Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Find Findson på Innerøy i Solund og søskeni hans - kan henda ein bror Jens i Fjaler? - kven var kona til Find?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg arbeidde med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen hadda vanskar med å finna ut av.

 

Kanskje går det lettare no med ekspertise på mellom anna Solund?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Find Findson Qualsøren, frå Kreken i Jostedalen, var f. i Jostedalen kring 1706 og vart gravlagd som legdelem frå Talsete 30.10.1774.  Han gifte seg i Jostedalen kring 1731 med Martha Mathiasdotter frå Bruheim i Jostedalen.  Ho var f. i Jostedalen kring 1705 og vart gravlagd frå Flahammar 9.4.1772.  Find og Martha budde først på Bruheim i Jostedalen, men fekk kring 1743 ein plass på Kvalsøyri, truleg her i Osen.  Liksom dei fleste plassfolki på Kvalsøyri hadde nok heller ikkje Find noki særleg jord til plassen; derimot veit me at noko av stova her i Osen vart nytta som fengsel på den tidi, og Find og Martha hadde tilsynet med fangane.  Find og kona vart buande på Øyri til dei kom på legd kring 1767.  Dei flytte då med dotteri Kari til Talsete under Flahammar.  Martha og Find fekk fem born i lag:

 1. Find Findson, f. i Jostedalen kring 1733,

Find Findson flytte i ung alder til ytre Sogn og gifte seg i Gulen 16.7.1779 med Anna Johannesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kalla Losna ved vigsli!)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f. kring 1737.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

Find og Anna vart husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Inderøy i Solund, og derifrå vart Find gravlagd 16.12.1791. Anna gifte seg att i Gulen 22.6.1792 med Ole Johnson frå

 

##### (opphavet hans? – frå Ytterøy i Solund?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f. kring 1746. 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

Ole tok over som husmann på plassen som Find Findson hadde hatt under Inderøy i Solund der Anna d. som husmannskone 12.4.1825.  Ole gifte seg att, men d. på Innerøy alt

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1830?)

 

Anna fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 2. Kari Findsdotter (1736‑1799), vart gift med husmann Ole Olson på Talsete under Flahammar (1738‑1800) .

 3. Britha Findsdotter, døypt i Luster 12.12.1738,

Britha Findsdotter ser ut til å vera fari frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnaden hennar? – kan henda til Gulen? – men d. barnlaus før 1792)

 

 4. Jacob Findson (1741‑1812), vart husmann på Øvregard under Jostedal Prestegard i Jostedalen.

 5. Jens Findson, døypt i Luster 19.8.1745,

Jens Findson ser ut til å vera faren frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnaden hans? – kan henda til Gulen? – eller kan henda gift i Fjaler 1.12.1767 med Kari Thorsdotter? – i alle fall d. han barnlaus før 1792!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er forresten trulovingi og vigsli frå Fjaler 1767, utan at eg vert so mykje klokare på det som står der...: https://media.digitalarkivet.no/view/8828/77

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

Frå Solund gards- og ættesoge, bind 1:

image.png.aabb3311176776d5fbd19b44659ca7bd.png

 

image.png.add022201c2f645bb6706917a8e653f6.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Då blir spørsmålet om Jens Finnson Arstein i Fjaler er identisk med Jens Finnson frå Luster.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torodd og Torbjørn for nye spennande innlegg!

 

So vidt eg kan sjå, har ikkje bygdeboki for Solund noko nytt å by på med omsyn til slektsdetaljar om Find Findson og huslyden hans.  Men kanskje nokon har tilleggsopplysningar å by på når det gjeld opphavet til Anna og likeins opphavet til Ole Johnson?  Det er tydeleg òg vanskeleg å finna dødsfallet til Ole Johnson...?

 

Elles vonar eg at ein eller annan med lokal kunnskap i Fjaler kan hjelpa meg vidare med omsyn til Jens Findson Arstein.  Flytting frå indre Sogn til Fjaler er høgst uvanleg på den tidi, men «ingen regel utan unnatak»....!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Fjaler bygdebok bd I bruket Arstein b nr 2:

 

Frå 1733 til 1781 var Jens Finnson busitjar. Han vart gift i fyrste ekteskap med Åse Madsdtr, truleg frå Indre Åsnes. Dei var barnlause. Jens giftet seg att i 1767 med Kari Torsdtr. Kjeldene nemner ikkje kvar ho var fra. Born: 

- Alette f 1775

- Sjur f 1778

Jens Finnson d i 1781 og bruket gjekk til Botolv Sørenson Hauge

 

mvh

Grete

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Om Åse Madsdtr. står det dessutan at "Ved skifte etter henne i 1766 var mange ervingar spreidde i Holmedal, Guddal, Sogn og Bergen".

