Lars E. Øyane Posted May 15, 2018 Share Posted May 15, 2018 (edited) Denne saki var eg sovidt borti for 6-7 år sidan då eg arbeidde med biografien til denne karen: Nils Erikson Lahd, alias Nels E. Ladd, fødd i Hafslo 23.11.1834. Han utvandra i 1852 og gifte seg i Kansas våren 1862 med den 16 år gamle Martha Jane Brock, fødd i Washington Co., AR 2.1.1846. Dei busette seg i Greenwood Co., KS, men alt 11.9.1862 vart Nels Ladd myrda av ein Christopher Anderson som i mange år gjekk under namnet Chris Hanson. Denne Chris Hanson vart sidan tiltalt for i lag med den tredje kona si (namn ukjent) å ha freista myrda ein Edwin E. Lang i Osceola, St. Clair Co., MO, og han sat fengsla i Missouri State Prison i Jefferson, MO då ein bror av Nels, eg trur det var Ole E. Ladd (1838-1911), likeins busett i Greenwood Co., KS, fekk greie på dette og ville reisa tiltale for mordet på Nels Ladd, Men Christopher Anderson alias Chris Hanson døydde i fengslet i Jefferson, MO 30.7.1876 før denne tiltalen vart reist! Nokre tilleggsopplysningar fekk eg tak i den gongen eg jobba med dette, men ikkje mykje: Christopher Anderson alias Chris Hanson var gift tre gongar og skal i alle fall ei tid ha butt i Osceola, St. Clair Co., MO. Første kona hans var ei søster av Mrs. Lewis Smith «of Osceola, MO, formerly of Franklin Co., MO», som eg trur kan vera identisk med denne L. W. Smith som med kona Susan budde i Osceola, St. Clair Co., MO i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS4-Q97 Når det gjeld identiteten til Christopher Anderson, har eg ein «mistenkt» i «kikkerten», Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831. Far hans sat fengsla i Bergen for falskmyntnari då han døydde i 1848, og i 1851 døydde ogso mori. Christopher var einaste barnet deira, og han utvandra til Amerika alt i 1851! Eg vil tru det må finnast ein del avisartiklar om denne karen og det han «stelte til» i Kansas og Missouri (og kanskje ogso andre stadar), men eg stangar hovudet i veggen og vonar no at nokon kan hjelpa meg leita fram litt fleire opplysningar!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited May 15, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Egil Johannessen Posted May 15, 2018 Share Posted May 15, 2018 (edited) Vi kan jo gjenoppfriske hva som stod i pressen dengang: The Eureka Herald and Greenwood County Republican (Eureka, Kansas) 17 Feb 1876, Thursday, Page 5 The Eureka Herald and Greenwood County Republican (Eureka, Kansas) 06 Sep 1877, Thursday Page 4 Edited May 15, 2018 by Egil Johannessen Gisle Hersvik 1 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 15, 2018 Author Share Posted May 15, 2018 (edited) Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget. Desse avisartiklane inneheld om lag dei opplysningane som eg i si tid fekk frå Greenwood County Historical Society om denne saki. Eg freista den gongen å ta kontakt med biblioteket i Osceola. MO for meir bistand derifrå, men fekk aldri svar... Eg var heller aldri i stand til å finna fleire opplysningar om dei personane som er nemnde i desse artiklane! Både Edwin Lang og Lewis Smith skulle jo bu i St. Clair Co., MO, og det skulle òg Christopher gjera, anten han skreiv seg so eller so... Det ville gle meg mykje om nokon greidde å komma litt nærare faktaopplysningar frå Missouri, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta kring Christopher Anderson/Hanson! Edited May 15, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 16, 2018 Share Posted May 16, 2018 Det er kanskje denne som bodde i Butler, Kansas i 1863? Ser Ole Ladd er på samme skjema.. https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=1666&h=3959757&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=PxA340&_phstart=successSource Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 16, 2018 Author Share Posted May 16, 2018 (edited) Hjarteleg takk til Sven for eit svært so spennande innlegg! Eg har til no halde meg til leiting i Missouri etter Christopher, men når me ser at han budde i nærleiken av Ole Ladd og heller ikkje langt frå staden der Nels Ladd budde då han vart myrda, so ligg det svært nær å tenkja at dette godt kan vera «vår» mann! Og då er det vel same karen me finn i Chelsea township, Butler Co., KS i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9B9V-B4F Christopher Anderson 32 Nor farmer Marietta Anderson 26 Nor wife Mary Anderson 4 WI dau Sophie Anderson 5mo KS dau Orfern(?) .............. 