Gå til innhold
Arkivverket

Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter - husmannsfolk i gamle Aker 1802-1822 - er det mogeleg å finna ut noko meir om denne huslyden? - finst det bygdebøker for denne delen av det «landlege» Christiania?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har fått ein huslyd å jobba med som tydeleg har utspring i gamle Aker, og eg vonar no å finna nokon som har greie på huslydane i denne delen av det «landlege» Christiania:

 

Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter gifte seg i Aker 22.6.1802 - ingen gardsnamn er oppgjevne:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002205055

 

I løpet av dei følgjande 20 åri fekk dei fire born i Aker:

 

* Anna Nilsdotter, døypt i Sognseiget 17.10.1802: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012823764

 

* Karen Nilsdotter, fødd i Riiseiget 9.12.1808, døypt 19.12.1808:  https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012828004

 

* Johan Christian Nilsson, fødd i Riiseiget 3.8.1815, døypt 5.11.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/757/65

 

* Nils Nilsson, fødd i Vinderneiget 4.7.1822, døypt 4.8.1822: https://media.digitalarkivet.no/view/7719/80)

 

Her finn eg vigsli til Johan Christian Nilsson i Aker 30.12.1842 - det står noko om Riis og Toten(?): https://media.digitalarkivet.no/view/570/435

 

Her finn eg vigsli til Nils Nilsson i Domkyrkja i Bergen 30.7.1854 - fødestad «Ager»: https://media.digitalarkivet.no/view/8333/13

 

og at dette må vera «rett» Nils, kan vel provast gjennom innførsli i FT1910 der fødselsdatoen er oppgjeven til 4.6.1822: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708071644

 

Men so var det altso opphavet til denne huslyden.  Nils og Martha ser ut til å ha vore ganske so «bufaste» i Aker, men er det mogeleg å seia noko om:

 

** Kvar i Aker kan me seia at dette parfolket enda opp? - kva plass under kva gard?

 

** Kvar var Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter fødde og oppvaksne?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som eg fryktar for kan gå i «gløymeboki»...

 

Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap i det «landlege» Christiania har høve til å sjå på dette og hjelpa meg litt på veg!

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Marthe Amundsdt. Eneste mulighet i Aker i 1801 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058216002635

 

Trolovelsen 24/4 1802 https://www.digitalarkivet.no/kb20061109030610

Her ser det ut til at Nils kom fra Ness i Akershus.

FT 1801. Der finnes det 2 Nils Nilsen, alder 22 og 25 år, begge tjenestefolk på Brøther gård.

Det ser ut til at faren til Marthe var kausjonist.

Det står noe under forlovelsen, men jeg klarer ikke å lese det, så jeg vet ikke om det har noe med dem å gjøre.

Endret av Berit Knudsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henning Sollied skreiv under krigen en bygdebok kalt for "Akersgaarder 1947?)". Han skreiv bare bruker og eierhistorie for hovedbølet under hvert gårdsnummer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit og Per Otto for dei siste innleggi frå tidleg i veka.  Eg seier meg lei for seint svar, men det har vore ganske so hektisk hjå meg dei siste dagane...

 

Det høyrest ut som om bygdeboki som Henning Sollied skreiv under krigen, ikkje vil vera til særleg hjelp til å finna ut om dei folki me her leiter etter...

 

Elles går det klart fram av trulovingi til Nils og Martha at Nils må vera komen frå Nes der Finklihagen(!) var prest på den tidi.  Eg går ut ifrå det er tale om Nes på Romerike...: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058228000008

 

Martha Amundsdotter Sogn er nok ho som i 1801 var dotter av husmann Amund Andersson under Sogn vestre - far hennar har jo òg skrive under som kausjonist!

 

Men kva står det under som merknad?  Eg freistar lesa dette...:

 

«NB: Karlens Moder har været hos mig og beklaget sig at ... ey bliver .... ..... af sin Kiereste og SvigForeldre».

 

Kanskje nokon greier dette betre?

 

Eg finn elles berre ein Nils Nilsson døypt i Nes på den tidi som her kan vera aktuell:

 

* Nils Nilsson Lund(?) - døypt 4.12.1774: https://media.digitalarkivet.no/view/7651/248

 

Kanskje kan ei bygdebok for Nes på Romerike stadfesta om denne Nils frå Lund flytte til Aker: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058228004840

 

Eller kanskje det er ein heilt annan Nils Nilsson??

