Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Einer Ellefson (1818-1885= - frå Luster til Tovika i Trondenes - kven var foreldri til kona hans og kvar vart det av yngste sonen Johan?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg arbeidde mykje med på 1980-talet.  Eg hadde den gongen òg kontakt med minst ein etterkomar, so det meste kom «på plass», men nokre detaljar greidde eg ikkje å finna ut av, og no vonar eg at kanskje nokon i Brukarforum kan hjelpa meg leita dei fram?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Pål Martinussen

I dag tilhører Tovik Skånland kommune.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Johan Edvard Christian  Einarsen f 14-4-1887,døde

7-4-1880.Gravlagt 10-4,jordsatt 25-4-1880.

Født på Tovig.Døde på Haukebø.

Nr 12

https://media.digitalarkivet.no/view/6759/76

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Pål Martinussen
1482043 Hartvik Sparbo  Einarsen    1864    1943  2410  1943  01  006  Vis  Bjørnskinn Andøy
1483212 Petra Marie  Einardsen  Mikalsen  Lovik, Andøy  1105  1875  1006  1959  1959  Kirkevergen; etternavn Einarsen  02  011  Takk for alt  Vis  Øygård Andøy

 

 

Endret av Pål Martinussen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Pål for mange spennande og nyttige innlegg!

 

So vidt som eg kan sjå har eg fått svar på det aller meste, men eg kom litt i stuss når eg studerte på 1801-teljing for Tovika der Hartvig Sparboe ser ut til å vera son av Margrethe og IKKJE son av Edias Sparboe:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058493002278

 

men her går det jo tydeleg fram at Hartvig var son av Edias:

 

Name Hartvig Ediesen
Gender Male
Christening Date 05 Oct 1788
Christening Place TRONDENES, TROMS, NORWAY
Father's Name Edies Sparboe

 

Elles forstår eg det slik at Hartvig og Anna Margrethe Nilsdotter aldri vart gifte, men berre levde i lag i Tovika..., jmf. FT1865:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1914&kenr=001&bnr=0018&lnr=00

 

og då er det vel kanskje denne Anna M. Nilsdotter, fosterbarn i Tovika i 1801, som er sambuaren til Hartvig: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058493002289

 

eler det ho som budde på Skjerstad i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058493000439

 

Eg ser ættetavla i innlegg #2 kalla ho for Schjeldrup, men kvar kan dei ha det ifrå?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Einer Ellefson {Rønnei}, f. {i Luster} kring 1818,

Einer Ellefson flytte òg til Nordland i 1850, men fór straks vidare til Trondenes i Troms der han 2.8.1851 gifte seg med Anna Sparbo Hartvigsdotter frå Tovika i Trondenes.  Ho var dotter av gardbrukar Hartvig Edisson Sparbo i Tovika og jenta Anna Margrethe Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Trondenes 14.4.1828.  Einer og Anna slo seg ned som husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Tovik indre i Trondenes der Einer d. som innerst(!) 27.11.1885.  Anna d. som kårenkje same staden 21.3.1910.  Dei fekk ni born i lag:

a. Edvard Christian Einersen, f. i Trondenes 23.5.1851, d. i Tovika 29.12.1866.

b. Hartvig Sparbo Einersen, f. i Trondenes 24.9.1853, d. i Tovika 7.2.1860.

c. Margrethe Sophie Einersdotter, f. i Trondenes 24.5.1856, d. i Tovika 23.10.1942.  Margrethe gifte seg i Trondenes 10.5.1880 med Gabriel Larsson frå Heggum i Røyken, kjend som Gabriel Larsen.  Han var f. i Røyken 13.2.­1846 og d. i Tovika 5.10.1919.  Gabriel Larsen var murar, og han og Margrethe vart buande i Tovika i Trondenes.  Dei var barnlause.

d. Albertine Andrea Einersdotter, f. i Trondenes 6.6.1859, d. i Tovika 8.1.1880.

e. Elen Helmine Einersdotter, f. i Trondenes 19.2.1862, d. i Trondenes 31.7.1901.  Ho gifte seg i Trondenes 27.10.1885 med Markus Sevenius Olsen frå Einarvik under Balteskar i Ibestad, f. i Ibestad 2.1.1857.  Han d. i Grimstad 12.3.1946.  Markus Olsen var murar og fiskar, og han og Elen budde i Tovika i Trondenes.  Som enkjemann flytte Markus til Gjesvær i Måsøy.  Han og Elen fekk ni born i lag.

