

 

j. Josephine Andrine, kjend som Fannie Monson, f. i Cook Co., Ill. 8.7.1871, d.

 

     ##### (date and place of her death? – after 1940 – probably Milwaukee, WI!?)

 

     Fannie gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 22.3.1894 med Thorvald Mandius, kjend som Thomas Alfred Thorsen, f. i Cook Co., Ill. 28.4.1871.  Han d. i Chicago, Ill. 24.7.1902.  Thomas var målar («painter»), og han og Fannie budde i Chicago, Ill.  Som enkje gifte Fannie seg 31.7.1906 att i St. Joseph, Mich. med enkjemannen John Lange, f. i Cook Co., Ill. 21.2.1864.  Han d. i Chicago, Ill. 24.9.1930.  John var fabrikkvakt («factory watchman»), og ogso han og Fannie budde i Chicago, Cook Co., Ill., men som enkje flytte Fannie først på 1930-talet med dotter si til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Ho fekk to born, som båe var frå første ekteskapet, men John Lange hadde òg fem born frå første ekteskapet sitt.

k. Martha Mathilda, kjend som Tillie Monson, f. i Cook Co., Ill. 24.2.1876,

 

     ##### (nemnd som fadder 1898)

 

l. Rosa,

 

     ##### (original name?)

 

     kjend som Rosie Monson, f.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1878? – perhaps recorded as Mattie – born Chicago, IL Sep. 30, 1878?)

 

     ##### (nemnd som fadder 1898)

 

m. Anna Nelia Johnson, f.

 

     ##### (exact date and place of birth? – IN!)

 

     .4.1864, d. i Memphis, Tenn. 26.3.1923.  Anna gifte seg i Memphis, Tenn. 14.9.1898 med Ed L.

 

     ##### (full name?)

 

     Jackson, f.

 

     ##### (exact date and place of his birth? – SC!)

 

     .12.1851,  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? – prior to 1910!)

 

     Ed Jackson var snikkar («carpenter»), og han og Anna budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

n. William Albert Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1867)

 

     ##### (listed 1870/80 – later destiny?)

 

o. James H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1869)

 

     ##### (listed 1870 – probably died prior to 1880!?)

 

p. Lilly Pearl Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1872)

 

     ##### (listed 1880 – later destiny?)

 

q. Lou Emma, kjend som Lula Nora Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .12.1875, d. i Memphis, Tenn. 23.8.1928.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 3.1.1894 med Christopher Henry Hottum, f.

 

     ##### (sjekka fødestad? - Obernheim, Baden-Württemberg(?), Tyskland – utv. 1881? – par: Leonard Hottum and Helena Leid)

 

     31.1.1869.  Han d. i Memphis, Tenn. 22.9.1959.  Dei vart skilde kring 1903, og Christopher gifte seg 4.4.1906 att i Memphis, Tenn. med Grace Lillian Richardson, f. i Plymouth Co., Mass. 29.11.1883.  Ho d. i Memphis, Tenn. 4.5.1970.   Christopher var utdanna kjemikar («chemist»), men var i mange år bar- og spelehalleigar («saloon and pool hall owner and operator») og sidan bakeri- og kaféeigar («bakery and café owner and operator»).  Han budde levetidi ut i Memphis, Shelby Co., Tenn. og fekk i alt fire born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Lula.

 

     ##### (daughter:

            * Jessie Helen Hottum, born Apr. 5, 1896, died June 30, 1934 – married Henry O. King of Memphis, TN)

 

r. Jessie H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth? – Feb. 1878 or 1879?)

 

     d. i Memphis, Tenn. 17.3.1923.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 15.9.1898 med Joseph Peter Stanton, f. i Shelby Co., Tenn. 12.12.1874.  Han d. i Memphis, Tenn. 10.4.1938.  Joseph Stanton var maskiningeniør («machinist»), og han og Jessie budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

 

##### (two children missing – info?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein tilleggsmerknad til den «korrigerte» Andrine Marie kjend som Randine (barn #c) over:

 

Då einaste sonen hennar, Arthur, døydde ugift i 1915, er namnet til mori oppgjeve som Marie JOHANNESEN.  Dette får meg til å lura:  Kan det ha vore kontakt i seinare år mellom Marie og faren Herman, som jo ogso stava namnet sitt so «merkeleg» då han budde på soldatheimen i Dayton, OH...!

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Name Arthur Anderson
Event Type Death
Event Date 02 Nov 1915
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Address 4832 Potomac Ave Ward 33
Gender Male
Age 29
Marital Status Single
Race White
Occupation Lather
Birth Date 11 Oct 1886
Birthplace Chicago, Cook, Illinois
Funeral Home John M Pedersen
Burial Date 06 Nov 1915
Burial Place Chicago, , Illinois
Cemetery Mt Olive
Father's Name Anton Anderson
Mother's Name Marie Johannesen
Informant's Name Agnes Anderson

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Tja, kven veit...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at eg fekk nye spennande opplysningar frå Amerika om huslyden til Monsine og Jens Monsson, la eg dei ut i går som eige tema,

 

https://forum.arkivverket.no/topic/222194-jens-1831-og-monsine-1836-monsen-i-chicago-il-kvar-vart-dei-av-etter-1880-dotter-mary-may-monsen-fødd-i-chicago-il-1879-gift-1906-med-john-edward-obrien-lagnaden-hennar-før-1906-og-etter-1948-ei-amerikansk-kjempeutfordring/

 

og det gav jo kjempeflotte resultat, som eg set stor pris på!

 

Samstundes har eg vore i vidare kontakt med leiingi i Forest Hill Midtown cemetery i Memphis, TN.  Dette er kyrkjegarden som ligg på Elvis Presley Blvd. rett nedanfor bustaden til Elvis Presley og samstundes kyrkjegarden der Elvis Presley først vart bisett før han vart flytt til sin noverande «private» kvilestad!

