Gå til innhold
Arkivverket

Abraham Elias Johannessen (1803-1871) - frå Vanse til Bergen - huslyden hans i Bergen og Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Utgongspunktet for dette emnet er husmannsdotteri Johanna Johannesdotter frå husmannsplassen Jerven under Sande i Luster (1814-1885) som i ung alder flytte til Bergen og der gifte seg med tømmermannen, enkjemann Abraham Elias Johannessen som var komen til Bergen frå Vanse i Vest-Agder.

 

Eg jobba ein del med denne huslyden på 1980-talet, men manglande kjelder sette ein effektiv stoppar for vidare forsking.  Kanskje er det no mogeleg å komma vidare?

 

Ein del nye detaljar har eg no finne, men på dette punktet står eg «fast», og no vonar eg på hjelp til å finna ut meir?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange flotte innlegg og litt eigi forsking er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

med Wibecke Amundsdotter

 

 

 

##### (opplysningar om ho? – ingen born levde att etter ho 1871!)

 

Kone Wiveke Amundsd 52 år gamal, død 27. 29. jan. 1833, kan det vera ho? Opphaldsstad Sudland(?)

 

SAK, Lista sokneprestkontor, F/Fa/L0008: Ministerialbok nr. A 8, 1823-1835, s. 306
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070702610301

 

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Richard for dei siste innleggi!

 

Jau, det kan vera mange vis å mista livet på, men eg er samd i at Abraham var ekstra uheldig...

 

Når det gjeld Wiveke Amundsdotter, so kan det godt tenkjast at du Richard har finne rett person.  Namnet hennar hadde eg frå vigsli til Abraham i Krosskyrkja i Bergen 19.7.1835:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8344/36

 

men eg har aldri greidd å finna noki vigsle for Abraham med Wiveke!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vibekke Ammonsdatter i folketellinga 1801

https://www.digitalarkivet.no/pf01058344003305

 

 

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

vigsle for Abraham med Wiveke

 

30.12.1827 i Farsund, ho er separert enke:

SAK, Farsund sokneprestkontor, F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1815-1836, s. 195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070702610505
 

12 timer siden, Richard Johan Natvig skrev:

Kone Wiveke Amundsd 52 år gamal, død 27. jan. 1833

eg skreiv feil dato, det skal vel vera 29. jan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

slaktar Johannes Aanundson på Daland

 

Johannes (bustad Solberg) og Karen (bustad Bigtiøn af Aae Sogn) 21.10.1802:

https://www.digitalarkivet.no/pv00000001884653

SAK, Lista sokneprestkontor, F/Fa/L0005: Ministerialbok nr. A 5, 1795-1823, s. 109
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070629620743
 

Johannes i 1801, f. omkr. 1782:

https://www.digitalarkivet.no/pf01058344001281

 

Kanskje Karen i 1801 f. omkr. 1778:

https://www.digitalarkivet.no/pf01058341000135

 

 

(slaktar Johannes, Sølvskatten 1816: https://www.digitalarkivet.no/pt00000000328904)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Albert Johan Abrahamson Johannessen, f. i Bergen 3.1.1851

i annotasjonsrull, ann.nr. 1111:

SAB, Innrulleringssjefen i Bergen, F/Fb/L0001: Sjøfarts-annotasjonsrulle, nr. 1 - 1190, 1869-1874, s. 222
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10611705110225
 

og i hovudrull. nr. 2601:

SAB, Innrulleringssjefen i Bergen, F/Fc/L0004: Sjøfartshovedrulle, nr. 2403 - 2984, 1871-1877, s. 100
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10611710201103
 

etter siste registrerte reise er han avmønstra i november 1884, i New York. Han var til sjøs då kona døydde i aug. -84

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Albert gifta seg på nytt i Brooklyn. Det oppgjevne fødselsåret til Albert er feil, men resten stemmer på ein prikk:

Name: Albert Johan Johansen
Gender: Male
Marriage Age: 34
Record Type: Marriage
Birth Date: 3 Jan 1853
Birth Place: Bergen, Norge
Marriage Date: 9 Aug 1887
Marriage Place: Brooklyn, New York, USA
Father: Abraham Johansen
Mother: Johanne Johansen
Spouse: Anna Mathisen
Church Name: Our Saviour's Lutheran
Church Location:

Brooklyn, New York

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60722&h=1789154&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=REf786&_phstart=successSource

 

image.thumb.png.a12daef216015a82dd14351e6fe3e1c8.png

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314409-00750?pid=1789154&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=REf785&_phstart=successSource

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FT1920:

image.png.c163726378515e385be4f82dcf680dad.png

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M8B1-JHQ

 

Det er vel sonen frå første ekteskap, John Johnsen, som har slutta seg til familien frå og med 1900-tellinga, jf. 

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* John Albert, f. FØ, Bergen 16.10.1880 – 1885 hjå fasteri Albertine – 1891 fosterb. på Bergen gutteheim - utv. til Amerika i 1895!)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har (så langt) ikkje funne Alberts eller Annas dødsfall. Og OBS! Eg er ikkje 100 % sikker på at det er rett familie, i alle folketellingane ..., men der vi finn Baldwin, som her i 1892:

image.thumb.png.7e09eda30fcceb03cd8a568b9267e701.png

og i 1900, er vi vel rimeleg sikre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for mange spennande og utfordrande innlegg!