 

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 13b (1763-1772), Skifteprotokollside, Side 473b-474a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127610178

 

Skiftet byrjar nederst i venstre kolonne på høgre side, og listar opp syskena på far- og morsida og deira arvingar. "Sogn" ser i dette tilfellet ut til å vere Øn (Hyllestad) og Lavik (Høyanger kommune), altså ytre Sogn. (Hyllestad og Øn sokner låg den gongen i Sunnfjord). Men alt dette blir uansett irrelevant, sidan det ikkje er slekta til Åse ein er ute etter i denne samanhengen.

 

Det er også skifte etter Jens Finnson Arstein, høgre kolonne på høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 15 (1779-1806), Skifteprotokollside, Side 17b-18a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127620020

 

Heller ikkje her får ein vite noko om opphavet hans.

 

Redigert: Jens som var brukar på Arstein frå 1733 og Jens døypt i Luster i 1745 kan sjølvsagt ikkje vere identiske.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete og Torbjørn for nye og avklarande innlegg!

 

Etter opplysningane som du Grete har finne, er det heilt klart at det ikkje kan vera «vår» Jens Findson som budde på Arstein i Fjaler, so leitingi etter Jens frå Luster lyt halda fram...

 

Eg takkar på ny for avklaringi og vonar no at nokon vil sjå litt meir på Find Findson i Solund og huslyden hans...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det stemmer. Tullete av meg at eg ikkje la merke til årstala her (1733 og 1745) før eg skreiv mitt siste innlegg.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik
On ‎6‎/‎5‎/‎2018 at 5:13 PM, Lars E. Øyane said:

1. Find Findson, f. i Jostedalen kring 1733,

 

Eg har dessverre ikkje gjort noko funn av Anne Johannesdtr Losne sitt opphav.

 

Eg har notert av Ole Johnson kan vere den Ole Matthias Johnson som vart døypt i Nykirka i Bergen 9 juli 1945.

 

Det var alt eg hadde her og no. Må evt sjekke nokre andre notater.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Eg lurer på om dette kan vere far til den Ole Matthias Johnson som vart døyp i NK:
2147298164_JonKipper.jpg.f249c2ab6cadc2369a1863ffc222f71f.jpg

 

Dette er henta fra Solund BB, Bind 1, s. 390.

 

Eg trur Jon var gift ein gong før 1739 og fekk sonen Petter (ikkje funne døypt), deretter gift i 1739 med Karen Pedersdtr, fekk Knut 1740 (NK) og Ole Matthias 1745 (NK) (kanskje fleire) og så gift 1749 med Karen Hansdtr. og fekk Karen Kierstine 1750 (NK), Gullach 1755 (NK) og Kornelius 1755 (Gulen).


 

Quote

 

Vigde i Bergen 1663-1816

Brudgom førenamn Brudgom etternamn Brud førenamn Brud etternamn Brudg./Brud stilling Merknad Vigd dag Vigd år Kyrkje

Jon Knudsen Karen Pedersdatter Hiort enckem. pige i froepr. Aug 23 1739 NK

Jon Knudsen Karen Hansd. emd kyp.arbmd p. i froepr Apr 13 1749 NK

 

 

Kan dette stemme?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Kan dette vere Anna J Losne? Er det nokon som klarer å finne denne oppføringa i kirkeboka? https://media.digitalarkivet.no/view/11442/47437/1

 

Quote
Anne Johansen

Norway Baptisms, 1634-1927

christening:
19 August 1736
GULEN, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
father:
Johannes Persen
mother:
Ragnille Bendixdr

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

...døbt Johannes Jonsen(?) Losneøen barn N. Anne.

 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Brekke, Bø, Husøy, Lavik i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 11 (1736-1749), Kronologisk liste 1736, Side 6
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228330054
 

207603090_utennavn.thumb.jpg.03bf18702950d00bf4bd9a14ff2d919d.jpg

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svenn Ruskedal

Foreldrene tyder jeg som "Johannes Persen Losneöen" og "Ragnille Bendixdtr.".

 

Og fadderne som "Per Persen Losneöen", "Johannes Bendixen", "Johannes Hansen", "Anne Hansdtr." og "Barbra Hansdtr.".