 

Uansett, derifrå har eg fått greie på at Section 11 Lot 21 inneheld minst sju gravar, i tillegg til gravene til Harriet og andre mannen Robert Payne, ligg ogso dei fire borni hennar der som levde i 1900 samt mann til eldste dotteri.  Gravi til Harriet låg forresten tidlegare ein annan stad, men ho vart flytt so seint som i 1984, truleg for at heile familien skulle få liggja samøla, men kven som gjorden det, veit eg ikkje...

 

Det er diverre dårleg med nøyaktige fødselsdatoar på desse borni som Herman og Harriet fekk i lag, men eg har likevel fått på plass vigslene til dei tre døtrene og bra med opplysningar om ektemakane deira.  Derimopt er sonen William Albert Johnson ei ny kjempeutfordring!  To veker før han døydde, reiste han til El Paso, TX for å pleia tuberkulosen sin, men det var utan nyttelaust.  Han døydde 30.11.1903 og vart gravlagd i lag med resten av huslyden i Memphis, TN 7.12.1904:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9Y1Z-XHL

 

Det som no er den store utfordringi her, er om William var gift og eventuelt let etter seg born?  Fleire city directories frå Memphis, TN, som ligg ute på sida til Shelby Co., TN Register of Deeds:

 

https://register.shelby.tn.us/index.php

 

syner at ein Wm A Johnson budde i Memphis, TN i 1890-åri og fram til kring 1901, men eg har ikkje greidd å identifisera denne karen i FT1900.  Kanskje har han oppgjeve feil fødestad og dessutan ikkje nokon mellombokstav?  Den EINASTE eg tykkjer høver so nokolunde og som hadde KVIT hudfarge, er denne William Johnson med kone Eva og tre born:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-67S3-BN1

 

Desse ser eg IKKJE att i FT1910, men kanskje augi mine sviktar på ny?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for heile denne utfordrande huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Johannesson {Jordanger}, f. {i Hafslo} 15.4.1829,

Herman Johannessen Jordanger flytte i 1851 til Bergen og gifte seg der 24.9.1854 med Monsina Andrine Monsdotter Espeland, ei dotter av husmannsdotteri Anna Haaversdotter frå Lovolden under Fortun i Luster (1793-1873).  Monsina var f. i Bergen 18.5.1836.  Herman var nokre år yrkessoldat og sidan skreddararbeidar, men «deserterte» til Amerika i 1861.  Monsina slo seg kring 1867 i lag med Jens Monsson frå Hjelmeland indre i Gaular.  Han var son av husmann Mons Larsson på Seljegjerdet under Hjelmeland indre, opphavleg frå Tuften, og andre kona Martha Torstensdotter frå Hjelmeland indre og f. i Gaular 7.4.1831.  Jens gifte seg første gongen i Fana 19.10.1861 med Ida Marie Johannesdotter Mathiesen frå Spinneriet i Fana, f. i Bergen 10.5.1835.  Mons livnærte seg som tømmermann til sjøs, og parfolket budde i Bergen.  Dei fekk tre born i lag, men flytte frå kvarandre i 1865.  Ida d. på Spinneriet i Fana 25.5.1881.  Jens tok til som bordarbeidsmann (snikkar), og i 1868 utvandra han med Monsina til Amerika.  Me finn dei att under namni James og Muncena Munson i Chicago, Cook Co., Ill. der James heldt fram som snikkar («carpenter»).  Muncena d. i Chicago, Ill. 26.10.1885, medan James, då kalla John Munson, d. same staden 14.4.1892. 

 

##### (she buried Graceland – he buried Mt. Olive! – verify with cemetery!)

 

Herman fór i 1861 til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men verva seg alt i september same år til hærteneste i borgarkrigen («Civil War soldier»).  I militære dokument skreiv han seg for det meste som Herman Johannessen, men til dagleg kalla han seg for Herman Johnson.  Han gifte seg på ny i Floyd Co., Ind. 23.6.1863 med Harriet Ellen Heth, f. i Harrison Co., Ind.

 

##### (exact date of her birth? – Jan. 1844?)

 

Herman livnærte seg som skreddar («tailor»), og han og Harriet budde ei tid i Taylorsville, Spencer Co., Ky., men flytte derifrå kring 1871 til ein farm nær Clarksville, Montgomery Co., Tenn.  Herman var ein tur heime på vitjing i 1887, men reiste bort att same året.  Ein gong på 1880-talet flytte han og Harriet til Memphis, Shelby Co., Tenn., men frå 1889 var Herman busett på soldatheimen nær Dayton, Montgomery Co., Ohio der han d. 4.5.1910.  Han og Harriet vart skilde på 1890-talet, og Harriet dreiv i mange år ei tid pensjonat («lodging house keeper») i Memphis, Shelby Co., Tenn., men gifte seg att i Memphis, Tenn. 14.11.1906 med Robert P.

 

##### (middle name?)

 

Payne, f.

 

##### (exact date and place of his birth? – GA  GA  SC)

 

1852.  Robert var jarnbanefunksjonær («railroad clerk») og budde òg i Memphis, Shelby Co., Tenn. der han d. 9.10.1909.  Harriet d. som enkje i Memphis, Tenn. 15.4.1921.  Sina fekk i alt ni born, fire frå ekteskapet med Herman og fem med Jens (James), men Jens hadde òg tre døtrer frå første ekteskapet sitt med Ida, medan Herman fekk åtte born i andre ekteskapet sitt med Harriet:

 

##### (av desse åtte borni var fire i live i 1900! – Harriet with her 2nd husband, four children and son-in-law Ed Jackson are all buried in the Forest Hill Midtown cemetery in Memphis, TN in Section 11, Lot 21)

 

a. Gurine Johanne Monsine, kjend som Johanne Hermansen, f. i Bergen 14.6.1855, voks opp som fosterdotter hjå besteforeldri sine, men utvandra til Amerika i 1871,

 