 

Denne første kona til Abraham Elias Johannessen, Wibeche Omundsdotter, ser ut til å vera ei «spennande» dame.  Det er sikkert nok ho som du fann 18 år gamal i 1801, og det ser for meg ut som om ho har vore gift TO gongar før ho gifte seg med Abraham:

 

* Farsund 17.3.1803 med Hans Jacob Hansen: https://media.digitalarkivet.no/view/869/109

* Farsund 22.10.1811 som enkje med Carl Bakström «af Øen Gotland»: https://media.digitalarkivet.no/view/869/152

 

Men eg finn berre eitt barn etter ho:

 

* Søren, f. 19.9.1807 av matros Hans Jacob Hansen: https://media.digitalarkivet.no/view/869/134

 

Men dette må vera dåpen til Wibeche i Farsund 9.3.1783 (fødd 3.3.): https://media.digitalarkivet.no/view/9881/186

 

Og so har du jamen santen greidd å finna ut om Albert Johan i Amerika.  Eg er imponert!

 

Utifrå opplysningane dine finn eg her Albert med kona Anna og born i Brooklyn, NY i 1900.  I tillegg til Baldwin har dei ei dotter Gethrine, og dessutan er sonen hans frå første ekteskapet, John, busett hjå dei.  Utvandringsåret til Anna er 1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-673T-4D

 

Men so har eg finne Baldwin i 1910, og då bur han åleine med mori Anna, som då er enkje: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV8-9SX6

 

Då må dette vera dødsfallet til Albert i 1901:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Name Albert Johnson
Event Type Death
Event Date 21 Oct 1901
Event Place Brooklyn, Kings, New York, United States
Gender Male
Age 50
Marital Status Married
Race White
Occupation Agent
Birth Year (Estimated) 1851
Birthplace Norway
Burial Date 25 Oct 1901
Cemetery Greenwood
Father's Name Albert
Father's Birthplace Norway
Mother's Name Johana Johnson
Mother's Birthplace Norway

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Neste gode utfordring er kvar det vart av Anna etter 1910??

 

Her er WW1 draftet til Baldwin Abraham Johnson frå 1917 som syner at mori framleis levde: https://www.ancestry.com/interactive/6482/005262802_04087?pid=10161712&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx11566%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3D9gr5tR7bd8G2M6NuSUb/5w%3D%3D%26db%3DWW1draft%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DBaldwin%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DJohnson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1890%26msbdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D39%26fh%3D0%26h%3D10161712%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11566&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Her er forresten dødsattesten til sonen John Albert Johnson, som hamna i North Carolina: https://www.ancestry.com/interactive/1121/S123_1277-0388?pid=1544894&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DNCdeathCerts%26h%3D1544894%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60901&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #19 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Albert Johan Abrahamson Johannessen, sidan kjend som Albert Johnson, f. i Bergen 3.1.1851, gifte seg første gongen i Mariakyrkja i Bergen 16.6.1878 med Amalie Berntine Jansdotter Andersen frå Bergen f. i Bergen 16.4.1860.  Ho d. på sjukehuset i Bergen 4.8.1884.  Albert var styrmann, og han og Amalie budde i Bergen, men Albert oppheldt seg i New York då kona døydde.  Han gifte seg att i Brooklyn, N.Y. 9.8.1887 med Anna Christiansdotter frå Sivesind på Toten, i Amerika kjend som Anna Mathison.  Ho var dotter av gardbrukar Christian Mathison på Sivesind midtre, opphavleg frå

 

     ##### (Sørum 1821 – Hønsen?)

 

     og kona Petrina Petersdotter frå

 

     ##### (Fet 1828 – Hovind? – opphavi deira? – sjå vigsli Sørum 30.10.1851: https://media.digitalarkivet.no/view/555/166

 

Sørum bygdebok : bosettings- og næringshistorie. B. 1 : Lørenfallet, Vølneberg og Fosserud kretser

200855011_Skjermbilde2018-07-03kl_19_19_00.png.bcba00b173937705db693929e0fde17f.png

 

406318010_Skjermbilde2018-07-03kl_19_19_18.png.61f96cb300978f768e4acbd6a5e3386d.png

 

Sørum bygdebok : bosettings- og næringshistorie. B. 4 : Vesterskaun, sørøstre del av Frogner

2010945917_Skjermbilde2018-07-03kl_19_24_07.png.cf389dde93342ec354f125861d2dd33e.png

 

1390778036_Skjermbilde2018-07-03kl_19_25_24.png.8bb02df7dcb6c386366edf90edd461f8.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for nye solide innlegg med gode opplysningar!

 

Her fann eg forresten foreldri Christian og Petrine i Christiania i 1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052055078688

 

Då er opphavet til Anna Christiansdotter Mathison «på plass».  Det einaste som no manglar for ho, er sjølve utvandringi frå Christiania og dødsfallet hennar i Amerika...  Det siste vert nok «tøft» å hanskas med, men kven veit...