26 Nor farm laborer Og dette er vel dåpen til eldste dotteri i Scandinavia Lutheran church, Waupaca Co., WI: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314795-00078?pid=2350220&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2350220%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9337%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9337&_phstart=successSource&usePUBJs=true Marthe Christine, fødd 21.9.1856 far: Christopher Anderson mor: Grethe Marie Hansdotter Søker me vidare etter Grethe Marie Hansdotter fødd i Noreg kring 1834, er det ikkje so mange alternativi med denne namnekombinasjonen. Eg ser i grunnen berre to: * Grethe Marie Hansdotter Nordbyødegaarden, f. i Våler 25.3.1833: https://media.digitalarkivet.no/view/7527/142 * Grethe Marie Hansdotter Brende eller Rud, f. i Sandsvær 30.3.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/1125/248 Skulle me finna ut at ei av desse hadde ei søster gift med Lewis Smith i Missouri, ville me vel vera eit langt steg vidare...! Men me treng nok ikkje venta på det, for sjå kva eg no fann på ancestry (eg får ikkje òpna sida, men her ser ein jo det meste likevel!): https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=owt&h=42913881&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=60901 Sophie, dotter av Christopher HANSON og Grethe Marie Hansdotter, fødd (i Kansas) 12.11.1859, døydde i Collins, St. Clair Co., MO 7.1.1947. Ho gifte seg 21.5.1876 med Robert Monroe Evans https://www.sos.mo.gov/images/archives/deathcerts/1947/1947_00005896.PDF https://www.findagrave.com/memorial/81937999 På ancestry finst det fleire family trees med denne huslyden, og her har me eitt som provar identiteten til Grethe Marie frå SANDSVÆR og som samstundes gjer greie for søskeni til Sophie: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/75069181/person/32310336537/facts Me ser at Grethe Marie døydde i Collins, St. Clair Co., MO 8.4.1868... Det som no står fram som «sentrale» utfordringar, vert då: ** Finna ut meir om Christopher Anderson/Hanson's andre og tredje ekteskap? ** Kven var foreldri til Grethe Marie i Sandsvær, yrke, bustad og opphav? ** Kva år utvandra Grethe Marie til Amerika? ** Kvar er Sophie og eventuelt faren og søskeni i FT1870? ** Men det siste sentrale spørsmålet vert jo likevel ståande: KVEN VAR CHRISTOPHER?? Eg ser at treeigarane i Amerika IKKJE har identifisert opphavet til Christopher Anderson/Hanson, men dei har dødsfallet hans i Jefferson, MO frå 1876! Elles er det jo heilt unikt kva som kjem fram av opplysningar i dette familytreet!! Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av mordaren frå 1863 og huslyden hans! Edited May 16, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 16, 2018 Author Share Posted May 16, 2018 Eg har sett litt meir på denne huslyden frå Sandsvær. Det ser ut til at dei flytte til Kongsberg, for der vart i alle fall Grethe Marie konfirmert i 1849: https://media.digitalarkivet.no/view/1098/227 Og her utvandra Grethe Marie Hansdotter Ruud frå Kongsberg i 1852: https://media.digitalarkivet.no/view/1098/409 Men noki vigsle for Grethe og Christopher kan eg ikkje finna nokon stad (i Amerika), so identiteten hans er framleis ei gåte. Eg har likevel ei viss «magekjensle» at det godt kan vera Christopher Andersson frå Hafslo!? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med identifikasjonen av mordaren Christopher! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 16, 2018 Share Posted May 16, 2018 (edited) Dette er vel kanskje hun som var gift med Lewis Smith https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N46T-WVW Vielsen 4. november i Franklin, Kansas https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=FSMarriageKansas&indiv=try&h=41495 Edited May 16, 2018 by Sven Hjortland Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 16, 2018 Share Posted May 16, 2018 Kansas State Census 1865 Name: Christopher Hanson Census Date: 3 Jun 1865 Residence County: Pottawatomie Residence State: Kansas Locality: Vienna Birth Place: Norway W Family Number: 244 Marital Status: Married Gender: Male Age: 34 Birth Year: abt 1831 Household Member(s): Name Age Christopher Hanson 34 Mary Hanson 30 Martha Hanson 8 Sophia Hanson 5 Andrew Hanson 2 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 16, 2018 Share Posted May 16, 2018 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V2DK-1X9 Chris Hanson Missouri Marriages, 1750-1920 Name: Chris Hanson Spouse's Name: Mary J. Southard Event Date: 20 Jul 1868 Event Place: , , St Clair, Missouri Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 16, 2018 Share Posted May 16, 2018 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V28K-N44 Chris Hanson Missouri Marriages, 1750-1920 