f. Hartvig Sparbo Einarsen, f. i Trondenes 1.11.1864, d. i Lovika i Dverberg 15.10.1943.  Hartvig gifte seg i Trondenes 13.9.1895 med Petra Marie, kjend som Marie Mikalsen frå Lovika i Dverberg, f. i Dverberg 11.5.1876.  Ho d. i Lovika 10.6.1959.  Hartvig Einarsen var skomakar, og han og Marie vart gardbrukarar i Lovika i Dverberg.  Dei fekk åtte born i lag.

g. Johan Edvard Christian Einersen, f. i Trondenes 14.4.1867, d. på Haukebø i Trondenes 7.4.1880.

h. Hilda Margrethe Einersdotter, f. i Trondenes 17.10.1869, d. i Hamarøy 4.12.1942.  Ho gifte seg i Ibestad 25.4.1889 med Isak Wilhelm, kjend som Wilhelm Johansen frå Vadsø, f. i Øvertorneå i Sverige 16.8.1859.  Han d. i Hamarøy 17.6.1936.  Wilhelm Johansen var skomakar og dessutan typograf og avisutgjevar i Kabelvåg i Vågan til 1900, i Narvik frå 1900 til 1905 og i Hamarøy frå 1905.  Han og Hilda var elles gardbrukarar på Hestbakk i Hamarøy og fekk femten born i lag.

            i. Elida Amalie Einersdotter, f. i Trondenes 1.7.1872, d. i Tovika 25.10.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elles saknar me vel no berre namnet på husmannsplassen under Tovika som Einer og Anna budde på.  Er det nokon som veit det?  Var det kan henda på Moen (jmf. innlegg 4)?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anita Aamo

Dette bringer ikke saken noe videre, men jeg siterer likevel fra det som står om denne familien i  Trygve Lysakers Trondenes BB Gårdshistorie for Skånland herred: "Ved sjøen, øst for de gamle nausttomtene på indre Tovik, bygde Einar Ellefsen (f.1818) en husmannsplass sist i 1840-åra. Einar kom nordover fra Lyster (!) i Sogn, og dro rundt på gårdene som snekker og tømmermann. Han var gift med en trondenesjente , Ane Hartvigsdatter, (f. 1828)  og hadde 7 barn med henne. Det var litt jord til plassen, og husmannsfolket fødte opp 2 kyr og noen sauer, og avlet både korn og poteter. En datter, Margrethe, (f. 1856) ble gift med en murer fra Drammen, Gabriel Larsen (f.1847). Det overtok etter foreldrene, men var barnløse, og plassen ble nedlagt i 1934". 

 

Noe navn på husmannsplassen er altså ikke oppgitt i bygdeboka. 

Endret av Anita Aamo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anita for siste innlegget frå i går!

 

Eg er svært forundra over at denne plassen ikkje har fått noko namn, særleg med tanke på at plassen var i bruk heilt from til 1930-talet, og han er so godt omskriven at eldre folk i området sikkert har eit namn å komma med!?

 

Dette burde jo vera ei skikkeleg utfordring for lokalpatriotar frå Skånland!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
odd tømmerås

Schjelderup kommer fra en av hennes forfedre , presten på Trondenes,en annen var biskop i Tronhjem.

 

Anders Nilsen Schjeldrup  eller Nils Andersen Schj.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd for siste kommentaren om Schjeldrup-namnet og -slekti  Det kan sikkert godt tenkjast at Anna Margretha ættar frå Schjeldrup-ætti, men det forklarar vel ikkje eigentleg kvar HO voks opp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anita Aamo

 I følge "Folk og slekt i gamle Trondenes" (Bjørkenes m.fl, 1997) var Anne Nilsdatter Schjelderup født utenfor ekteskap i Tovik i 1796, død 1864 (!) . Hennes var var Nils Winter Nilssen Schjelderup (født 1769 i Tovik, død i Lofoten 1827) og mor Oline Karoline Nikoline Jakobsdatter (født 1777 ukjent sted, død i Bergen ukjent årstall). Familie 5253 i boka. 

Endret av Anita Aamo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anita for siste oppklarande innlegg!

 

Då er det heilt tydeleg at Anna Margrethe må vera ho som voks opp som fosterbarn i Tovika, og den delen av problemet er soleis løyst!

 

Då saknar me berre eit namn på plassen under Tovik indre der huslyden budde...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
odd tømmerås

Tovik ble av til brukt som preste-enkesete for prestefruene fra Trondenes.

 

Iflg Tangen er mora til Ane , Elisabeth Jakobs Kjær fra Tranøy

 

Ane Margrethe  er fødd og oppvokst på gården , Ytre Tovik.

