Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Rasmusson Aarsvold - fødd i Høyland 1831 - til Amerika i 1892 med kone og mange born, men kva tid utvandra dei eldre borni? - sviktande emigrantprotokollar for Stavanger!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

At utvandrarprotokollane over Stavanger på 1800-talet er svært mangelfulle, er noko dei fleste veit, men kanskje det likevel let seg gjera finna ut kva tid i alle fall to av sønene i denne huslyden utvandra?

 

Eg syner til denne passasjerlista frå Ellis Island, New York 1892: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-81DW-9CFZ

Her finn me mellom Rasmus Aarsvold på 60 år med kone Malene på 40 år samt fleire born!

 

Her er Rasmus Rasmusson Aarsvold og første kona Anna Reiersdotter på Årsvold i Høyland i 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038205001819

 

Her er Rasmus Orsvold med kona Malene og born på ein farm i York township, Fillmore Co., MN i 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DZD7-8TH

 

Om me samanliknar passasjerlista frå 1892 med FT1895, ser me at fleire born manglar på passasjerlista, og særleg vil eg peika på desse to som eg er spesielt interessert i:

 

** Reinert Andreas Rasmusson Aarsvold, fødd i Høyland 20.9.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/1608/90

 

** Rasmus Rasmusson Aarsvold, Jr., fødd i Høyland 13.10.1877: https://media.digitalarkivet.no/view/1609/132

 

Når det gjeld Reinert, vert det oppgjeve utvandringsår slik:

 

* 1900: 1888: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-3WF

 

* 1910: 1886: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJ1-QDC

 

* 1920: 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNN-JNB

 

* 1930: 1887: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHW-7KR

 

* 1918: 1885 ved søknad om pass for å reisa til Noreg på vitjing: https://www.ancestry.com/interactive/1174/32296_520306900_0034-00156?pid=2074586&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1174%26h%3D2074586%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11517%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11517&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Kva skal me tru på??

 

Når det gjeld Rasmus Jr., ser eg at han oppgjev utvandringsår 1892 både i 1900, 1920 og i 1930.  Berre i 1910 seier han at han kom i 1891: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJR-P92

 

Etter mitt syn er det svært sannsynleg at Rasmus Jr. verkeleg var med foreldri sine i 1892 og at han berre er utegløymd på passasjerlista, men kva med Reinert Andreas?

 

Utfordringi vert soleis denne:

 

** Kva år utvandra Reinert Andreas Rasmusson Aarsvold til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld , mangelfulle emigrantprotokoller for Stavanger skyldes at protokollene gikk tapt i brann i 1929:

http://www.migrasjon-rogaland.no/index.cfm?id=198871

 

Jeg kan ikke se Rasmus på Årsvoll i hovedlistene for folketellingen 1891 - tellingskrets 10: Soma:

Rogaland fylke, Høyland i Jæren og Dalane, Statlig folketelling (1891-1891), Protokollside, Side 23
https://media.digitalarkivet.no/view/52931/23

 

I Høyland gars- og ættsoge, Årvoll, står det følgende om familien:

 

Årvoll.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld inn familien i folketellingen 1875:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1123&kenr=003&bnr=0013&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Høyland
  • Kommunenummer: 1123
  • Navn på bosted: Stokhol

Antall personer registrert på bostedet: 12. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Rasmus Rasmuss. hf g Gaardbruger og Selveier 1831 Høyland S. og Prgj.  
  Karen Mallina Kristiansd. hans Kone g   1848 Sole S. Haaland Prgj.  
  Rasmus Rasmuss. s ug hjelper Faderen med G. 1857 Høyland S. og Prgj.  
  Adolf Bernhard Rasmuss. s ug   1866 Høyland S. og Prgj.  
  Reinert Andrias Rasmuss. s ug   1867 Høyland S. og Prgj.  
  Lars Rasmuss. s ug   1870 Høyland S. og Prgj.  
  Justina Rasmusd. d ug   1865 Høyland S. og Prgj.  
  Ane Maria Rasmusd. d ug   1873 Høyland S. og Prgj.  
  Kristian Rasmusd. s ug   1874 Høyland S. og Prgj.  
  Marta Maria Omundsd. tj ug Tjenestepige 1858 Høyland S. og Prgj.  
  Reier Rasmuss. tilreisende s ug i Smedelære 1859 Høyland S. og Prgj.  
  Martin Rasmuss. tilreisende s ug Amtskolen forsørges af Faderen 1861 Høyland S. og Prgj.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Grethe Flood skrev:

Litt på siden - Stavanger Aftenblad 03.12.1915 - ekteskap:

Ekteskap 1915.jpg

 

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande og nyttige innlegg!

 

Det kan sjå ut som om forfattaren av bygdeboki for Høyland ikkje har vore klar over at denne huslyden utvandra til Amerika.  Dei er jo heller ikkje innførde som utflytte i kyrkebøkene for Høyland, og sidan du, Grethe, ikke finn dei i Høyland i 1891, KAN det jo tenkjast at dei mellombels har butt ein annan stad før dei fór i 1892, kan henda i Stavanger by?  Han har jo heller ikkje fått med seg fødslene til dei yngste borni...

 

Elles finn eg denne vigselsnotisen av stor interesse, og her er sjølve vigsli i St. Petri 23.11.1917: https://media.digitalarkivet.no/view/1756/149

 

Regine dukkar opp som tredje kona ved FT1920 i lag med ein son, og eg har spekulert på kven ho kunne vera, sidan eg ikkje fann noki vigsle for dei i Amerika!  Det er sikkert Regine og sonen John det er bilete av attåt Reinert sjølv i pass-søknaden hans frå 1918...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.