Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Andersson (Leirmo) - fødd i Luster 1830 - flytte i 1852 til Nordland og forsvinn! - kvar kan han ha vorte av? - kan henda til Amerika? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne kjempeutfordringi freista eg første gongen å finna ut av for 15 år sidan gjennom det gamle Brukarforum under tema #14388, men den «kandidaten» eg den gongen hadde «i auge», synte seg vera eit blindskòt: https://forum.arkivverket.no/topic/100195-14388-henrik-andersson-f-luster-1830-til-nordland-1852-el-nesseby-lagnad/?tab=comments#comment-822975

 

Sidan eg framleis står heilt utan spor etter denne karen, freistar eg difor på ny:

 

Henrik Andersson Leirmo, son av husmann Anders Henrikson og første kona Gjertrud Johannesdotter på plassen Kjødni under garden Leirmo i Luster, var fødd i Luster 20.4.1830 og flytte i mai 1852 til «Nordland», men presteattesten fekk han ikkje før året etter (nr. #36): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/218

 

Dette er det siste me ser til Henrik, og no er spørsmålet sjølvsagt:

 

* Kvar i all verdi kan Henrik ha vorte av?

 

Han hadde ingen nære slektnngar i Nord-Noreg, men derimot fleire søsken i Luster og nokre yngre halvsøsken som utvandra til Amerika, men ikkje før mange år senare!

 

Eg står soleis heilt utan spor og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siden eg er heilt ukjent geografisk og finn hverken Wostad eller Flottum i Luster...

Hvem er dette:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000243827

1 brudgom Hendrik Andersen Wostad Snedkerarb. Ungk. 1830 (beregnet) Lyster Aalesund
2 brur Mette Marie Lindgaard Pige 1832 (beregnet) Tronhjem  
3 brudgommens far Anders Hendriks. Flottum        

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for nytt iinnlegg!

 

Eg er ikkje so overraska over at Henrik Andersson Vestad ville dukka opp som eit «forslag til løysing».  Men denne Henrik er ein heilt annan og ubeslekta person med same namn og fødd eit år før.  No er det slik at ogso Henrik Vestad sin huslyd har ein del «manglar og hòl», so eg vil ta den huslydedn opp som eige tema!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempegåta og vonar på ei  positiv løysing...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som eg presenterte for eit halvt år sidan.

 

Eg sit framleis heilt utan spor etter denne Henrik Andersson, men vonar framleis at ein eller annan dreg kjensel på dette namnet og kan hjelpa meg vidare.

 

Eg ser både på ancestry.com og på FamilySearch at det finst fleire Henry Andersons som er fødde i Noreg kring 1830, men ingen av dei har nok opplysningar til at me kan identifisera dei...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #5:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som eg har slite med sidan 1980-talet.

 

Har denne Henrik Andersson Leirmo frå Luster, fødd 20.4.1830, sett spor etter seg i Nord-Noreg?  Han flytte dit i 1852 og fekk attest i 1853.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Carsten for eit spennande innlegg!  Eg er ikkje i tvil om at dette må vera «vår» Henrik, attesten frå Hansen frå 1853 stemmer «på ein prikk»!

 

Eg ser han flytte til Evenstad i Flakstad, og om ein blar lite vetta i dødsfallsprotokollen for Flakstad, finn me ein tenestedreng Henrik Olson frå Flakstad, 21 år, som sette livet til på sjøen 11.9.1854: https://media.digitalarkivet.no/view/2639/240

 

Henrik var «nykomling» på Evenstad, og det er ikkje sikkert dei andre visste so mykje om opphavet eller alderen hans...  I alle fall finst det ikkje nokon Henrik olson fødd i Flakstad mellom 1828 og 1836!  Ingen konfirmantar som høver og heller ingen innflytte!  Innflyttelistene ser forresten bra fullstendige ut!

 

Eg har ein sterk mistanke om at det er «vår» Henrik Andersson som gæymer seg attom denne drukna personen frå 1854!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.