     ##### (destiny in America? – called Johanna Gurine in 1865!)

 

b. Mons Julius Hermansen, f. i Bergen 4.6.1857, voks opp som fosterbarn hjå ein gardbrukar på Dyngeland i Fana, men d. som fattiglem på sjukehuset i Bergen 20.10.1873.

c. Andrine Marie, kjend som Marie, sidan som Randine M. Johnson, f. i Bergen 1.8.1859, voks opp som fosterdotter hjå Lars Einerson frå Motræ under Mo (1830-1915), men utvandra frå Bergen til Amerika i 1883.  Ho gifte seg i Chicago, Ill. 8.8.1885 med Anton Andersson frå Minge i Tune, i Amerika kjend som Anton  Anderson.  Han var son av gardbrukar Anders Frantson på Ragnerød, Minge, opphavleg frå Bråten, Morthaug i Varteig, Tune, og kona Marie Pedersdotter frå Belsby i Varteig, Tune og f. i Tune 25.9.1863.  Han utvandra til Amerika med mor si i 1879.  Anton og Randine vart buande i Chicago, Ill. der Anton vart byggmeistar («lathing contractor»).  Han d. i Chicago, Ill. 8.4.1926, medan Randine d. som enkje same staden 1.5.1940.  Dei fekk ein son i lag.

 

     ##### (son:

            * Arthur Anderson, born Oct. 11, 1886, died Nov. 2, 1915  single latherer – informant Agnes Anderson)

 

d. Herman Johannes Johannesson Jordanger, f. i Bergen 22.11.1861, voks liksom eldste søsteri opp som fosterson hjå besteforeldri i Bergen.  Han var i 1875 kalla seglmakerdreng og vart sidan sjømann.  Siste gongen me finn han nemnd, var då han i september 1879 som jungmann siglde frå Bergen til Amerika.  Han rømte frå skipet i New York City, N.Y., og

 

     ##### (what became of him? – not yet heard from by 1881!)

 

e. Martine Johanne Jensen, f. i Fana 5.1.1862, dotter av Jens og Ida, d. på ein gamleheim i Bergen 7.11.1933.  Martine gifte seg hjå byfogden i Bergen 14.4.1891 med Karl Johan Johanson frå Karlstad i Värmland, Sverige, f. i Karlstad 30.7.1851.  Han d. i Bergen 10.3.1913.  Karl var sagbruksarbeidar, medan Martine var sekkesyerske.  Dei budde i Bergen levetidi ut.  Dei var barnlause, men tok til seg ei pleiedotter.

f. Udøypt Jensson Monsen, f. i Bergen 5.8.1863, d. i Bergen 13.8.1863, son av Jens og Ida.

g. Mine Jensdotter Monsen, f. i Bergen 9.12.1864, d. i Bergen 19.10.1865, dotter av Jens og Ida.

h. Jens Andreas Munson, f. i Bergen 18.12.1867, utvandra med foreldri i 1868, men d.

 

     ##### (kan henda undervegs til Amerika?)

 

i. Jens Andreas, kjend som Andrew Munson, f. i Cook Co., Ill. 16.3.1869,

 

     ##### (listed 1880)

 

j. Josephine Andrine, kjend som Fannie Munson, f. i Cook Co., Ill. 8.7.1871, d. i Milwaukee, Wis. 23.10.1948.  Fannie gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 22.3.1894 med Thorvald Mandius, kjend som Thomas Alfred Thorsen, f. i Cook Co., Ill. 28.4.1871.  Han d. i Chicago, Ill. 24.7.1902.  Thomas var målar («painter»), og han og Fannie budde i Chicago, Ill.  Som enkje gifte Fannie seg 31.7.1906 att i St. Joseph, Mich. med enkjemannen John Lange, f. i Cook Co., Ill. 21.2.1864.  Han d. i Chicago, Ill. 24.9.1930.  John var fabrikkvakt («factory watchman»), og ogso han og Fannie budde i Chicago, Cook Co., Ill., men som enkje flytte Fannie først på 1930-talet med dotter si til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Ho fekk to born, som båe var frå første ekteskapet, men John Lange hadde òg fem born frå første ekteskapet sitt.

k. Martha Mathilda, kjend som Tillie, sidan som Mary May Munson, f. i Cook Co., Ill. 24.2.1876, d.

 

     ##### (date and place of her death? - Milwaukee, WI after 1948?)

 

     Mary gifte seg i Benton Harbor, Berrien Co., Mich. 24.7.1906 med John Edward OBrien, f. i York Co., Neb. 20.8.1879.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? – Milwaukee, WI after 1942?)

 

     John OBrien var salsagent («travelling salesman»), og han og Mary budde mellom anna i Leadville, Lake Co., Colo., i Duluth, St. Louis Co., Minn. og i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte på 1920-talet til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut. 

 

     #####v (to be verified?)

 

     Dei var barnlause.

l. Rose

 

     ##### (full name?  official birth record Chicago says Mattie, born Sep. 30, 1878!)

 

     Munson, f. i Cook Co., Ill. 20.9.1878, d. i El Cajon, Cal. 16.3.1941.  Rosie gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 12.6.1905 med enkjemannen Adolphe A.

 

     ##### (middle name?)

 

     Adrian, f. i New York City, N.Y. 23.1.1873.  Han d. i Chicago, Ill. 21.1.1910.  Han gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 28.1.1899 med Blanche Emily Benedict, f. i Cook Co., Ill. 17.6.1877.  Men ho d. i Chicago, Ill. alt 14.7.1900.  Adolphe var kontormann («credit clerk and adjuster») og budde levetidi ut i Chicago, Cook Co., Ill.  Rose var i 1910 som enkje butikkdame («saleswoman») i Chicago, Ill., men

 

     ##### (called HILDRETH when she married in 1913! – did she have another marriage?? – NB: 1930 census suggests he was married 1st time at 24 – she at 22! – 1913 marriage 2nd marriage for both and both were widowed!)

