Gå til innhold
Arkivverket

Jacob Janson frå Hengesteg i Luster - fødd i 1830 - utflytt til Bergen hausten 1847 - so forsvinn han - kvar i all verdi kan han ha vorte av? - til Amerika??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei kjempeutfordring som har gnagd hjernevinningane mine i snart 40 år og som alt i 2002 vart teke opp til drøfting i det gamle brukarforum som tema 10125: https://forum.arkivverket.no/topic/96036-10125-jacob-janson-frå-røysi-hengesteg-i-luster-f-1830-til-bergen-1847-lagnad/?tab=comments#comment-789025

men utan at det gav noko resultat!

 

Jacob Janson, eldste sonen av Jan Jacobson (1803-1843) og Kirsti Larsdotter (1807-1881), husmannsfolk i Røysi under garden Hengesteg i Luster, var fødd i Luster 25.7.1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/62

 

Han vart konfirmert i Luster i 1844: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/95

 

og i 1847 fekk han flytteattest til Bergen by (#59): https://media.digitalarkivet.no/view/8400/167

 

Dette er det siste me ser til denne karen!  Han hadde to yngre brør:

 

* Lars Janson (1842-1891) som i 1875 gifte seg i Christiania og i 1881 utvandra til Amerika (sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201614-øyanes-påskenøtt-1-lars-janson-fødd-i-luster-1833-via-christiania-til-amerika-i-1881-lagnaden-til-denne-huslyden/?tab=comments#comment-1892272

 

* Nils Janson (1842-1918) som i 1862 utvandra til Amerika, var soldat i borgarkrigen og sidan farmar i Iowa og North Dakota.

 

So er det store spørsmålet:  Kvar i all verdi er det vorte av Jacob Janson etter 1847??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki, som so langt diverre ikkje er komi til noki løysing til tross for iherdig leiting!

 

Kanskje er farsnamnet hans vorte «endra» etter han fór frå Luster (Johnson?).

 

Ein eller annan stad må han jo ha vorte av, men kvar?

 

Stakk han av til Australia slik ein nabogut frå Luster gjorde på den tidi??

 

Eg takkar endå ein gong so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 minutter siden, Ivar Moe skrev:

En kandidat, nummer 21

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 4 (1821-1832), Fødte og døpte 1830, Side 53
Permanent bilde-ID: kb20070514610276
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610276
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610276.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Sven for nye innlegg!

 

Som Sven har påvist, er denne David Janson ein heilt annan person, som eg har fullt oversyn over.  Men ein kjem ofte ikkje vidare utan å gjera freistnadar, og eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til oppsporing av Jacob Janson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.