Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christopher Anderson alias Chris Hanson - ein norsk mordar i Missouri - døydde i 1876 - fleire opplysningar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Denne saki var eg sovidt borti for 6-7 år sidan då eg arbeidde med biografien til denne karen:

 

Nils Erikson Lahd, alias Nels E. Ladd, fødd i Hafslo 23.11.1834.  Han utvandra i 1852 og gifte seg i Kansas våren 1862 med den 16 år gamle Martha Jane Brock, fødd i Washington Co., AR 2.1.1846.  Dei busette seg i Greenwood Co., KS, men alt 11.9.1862 vart Nels Ladd myrda av ein Christopher Anderson som i mange år gjekk under namnet Chris Hanson.  Denne Chris Hanson vart sidan tiltalt for i lag med den tredje kona si (namn ukjent) å ha freista myrda ein Edwin E. Lang i Osceola, St. Clair Co., MO, og han sat fengsla i Missouri State Prison i Jefferson, MO då ein bror av Nels, eg trur det var Ole E. Ladd (1838-1911), likeins busett i Greenwood Co., KS, fekk greie på dette og ville reisa tiltale for mordet på Nels Ladd,

 

Men Christopher Anderson alias Chris Hanson døydde i fengslet i Jefferson, MO 30.7.1876 før denne tiltalen vart reist!

 

Nokre tilleggsopplysningar fekk eg tak i den gongen eg jobba med dette, men ikkje mykje:

 

Christopher Anderson alias Chris Hanson var gift tre gongar og skal i alle fall ei tid ha butt i Osceola, St. Clair Co., MO.  Første kona hans var ei søster av Mrs. Lewis Smith «of Osceola, MO, formerly of Franklin Co., MO», som eg trur kan vera identisk med denne L. W. Smith som med kona Susan budde i Osceola, St. Clair Co., MO i 1860:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS4-Q97

 

Når det gjeld identiteten til Christopher Anderson, har eg ein «mistenkt» i «kikkerten», Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831.  Far hans sat fengsla i Bergen for falskmyntnari då han døydde i 1848, og i 1851 døydde ogso mori.  Christopher var einaste barnet deira, og han utvandra til Amerika alt i 1851!

 

Eg vil tru det må finnast ein del avisartiklar om denne karen og det han «stelte til» i Kansas og Missouri (og kanskje ogso andre stadar), men eg stangar hovudet i veggen og vonar no at nokon kan hjelpa meg leita fram litt fleire opplysningar!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)

Vi kan jo gjenoppfriske hva som stod i pressen dengang:

 

The Eureka Herald and Greenwood County Republican (Eureka, Kansas) 17 Feb 1876, Thursday, Page 5

The Eureka Herald and Greenwood County Republican (Eureka, Kansas) 17 Feb 1876, Thursday, Page 5.jpg

 

The Eureka Herald and Greenwood County Republican (Eureka, Kansas) 06 Sep 1877, Thursday Page 4

The Eureka Herald and Greenwood County Republican (Eureka, Kansas) 06 Sep 1877, Thursday Page 4.jpg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget.  Desse avisartiklane inneheld om lag dei opplysningane som eg i si tid fekk frå Greenwood County Historical Society om denne saki.  Eg freista den gongen å ta kontakt med biblioteket i Osceola. MO for meir bistand derifrå, men fekk aldri svar...

 

Eg var heller aldri i stand til å finna fleire opplysningar om dei personane som er nemnde i desse artiklane!  Både Edwin Lang og Lewis Smith skulle jo bu i St. Clair Co., MO, og det skulle òg Christopher gjera, anten han skreiv seg so eller so...

 

Det ville gle meg mykje om nokon greidde å komma litt nærare faktaopplysningar frå Missouri, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta kring Christopher Anderson/Hanson!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Sven for eit svært so spennande innlegg!

 

Eg har til no halde meg til leiting i Missouri etter Christopher, men når me ser at han budde i nærleiken av Ole Ladd og heller ikkje langt frå staden der Nels Ladd budde då han vart myrda, so ligg det svært nær å tenkja at dette godt kan vera «vår» mann!