 

     gifte seg 25.10.1913 att i Los Angeles, Cal. med enkjemannen Hans Joseph Hansen, f. i Pottawattamie Co., Ia. 12.6.1877.  Han d. i El Cajon, Cal. 10.8.1939.  Hans var ei tid trikkemaskinist («streetcar motorman»), og han og Rose budde i San Diego, San Diego Co., Cal., men flytte kring 1928 til El Cajon, San Diego Co., Cal. der dei dreiv fôrbutikk («feed store owners and operators»)  Rose fekk ingen born frå nokon av ekteskapi sine, og heller ikkje Adolphe Adrian hadde born frå første ekteskapet sitt.

m. Anna Nelia Johnson, f.

 

     ##### (exact date and place of birth? – IN!)

 

     .4.1864, d. i Memphis, Tenn. 26.3.1923.  Anna gifte seg i Memphis, Tenn. 14.9.1898 med Edward L.

 

     ##### (middle name?)

 

     kjend som Ed L. Jackson, f. i Fairfield Co., S.C.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     .12.1851,  Han d. i Memphis, Tenn. 29.4.1902.  Ed Jackson var bomullshandlar og snikkar («cotton merchant and carpenter»), og han og Anna budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

n. William Albert Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1867)

 

     d. i El Paso, Tx. 30.11.1903. 

 

     ##### (died from consumption in El Paso, TX after 2 weeks’ stay / buried in Memphis! – further info? – possibly he was married?)

 

o. James H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1869)

 

     ##### (listed 1870 – probably died prior to 1880!?)

 

p. Lilly Pearl Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1872)

 

     ##### (listed 1880 – died prior to 1900! – her destiny?)

 

q. Lou Emma, kjend som Lula Nora Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .12.1875, d. i Memphis, Tenn. 23.8.1928.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 3.1.1894 med Christopher Henry Hottum, f.

 

     ##### (sjekka fødestad? - Obernheim, Baden-Württemberg(?), Tyskland – utv. 1881? – par: Leonard Hottum and Helena Leid)

 

     31.1.1869.  Han d. i Memphis, Tenn. 22.9.1959.  Dei vart skilde kring 1903, og Christopher gifte seg 4.4.1906 att i Memphis, Tenn. med Grace Lillian Richardson, f. i Plymouth Co., Mass. 29.11.1883.  Ho d. i Memphis, Tenn. 4.5.1970.   Christopher var utdanna kjemikar («chemist»), men var i mange år bar- og spelehalleigar («saloon and pool hall owner and operator») og sidan bakeri- og kaféeigar («bakery and café owner and operator»).  Han budde levetidi ut i Memphis, Shelby Co., Tenn. og fekk i alt fire born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Lula.

 

     ##### (daughter:

            * Jessie Helen Hottum, born Apr. 5, 1896, died June 30, 1934 – married Henry O. King of Memphis, TN)

 

r. Jessie H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth? – Feb. 1878 or 1879?)

 

     d. i Memphis, Tenn. 17.3.1923.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 15.9.1898 med Joseph Peter Stanton, f. i Shelby Co., Tenn. 12.12.1874.  Han d. i Memphis, Tenn. 10.4.1938.  Joseph Stanton var maskiningeniør («machinist»), og han og Jessie budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

 

##### (two children missing – info?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne ganske so kompliserte huslyden frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 10.5.2018 den 22.15, Lars E. Øyane skrev:

Han døydde 30.11.1903 og vart gravlagd i lag med resten av huslyden i Memphis, TN 7.12.1904:

 

W A Johnson.JPG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Stine for nye spennande innlegg!

 

Då veit me at William var murar av yrke, og kanskje vert han då lettare å identifisera i Memphis, TN?  Kandidaten frå FT1900, som eg la fram i innlegg #36, var «manufacturer», so då spørs det om han kan vera aktuell som «vår» William...

 

Elles er det vel ikkje so mykje nytt me får vita om Herman Johnson i meldingi frå Dayton,OH.  Hadde me berre kunna finna ein obituary for han, so hadde det vore skikkeleg moro...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg gjetter at en "lathing contractor" er en som bygger vegger av "lath and plaster" type.

Jeg tror at laths er treplankene (og stråmattene) i veggen, og plaster er pussen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke for eit spennande innlegg!

 

Forklaringi di på dette uttrykket høyrest logisk ut.  At det har med byggjefaget å gjera er sikkert, men det er vel vanseleg å sjå forskjellen mellom ein vanleg byggmeistar og ein «lathing» byggmeistar...

 

Kanskje me kan få andre synspunkt på dette?

 

Eg har elles i ettermiddag studert diverse Memphis, TN city directories og slår fast at Herman Johnson er oppført der som skreddar alt i 1882, og frå 1883 er bustaden Adams Avenue, først #65 Adams, so frå 1885 #62 Adams og frå 1888 #60 Adams.  I 1889 er både Herman og Harriet oppførte lvar fopr seg, medan Harriet i 1890 og 1891 står som (Mrs.) H. E. Johnson.  Frå 1892 er ho konsekvent kalla enkje!

 

So har eg oppdaga eit pussig faktum:  Born er ogso oppførte etter kvart som dei vaks til, og her får me eit par utfordringar:

 

1884 har William Johnson som «clerk» i 63 Adams - truleg sonen med feil husnummer(?)

1885 har William A Johnson som «candymaker»

1886 har Annie N. Johnson og William A Johnson, sistnemnde som «laborer»

1887 har Annie N. Johnson og William A Johnson, første gong som «brickmason»

1888 har Annie N. Johnson og William Johnson, denne gongen som «bricklayer»

1889 har Annie N. Johnson

1890 har Annie N. Johnson

1891 - utgåve #1 har Amelia Johnson, Jessie Johnson og Lula N. Johnson

1891 - utgåve #2 har Amelia Johnson, Jessie Johnson, Nelia Johnson og Nora L. Johnson - ein William Johnson bur på 12 Adams som «mason»

1892 - utgåve #1 har Annie Johnson (feilaktig kalla «Mrs.», Jessie Johnson og Lunora Johnson

1892 - utgåve #2 har Anna N. Johnson, Jessie Johnson, Luonora Johnson og Nelia Johnson

1893 har Anna N Johnson, Jessie Johnson og Leonora Johnson

1894 og fram til dei båe vart gifte i 1898 har Annie N. Johnson og Jessie Johnson

1896 har dessutan William Johnson som eigen leigetakar i 60 Adams - loftsetasjen - han er «mason»!