Name: Chris Hanson Spouse's Name: Sarah S. Kelly Event Date: 25 Feb 1872 Event Place: Laclede,Missouri Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 16, 2018 Author Share Posted May 16, 2018 (edited) Hjarteleg takk til Sven for fleire interessante innlegg! Det er påfallande, men ikkje overraskande, å slå fast korleis Christopher både skifte namn og «stakk av» etter at han hadde myrda Nels Ladd, men han kjente seg vel ikkje heilt «trygg» før han var komen ut av Kansas... Vigsli frå 1868 er nok for «vår» Christopher, og eg lurer på om dette kan vera andre kona hans, Mary J. Southard som i 1860 berre var 14 år gamal: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSD-9SDZ Eit ancestry family tree syner at ho vart gift med ein James Hinton, men ho kan jo godt ha vore gift to gongar...? https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/89331198/person/46592674165/facts?_phsrc=giv514&_phstart=successSource Denne er feil, for ho gifte seg med James Hinton alt i 1867! Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien! Kanskje greier me etter kvart å prova kven Christopher verkeleg var? Edited May 16, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 16, 2018 Share Posted May 16, 2018 2 timer siden, Sven Hjortland skrev: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V28K-N44 Chris Hanson Missouri Marriages, 1750-1920 Name: Chris Hanson Spouse's Name: Sarah S. Kelly Event Date: 25 Feb 1872 Event Place: Laclede,Missouri Denne var mest sannsynlig fra Danmark https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M3ZD-BFH Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 16, 2018 Author Share Posted May 16, 2018 Dette må vel vera Sarah Kelly, ho som i 1872 gifte seg i Lebanon, Laclede Co., MO med Chris Hanson, busett 1870 i Lebanon, MO: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DZ43-L2B Men denne Chris Hanson, som alltid var busett i Laclede Co., MO, syner seg vera ein danske, sjå her FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTL7-4WQ So tredje kona til Christopher Hanson må ha vore ei anna... Kva med denne som eg finn hjå ancestry gift i St. Louis, MO 30.11.1871 med Joergine Schultz (lengst ned på venstre side): https://www.ancestry.com/interactive/1171/vrmmo1833_c6137-0577?pid=10166476&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9371&_phstart=successSource Dette ekteskapet varte tydeleg ikkje so lenge, for her er Georgiana Schulz gift på ny i St. Louis, MO 17.10.1875 med John Alt, om det er same jenta då: Name John Alt Spouse's Name Georgiana Schulz Event Date 17 Oct 1875 Event Place Saint Louis,St Louis,Missouri Det er vel ho som i 1860 budde hjå foreldri sine i St. Charles Co., MO: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBS4-QCC Og her er John Alt med kona i 1880 i St. Louis, MO: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBN-RJ2 Kan det tenkjast at Christopher og siste kona hans vart skilde etter åtaket på Elmer Lang i Osceola, MO og at ho då flytte attende til St. Louis, MO? Det hadde vore svært interessant å sett saksdokumenti som førte til at Christopher i 1876 vart dømd til to års fengsel! Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne saki! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 16, 2018 Author Share Posted May 16, 2018 Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget som kom nettopp då eg la inn mitt forrige! Eg ser du er komen til same konklusjon som meg med omsyn til Sarah Kelly... Men kva meiner du om ekteskapet eg fann i St. Louis, MO? Og kvar vart det av Mary Southard? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki! Kanskje får me før eller sidan ein sikker identifikasjon av Christopher! Eg ser han har agnatiske etterkomarar i Amerika gjennom sonen Albert, so kanskje me skulle satsa på å få til ein DNA-analyse? Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 16, 2018 Share Posted May 16, 2018 (edited) Kan dette være Mary J Southard? https://www.findagrave.com/memorial/25925910 Kanskje i yngste laget?? Edited May 16, 2018 by Sven Hjortland Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 17, 2018 Author Share Posted May 17, 2018 Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget frå i aftes. Jau, eg tykkjer nok òg at den Mary J. Southard som du nemner her, ser svært so ung ut... Namnet er visstnok ikkje so uvanleg som det høyrest ut... Elles har eg no på morgonen studert litt meir på alternative opphav for Christopher Andersson, og eg må slå fast at det var ganske so mange med dette namnet fødde i Noreg kring 1829-1832. Christopher Andersson frå Kjørlaug