 

Og då er det vel same karen me finn i Chelsea township, Butler Co., KS i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9B9V-B4F

 

Christopher Anderson  32  Nor  farmer

Marietta Anderson  26  Nor  wife

Mary Anderson  4  WI  dau

Sophie Anderson  5mo  KS  dau

Orfern(?) ..............  26  Nor  farm laborer

 

Og dette er vel dåpen til eldste dotteri i Scandinavia Lutheran church, Waupaca Co., WI: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314795-00078?pid=2350220&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2350220%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9337%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9337&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Marthe Christine, fødd 21.9.1856

far: Christopher Anderson

mor: Grethe Marie Hansdotter

 

Søker me vidare etter Grethe Marie Hansdotter fødd i Noreg kring 1834, er det ikkje so mange alternativi med denne namnekombinasjonen.  Eg ser i grunnen berre to:

 

* Grethe Marie Hansdotter Nordbyødegaarden, f. i Våler 25.3.1833: https://media.digitalarkivet.no/view/7527/142

 

* Grethe Marie Hansdotter Brende eller Rud, f. i Sandsvær 30.3.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/1125/248

 

Skulle me finna ut at ei av desse hadde ei søster gift med Lewis Smith i Missouri, ville me vel vera eit langt steg vidare...!

 

Men me treng nok ikkje venta på det, for sjå kva eg no fann på ancestry (eg får ikkje òpna sida, men her ser ein jo det meste likevel!): https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=owt&h=42913881&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=60901

 

Sophie, dotter av Christopher HANSON og Grethe Marie Hansdotter, fødd (i Kansas) 12.11.1859, døydde i Collins, St. Clair Co., MO 7.1.1947.  Ho gifte seg 21.5.1876 med Robert Monroe Evans

 

https://www.sos.mo.gov/images/archives/deathcerts/1947/1947_00005896.PDF

 

https://www.findagrave.com/memorial/81937999

 

På ancestry finst det fleire family trees med denne huslyden, og her har me eitt som provar identiteten til Grethe Marie frå SANDSVÆR og som samstundes gjer greie for søskeni til Sophie:

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/75069181/person/32310336537/facts

 

Me ser at Grethe Marie døydde i Collins, St. Clair Co., MO 8.4.1868...

 

Det som no står fram som «sentrale» utfordringar, vert då:

 

** Finna ut meir om Christopher Anderson/Hanson's andre og tredje ekteskap?

 

** Kven var foreldri til Grethe Marie i Sandsvær, yrke, bustad og opphav?

 

** Kva år utvandra Grethe Marie til Amerika?

 

** Kvar er Sophie og eventuelt faren og søskeni i FT1870?

 

** Men det siste sentrale spørsmålet vert jo likevel ståande: KVEN VAR CHRISTOPHER??

 

Eg ser at treeigarane i Amerika IKKJE har identifisert opphavet til Christopher Anderson/Hanson, men dei har dødsfallet hans i Jefferson, MO frå 1876!  Elles er det jo heilt unikt kva som kjem fram av opplysningar i dette familytreet!!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av mordaren frå 1863 og huslyden hans!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har sett litt meir på denne huslyden frå Sandsvær.  Det ser ut til at dei flytte til Kongsberg, for der vart i alle fall Grethe Marie konfirmert i 1849:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1098/227

 

Og her utvandra Grethe Marie Hansdotter Ruud frå Kongsberg i 1852:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1098/409

 

Men noki vigsle for Grethe og Christopher kan eg ikkje finna nokon stad (i Amerika), so identiteten hans er framleis ei gåte.  Eg har likevel ei viss «magekjensle» at det godt kan vera Christopher Andersson frå Hafslo!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med identifikasjonen av mordaren Christopher!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kansas State Census 1865

 

Name: Christopher Hanson
Census Date: 3 Jun 1865
Residence County: Pottawatomie
Residence State: Kansas
Locality: Vienna
Birth Place: Norway W
Family Number: 244
Marital Status: Married
Gender: Male
Age: 34
Birth Year: abt 1831
Household Member(s):
Name Age
Christopher Hanson 34
Mary Hanson 30
Martha Hanson 8
Sophia Hanson 5
Andrew Hanson 2

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Sven for fleire interessante innlegg!

 

Det er påfallande, men ikkje overraskande, å slå fast korleis Christopher både skifte namn og «stakk av» etter at han hadde myrda Nels Ladd, men han kjente seg vel ikkje heilt «trygg» før han var komen ut av Kansas...

 

Vigsli frå 1868 er nok for «vår» Christopher, og eg lurer på om dette kan vera andre kona hans, Mary J. Southard som i 1860 berre var 14 år gamal:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSD-9SDZ

 

Eit ancestry family tree syner at ho vart gift med ein James Hinton, men ho kan jo godt ha vore gift to gongar...?