 

Utgåve #2 frå både 1891 og 1892 syner FIRE døtrer, medan berre dei TRE, Anna Nelia, Lula Nora og Jessie, var ilive i 1900.  Om det var ei fjerde dotter i live i 1891/1892, må det ha vore ho som me har kalla Lilly Pearl, fødd kring 1872, men eg er langt ifrå sikker...  Var det i so fall ho som 1891/1892 er kalla Nelia??

 

Når det gjeld William A. Johnson, ser me at han alt i 1887 har teke opp muraryrket som han er nemnd med ved dødsfallet i 1903.  Men han er tydeleg flytt heimefrå kring 1888, og bortsett ifrå dei to innførslene frå 1891, der han budde på 12 Adams, og i 1896 som eigen leigetakar på 60 Adams i loftsetasjen hjå mor si, må han ha butt andre stadar, men med so mange William Johnsons og utan «passande» yrke, er det vanskeleg...

 

Men dersom William flytte heimefrå so tidleg, lurer eg på om det kan vera denne «laborer» William Johnson frå FT1900?  Alderen stemmer i so fall ikkje heilt, og det ser ikkje ut til at aldrane på borni heller kan stema...  Eg finn dei i alle fall ikkje att etter 1900 nokon stad!?  Denne William var «laborer» i 1900, men han er fødd i Kentucky og gifte seg kring 1886:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XC6S-B8W

 

Det underlege er berre det at eg ikkje finn att spor etter denne huslyden nokon stad!!  Eller er eg heilt blind?  Kanskje May gifte seg att med den følgja at borni hennar med William vart adopterte av den nye mannen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne litt «uvanlege» biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tenkte eg ville dela med dykk nokre avisartiklar eg har motteke frå Clarksville, TN der skreddar Herman Johnson budde på 1870-talet.  Utruleg kva ein kan finna i desse gamle avisene...!  Herman dreiv tydeleg reklame for seg sjølv.  Elles var det «hårde bud» for han som stal kalkunen frå Herman i 1880...!

 

Fleire detaljar om huslyden hans har eg ikkje finne, men eg er sjølvsagt òpen for forslag til svar på dei spørsmåli som framleis står òpne, særleg når det gjeld ein eventuell huslyd til William...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Clarksville_Weekly_Chronicle_Sat__Mar_1__1879_.pdf

Clarksville_Weekly_Chronicle_Sat__Apr_26__1879_.pdf

Clarksville_Semi_Weekly_Tobacco_Leaf_Fri__Feb_20__1880_.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i dag på nasjonaldagen gjerne få henta fram att denne ganske so «utfordrande» huslyden etter at eg dei siste dagane har fått fleire detaljopplysningar frå Amerika.  Kontaktpersonen min i Clarksville, TN har sendt meg fleire spennande meldingar, mellom anna sist måndag kveld, som inneheld dette:

 

~~~~~

 

Today, I visited the Montgomery County Archives here in Clarksville, looking for clues about this family’s time in Montgomery County.  In chronological order, this is what I found:
 
- On 25 June 1875, Mrs. Harriet Ellen Johnson purchased, from B. O. Keesee, a town lot on Greenwood Avenue in Clarksville (Deed Book 16, page 473).  There was no mention of a house on this lot, so I think that Herman and Harriet built the house.  I have been unable to pinpoint the exact location of this lot.  I had hoped to go to the location and see if the house is still standing – though it would be unusual for a house built in the 1870s to still be standing on Greenwood Avenue.
 
- In the 1876 tax list for Montgomery County, a “Harmon Johnson” is listed in District 12.  This tax list did not report real estate, but it did indicate that he paid taxes for himself (the “poll tax”) and for 1 dog (Clarksville had attempted to control the dog population by creating a dog tax in 1875).
 
- On 28 September 1878, H. & Harriet Ellen Johnson sold their house and lot on Greenwood Avenue to Mrs. Nannie Moore (Deed Book 18, page 272).   In return, Mrs. Moore sold them her 65-acre farm in District 12 (Deed Book 19, page 80).  The farm was located on what was then called the Charlotte road, on the north side of Cumberland River, on the first hill above the Seven Mile Ferry.  Today, this road is called Seven Mile Ferry road.  If you look at the 1877 map for District 12 that I had previously sent you, you will find “Mrs. Moore” listed near where the road crosses the river.  This was the farm on which the Johnsons were living at the time of the 1880 census.
 
- On 1 October 1880, H. & H. E. Johnson sold their 65-acre farm to S. S. Lander (Deed Book 19, page 126).  I have attached a newspaper advertisement for this sale, which had been advertised beginning in November 1879.
 
The 1 October 1880 sale of their farm is the last record I found of Herman and Harriet Johnson.  If you agree that the 14 February 1861 Memphis death record is for their daughter Lillie P., then it seems that the Johnsons moved from Clarksville to Memphis soon after selling their farm.  By the way, the land records (Deed Books) quoted above are also viewable on FamilySearch.
 
Death records did not exist in Tennessee until 1908, except for large cities such as Memphis.  So, for Clarksville, the available records would be newspaper obituaries and cemetery listings.  I searched the newspaper obituaries for 1870-1890, which were conveniently compiled in a series of books several decades ago (the newspapers themselves are now online at newspapers.com).  I also searched the compiled cemetery books for the county.  Unfortunately, I did not find any Johnson children listed in the available records.  If you look at the 1877 District 12 map again, you will note “Greenwood Cem” just to the north and west of the “Mrs. Moore” farm.  The road on which Greenwood Cemetery is located is Greenwood Avenue, and the cemetery was started in the mid-1870s.  If the Johnsons did have children die while living on Greenwood Avenue in Clarksville, or on Seven Mile Ferry road, it makes sense that they would have been buried at the new Greenwood Cemetery close by.  Unfortunately, the surviving burial records for Greenwood Cemetery don’t start until about 1885.  It is possible that the children were buried at Greenwood Cemetery and did not have obituaries published in the newspaper.

 