 

Jeg finner noen av desse navna nemnt i "Gulen" BB b. 1 på "Oppitunet" under gnr. 4 "Losnegard", men blir ikke helt klok på det desverre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Lurer på om det står Anne Larsdtr. og evt. Johannes Larsen og Barbra Larsdtr. Det som er til venstre for L i Anne Larsdtr. høyrer til P i linja ovanfor. Elles har du nok rett i tolkinga.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svenn Ruskedal
18 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Lurer på om det står Anne Larsdtr. og evt. Johannes Larsen og Barbra Larsdtr. Det som er til venstre for L i Anne Larsdtr. høyrer til P i linja ovanfor. Elles har du nok rett i tolkinga.

Du kan ha rett Torbjörn🙂

Jeg kommer tilbake inom kort om de som er nemnde på "Losnegard".

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Det er vel sannsynleg at det er rett Anne Johannesdtr Svenn har funne fram til. Finn Finnson er nemnt to gonger under Indrøy i Sjeleregisteret for Solund frå 1760. Han står i lista over ukonfirmerte, men også i ei anna liste der det er sagt at han er konfirmert i 1754. Han skulle no ha alderen til å bli konfirmert då i alle fall. I det same sjeleregisteret finn me også Ola Jonson under Ytrøy, ukonfirmert i 1760.

 

Alf Strand 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn, Gisle, Svenn og Alf for mange nye interessante innlegg!

 

Eg har studert innleggi, og eg er òg komen til dei konklusjonane at:

 

* Ole Mathias Johnson frå Ytterøy, fødd i Bergen 1745, må vera han som gifte seg med Anna Johannesdotter, og

 

* Anna Johannesdotter er tydeleg fødd og oppvaksi på Losnegard, men vel helst på ein plass?  For elles hadde vel bygdeboki nemnt dei som leiglendingar...?

 

* Johannes Pederson og Ragnhild Bendiksdotter er truleg båe oppvaksne på Losnegard, noko eg trur utifrå bustadane til fadrane, men her vil eg gjerne ha fleire synspunkt...!?

 

Eg har sett opp følgjande oppdaterte versjon av manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #19 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svenn Ruskedal

Lnr.106, nå bnr. 3 "Oppitunet" under gnr. 4 "Losnegard".

 

"Kari Öysteinsdtr" g. m. "Bendik Johannesen". De hadde MINST desse barna : 1) "Johannes" f. 1683, 2) "Isak" f. 1689 og "Marte" g. 10 nov. 1718 m. enkm. "Anders Sjursen Sygnefest".

 

Dette paret skulle kunne hatt en datter "Ragnhild" som ikke er nemnt, men det skulle nok ikke gå så bra.

 

For enka "Kari Öysteinsdtr." g. 2 g. m. "Peder Johannesen" f. 1656. Barn 1) "Johannes" f. 1693 g. 1722 m. enka "Gjöe Hansdtr. Kverhellen", 2) "Peder" f. 1707 g. 1729 m. "Kristi Hendriksdtr. Kverhellen", 3) "Mari" död ugift 30 år  i 1741.

 

Under "Kverhellen" gnr. 11 i "Solund" b. 1 finner jeg att "Johannes" döde 1754 og "Gjöe" i 1742. De hadde barna 1) "Synneve" f. 1724, 2) "Guri" f. 1728 og "Hans" f. 1732.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svenn for siste innlegget!

 

Utifrå det du skriv, er det heilt tydeleg at korkje Johannes Pederson eller Ragnhild Bendiksdotter kan ha vore frå Losnegard, men eg har oppdaga noko anna spennande:

 

13.6.1732 i Gulen vart døypt husmann Johannes Pedersen Losneøen's barn Giønnite - mor: GJERTRUD Bendixdotter.  Samtlege seks fadrar frå Losneøen: Peder Johannessen, Johannes, Hans Pedersen, Tore Joensen, Kirsti Hendrichsdatter og Magdeli Johannesdatter: https://media.digitalarkivet.no/view/11440/44

 

27.4.1726 i Gulen vart vigde Johannes Pedersen Møllesdal og Gjertrud Bendictsdatter Gudmundsosen: https://media.digitalarkivet.no/view/11439/47

 

1.6.1726 i Hyllestad vart døypt Johannes Pedersen Gudmundsosen's barn Peder - mor Gjertrud (introd. Gulen 6.7.): https://media.digitalarkivet.no/view/11439/49

 

9.10.1728 i Lavik vart døypt Johannes Pedersen Gudmundsosen's barn Birthe - mor Gjertrud: https://media.digitalarkivet.no/view/11439/89?indexing=

 

Og stadfestingi finn me i ætteboki for Lavik under Mølmesdal og Gudmundsos der det kjem fram at Johannes Pederson Mølmesdal var gift med Gjertrud Bendiksdotter Gudmundsos, men dei flytte frå Lavik kring 1730!  Gjertrud Bendiksdotter hadde òg ifølgje Lavikboki ei søster Ragnhild, men ho står det ikkje noko meir om!  Dersom Johannes var gift med båe søstrene, må han ha løyst ektskapsbevilling for å gifta seg med Ragnhild, men noki slik bevilling finst ikkje, so då MÅ Gjertrud Bendiksdotter òg ha vore mor til Anna i 1736!