 

Elles sit me framleis med ei utfordring i Noreg knytt til Farsund og foreldri til Wibeche Omundsdotter, men er dette mogeleg å gjera noko med?

 

Her følgjer eit manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #16 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Johannesdotter {Sande}, døypt {i Luster} 18.9.1814,

Johanna Johannesdotter flytte liksom søsteri Karen til Bergen i ung alder og gifte seg i Krosskyrkja 19.7.1835 med enkjemannen Abraham Elias Johannesson, opphavleg frå Farsund, Vanse, i Bergen kjend som Abraham Johannessen.  Han var son av slaktar Johannes Aanonson i Farsund, opphavleg frå Solberg i Vanse, og kona Karen Omundsdotter frå Bigtjørn i Å, Lyngdal og f. i Vanse 21.5.1803.  Abraham gifte seg første gongen i Farsund 30.12.1827 med «separert» enkje Wibeche Omundsdotter, opphavleg frå Farsund.  Ho var dotter av

 

##### (yrkestitel?)

 

Omund Welleson i Farsund og kona Pernille Jacobsdotter

 

##### (opphavi deira? – vigde Farsund 12.11.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/9881/140

 

og f. i Farsund 3.3.1783.  Ho hadde vore gift to gongar før og var enkje etter først mannen og skild frå hin.  Men Wibeche d. på Sudland i Farsund 29.1.1833.  Abraham Johannessen var tømmermann, og han og Johanna busette seg i Stølegaten i Bergen der Abraham d. etter eit ulukkeshende («ihjælslagen af et Skuur der faldt over ham») 29.3.1871.  Johanna Johannessen d. som enkje på Klosteret i Bergen 22.8.1885.  Abraham fekk tre born, som alle var frå andre ekteskapet med Johanna:

a. Joachime Marthea Abrahamsdotter Johannessen, f. i Bergen 10.4.1844, d. i Bergen 18.7.1898.  Ho gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 15.5.1864 med Elling Sjurson frå Haukeland på Arna, i Bergen kjend som Elling Sjursen.  Han var f. i Arna 22.11.1834 og d. i Bergen 4.10.1905.  Elling Sjursen var handelsmann i Bergen, og han og Joachime tok først over barndomsheimen hennar i Stølegaten, men flytte sidan til Sandviksveien.  Dei fekk tre born i lag.

 

     ##### (sjekka? – inkl.:

            * Abraham Johan, f. KK, Bergen 14.7.1865

            * Ellert Joakim, f. KK, Bergen 27.4.1869

            * Jenny Sigvarda, f. MK, Bergen 25.2.1883

 

b. Albertine Johanne Abrahamsdotter Johannessen, f. i Bergen 4.8.1847, d. som folkeskulelærar i Bergen 1.5.1891.  Albertine var folkeskulelærar og budde i Bergen levetidi ut.  Ho var ugift.

c. Albert Johan Abrahamson Johannessen, sidan kjend som Albert Johnson, f. i Bergen 3.1.1851, gifte seg første gongen i Mariakyrkja i Bergen 16.6.1878 med Amalie Berntine Jansdotter Andersen frå Bergen f. i Bergen 16.4.1860.  Ho d. på sjukehuset i Bergen 4.8.1884.  Albert var styrmann, og han og Amalie budde i Bergen, men Albert oppheldt seg i New York då kona døydde.  Han gifte seg att i Brooklyn, N.Y. 9.8.1887 med Anna Christiansdotter frå Christiania, i Amerika kjend som Anna Mathison.  Ho var dotter av arbeidar og kremmar Christian Mathison i Christiania, opphavleg frå Hønsi søndre i Sørum, og kona Petrina Petersdotter frå Hovin søndre i Fet og f. på Norum i Sørum 5.3.1854, men flytte i ung alder med foreldri til Sivesind vestre på Vestre Toten og sidan til Christiania.  Derifrå utvandra ho so til Amerika i 1881. 

 

     ##### (sjekka utvandringi hennar?)

 

     Albert Johnson tok etter kvart til som trygdeagent («insurance broker»), og han og Anna budde i Brooklyn, Kings Co., NY der Albert d. 21.10.1901.  Anna

 

     ##### (date and place of her death? – still in Brooklyn, NY 1910 – still alive 1917 – what later?)

 

     Albert Johnson fekk i alt fire born, to frå kvart av ekteskapi.

 

     ##### (borni hans:

            * Johanne, f. FØ, Bergen 15.3.1878 – 1885 hjå fasteri Albertine – 1892 med far sin i Brooklyn, NY!

            * John Albert, f. FØ, Bergen 16.10.1880 – 1885 hjå fasteri Albertine – 1891 på Bergen gutteheim - utv. til Amerika i 1895 og n. med far sin 1900!

            * Petra (Gethrine), f. Brooklyn, NY May 1888 – n. 1900

            * Baldwin Abraham, f. Brooklyn, NY 5.2.1890 – n. 1900 – d. Fresno, CA 27.7.1981)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.