~~~~~

 

Dessutan er det dukka opp to dødsfall til i Memphis, TN som høyrer til denne huslyden, dotteri Lillie Pearl i 1881 og ein son T. H. som døydde i 1886.  Han var fødd i Memphis i desember 1880.

 

Me kan etter desse nye opplysningane slå fast at skreddaren og andre kona hans flytte til Memphis, TN alt seinhaustes 1880, men framleis er det fleire utfordringar som ser ut til å vera ganske so vanskelege å få «has» på, særleg vil eg peika på:

 

* Opplysningar om opphavet til Robert P. Payne frå Georgia?

 

* Opplysningar om ei eventuell kone til William Albert Johnson?

 

* Nøyaktige datoar, særleg fødselsdatoar, i denne huslyden synest ganske so vanskeleg å få tak i...!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

- for ordens skuld gjer eg merksam på at borni f.o.m. #h. Jens Andreas til og med #l. Rose er gjenstand for eit eige tema: https://forum.arkivverket.no/topic/222194-jens-1831-og-monsine-1836-monsen-i-chicago-il-kvar-vart-dei-av-etter-1880-dotter-mary-may-monsen-fødd-i-chicago-il-1879-gift-1906-med-john-edward-obrien-lagnaden-hennar-før-1906-og-etter-1948-ei-amerikansk-kjempeutfordring/

og særlege utfordringar kring dei er tekne opp i det emnet!

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Johannesson {Jordanger}, f. {i Hafslo} 15.4.1829,

Herman Johannessen Jordanger flytte i 1851 til Bergen og gifte seg der 24.9.1854 med Monsina Andrine Monsdotter Espeland, ei dotter av husmannsdotteri Anna Haaversdotter frå Lovolden under Fortun i Luster (1793-1873).  Monsina var f. i Bergen 18.5.1836.  Herman var nokre år yrkessoldat og sidan skreddararbeidar, men «deserterte» til Amerika i 1861.  Monsina slo seg kring 1867 i lag med Jens Monsson frå Hjelmeland indre i Gaular.  Han var son av husmann Mons Larsson på Seljegjerdet under Hjelmeland indre, opphavleg frå Tuften, og andre kona Martha Torstensdotter frå Hjelmeland indre og f. i Gaular 7.4.1831.  Jens gifte seg første gongen i Fana 19.10.1861 med Ida Marie Johannesdotter Mathiesen frå Spinneriet i Fana, f. i Bergen 10.5.1835.  Mons livnærte seg som tømmermann til sjøs, og parfolket budde i Bergen.  Dei fekk tre born i lag, men flytte frå kvarandre i 1865.  Ida d. på Spinneriet i Fana 25.5.1881.  Jens tok til som bordarbeidsmann (snikkar), og i 1868 utvandra han med Monsina til Amerika.  Me finn dei att under namni James og Muncena Munson i Chicago, Cook Co., Ill. der James heldt fram som snikkar («carpenter»).  Muncena d. i Chicago, Ill. 26.10.1885, medan James, då kalla John Munson, d. same staden 14.4.1892. 

 

##### (she buried Graceland – he buried Mt. Olive! – verify with cemetery!)

 

Herman fór i 1861 til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men verva seg alt i september same år til hærteneste i borgarkrigen («Civil War soldier»).  I militære dokument skreiv han seg for det meste som Herman Johannessen, men til dagleg kalla han seg for Herman Johnson.  Han gifte seg på ny i Floyd Co., Ind. 23.6.1863 med Harriet Ellen Heth, f. i Harrison Co., Ind.

 

##### (exact date of her birth? – Jan. 1844?)

 

Herman livnærte seg som skreddar («tailor»), og han og Harriet budde ei tid i Taylorsville, Spencer Co., Ky., men flytte kring 1874 til Clarksville, Montgomery Co., Tenn.  Hausten 1880 flytte dei so til Memphis, Shelby Co., Tenn. der Herman attåt skreddaryrket og dreiv fargeri («tailor and dyer»).  Herman var ein tur heime på vitjing i 1887, men reiste bort att same året.  I 1889 flytte Herman og Harriet frå kvarandre, og Herman flytte same året inn på soldatheimen nær Dayton, Montgomery Co., Ohio der han d. 4.5.1910.  Harriet heldt nokre år fram som skreddar og fargar («tailor and dyer»), men dreiv so i mange år pensjonat («lodging house keeper») i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Ho gifte seg att i Memphis, Tenn. 14.11.1906 med Robert P.

 

##### (middle name?)

 

Payne, f.

