Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torkild Johannesson (Haugen) - fødd i Luster 1822 - utflytt til Rødøy i Nordland 1851 - er det mogeleg å finna ut noko om lagnaden hans der oppe?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Torkild Johannesson, son av Johannes Torkildson (1789-1849) og første kona Anna Cathrine Jensdotter (1788-1833), gardbrukarar på garden Haugen i Luster, var fødd i Luster 7.9.1822 og fekk i 1851 flytteattest for å flytta til Rødøy i Nordland!

 

Er det mogeleg å finna denne mannen att i Rødøy - eller andre stadar i Nordland?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

1852 - Nr. 24 

Nordland fylke, Meløy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A09 /2 (1845-1862), Inn- og utflyttede 1852, Side 219
https://media.digitalarkivet.no/view/37859/112

 

Innflytter Torkel Johannesen oppholdt seg på Marken i Meløy sokn. Da er det vel Torkel som er fadder her i 1853:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008690603

 

Antakelig samme Torkel, som er fadder i 1857 - nå bosatte på Fore:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008692661

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svenn Ruskedal
Skrevet (endret)

Hvor tok "Torkild" vegen etter 1857 kan man undre? Finner han ikke i Ft 1865 eller utflyttningslister for "Melöy/ Rödöy"?

Endret av Svenn Ruskedal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svenn og Grethe for interessante innlegg om denne utfordrande unge mannen!

 

Då har me altso prov for at han verkeleg budde på Marken og sidan på Fore i Meløy sokn.  Han har sikkert vore innerst eller fiskar på desse stadane.  Men om han forsvinn etter 1857 og ikkje finst korkje i utflyttelistene for Meløy/Rødøy eller i FT1865 nokon stad i heile landet, ser eg berre to alternativ:

 

* Han må vera avliden, kan henda omkomen på sjøen under fiske?

 

* Eller han har «stikke av» til Amerika utan å få med seg flytteattest?

 

Ikkje godt å seia...  Me kan berre vona at han ein eller annan gong dukkar opp...

 

Han hadde forresten fleire søstrer frå Luster som utvandra til Amerika, men dei reiste mykje seinare...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Torkild Johannesson frå Haugen i Luster!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.