Gå til innhold
Arkivverket

Jacob Lasseson (1804-1873) og Anna Olsdotter (1815-1884) - frå Luster til Hol i Fræna - fekk 17 born, men kvar vart det av alle desse borni?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget om denne huslyden.

 

Det ser for meg ut som om det var sonen Jacob (jr) som først tok over garden på Hol etter foreldri, og dpåm han døydde ugift i mars 1891, gjekk garden vidarfe til søsteri Ingeborg.  Og diverre er det ikkje mykje som kjem fram i dødsmeldingi etter Jacob, berre at han lét etter seg «Moder og mynd. Søskende»: https://media.digitalarkivet.no/view/56205/11

 

Framleis saknar me opplysningar om lagnadane til seks av søskeni i denne huslyden:

 

* Lasse Jacobson, fødd 1840, sist nemnd i 1865 då han tente på Aure i Fræna

 

* Beret Anna Jacobsdotter, fødd 1846, sist nemnd i 1865 då ho tente på Helset i Fræna: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038298002879

 

* Martha Jacobsdotter fødd 1847, tente 1865 på Sande i Fræna, utvandra til Amerika i 1882

 

* Anna Jacobsdotter, fødd 1851, tente visstnok 1885 i Kristiansund

 

* Andreas Jacobson, fødd 1858, sist nemnd heime på Hol i 1875

 

* Thomasine «Sena» Jacobsdotter, fødd 1861, utvandra i 1886, sist nemnd då ho i 1926 var heime på besøk frå Canada.

 

Det vart i 1926 sagt at alle desse søskeni var avlidne utan å etterlata seg born, men heilt rett var jo ikkje dette, for yngste søsteri levde i alle fall!

 

Men eit stort «mysterium» er det uansett at dei alle so komplett skal «forsvinna»....

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.