 

##### (exact date and place of his birth? – GA  GA  SC)

 

1852.  Robert var jarnbanefunksjonær («railroad clerk») og budde òg i Memphis, Shelby Co., Tenn. der han d. 9.10.1909.  Harriet d. som enkje i Memphis, Tenn. 15.4.1921.  Sina fekk i alt ni born, fire frå ekteskapet med Herman og fem med Jens (James), men Jens hadde òg tre døtrer frå første ekteskapet sitt med Ida, medan Herman fekk åtte born i andre ekteskapet sitt med Harriet:

 

##### (av desse åtte borni var fire i live i 1900! – Harriet with her 2nd husband, four children and son-in-law Ed Jackson are all buried in the Forest Hill Midtown cemetery in Memphis, TN in Section 11, Lot 21)

 

a. Gurine Johanne Monsine, kjend som Johanne Hermansen, f. i Bergen 14.6.1855, voks opp som fosterdotter hjå besteforeldri sine, men utvandra til Amerika i 1871,

 

     ##### (destiny in America? – called Johanna Gurine in 1865!)

 

b. Mons Julius Hermansen, f. i Bergen 4.6.1857, voks opp som fosterbarn hjå ein gardbrukar på Dyngeland i Fana, men d. som fattiglem på sjukehuset i Bergen 20.10.1873.

c. Andrine Marie, kjend som Marie, sidan som Randine M. Johnson, f. i Bergen 1.8.1859, voks opp som fosterdotter hjå Lars Einerson frå Motræ under Mo (1830-1915), men utvandra frå Bergen til Amerika i 1883.  Ho gifte seg i Chicago, Ill. 8.8.1885 med Anton Andersson frå Minge i Tune, i Amerika kjend som Anton  Anderson.  Han var son av gardbrukar Anders Frantson på Ragnerød, Minge, opphavleg frå Bråten, Morthaug i Varteig, Tune, og kona Marie Pedersdotter frå Belsby i Varteig, Tune og f. i Tune 25.9.1863.  Han utvandra til Amerika med mor si i 1879.  Anton og Randine vart buande i Chicago, Ill. der Anton vart byggmeistar («lathing contractor»).  Han d. i Chicago, Ill. 8.4.1926, medan Randine d. som enkje same staden 1.5.1940.  Dei fekk ein son i lag.

d. Herman Johannes Johannesson Jordanger, f. i Bergen 22.11.1861, voks liksom eldste søsteri opp som fosterson hjå besteforeldri i Bergen.  Han var i 1875 kalla seglmakerdreng og vart sidan sjømann.  Siste gongen me finn han nemnd, var då han i september 1879 som jungmann siglde frå Bergen til Amerika.  Han rømte frå skipet i New York City, N.Y., og

 

     ##### (what became of him? – not yet heard from by 1881!)

 

e. Martine Johanne Jensen, f. i Fana 5.1.1862, dotter av Jens og Ida, d. på ein gamleheim i Bergen 7.11.1933.  Martine gifte seg hjå byfogden i Bergen 14.4.1891 med Karl Johan Johanson frå Karlstad i Värmland, Sverige, f. i Karlstad 30.7.1851.  Han d. i Bergen 10.3.1913.  Karl var sagbruksarbeidar, medan Martine var sekkesyerske.  Dei budde i Bergen levetidi ut.  Dei var barnlause, men tok til seg ei pleiedotter.

f. Udøypt Jensson Monsen, f. i Bergen 5.8.1863, d. i Bergen 13.8.1863, son av Jens og Ida.

g. Mine Jensdotter Monsen, f. i Bergen 9.12.1864, d. i Bergen 19.10.1865, dotter av Jens og Ida.

h. Jens Andreas Munson, f. i Bergen 18.12.1867, utvandra med foreldri i 1868, men d.

 

     ##### (kan henda undervegs til Amerika?)

 

i. Jens Andreas, kjend som Andrew Munson, f. i Cook Co., Ill. 16.3.1869, d.

 

     ##### (date and place of his death? – Cottonwood Co., MN about 1898!?)

 

     Andrew gifte seg i Chicago, Ill. 4.2.1893 med Kirsti Ingebrigtsdotter frå Takle på Voss, i Amerika kjend som Christine Takle.  Ho var dotter av gardbrukar Ingebrigt Ingebrigtson på Takle, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal, og kona Gudve Nilsdotter frå Moen og f. på Voss 13.4.1868, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1871.  Ho d. i Murray Co., Minn. 17.4.1921.  Andrew var

 

     ##### (occupation?)

 

     og han og Christine flytte i 1894 til Cottonwood Co., Minn.  Men Andrew d. tidleg, og Christine budde mange år som enkje hjå foreldri sine på farmen deira i Ann township, Cottonwood Co., Minn., men flytte sidan til Holly township, Murray Co., Minn.  Andrew og Christine fekk tre døtrer i lag.

j. Josephine Andrine, kjend som Fannie Munson, f. i Cook Co., Ill. 8.7.1871, d. i Milwaukee, Wis. 23.10.1948.  Fannie gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 22.3.1894 med Thorvald Mandius, kjend som Thomas Alfred Thorsen, f. i Cook Co., Ill. 28.4.1871.  Han d. i Chicago, Ill. 24.7.1902.  Thomas var målar («painter»), og han og Fannie budde i Chicago, Ill.  Som enkje gifte Fannie seg 31.7.1906 att i St. Joseph, Mich. med enkjemannen John Lange, f. i Cook Co., Ill. 21.2.1864.  Han d. i Chicago, Ill. 24.9.1930.  John var fabrikkvakt («factory watchman»), og ogso han og Fannie budde i Chicago, Cook Co., Ill., men som enkje flytte Fannie først på 1930-talet med dotter si til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Ho fekk to born, som båe var frå første ekteskapet, men John Lange hadde òg fem born frå første ekteskapet sitt.

k. Martha Mathilda, kjend som Tillie, sidan som Mary May Munson, f. i Cook Co., Ill. 24.2.1876, d.

 

     ##### (date and place of her death? – etter 1948 – ikkje finne i Milwaukee, WI!!)

 

     Mary gifte seg i Benton Harbor, Berrien Co., Mich. 24.7.1906 med John Edward OBrien, f. i York Co., Neb. 20.8.1879.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? – etter 1942 – ikkje finne i Milwaukee, WI!!)

 

     John OBrien var salsagent («travelling salesman»), og han og Mary budde mellom anna i Leadville, Lake Co., Colo., i Duluth, St. Louis Co., Minn. og i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte på 1920-talet til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut. 

 

     #####v (seem to have moved from there after 1942!?)