 

Uansett, opphavsspørsmålet om Johannes og «Ragnhild» ser ut til å vera løyst, men kva for ein husmannsplass under Losnegard kan dei ha butt på?

 

Her følgjer eit nytt manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #17 over:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Find Findson Qualsøren, frå Kreken i Jostedalen, var f. i Jostedalen kring 1706 og vart gravlagd som legdelem frå Talsete 30.10.1774.  Han gifte seg i Jostedalen kring 1731 med Martha Mathiasdotter frå Bruheim i Jostedalen.  Ho var f. i Jostedalen kring 1705 og vart gravlagd frå Flahammar 9.4.1772.  Find og Martha budde først på Bruheim i Jostedalen, men fekk kring 1743 ein plass på Kvalsøyri, truleg her i Osen.  Liksom dei fleste plassfolki på Kvalsøyri hadde nok heller ikkje Find noki særleg jord til plassen; derimot veit me at noko av stova her i Osen vart nytta som fengsel på den tidi, og Find og Martha hadde tilsynet med fangane.  Find og kona vart buande på Øyri til dei kom på legd kring 1767.  Dei flytte då med dotteri Kari til Talsete under Flahammar.  Martha og Find fekk fem born i lag:

 1. Find Findson, f. i Jostedalen kring 1733,

Find Findson flytte i ung alder til ytre Sogn og gifte seg i Gulen 16.7.1779 med Anna Johannesdotter frå Losnegard.  Ho var visstnok dotter av husmann Johannes Pederson på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

under Losnegard, opphavleg frå Mølmesdal i Lavik, og kona Gjertrud Bendiksdotter frå Gudmundsos i Lavik og vart i so fall døypt i Gulen 19.8.1736.  Find og Anna vart husmannsfolk i Inderøyvågen under Inderøy i Solund, og derifrå vart Find gravlagd 16.12.1791. Anna gifte seg att i Gulen 22.6.1792 med Ole Mathias Johnson frå Ytterøy i Solund.  Han var son av kremmar John Knutson på Ytterøy, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og andre kona Karen Pedersdotter Hjort frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Bergen 9.7.1745.  Ole tok over som husmann i Inderøyvågen under Inderøy i Solund der Anna d. som husmannskone 12.4.1825.  Ole gifte seg att, men d. på Inderøy alt

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1835!?)

 

Anna fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 2. Kari Findsdotter (1736‑1799), vart gift med husmann Ole Olson på Talsete under Flahammar (1738‑1800) .

 3. Britha Findsdotter, døypt i Luster 12.12.1738,

Britha Findsdotter ser ut til å vera fari frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnaden hennar? – kan henda til Gulen? – men d. barnlaus før 1792)

 

 4. Jacob Findson (1741‑1812), vart husmann på Øvregard under Jostedal Prestegard i Jostedalen.

 5. Jens Findson, døypt i Luster 19.8.1745,

Jens Findson ser ut til å vera faren frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnaden hans? – kan henda til Gulen? – men d. barnlaus før 1792!)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Sletta.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Takk til alle,

Då fekk eg kobla saman eindel folk som har vore litt i lause lufta ein periode.

 

Då kan dette vere Ole M. Jonsson; https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002037773 
Og dette er i så fall den andre kona hans, Alis Jonsdtr (f. Austgulen Nedre); https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002038541 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik
On ‎9‎/‎9‎/‎2018 at 1:04 PM, Lars E. Øyane said:

Karen Pedersdotter Hjort

 

Eg hadde notert følgande, men hadde ikkje konkludert om dette er den rette Karen og hennar foreldre.

 

Quote

Døypte i Bergen 1668-1815

Døypt År Sokn/Kyrkje Merknad

Aug 06 1708 KK hiemmedøbt

Rolle Still./sivilst. Førenamn Etternamn

Barn Karen

Far søefarende Peder Olsen Hiort

Mor Rangele Hansdtr

 

Quote

Døde i Bergen 1668-1815

Førenamn Etternamn Kjønn Merknad Adresse Gravlagd År Prestegjeld

-- -- k -- Jon Knudsens kone paa N.næs p.k. kl. 12 Apr 21 1747 NK

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.