 

** Elles er vel då den «sentrale» utfordringi her å finna ut kvar Nils Nilsson og Martha Amundsdotter «enda opp»?  Siste kjende bustad frå 1822 var i Vinderneiget!  Utan bygdebok lyt ein kanskje «tråla» dødsfallslistene for Aker...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» i over eitt år. 

 

Me slit framleis med å finna ut:

 

* Opphavet til Nils Nilsson, Sr., han som skulle vera frå Nes på Romerike?

 

* Finst det eit namn på den husmannsplassen under Sogn vestre der Martha Aamundsdotter var fødd og oppvaksi?

 

* Kvar det vart av Nils Nilsson, Sr. og kona Martha Aamundsdotter etter 1922, då dei budde i Vinderneiget?

 

Men eg vil i kveld gjerne òg få utvida emnet med lagnaden til Nils fødd 1822 og borni hans i Bergen, som eg slit med å finna ut av.  Familien Nilsen i Bergen er ein ganske so stor «flokk»!

 

Her følgjer et oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no oppdatert med eit nytt i innlegg #10 under!

 

Og takkar på ny so mykje for alle gode tips til å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Gurine Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 15.5.1860,

 

     ##### (n. 1875 – levde 1903 – lagnaden hennar?)

 

???

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001120645

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. D 3 (1867-1882), Viede 1878, Side 128
https://media.digitalarkivet.no/view/7130/130

 

1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708071652

 

Gurines dåp i Korskirken:

https://media.digitalarkivet.no/view/1962/228

 

Det står fødselsdato 05.05.1860 ved giftermålet i 1878 og i folketellingen 1910. Men det står at hun var datter av daglønner Nils Nilsen både ved vielsen og ved dåpen. 

 

Sønnen Nils Olai ble født 26.11.1878 og ble døpt i KK. Jeg synes det er en del kjente navn fra Gurines familie blant fadderne:

https://media.digitalarkivet.no/view/7124/15

https://media.digitalarkivet.no/view/8352/15

 

Og ved farens død i 1911 står det at Gurine med etternavn Olsen, gift med Oluf Olsen:

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 9 (1910-1915), Dødsfallsprotokollside, Side 80
https://media.digitalarkivet.no/view/27859/82

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Martha Marie Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 8.1.1856,

 

     ##### (levde 1903 – 1910: Martha Marie Sivertsen (vaskekone) – lagnaden hennar? – dotter Mathilde Paulsen, f. 31.5,1885 Bergen - ugift)

 

Ved faren død i 1911 står Marte Marie Siversten som enke: 

https://media.digitalarkivet.no/view/27859/82

 

1922: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522066327

 

Marthe Marie døde på Enkers aldershjem i Bergen i 1932:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002032696

Bergen fylke, St. Jørgens hospital i St. Jørgens hospital, Ministerialbok nr. A 14 (1902-1935), Døde og begravede 1932, Side 107
https://media.digitalarkivet.no/view/331/96

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 17 (1931-1934), Dødsfallsprotokollside, Side 166 - se nr. 932:
https://media.digitalarkivet.no/view/27867/171

 

Marthe Marie giftet seg i 1874 med sjømann Johan Julius Sivertsen:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001120053

 

Datter Martha Nilsine dør i 1882:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000999575

 

Susanne Frederikke, f. 1878

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007589422

 

Margit Johanne, 1880

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007515837

 

Finner Johan Julius Sivertsen og familien i fattigmanntallet for Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000058114

https://media.digitalarkivet.no/view/105801/173

https://media.digitalarkivet.no/view/105803/85

 

Bergen fylke, Annotasjonsrulle nr. 1 (1869-1874), Protokollside, Side 152
https://media.digitalarkivet.no/view/78936/155

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire interessante og utfordrande innlegg!

 

Det er alltid spennande å føra fram desse huslydane som flytte frå Luster.  Eg ser at eldste sonen må ha utvandra til New Zealand, men han vert det vel ikkje so lett å finna att....

 

Her følgjer eit oppdatert manuskriptet frå innlegg #6 over:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Susanna Hermundsdotter {Drægni}, f. {i Luster} 27.6.1824.

