Gå til innhold
Arkivverket

Christen Olssén (1839-1894) - frå Hafslo via Lærdal og Bergen til Sverige


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Litt rart at lysninger og giftermål fra tidlig 1900-tall i digitala forskarsalen er sperret -  av hensyn til GDPR. Har ikke sett noe om dette i norske DA. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til Lars i # 23.

 

I # 44 i temaet nedenfor er navnene  til Per August og Lydia overstrøket.

Gift  28/1-96.

(Se  1911-1915)

 

Samme vielsesdato oppgis også i 1896-1920  i # 44.

 

 

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Ann-Mary og Lars W. for nye kjempefine innlegg!

 

Det har i heile ettermiddag vore ei «rivande» utvikling i dette emnet, og saki kring Christen Olssén kan me vel etter kvart seia er løyst!  Men eg har interesse av å følgja opp lagnadane til borni hennar Gine Smith, og òrsaki til det ligg først og fremst i utfordringane med å finna ut av slekti hennar.  Gine hadde ein fullbror i Amerika, men ho hadde òg ei mor som «stakk av» til Amerika på 1850-talet og berre «forsvann»!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for Christen Olssén og «livet» hans:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Olson, sidan kjend som Christen Olssén, f. i Hafslo 23.7.1839, flytte òg til Bergen i 1859, men fór vidare til Karlstad i Värmland, Sverige der han 13.1.1867 vart formelt trulova med Georgine Elisabeth, kjend som «Gine» Gabrielsdotter Smith frå Bergen, ei dotterdotter av husmannsdotteri Anna Haaversdotter frå Lovolden under Fortun i Luster (1793-1873).  Ho var f. i Bergen 13.9.1848.  Christen livnærte seg som murar, og han og Gine budde på Sandgrund i Karlstad.  Men Christen forsvann i 1869, og Gine flytte same året attende til Bergen der ho 22.10.1876 gifte seg i Domkyrkja med enkjemannen Ole Johan Høyer Lambertsen frå Bergen, f. i Bergen 17.7.1830.  Ole Lambertsen var bokbindarmeistar i Bergen der han d. 26.3.1909.  Gine Lambertsen d. same staden 7.11.1936.  Dei fekk ikkje born i lag, men Ole Lambertsen hadde fire born frå to tidlegare ekteskap samt ein son utanfor ekteskap som voks opp hjå far sin.  Christen vart buande i Sverige og dukka opp att då han våren 1874 fekk flyttemelding frå Karlstad til Valbo i Gävleborgs län der han snart etter vart sambuande med Brita Maria Eriksdotter Storm, f. i Maxmo i Finland 25.11.1841.  Ho d. i Gävle 14.9.1923.  Christen arbeidde som murar, medan Brita var syerske, men dei flytte frå kvarandre før 1880.  Dei flytte båe til Gävle i Gävleborgs län der Christen kring 1882 vart sambuande med Kristina, kjend som Stina Gustafsdotter, f. i Lysvik i Värmland 5.9.1856.  Ho d. ugift i Österfärnebo, Gävleborgs län 7.7.1904.  Men denne sambuarskapen varte heller ikkje lenge, og Christen flytte i 1887 på ny til Valbo.  Han vart 9.1.1889 formelt løyst frå trulovingi med Gine Smith og gifte seg i Valbo 15.9.1889 med Lydia Laurentia Christina Larsdotter Söderberg frå Gävle, f. i Gävle 7.6.1865.  Christen livnærte seg på den tidi som slaktar, medan Lydia var småskulelærar.  Dei flytte hausten 1889 til Gävle, Gävleborgs län der Christen d. 27.1.1894.  Lydia flytte snart i lag og gifte seg 28.1.1906 att i Gävle med Per August Persson Wahlström frå Gävle, f. i Rättvik 1.1.1861.  Per var sjømann og stueriarbeidar, og parfolket vart stort sett buande i Gävle, men vart skilde i 1920.  Lydia Olssén-Wahlström d. i Gävle 23.8.1922, medan Per Wahlström d. same staden 5.12.1926.  Christen fekk i alt fire born, to med Gine Smith, eitt frå sambuarskapen med Brita Storm og eitt frå ekteskapet med Lydia Söderberg.  Dessutan fekk Gine ein son etter ho flytte attende til Bergen.

 

     ##### (borni var: - lagnadane til Anna Christina og Peter Johan?

            * Anna Christina Olsen, f. i Karlstad 9.12.1866 – n. 1875 bortsett av fattigvesenet på Øvre Kleppe, Askøy

            * Olof Arendt Olsen, f. i Karlstad 20.9.1868, d. i Karlstad 6.1.1869.