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/89331198/person/46592674165/facts?_phsrc=giv514&_phstart=successSource

 

Denne er feil, for ho gifte seg med James Hinton alt i 1867!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

 

Kanskje greier me etter kvart å prova kven Christopher verkeleg var?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
2 timer siden, Sven Hjortland skrev:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V28K-N44

 

Chris Hanson

Missouri Marriages, 1750-1920
Name: Chris Hanson
Spouse's Name: Sarah S. Kelly
Event Date: 25 Feb 1872
Event Place: Laclede,Missouri

Denne var mest sannsynlig fra Danmark  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M3ZD-BFH

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dette må vel vera Sarah Kelly, ho som i 1872 gifte seg i Lebanon, Laclede Co., MO med Chris Hanson, busett 1870 i Lebanon, MO:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DZ43-L2B

 

Men denne Chris Hanson, som alltid var busett i Laclede Co., MO, syner seg vera ein danske, sjå her FT1900:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTL7-4WQ

 

So tredje kona til Christopher Hanson må ha vore ei anna...

 

Kva med denne som eg finn hjå ancestry gift i St. Louis, MO 30.11.1871 med Joergine Schultz (lengst ned på venstre side): https://www.ancestry.com/interactive/1171/vrmmo1833_c6137-0577?pid=10166476&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9371&_phstart=successSource

 

Dette ekteskapet varte tydeleg ikkje so lenge, for her er Georgiana Schulz gift på ny i St. Louis, MO 17.10.1875 med John Alt, om det er same jenta då:

 

Name John Alt
Spouse's Name Georgiana Schulz
Event Date 17 Oct 1875
Event Place Saint Louis,St Louis,Missouri

 

Det er vel ho som i 1860 budde hjå foreldri sine i St. Charles Co., MO: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBS4-QCC

 

Og her er John Alt med kona i 1880 i St. Louis, MO: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBN-RJ2

 

Kan det tenkjast at Christopher og siste kona hans vart skilde etter åtaket på Elmer Lang i Osceola, MO og at ho då flytte attende til St. Louis, MO?

 

Det hadde vore svært interessant å sett saksdokumenti som førte til at Christopher i 1876 vart dømd til to års fengsel!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget som kom nettopp då eg la inn mitt forrige!  Eg ser du er komen til same konklusjon som meg med omsyn til Sarah Kelly...

 

Men kva meiner du om ekteskapet eg fann i St. Louis, MO?  Og kvar vart det av Mary Southard?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki!  Kanskje får me før eller sidan ein sikker identifikasjon av Christopher!  Eg ser han har agnatiske etterkomarar i Amerika gjennom sonen Albert, so kanskje me skulle satsa på å få til ein DNA-analyse?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget frå i aftes.

 

Jau, eg tykkjer nok òg at den Mary J. Southard som du nemner her, ser svært so ung ut...  Namnet er visstnok ikkje so uvanleg som det høyrest ut...

 

Elles har eg no på morgonen studert litt meir på alternative opphav for Christopher Andersson, og eg må slå fast at det var ganske so mange med dette namnet fødde i Noreg kring 1829-1832.  Christopher Andersson frå Kjørlaug i Hafslo er med andre ord berre ein av over 20 «kandidatar».  Ser me so på dei som budde i denne kyrkjelyden i Waupaca Co., WI der eldste dotteri til Christopher og Grethe Marie vart døypt, finn eg mange frå Telemark, mellom anna frå Gjerpen, ein del frå Holt i Aust-Agder, nokre frå Vestfold og fleire frå Vang og Slidre i Valdres.

 

Mellom «kandidatane» for dei fødde, finn eg etter dette desse to særleg spennande:

 

* Christopher Andersson, fødd i Gjerpen 7.9.1831 av foreldri Anders Hansson og Christine Christophersdotter, som i 1835 er busette på Damjordet under Fossum hovudgard i Gjerpen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051194002696

konfirmert i Gjerpen i 1848 (busett Lien): https://media.digitalarkivet.no/view/7796/203

utvandra i 1849 som Christopher A. Lie, 17 år i lag med fleire frå Gjerpen (jmf. Gerhard B. Naeseth's emigrantbiografi)

 

* Christopher Andersson, fødd i Vang, Valdres 20.6.1830 av foreldri Anders Christopherson og Gjertrud Eriksdotter i Kvienseiget - her konfirmert i 1845: https://media.digitalarkivet.no/view/9396/141

og utvandra i 1854: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000095542

 

Som nemnt over har eg sett litt meir på kyrkjeboki for Scandinavia Lutheran i Waupaca Co., I, og eg finn denne barnedåpen: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314795-00078?pid=2350220&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2350220%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9337%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9337&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314795-00086

 

* Julie Christine - fødd 19.10.1858 av Christopher Anderson og Randi Eriksdotter - med ein faddarkrins som òg tyder på Telemark!

 

Dette må vel vera denne huslyden i FT1860 i Scandinavia township, Waupaca Co., WI, og som me ser, Christopher er om lag på SAME ALDER som «vår» Christopher, men kona ser ut til å ha feil førenamn...