 

     Dei var barnlause.

l. Rose

 

     ##### (full name?  official birth record Chicago says Mattie, born Sep. 30, 1878!)

 

     Munson, f. i Cook Co., Ill. 20.9.1878, d. i El Cajon, Cal. 16.3.1941.  Rosie gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 12.6.1905 med enkjemannen Adolphe A.

 

     ##### (middle name?)

 

     Adrian, f. i New York City, N.Y. 23.1.1873.  Han d. i Chicago, Ill. 21.1.1910.  Han gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 28.1.1899 med Blanche Emily Benedict, f. i Cook Co., Ill. 17.6.1877.  Men ho d. i Chicago, Ill. alt 14.7.1900.  Adolphe var kontormann («credit clerk and adjuster») og budde levetidi ut i Chicago, Cook Co., Ill.  Rose var i 1910 som enkje butikkdame («saleswoman») i Chicago, Ill., men

 

     ##### (called HILDRETH when she married in 1913! – did she have another marriage?? – NB: 1930 census suggests he was married 1st time at 24 – she at 22! – 1913 marriage 2nd marriage for both and both were widowed!)

 

     gifte seg 25.10.1913 att i Los Angeles, Cal. med enkjemannen Hans Joseph Hansen, f. i Pottawattamie Co., Ia. 12.6.1877.  Han d. i El Cajon, Cal. 10.8.1939.  Hans var ei tid trikkemaskinist («streetcar motorman»), og han og Rose budde i San Diego, San Diego Co., Cal., men flytte kring 1928 til El Cajon, San Diego Co., Cal. der dei dreiv fôrbutikk («feed store owners and operators»)  Rose fekk ingen born frå nokon av ekteskapi sine, og heller ikkje Adolphe Adrian hadde born frå første ekteskapet sitt.

m. Anna Nelia Johnson, f.

 

     ##### (exact date and place of birth? – IN!)

 

     .4.1864, d. i Memphis, Tenn. 26.3.1923.  Anna gifte seg i Memphis, Tenn. 14.9.1898 med Edward L.

 

     ##### (middle name?)

 

     kjend som Ed L. Jackson, f. i Fairfield Co., S.C.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     .12.1851,  Han d. i Memphis, Tenn. 29.4.1902.  Ed Jackson var bomullshandlar og snikkar («cotton merchant and carpenter»), og han og Anna budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

n. William Albert Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1867)

 

     d. i El Paso, Tx. 30.11.1903. 

 

     ##### (died from consumption in El Paso, TX after 2 weeks’ stay – buried in Memphis! – further info? – possibly he was married? – was a mason – bricklayer in Memphis, TN!)

 

o. James H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1869)

 

     ##### (listed 1870 – probably died prior to 1880!?)

 

p. Lillie Pearl Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1872)

 

     d. i Memphis, Tenn. 14.2.1881.

q. Lula Nora Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .12.1875, d. i Memphis, Tenn. 23.8.1928.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 3.1.1894 med Christopher Henry Hottum, f.

 

     ##### (sjekka fødestad? - Obernheim, Baden-Württemberg(?), Tyskland – utv. 1881? – par: Leonard Hottum and Helena Leid)

 

     31.1.1869.  Han d. i Memphis, Tenn. 22.9.1959.  Dei vart skilde kring 1903, og Christopher gifte seg 4.4.1906 att i Memphis, Tenn. med Grace Lillian Richardson, f. i Plymouth Co., Mass. 29.11.1883.  Ho d. i Memphis, Tenn. 4.5.1970.   Christopher var utdanna kjemikar («chemist»), men var i mange år bar- og spelehalleigar («saloon and pool hall owner and operator») og sidan bakeri- og kaféeigar («bakery and café owner and operator»).  Han budde levetidi ut i Memphis, Shelby Co., Tenn. og fekk i alt fire born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Lula.

 

     ##### (daughter:

            * Jessie Helen Hottum, born Apr. 5, 1896, died June 30, 1934 – married Henry O. King of Memphis, TN)

 

r. Jessie H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth? – Feb. 1878 or 1879?)

 

     d. i Memphis, Tenn. 17.3.1923.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 15.9.1898 med Joseph Peter Stanton, f. i Shelby Co., Tenn. 12.12.1874.  Han d. i Memphis, Tenn. 10.4.1938.  Joseph Stanton var maskiningeniør («machinist»), og han og Jessie budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

s. T. H.

 

     ##### (full name? – a son!)

 

     Johnson, f. i Shelby Co., Tenn. 28.12.1880, d. i Memphis, Tenn. 21.8.1886.

 

##### (one child missing – info?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Clarksville_Weekly_Chronicle_Sat__Nov_1__1879_.pdf

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Etter ei stund venting har eg no motteke ein rapport frå Mt. Olive cemetery i Chicago, IL om gravstaden til Jens «John» Munson og huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~

 

In Section J, Lot 252, are buried:

John Munson - Burial date 5/1/1892
Inga Munson - child burial date 3/12/1882
Munrena Munson - burial date 5/1/1892
Thomas Thorsen - burial Date 7/24/1902
Child of I & F. Thorsen - burial date  6/8/1903
Irving Mottlelou Thorsen - Child 4/10/1904
Ashes - Fanny Thorsen - Burial date 10/30/1948
Ruth Carson - Burial date  5/9/1992

 

~~~~~~~~~~~

 

Her dreg me kjensel på Jens og Monsina samt dotteri Josephine «Fanny» og huslyden hennar, men eitt overraskande namn dukka òg opp:

 

Inga Munson, eit barn, gravlagd 12.3.1882.  Dette tyder at Jens of Monsina fekk endå eit barn etter FT1880, men som døydde kort etter fødsli!?

 

Men let det seg gjera finna nøyaktigare opplysningar om denne Inga?

 

Elles har eg fått opplysningar frå Memphis, TN som tyder på det ikkje finst ei einaste gravstøtte på den parsellen der Harriet og dei andre slektningane til Hermund Johannesson Jordanger ligg gravlagde...  So mykje meir er det vel neppe å gjera med det...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.