            * Peter Johan, f. Bergen 24.4.1872 – far: dreng Petter Johan Rasmussen på Bryggen, f. 1845

            * Edvard Christian (Storm), f. (uekte) i Valbo 8.1.1877 – d. i Gävle 10.4.1892

            * Gustaf Heliodorus Olsén, f. i Gävle 2.11.1890, d. Gävle 16.10.1953 – gift 1913, bus. Tierp i Uppsala län!)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke klart å finne noe mer om Anna Christina Olsen foreløpig. Det er en ugift Anna Christine Olsen som får en sønn utenfor ekteskap i Bergen i 1903, men denne Anna Christine er født i 1865, så jeg er svært usikker på om dette er rette jenta. Gutten heter Olaf: 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007585426

https://media.digitalarkivet.no/view/312/153

 

Jeg fant henne heller ikke konfirmert i Askøy og spørsmålet er hva som skjedde med henne etter 1875. Hun var ellers ikke det eneste pleiebarnet på Øvre Kleppe. Bernt Simonsen het det andre pleiebarnet, men han var en del år yngre enn Anna Christine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være dødsfallet til lille Peter Johan - gravlagt fra Nykirken i januar 1875??

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000066118

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. E 3 (1869-1882), Døde og begravede 1875, Side 47
https://media.digitalarkivet.no/view/7155/46

 

Adressen var 9-89 og dette er Knøsesmuget 33:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bgrodem&gardpostnr=943&merk=943#ovre

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 3 (1861-1878), Dødsfallsprotokollside, Side 241b-242a
https://media.digitalarkivet.no/view/23997/242

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Om fødsli frå 1903 gjeld «vår» Anna Christina, er ikkje godt å seia.  Eg har søkt etter Anna Christina i FT1885, FT1891 og FT1900, alle i Bergen, men finn ho ikkje nokon stad (med fødestad Sverige)!

 

Men ville det ikkje vore rimeleg at Anna Christina «automatisk» var å finna i protokollane frå Bergen fattigvesen?  Eg har søkt der, men finn ho ikkje nemnd!

 

Når det gjeld vesle Peter Johan, so er det klart at du har finne dødsfallet hans i 1875, men eg forundrar meg over at faren er nemnd som pårørande.

 

Eg lurer på om dette kan vera faren som gifte seg i 1879: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001120838

 

Kva vesle Peter Johan gjorde på den adressa i Knøsesmuget, forstår eg heller ikkje. Der budde det ein huslyd med røter frå Hafslo, men slekt med Peter Johan var dei ikkje...  Kan me gissa på at guten var «plassert» der til oppfostring?

 

Dette er ein «merkeleg» huslyd.  Eg har bede Statsarkivet i Bergen om ei utskrift av dødsmeldingi til Gine Smith Lambertsen, men med det nye «systemet» i arkivverket kan det vel vara både vel og lenge før eg får svar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklarinvg av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg fått greie på ervingane etter Gine Smith Lambertsen frå 1936, heller «nedslåande» lesing:

 

~~~~~~~~~~~

 

Bokbindermesters enke Jørgine Lambertsen 88 år gammel, Lyder Sagensgate 10 død 7. november 1936

Avdødes arvinger: Ingen slektninger

Mannens arvinger:

1 myndig bror Julius Lambertsen død, etterlater seg 2 barn:
a. Edith Lambertsen, Kong Oscarsgate
b. Ewald Lambertsen, Kong Oscarsgate

2. myndig bror Johan Lambertsen død, etterlater seg 3 barn:
a. Hjørdis Hubert (?), Oslo
b. Odd Lambertsen, Oslo
c. Solveig Lambertsen, Oslo

 

~~~~~~~~~~~

 

So kvar det vart av Anna Christina Olsen, er eit svært so òpe spørsmål...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huislyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.6.2018 den 19.09, Grethe Flood skrev:

Litt rart at lysninger og giftermål fra tidlig 1900-tall i digitala forskarsalen er sperret -  av hensyn til GDPR. Har ikke sett noe om dette i norske DA. 

 

Vielsen er åpen hvis du logger deg inn med brukernavn og passord

 

Vielsen, nummer 21 (28. januar 1906)

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0011983_00170

 

Lysningen, nummer 253

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0011983_00163

 

 

Endret av Sven Hjortland
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

     * Anna Christina Olsen, f. i Karlstad 9.12.1866 – n. 1875 bortsett av fattigvesenet på Øvre Kleppe, Askøy

           

 

Er litt i stuss på nummer 2, kan det være at hun har tatt navn etter moren? Født 9. desember 1866 i Carlstad

 

U. S. A. fylke, New York City, Ministerialbok nr. A 2 (1886-1888), Døde og begravede 1887, Side 62
Permanent bilde-ID: kb20060817030247
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060817030247
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060817030247.jpg
 

 

Kan dette være mannen? Enkemann i 1891

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994018330

Endret av Sven Hjortland
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye fantastiske innlegg!  Eg er imponert over kva du finn!

 

Og inspirert av denne oppdagingi fann eg no òg utvandringi til Anna Olsen frå Bergen i 1884:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=17409&merk=17409#ovre

 

Einaste broren til mori, Anton Gabriel Smith (1851-1917), utvandra i 1882 og budde i Chicago, IL til han kring 1890 flytte til Port Angeles, WA.

 

Då ser me at det ikkje finst etterkomarar etter Georgine Elisabeth Smith (Lambertsen), og dei einaste etterkomarane etter Christen Olssén er dei som måtte leva att etter sonen Gustaf Heliodorus Olssén i Sverige!

 

Då er denne biografien etter kvart komplett, og eg må igjen få retta ein kjempetakk for framifrå bistand til å løysa denne svært so uvanlege og uitfordrande ættegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.