i Hafslo er med andre ord berre ein av over 20 «kandidatar». Ser me so på dei som budde i denne kyrkjelyden i Waupaca Co., WI der eldste dotteri til Christopher og Grethe Marie vart døypt, finn eg mange frå Telemark, mellom anna frå Gjerpen, ein del frå Holt i Aust-Agder, nokre frå Vestfold og fleire frå Vang og Slidre i Valdres. Mellom «kandidatane» for dei fødde, finn eg etter dette desse to særleg spennande: * Christopher Andersson, fødd i Gjerpen 7.9.1831 av foreldri Anders Hansson og Christine Christophersdotter, som i 1835 er busette på Damjordet under Fossum hovudgard i Gjerpen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051194002696 konfirmert i Gjerpen i 1848 (busett Lien): https://media.digitalarkivet.no/view/7796/203 utvandra i 1849 som Christopher A. Lie, 17 år i lag med fleire frå Gjerpen (jmf. Gerhard B. Naeseth's emigrantbiografi) * Christopher Andersson, fødd i Vang, Valdres 20.6.1830 av foreldri Anders Christopherson og Gjertrud Eriksdotter i Kvienseiget - her konfirmert i 1845: https://media.digitalarkivet.no/view/9396/141 og utvandra i 1854: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000095542 Som nemnt over har eg sett litt meir på kyrkjeboki for Scandinavia Lutheran i Waupaca Co., I, og eg finn denne barnedåpen: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314795-00078?pid=2350220&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2350220%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9337%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9337&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314795-00086 * Julie Christine - fødd 19.10.1858 av Christopher Anderson og Randi Eriksdotter - med ein faddarkrins som òg tyder på Telemark! Dette må vel vera denne huslyden i FT1860 i Scandinavia township, Waupaca Co., WI, og som me ser, Christopher er om lag på SAME ALDER som «vår» Christopher, men kona ser ut til å ha feil førenamn... https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-WL2 Forresten skal det i same kyrkjelyden vera ei fødsle (som eg ikkje finn): * Elise Dorthea - fødd 4.3.1861 av Trond Olson og Rangdi Eriksdotter men dette er vel heilt andre folk... Men hjelper dette oss til å identifisera mordaren frå 1863?? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å spora opp denne slekti! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Stine H Kvistad Posted May 18, 2018 Share Posted May 18, 2018 (edited) Hei, Den siste kona het Sarah Hanson, hun døde 1876. Name: Sarah Hanson Probate Date: 4 Jul 1876 Probate Place: St Clair, Missouri, USA Inferred Death Year: Abt 1876 Inferred Death Place: Missouri, USA Item Description: Administrator Records, Vol A5 and A, 1868-1890 Edited May 18, 2018 by Stine H Kvistad Link to comment Share on other sites More sharing options...
Stine H Kvistad Posted May 18, 2018 Share Posted May 18, 2018 Name: Christopher Hanson Probate Date: 28 Sep 1876 Probate Place: St Clair, Missouri, USA Inferred Death Year: Abt 1876 Inferred Death Place: Missouri, USA Item Description: Administrator Records, Vol A5 and A, 1868-1890 https://www.ancestry.com/interactive/9071/007630648_00134?pid=1398421&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DfRC1401%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DUSProbateMO%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3Dchristopher%26gsfn_x%3D0%26gsln%3Dhanson%26gsln_x%3D0%26MSAV%3D1%26uidh%3Diqc%26pcat%3D36%26fh%3D0%26h%3D1398421%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=fRC1401&_phstart=successSource&usePUBJs=true Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 18, 2018 Author Share Posted May 18, 2018 Hjarteleg takk til Stine for nye spennande innlegg! Eg har gjort oppslag i skiftet etter Christopher Hanson og finn dei tre dålevande borni med utsegni om at dei budde i St. Clair Co.., MO. Elles fann eg òg skiftet etter Sarah Hanson, og pussig nok var Lewis Smith «Administrator» av dette skiftet! https://www.ancestry.com/interactive/9071/007630648_00131?pid=1398415&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D9071%26h%3D1398415%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9457%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9457&_phstart=successSource&usePUBJs=true Men i motsetnad til skiftet etter Christopher, vert det ikkje sagt noko om kven som var ervingar etter Sarah! Høgst uvanleg... Då vert neste steget å leita etter ei vigsle mellom Christopher Hanson og ei Sarah... Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden! I neste omgongen greier kanskje ein eller annan å identifisera denne Chjristopher Anderson, mordaren frå Kansas frå 1863? Link to comment Share on other sites More sharing options...
