Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Magdalena Christiansen/Olsen/Breisnes - fødd i Bergen 25.9.1877 - truleg forsvunni i Nassau Co., NY - kjempeutfordring!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dette emnet tek utgongspunkt i følgjande tema og er den einaste attverande utfordringi som står att å løysa: https://forum.arkivverket.no/topic/199297-marie-kvisvik-olsen-fødd-i-frei-1842-fattigunderstøtta-enkje-i-bergen-1900-kvar-vart-ho-av-kva-med-dotteri-anna-magdalene-olsen-fødd-1877/?tab=comments#comment-1734683

 

Anna Magdalena Christiansen/Olsen var fødd i Bergen 25.9.1877 som yngste dotter av los Christian Olsen (Breisnes) og kona Maria Andersdotter:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007597401

 

Christian døydde i 1889, og huslyden fekk hjelp av fattigvesenet for å komma seg på fote att.

 

I 1891 budde Anna Magdalena i lag med mor si og to søsken på Engen i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994026697

 

Eg har hatt kontakt med byarkivet som sit på arkivet etter fattigvesenet, og der kjem det fram at Anna Magdalena siste gongen er nemnd i 1899.  Eg har so langt ikkje greidd å finna jenta i FT1900, men har ein sterk mistanke om at ho er utvandra til New York, kan henda alt i 1900?

 

I 1912 var nemlig ei Anna Kristensen, sjukepleiar, fødd 25.9.1877, på vitjing til Christiania: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001128325

 

og i FT1910 finn eg ei Anna Christiansen som sjukepleiar «nurse» i ein huslyd i Hempstead, Nassau Co., NY:

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Anna Christiansen

Age in 1910: 32

Birth Year: 1878

Birthplace: Norway

Home in 1910: Hempstead, Nassau, New York

Street: Stewart Ave

Race: White

Gender: Female

Relation to Head of House: Servant

Marital Status: Single

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Native Tongue: English

Occupation: Nurse

Industry: Private Family

Employer, Employee or Other: Wage Earner

Able to read: Yes

Able to Write: Yes

Out of Work: N

Number of Weeks Out of Work: 0

Household Members Name Age

John F Doyle Jr. 40

Evangline N Doyle 37

Anna Christiansen 32 J

osephie Doyle 22

John F Doyle 2d 2

 

~~~~~~~~~~

 

Lenger har eg ikkje greidd å spora denne Anna Christiansen i Amerika, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare?

 

Kan ho kanskje ha fått sjukepleieutdanningi si i Noreg (Christania?) FØR ho utvandra?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Anna Magdalena og held tær og fingrer vel krossa!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

I 1912 var nemlig ei Anna Kristensen, sjukepleiar, fødd 25.9.1877, på vitjing til Christiania: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001128325

 

Det må være hun som ankommer NY 20.8.1912 - sykepleier, har vært på besøk hos sin far M. Christensen i Oslo. Oppga Arendal som f. sted - så mao. ikke den Anna Magdalena du leter etter.

 

The New York, Passenger Lists, 1820-1957 - Lenke Ancestry
Name:    Anna Christensen
Arrival date:    20 Aug 1912
Birth Date:    abt 1878
Birth Location:    Nrw
Birth Location Other:    arendal
Age:    34
Gender:    Female
Ethnicity/ Nationality:    Scandinavian
Port of Departure:    Christiania
Port of Arrival:    New York, New York
Ship Name:    Hellig Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit kjapt og avklarande svar!

 

Når eg no går inn og ser på kyrkjeboki for Arendal, so finn eg denne fødsli 25.9.1877:

 

Anna Martine Beate av foreldre bryggeribetjent Martin Alfred Christensen og kona Ingeborg Christine Larsdotter:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/775/194

 

Dette må jo då vera sjukepleiaren som var heime på vitjing i 1912, og det er vel svært mykje som tyder på at det var same jenta som i 1910 var «nurse» hjå John Doyle i Hempstead, Nassau Co., NY...

 

Då er me altso «back to square #1» med omsyn til Anna Magdalena frå Bergen...

 

Kvar i all verdi kan det so ha vorte av denne jenta etter 1899?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bringa ei løysing på denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Vi trenger noe mer info fra før hun emigrerte. Jeg så etter hennes konfirmasjon i Nykirken, men fant fant den ikke der, hvilken annen kirke kan hun blitt konfirmert i ? Så er det FT 1900 hvor hun heller ikke er funnet. Er det hennes mor Marie og broren Halftan vi har her i 1900 ?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335018731

 

En kandidat for Anna i FT 1900 ?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045175016

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegget!

 

Etter at Egil avslørte at det ikkje kan vera «vår» Anna Magdalena som i 1910 var sjukepleiar i Nassau Co., NY, er me heilt på «berr bakke» når det gjeld lagnaden hennar!  Det faktum at ho ikkje finst i nokon utvandringslister, gjev òpning for at ho kan «gøyma seg» i Noreg, og tenestejenta i Christiania er heilt klart eit alternativ...

 

Eg fann forresten konfirmasjonen hennar i Krosskyrkja i 1892 (#16): https://media.digitalarkivet.no/view/7127/200

 

men veit ikkje om det kan hjelpa oss vidare...

 

Elles er det mori og broren du Kurt har finne på Korskirkealmenningen i 1900.

 

Det hadde vore heilt fantastisk om lagnaden til Anna Magdalena kunne finnast, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å finna ho att!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Tanken er å finne henne som utflyttet i en kirkebok i Bergen for lettere å finne emigrasjon/immigrasjon. Hvis hun emigrerte i andre halvår 1900 kan hun ha unngått å komme med i US census som ble tatt i juni 1900, og samtidig unngått den norske tellingen 3. Des. 1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegget frå laurdag!

 

Eg trur ALLE forslag kan vera av nytte når det gjeld å finna lagnaden til Anna Magdalena.  Det er berre so merkeleg at ho skal ha stikke seg so «vekk».  Eg har på ny gjort eit detaljert søk i Digitalarkivets avanserte søk, men om Anna Magdalena er der, til dømes i 1910, so har ho feil fødselsdato, eller namnet er feilskrive!

 

Kan Anna Magdalena forresten vera reist til Sverige?  Det var jo litt flytting dit på den tidi...

 

Eller døydde ho før 1910?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Anna Magdalena!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.