Susanna Hermundsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 30.7.1854 gifte seg i Domkyrkja med Nils Nilsen frå

 

##### (kvar i Aker var han oppvaksen? – fødd som husmannsbarn på Vinderen!)

 

Han var son av

 

##### (husmann Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter – vigde i «Oslo» 22.6.1802: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002205055

       * Anna Nilsdotter, døypt Sognseiget, Aker 17.10.1802: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012823764

       * Karen Nilsdotter, f. Riiseiget, Aker 9.12.1808: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012828004

       * Johan Christian Nilsson, f. Riiseiget, Aker 3.8.1815 – døypt 5.11.: https://media.digitalarkivet.no/view/757/65

       * Nils Nilsson, f. Vinderneiget, Aker 4.7.1822 – døypt 4.8.: https://media.digitalarkivet.no/view/7719/80)

 

og f. i Aker 4.7.1822.  Nils Nilsen var k0men til Bergen som steinarbeidar, òg kalla minérar, og dei budde ymse stader i Bergen.  Kring 1870 var dei i Nøstesmuget, men dei siste åri budde dei i alle fall i Professor Dahls gate i Bergen der Susanna Nilsen d. 7.7.1903.  Nils Nilsen d. som murar og enkjemann i Bergen 28.3.1911.  Dei fekk sju born i lag:

a. Marthe Marie Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 5.7.1852, d. i Bergen 24.7.1852.

b. Nils Nilsson Nilsen, f. i Bergen 19.2.1854,

 

     ##### (n. 1875 – levde 1903 – lagnaden hans? - 1911: New Zealand?)

 

c. Martha Marie Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 8.1.1856, d. på ein gamleheim i Bergen 5.12.1932.  Ho gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 6.4.1874 med Johan Julius Ingebrigtson Sivertsen frå Bergen, f. i Bergen 16.3.1853.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1910! - forlet familien!?)

 

     Johan var matros og seglmakar, og han og Martha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Susanne Fredrikke, f. MK, Bergen 13.2.1878 - ikkje n. 1932

            * Margit Johanne, f. KK, Bergen 20.1.1880 - n. 1932 Margit Fossum, Bergen

            * Martha Nilsine, f. Bergen 22.12.1881 - d. KK, Bergen 23.1.1882

            «særkullsborn:»

            * Mathilde Paulsen, f. Bergen 31.5.1885 - n. 1910 ugift - n. 1932 Mathilde Knoop, Minde

            * John Paulsen, f. ?? - n. 1932 Trondheim)

 

d. Johan Martin Nilsson Nilsen, f. i Bergen 15.4.1858, d. i Bergen 1.6.1859.

e. Gurine Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 15.5.1860, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - etter 1910)

 

     Gurine gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 10.4.1878 med Oluf Martin Ingebrigtson Olsen frå Bergen, f. i Bergen 21.5.1852.  Han d. på ein gamleheim i Bergen 13.1.1927.  Oluf Olsen var stuert og sidan renovasjonsarbeidar, og han og Gurine budde levetidi ut i Bergen.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Nils Olai, f. KK, Bergen 26.11.1878 - n. 1910

            * Marie Sofie, f. KK, Bergen 12.11.1880

            * Oluf Gunerius, f. KK, Bergen 6.8.1883 - n. 1910

            * Alfred Martin, f. KK, Bergen 1.11.1886 - n. 1910

            * Sigvart                 f. Bergen 19.9.1889 - n. 1910

            * Oskar Gotfred, f. KK, Bergen 14.6.1894 - n. 1910

            * Einer Helen, f. KK, Bergen 24.10.1898 - n. 1910

            * Gunhild, f. KK, Bergen 29.7.1900 - n. 1910/1922)

 

f. Johan Martin Nilsson Nilsen, f. i Bergen 17.9.1862,

 

     ##### (nø 1875 – levde 1903 – 1911: Bergen - lagnaden hans?)

 

g. Karoline Augusta Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 21.10.1867, strikkerske, budde heime med foreldri, ugift i 1900,

 

     ##### (n. 1875 – levde 1903 – 1911: gift med sjømann Thorvald Larsen - lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Susanne Fredrikke, f. MK, Bergen 13.2.1878 - ikkje n. 1932

 

Død 07.03.1878: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000149440

 

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Mathilde Paulsen, f. Bergen 31.5.1885 - n. 1910 ugift - n. 1932 Mathilde Knoop, Minde

     

 

Mathilde Knoop døde i Bergen i 1968:

https://www.digitalarkivet.no/view/15/pa00000000711183

 

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

    * Margit Johanne, f. KK, Bergen 20.1.1880 - n. 1932 Margit Fossum, Bergen

 

Dødsfall .png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I register over biler registrert i Hordaland og Bergen 1908-1940 finner jeg en disponent Daniel Harald Knoop:

https://www.digitalarkivet.no/view/222/pc00000000508316

 

Daniel Harald Knoop døde i 1953:

https://www.digitalarkivet.no/view/15/pa00000000682831

 

Daniel Harald Knoop var født og døpt i Bergen i 1883:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007486706