Stine H Kvistad Posted May 18, 2018 Share Posted May 18, 2018 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Stine H Kvistad Posted May 19, 2018 Share Posted May 19, 2018 Jacob Andersen , ca 1800 er kanskje far til Christopher Anderson. Øvrige er Sjul Sjulsen og Ingeborg Karine Hansdatter med familie. Grethe Maries søster som hun reiste ut sammen med. Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 19, 2018 Author Share Posted May 19, 2018 (edited) Hjarteleg takk til Stine for nye spennande innlegg! Når det gjeld søsteri Sophie Hansdotter Ruud, so var det nettopp ho som 5.11.1860 gifte seg i Franklin Co., KS med Lewis Smith (jmf. innlegg #7 over). Elles er det interessant å sjå at Grethe Marie og mannen Christopher i 1860 var naboar til søsteri og svogaren hennar i Butler Co., KS. Eg ser at Sjul og Ingeborg hadde fleire born fødde i Wisconsin, men kan ikkje sjå at nokon av dei vart døypte i Scandinavia Lutheran i Waupaca Co., WI der Christopher og Grethe Marie budde... Jacob Anderson kan godt ha vore av same ætt som Christopher Anderson, men eg trur ikkje dei var far og son. Eg finn hjå FamilySearch berre EIN EINASTE som i so fall kunne høva, ein Jacob Andersson i Sørum som med kona Anna Kjøstelsdtter får ein son Christopher f. 16.4.1829, men denne Jacob skal ha vore fødd i 1796: Name Jacob Anderesen Borgen Birth Date 1796 Age 25 Spouse's Name Anne Tjostalsdatter Borgen Spouse's Birth Date 1799 Spouse's Age 22 Event Date 29 Dec 1821 Event Place Sørum, Akerhus, Norway «Vår» Christopher kallar forresten eldste sonen for Andrew Christopher, tydeleg Andrew etter far sin og Christopher etter seg sjølv... Eg har elles tenkt på noko anna: Christopher Andersson frå Gjerpen hadde Anders HANSSON som far og CHRISTINE som mor. Kan det tenkjast at han rett og slett tok farsnamnet til far sin då han laut «gøyma seg» etter mordet på Nels Ladd? Og kanskje mellomnamnet til eldste dotteri Martha Christine var ei oppkalling etter mori? Hanson-namnet kunne sjølvsagt òg ha vore teke etter svigerfaren Hans Ruud!? Hjå meg «siglar» uansett karen frå Gjerpen etter kvart opp som ein svært god «kandidat» til mordaren frå 1863. Han hadde forresten ein yngre BROR som heitte Jacob Anderson, men om denne Jacob utvandra, veit eg ikkje... Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til «oppnøsting» av denne utfordrande saki! Edited May 19, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Stine H Kvistad Posted May 19, 2018 Share Posted May 19, 2018 Her er skifte etter svigermoren Sønnøv Gulliksdatter Popperud. Name: Sarah Hallson Probate Date: 21 Sep 1869 Probate Place: St Clair, Missouri, USA Inferred Death Year: Abt 1869 Inferred Death Place: Missouri, USA Item Description: Administrator Records, Vol A5 and A, 1868-1890 https://www.ancestry.com/interactive/9071/007630648_00042?pid=1398241&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DfRC1430%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DUSProbateMO%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26_89004261__int%3D1869%26_89004261__int_x%3D1%26_8A004260__ftp%3DSt%20Clair%20County,%20Missouri,%20USA%26_8A004260%3D2751%26_8A004260_x%3D1%26_8A004260__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3Diqc%26pcat%3D36%26fh%3D29%26h%3D1398241%26recoff%3D%26ml_rpos%3D30&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=fRC1430&_phstart=successSource&usePUBJs=true Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 19, 2018 Author Share Posted May 19, 2018 Hjarteleg takk til Stine for siste innlegget! Eg er på ny imponert over kva du greier å finna...! Dette skiftet synest stadfesta familytreet på ancestry.com... Men eg er stadig svært oppteken av å identifisera CXhristopher Anderson og har i dag studert huslyden under Fossum i Gjerpen der eg no trur han godt kan vera komen ifrå. Eg har lagt denne ætti ut som eige emne, og er me heldige, finn me nokon som kjenner til desse folki...: https://forum.arkivverket.no/topic/222460-anders-hansson-og-christine-christophersdotter-vigde-i-gjerpen-1831-kvar-vart-det-av-denne-huslyden/ Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av mordaren frå 1863! Stine H Kvistad 1 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Stine H Kvistad Posted May 20, 2018 Share Posted May 20, 2018 Hei, her er fra fengelsregisteret 1876, for "Assault to kill" f 1827 iflg denne. https://s1.sos.mo.gov/records/archives/archivesdb/msp/Detail.aspx?id=5767 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now