 

Anes bror Anders N. Schjelderups første barn het Elisabeth Kjær Schjelderup f. 1795

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
odd tømmerås

Foreldra til Ane var gift evnt. ble det senere , så fosterbarn var hun ikke.

 

iflg Tangen

 

Jeg har ikke undersøkt papirene mot kirkebøker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd for siste presiseringi.  Då skal eg retta opp teksten min tilsvarande...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
odd tømmerås

Beklager , Tangen tok feil

 

Har sjekka Simon Ellefsen på Nose DK og han sier det samme som Anita.

 

Skape forvirring er enkelt 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anita Aamo

Under familie 5401 i "Folk og slekt....." kan vi lese:  at Hartvig Hveding Edissen Sparboe (f 1788-d 1867) fikk datteren Anna utenfor ekteskap  med  Anne Margrethe Nilsdatter Schjelderup. Denne Anna ble senere gift med Einar Ellevsen fra Luster i Sogn og Fjordane. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd og Anita for nye meldingar!

 

Uansett kven som står fram som foreldri til Anne Margrethe, so kan me vel slå fast at ho voks opp i Tovika, anten ho var fosterbarn eller ikkje...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anita Aamo

Det må kanskje sies at Bergljot Holte Bjørkenes (for øvrig min ektefelles tante) og Margareth Jensen baserte sine to bøker på avskrifter av kirkebøkene fra Trondenes fra 1774 til 1900, og historikeren Tore Meyer var konsulent under arbeidet. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Remi

Lars: Her er det som står ved dåpen til Anne Margrethe 11. sep. 1796 i Trondenes: "16. Søndag i Trinit. 1796 døbt uægtebarn Anne Margrethe. Par: Niels Nielson og uconfirmeret Tøs Olava Jacobsd. Toevigen. Test: Peder Olson, Thomas Anderson Sanne, Anne Ellingsd. Marith Olsd. Tronæs, Berthe Maria Persd. Toevigen." Kilde: Kirkeboken for Trondenes, nr. 3, 1783 - 1803, side 300.

 

Konfirmasjon: "Den 7de Søndag effter Trinitatis 1812. 5. Anne Margrethe Nielsdatter yttre Elsnæs. 17 aar. Godt i bog, godt oplyst, og flittig, sædelig. Har havt Kopperne ved Plantning av Stoltenberg." Kilde: Kirkeboken for Trondenes, nr. 5, 1804 - 1820, side 414.

 

Død: "65. Død 7de Septbr. 1867, begravet 15de Septbr. Pige, Fattiglem Anne Margrethe Nielsdatter. Alder: 70 Aar. Opholdssted: Tovig. Begravet paa Throndenes." Kilde: Kirkeboken for Trondenes, nr. 12, 1863 - 1870, side 210.

 

Har du spørsmål om Schjelderup-slekta så er jeg rette mann å spørre siden jeg har arbeidet med den i over 30 år.

 

Hilsen Remi

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anita og Remi for dei siste innleggi!

 

Når det gjeld Anna Margretha Nilsdotter, so treng ikkje eg for mitt føremål å vita meir enn kvar ho kom ifrå, eventuelt kvar ho vaks opp.  Skal me tru konfirmasjonslista, kan ho ha vakse opp på ytre Elsnæs, men ho var vel eigentleg «heimehøyrande» i Tovika, so eg trur eg let det stå at ho var derifrå...

 

Med omsyn til Schjeldrup-ætti, hadde eg i min ungdom eit sterkt ønskje om å samla stoff til og sidan skriva ei ættebok for denne ætti, men det tok ikkje so lang tid før eg forstod at ætti er SVÆRT omfattande, og store delar av ætti budde dessutan i «det nordafjelske», so eg ville hatt behov for sitjeplassabonnement på Statsarkivet i Trondheim over lengre tid!  Difor sa eg meg nøgd med å halda oversyn over den delen av ætti som flytte til Sogn med klokkarsonen Melchior Wilhelmson Schjeldrup frå Herøy på Sunnmøre (1718-1801), som eg sjølv ættar ned ifrå!

 

Men det hadde vore kjempekjekt om nokon tok på seg å skriva ei skikkeleg ættebok for Schjeldrup-ætti, so eg kan berre oppfordra deg, Remi, til å halda fram med forskingi di!

 

Elles vonar eg framleis at ein eller annan kan finna eit namn på denne bustaden under Tovik indre der Einer Ellefson og likeins dotteri Margrethe Larsen budde heilt fram mot 1940...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.