 

Folketellingen 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036693004542

 

Kan dette være ektemannen til Mathilde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mathilde ble født på Fødselsstiftelsen i Bergen, datter av ugift gårdsbruker Mathias Paulsen fra Vanylven og Marie Sivertsen, født Nilsen:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007421240

Bergen fylke, Fødselsstiftelsen i Bergen, Ministerialbok nr. A 2 (1884-1900), Fødte og døpte 1885, Side 15
https://media.digitalarkivet.no/view/7145/14

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Johan Martin Nilsson Nilsen, f. i Bergen 17.9.1862,

 

     ##### (nø 1875 – levde 1903 – 1911: Bergen - lagnaden hans?)

 

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000095144

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001161402

Bergen fylke, Maria i Maria, Ministerialbok nr. A 7 (1878-1893), Viede 1889, Side 164
https://media.digitalarkivet.no/view/7146/162

 

Folketellingen 1891:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994050339

 

Dødsfallet til Johan Martin i 1942?? - fødselsdatoen stemmer ikke helt med din Johan Martin: 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001132676

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Karoline Augusta Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 21.10.1867, strikkerske, budde heime med foreldri, ugift i 1900,

 

     ##### (n. 1875 – levde 1903 – 1911: gift med sjømann Thorvald Larsen - lagnaden hennar?)

 

 

 

????

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001188350

Bergen fylke, Maria i Maria, Ministerialbok nr. C 2 (1900-1916), Viede 1911, Side 102
https://media.digitalarkivet.no/view/318/104

 

???

Karoline Mathilde, 1867 - nr. 29

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Korskirken, Klokkerbok nr. A 1 (1867-1879), Fødte og døpte 1868, Side 85
https://media.digitalarkivet.no/view/8741/80

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Korskirken, Ministerialbok nr. A 1 (1867-1877), Fødte og døpte 1868, Side 84
https://media.digitalarkivet.no/view/8365/79

 

Valgmanntallet 1934:

https://www.digitalarkivet.no/view/108/pc00000000447072

 

Folketellingen 1922:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522042859

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Gurine gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 10.4.1878 med Oluf Martin Ingebrigtson Olsen frå Bergen, f. i Bergen 21.5.1852.  Han d. på ein gamleheim i Bergen 13.1.1927.  Oluf Olsen var stuert og sidan renovasjonsarbeidar, og han og Gurine budde levetidi ut i Bergen. 

 

En liten rettelse: Han døde 9.1.1927 (gravlagt 13.1). Her er dødsfallsprotokollen:  https://www.digitalarkivet.no/sk20090611340732

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for mange spennande og nyttige innlegg!  Eg er so glad for alle detaljar som dukkar opp, og det er ei stor glede for meg å syna fram siste versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet oppdatert i innlegg #27 på neste side!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

33 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Thorvald Johan Iverson Larsen frå Bergen, f. i Bergen

     ##### (fødselsdatoen? - 11.4.?)

     1875. 

 

Ja, det stemmer, ser det ut til: 11/4.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007347868

 

39 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Karoline Mathilde Nilsdotter Nilsen, f. i Bergen 21.10.1867, d. i Bergen

 

     #####(dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1934)

 

I Bergens Tidende 05.03.1945 står det, under "Anmeldte dødsfall" at styrmanns hustru Karoline Mathilde Larsen, 77 1/4 år, er død. Det kan stemme med hennes fødselsdato. Men Thorvald var vel ikke styrmann? Skulle dette være riktig, er Thorvald død etter 1945.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

image.png.f4ec3fc4a274144afa21d3af3cb6ebed.png

 

Dødsannonse fra Bergens Tidende 0.03.1945. Her kalles hun Caroline Mathilde Larsen. Hun døde 27.02.1945. Underskrevet Thorvald Larsen. Nieser og nevøer.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da er det vel en god sjanse for at dette er Thorvald: (Bergens Tidende 9.11.1950)

 

image.png.08f02a3722cd84e101a20f78b9032c98.png

 

Forhv. styrmann Thorvald Larsen, død 28.11.1950. Undertegnet nieser og nevøer. (Dvs, de hadde ingen barn.)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

58 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Anne Birgitte Olsen frå Natland i Fana, f. i Fana

     ##### (fødselsdatoen hennar? - 1.11.1861?)

     Ho d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1934/før 1942)

 

Under anmeldte dødsfall i Bergens Tidende 31.07.1939: vognmanns hustru Anna Bergitte Nilsen, 77 3/4 år - kan det være henne?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.