Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Andreas Cordsen (1778-1817) - skipsprest i China, sokneprest i Jostedalen og i Vikedal - skal ha vore gift, men kvar og kva tid? - kona frå Lærdal i Sogn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i mange år spekulert på kven denne presten eigentleg var og kva tid og kvar han gifte seg, om han då i det heile VAR gift?

 

Andreas Cordsen, son av kjøpmann Søren Cordsen og kona Anna Margrethe Andersdotter Paulsen i Stavanger, vart døypt i Stavanger 18.11.1778.  Han vart student i Bergen i 1797 og cand.theol. i 1802.  Kort tid etter vart han tilsett som skipsprest i China, men i 1807 kom han attende til landet og vart sokneprest til Jostedalen.

 

Han skal alt, medan han var prest i Jostedalen, ha hatt med seg ei hushaldar som heitte Anna Andersdotter, som visstnok var fødd i Lærdal 19.1.1781 som dotter av husmann Anders Jensson og kona Ingeborg Baardsdotter på Nygard under garden Rikheim, og ho følgde med «på lasset» då Andreas i 1812 vart sokneprest til Vikedal i Ryfylke!  So skal Andreas ha gift seg, dato og stad ukjende, med denne hushaldaren sin, og dei fekk ei dotter:

 

* Anna Magrethe Andreasdotter Cordsen, døypt i Vikedal 3.8.1813.  Ho vart sidan gift med Lars Atleson Tunshelle og budde i Bergen (desse har eg kontroll på!).

 

Men Andreas si tid som prest varte ikkje lenge.  Han fekk avskil våren 1816, og 2.12.1816 vart kona Anna gravlagd i Vikedal:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001264730

 

Sjølv flytte han då til Stavanger der han vart gravlagd 16.10.1817.

 

MEN, so var det attende til spørsmålet om vigsli hans med Anna Andersdotter.  Denne har eg ikkje greidd å finna nokon stad, so no vonar eg at kanskje einkvan i Brukarforum kan greia «det umogelege»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Vikedal kyrkje 100 år 1881-1981. Jubileumsskrift. Ved Nils Dybdal-Holthe. Utgjeve av Vikedal sokneråd. 1981. s. 42

Andreas Cordsen.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard for nyttige og interessante innlegg.

 

Då er problemet løyst!  Eg ser at opplysningane om at kona skulle vera frå Lærdal, er tekne frå Lampe i prestebiografiane hans, og eg ser ikkje nokon grunn til å tvila på desse.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.