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-WL2

 

Forresten skal det i same kyrkjelyden vera ei fødsle (som eg ikkje finn):

 

* Elise Dorthea - fødd 4.3.1861 av Trond Olson og Rangdi Eriksdotter

 

men dette er vel heilt andre folk...

 

Men hjelper dette oss til å identifisera mordaren frå 1863??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å spora opp denne slekti!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Hei, 

Den siste kona het Sarah Hanson, hun døde 1876.

Name: Sarah Hanson
Probate Date: 4 Jul 1876
Probate Place: St Clair, Missouri, USA
Inferred Death Year: Abt 1876
Inferred Death Place: Missouri, USA
Item Description: Administrator Records, Vol A5 and A, 1868-1890
Endret av Stine H Kvistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for nye spennande innlegg!

 

Eg har gjort oppslag i skiftet etter Christopher Hanson og finn dei tre dålevande borni med utsegni om at dei budde i St. Clair Co.., MO.

 

Elles fann eg òg skiftet etter Sarah Hanson, og pussig nok var Lewis Smith «Administrator» av dette skiftet!

 

https://www.ancestry.com/interactive/9071/007630648_00131?pid=1398415&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D9071%26h%3D1398415%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9457%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9457&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men i motsetnad til skiftet etter Christopher, vert det ikkje sagt noko om kven som var ervingar etter Sarah!  Høgst uvanleg...

 

Då vert neste steget å leita etter ei vigsle mellom Christopher Hanson og ei Sarah...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!  I neste omgongen greier kanskje ein eller annan å identifisera denne Chjristopher Anderson, mordaren frå Kansas frå 1863?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

rud.JPG

Franklin.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Jacob Andersen , ca 1800 er kanskje far til Christopher Anderson. Øvrige er Sjul Sjulsen og Ingeborg Karine Hansdatter med familie. Grethe Maries søster som hun reiste ut sammen med.

 

Jacob.JPG

1852.JPG

Ingeborg.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld søsteri Sophie Hansdotter Ruud, so var det nettopp ho som 5.11.1860 gifte seg i Franklin Co., KS med Lewis Smith (jmf. innlegg #7 over).

 

Elles er det interessant å sjå at Grethe Marie og mannen Christopher i 1860 var naboar til søsteri og svogaren hennar i Butler Co., KS.  Eg ser at Sjul og Ingeborg hadde fleire born fødde i Wisconsin, men kan ikkje sjå at nokon av dei vart døypte i Scandinavia Lutheran i Waupaca Co., WI der Christopher og Grethe Marie budde...

 

Jacob Anderson kan godt ha vore av same ætt som Christopher Anderson, men eg trur ikkje dei var far og son.  Eg finn hjå FamilySearch berre EIN EINASTE som i so fall kunne høva, ein Jacob Andersson i Sørum som med kona Anna Kjøstelsdtter får ein son Christopher f. 16.4.1829, men denne Jacob skal ha vore fødd i 1796:

 

Name Jacob Anderesen Borgen
Birth Date 1796
Age 25
Spouse's Name Anne Tjostalsdatter Borgen
Spouse's Birth Date 1799
Spouse's Age 22
Event Date 29 Dec 1821
Event Place Sørum, Akerhus, Norway

 

«Vår» Christopher kallar forresten eldste sonen for Andrew Christopher, tydeleg Andrew etter far sin og Christopher etter seg sjølv...

 

Eg har elles tenkt på noko anna:  Christopher Andersson frå Gjerpen hadde Anders HANSSON som far og CHRISTINE som mor.  Kan det tenkjast at han rett og slett tok farsnamnet til far sin då han laut «gøyma seg» etter mordet på Nels Ladd?  Og kanskje mellomnamnet til eldste dotteri Martha Christine var ei oppkalling etter mori?  Hanson-namnet kunne sjølvsagt òg ha vore teke etter svigerfaren Hans Ruud!?

 

Hjå meg «siglar» uansett karen frå Gjerpen etter kvart opp som ein svært god «kandidat» til mordaren frå 1863.  Han hadde forresten ein yngre BROR som heitte Jacob Anderson, men om denne Jacob utvandra, veit eg ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til «oppnøsting» av denne utfordrande saki!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for siste innlegget!  Eg er på ny imponert over kva du greier å finna...!

 

Dette skiftet synest stadfesta familytreet på ancestry.com...

 

Men eg er stadig svært oppteken av å identifisera CXhristopher Anderson og har i dag studert huslyden under Fossum i Gjerpen der eg no trur han godt kan vera komen ifrå.  Eg har lagt denne ætti ut som eige emne, og er me heldige, finn me nokon som kjenner til desse folki...:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/222460-anders-hansson-og-christine-christophersdotter-vigde-i-gjerpen-1831-kvar-vart-det-av-denne-huslyden/

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av mordaren frå 1863!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.