Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Herman Johannes Hermansen - eller Johannessen/Johnson - fødd i Bergen 1861 - seglmakardreng og sjømann - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgongspunkt i følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/220996-øyanes-påskenøtt-2018-9-anna-haaversdotter-1793-1873-frå-luster-til-bergen-med-forgreiningar-til-amerika-ei-kjempeutfordring/

 

og handlar særskilt om ein dotterson av Anna Haaversdotter, som synest framstå som ei skikkeleg utfordring:

 

Herman Johannes, fødd i Bergen 22.11.1861, var son av Hermund «Herman» Johannesson (Jordanger) og Monsina Andrine Monsdotter (Espeland)

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007438348

 

Då Monsine i 1868 framstod som mor i Bergen på ny, vert det sagt at mann hennar (Herman Johannesson (Jordanger) hadde «desertert» ho «for 8 år sidan» og truleg var død.  Sidan kjem det fram at Herman var reist til Amerika, og han levde framleis i 1887 då han var heime på vitjing:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=23189&merk=23189#ovre

 

FT1865 syner Herman med namnet Herman Johannessen, 8(!) år gamal og busett som «barn» hjå besteforeldri Mons og Anna Espeland i Bergen:

 

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01038249011759

 

FT1875 syner Herman som seglmakardreng, framleius busett hjå bestefaren Mons Espeland i Bergen, men då med namnet Jordanger:

 

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01052295016958

 

Siste gongen me finn Herman er i denne loddtrekningslista utan dato og då framleis med namnet Jordanger:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000092599

 

men det vert fortalt at Herman sidan skal ha vorte sjømann, utan at eg finn kjeldedekning for dette!

 

Hovudutfordringi er følgjande:

 

** Kvar vart det av Herman Johannes, fødd 1861?

 

Kan loddtrekningslista gje svar?

 

Kan den originale skipslista frå 1887 for faren Herman gje svar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Skrevet (endret)
12 minutter siden, Lars Waaltorp skrev:

Herman Johannes Jordanger i sjømannsrullene: https://digitalarkivet.no/view/91/pc00000001118659

 

Bergen fylke, Annotasjonsrulle nr. 4 (1874-1882), Protokollside
https://media.digitalarkivet.no/view/78939/31?indexing=

 

Bergen fylke, Hovedrulle nr. 7 (1877-1882), Protokollside, Side 1093
https://media.digitalarkivet.no/view/78956/193

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. og Grethe for spennande og utfordrande innlegg!

 

Om eg forstår dette rett, so var det ikkje mange turane Herman gjorde som sjømann, og til tross for at han i desember 1879 vart overført til hovudlista, er han over hovudet ikkje nemnd der som sjøfarande!  Siste reisen hans var altso med Statsråd Lemkuhl i september 1879 til Amerika!?

 

Skal me då gissa på at han rett og slett «deserterte» i Amerika og vart buande der, sjølv om det ikkje står noko om det?

 

Eg har no sete og «leika meg» lite vetta med amerikanske og norske kjelder, og ein person frå FT1900 i Chicago, IL fell meg i auget som spennande:

 

Herman Anderson, maskinist, fødd i Noreg november 1861, utvandra 1880, gift med fleire born:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67QQ-1PK?i=2&cc=1325221

 

Leiter me hjå Digitalarkivet, finn me ikkje mange Herman/Hermund fødde i november 1860-61-62, og eg kan ikkje sjå nokon emigrantar med namn Herman Andersson i åri kring 1880, bortsett ifrå ein Hermund Andersson frå Talle i Luster, men han har eg peiling på frå før!!

 

Kvifor han i so fall har teke Anderson-namnet, kan eg ikkje finna noki god forklaring på, men eg vil tinga ein kopi av dødsattesten hans, so kanskje den kan gje svar:

 

Name Herman Anderson
Event Type Death
Event Date 06 Sep 1912
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Address 2753 Fullerton
Gender Male
Age 50
Marital Status Widowed
Race White
Occupation Millwright
Birth Year (Estimated) 1862
Birthplace , , Norway
Funeral Home Thompson Bros
Burial Date 08 Sep 1912
Cemetery Mt Olive
Informant's Name Minnie Koffke

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til leiting etter Herman Johannes og vonar på at noko vil dukka opp...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tok kontakt med Statsarkivet i Bergen for å få ut fleire opplysningar frå skifti etter Anna (1873) og Mons (1880) Espeland, og her dukka mellom anna opp dette:

 

Herman Johannes Jordanger var nok ein «favoritt» hjå bestefaren Mons Espeland dei siste åri han levde, og det kjem fram at Herman skulle ha kr. 400 i arv etter Mons.  Han fekk kr. 80 av desse arvemidlane til konfirmasjonen i 1876, medan han skulle få resten ved fylte 21 år.  Men dei to svigersønene Jens Monsen og Bertel Andersen i Chicago nedla protest, og det endte med at Herman ikkje skulle få meir enn kr. 154,11 i tillegg til dei kr. 80 han alt hadde fått!  TILSYNSVÆRGEN (fanejunkar A. Bøthun?) skulle syta for at arven til Herman vart innsett i Bergens Sparebank og ikkje utbetalast før Herman var 21 år gamal, d.v.s. 22.11.1882!

 

Det kjem ved same høve fram at Herman Johannes Jordanger hadde vore fråverande frå Bergen sidan september 1879, og ingen visste kvar han oppheldt seg då skiftet vart slutta 21.7.1881.  Dette harmonerer jo fortreffeleg med opplysningane ovanfor om at Herman i september 1879 mønstra på Statsråd Lemkuhl med kurs for Amerika og at han vert borte etter den tid!

 

Då lurer eg på følgjande:

 

Finst det kan henda protokollar for TILSYNSVÆRGEN der det kjem fram korleis desse arvemidlane omsider vart utbetalte?

 

Eg vil leggja dette spørsmålet inn ogso til Arkivverket direkte med von om at einkvan kan svara på det og takkar elles for framifrå bistand i samband med oppklaring av lagnaden til Herman Johannes!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.