Gå til innhold
Arkivverket

Kvar vart det av søskeni Wilken (1764), Margretha (1767) og Ole (1770) Christopherssøner og -dotter frå garden Åberge i Luster etter at foreldri båe døydde i 1779??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg aldri har greidd å løysa, mken som eg har visst om i mange år:

 

Christopher Torbjørnson (1708-1779), gardbrukar på Åberge i Luster frå 1730 til 1757, var først gift med Margretha Thomasdotter Folderup (1701-1762), dotteri til landhandlar Thomas Folderup i Marifjøra.  Dei fekk to døtrer som voks opp og som me har fullt oversyn over.

 

Men i 1763, etter han var komen «på kåret», gifte Christopher seg att med Martha Wilkensdotter frå Kyrkjeteigen under Bollingberg (1722-1779).  Martha var då alt over 40 år gamal, men dei greidde likevel å få tre born fram til 1770:

 

* Wilken Christopherson, døypt i Luster 27.9.1764

 

* Margretha Christophersdotter, døypt i Luster 28.6.1767

 

* Ole Christopherson, døypt i Luster 6.1.1770

 

Ingen av desse borni vart konfirmerte i Luster, og eg har ikkje greidd å finna ut kvar dei kan ha vokse opp.  Derimot ser me at yngste sonen Ole Christopherson i 1801 var komen attende til Luster som tenestedreng hjå eit søskenbarn på Fuhr i Luster, og truleg vart denne Ole sidan husmann på ein plass i Øyane under Svangstu i Luster der han døydde i 1832.

 

Men hine to søskeni vert borte, og då er det eit spørsmål:

 

* Let det seg over hovudet gjera finna spor etter Wilken og/eller Margretha nokon stad?  Hadde me finne konfirmasjonen til Ole, kunne det vore ei hjelp, men kvar skal me leita??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.