Gå til innhold
Arkivverket

Johanna Halstensdotter frå Lilleelvdal - gift i Stjørdalen i 1825 - kven var ho? - bygdebokoppslag i Stjørdalen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Simon for eit nytt interessant innlegg!

 

Opplysningane som eg so langt har om denne søskenflokken frå Kroken i Folldal, er kva som er attgjeve i emnet om Ole Halstenson:

 

«Ole Halstenson, fødd i Folldal (Lesja) 5.4.1786 og døypt same stad 18.6.1786 av foreldri Halsten Olson Kroken eller Krokhaugen og kona Anna Olsdotter.  Halsten og Anna fekk fleire born i Lesja: Marit (1780), Petter (1783) og Johanna (1789), men det merkelege er at eg ikkje finn nokon av desse i FT1801, korkje i Lesja eller andre stader...!  Bygdeboki nemner berre dotteri Marit som gifte seg med Simon Pederson Plassen frå Alvdal og sidan flytte til Kvernes!»

 

No har ikkje eg denne bygdeboki, og frå Tyskland greier ikkje eg å logga meg på nasjonalbiblioteket si bygdeboksamling, men er desse opplysningane i samsvar med dei som du finn i Folldalsboka, band I, side 453 under Grøtlien?  Eller står der kanskje noko meir ogso om lagnadane til Petter og Ole?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å «klara opp» i denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står ikke mer om skjebnen om Petter, Ole eller Johanna i bygdeboka:

 

image.png.373a3169f6b8a31dc4b84821040b4805.png

 

Av familien finner jeg kun Marit Halstensdatter i folketellingen 1801. Hun bodde da hos tanta Gunhild Olsdatter og hennes mann Peder Haldosen på Lille Brandsnes (57-4) i Folldal:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058248003346

 

Mvh Simon

Endret av Simon Trøan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Simon for siste innlegget!

 

Då høver dette bra med dei opplysningane som eg hadde frå før om denne huslyden.  Dei tre borni, Petter, Ole og Johanna, er heilt klart «gløymde» i FT1801.  Ingen av dei er registrerte avlidne i Folldal før 1801, og Johanna har me jo alt finne att!

 

Det store spørsmålet er jo då berre om Ole Halstenson er han som i 1809 kalla seg «Berge» og som gifte seg inn i haugianarmiljøet i Luster, for so med ein gong å forsvinna derifrå att!?  Diverre har oppsporingi av Johanna ikkje so langt hjelpt oss i leitingi etter Ole...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari Nilsdatter, som reiste til Stjørdal sammen med Johanna Halstensdatter i 1820, hadde 5 barn med mannen Avle Pedersen. Av disse kom Mari til Teveldal, Meråker, Marit til Re, Meldal, Kari til Trøndelag, og Bersvend til Stjørdal. Før Bersvend reiste til Stjørdal, tok han over farsgården Ulvplass i Alvdal. Sammen med andre gårder lå Ulvplass ved elva Folla i grenda Plassen i Alvdal. De som bodde i dette området skrev seg derfor for Folden eller Follmoen. Kona til Bersvend, Anne Larsdatter, døde i 1813 i Alvdal. Jeg har ikke finlest skiftet etter henne, men hvis Johanna Halstensdatter bodde hos denne familien kan hun kanskje være nevnt i skiftet:

https://www.digitalarkivet.no/sk20090108620542

 

Mvh Simon

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Simon for siste meldingi!

 

Ved ei kjapp «skanning» av dette skiftet kan eg ikkje sjå at Johanna Halstensdotter er nemnd i dette skiftet, og hadde ho vore det, ville det nok helst ha vore som ein kreditor, ei tenestejente med løn til gode eller liknande.

 

So me er vel i grunnen like langt...

 

Men, eg har ei kjensle av at svaret på denne kjempegåta ligg der ute ein eller annan stad; det er berre å leita på «rette» staden...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

I fall det skulle ha interesse!

 

https://media.digitalarkivet.no/image/6757de23-fe72-4dda-b6cd-9a8e4d63102c

 

Her må vel begravelsen til Johanna stå som nr. 12:

Konen Johanna Halstensdatter Rønningen af Størdalen, 57, opph.sted: Sygehuset.

 

Har noen funnet mer om brødrene Petter og Ole?

Mange fra Folldalstraktene dro åt Nord-Trøndelag og flere hamna i Skogn, Sparbu, Steinkjer, Levanger og andre steder.

 

Helsing

Rune

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #31:

 

Hjarteleg takk til Rune for eit spennande innlegg!

 

Det kan vel ikke herska mykje tvil om at du har finne den «rette» Johanna Halstensdotter.

 

Diverre har eg i mellomtidi ikkje greidd å finna ut noko meir om dei to brørne Petter eller Ole.  Det er jo Ole Halstenson eg er særleg oppteken av å lokalisera, sidan eg er meir og meir overtydd om at han var haugianar, og at det det var han som i 1809 gifte seg i Luster i Sogn for so å forsvinna att derifrå, truleg nordafjells...

 

Alle nye tips vert mottekne med òpne armar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.