Gå til innhold
Arkivverket

Christopher Monsson «Messingsmed» - gift i Lærdal 1739 med Dortha Eriksdotter - omflyttande messingsmed i Sogn - busette seg i Osen i Feios - son i Vik - kven var desse folki?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til denne vigsli i Hauge sokn i Lærdal 29.10.1730 (heilt øvst i venstre spalte på høgre side) https://media.digitalarkivet.no/view/11593/52

Christopher Monsson og Dordi (Dortha) Eriksdotter

 

og til denne vigsli i RTinde sokn i Leikanger 3.8.1743 https://media.digitalarkivet.no/view/11565/51

Christopher Messingsmed og Britha Lassesdotter

 

Eg finn desse borni:

 

* Elisabeth, døypt i Lærdal 6.6.1730: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/51

* Erik, døypt i Lærdal 23.8.1733: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/59

* Kirsti, døypt i Luster 25.2.1737: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/9

* Mons, døypt i Leikanger 24.11.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/52

* Dortha, døypt i Leikanger 25.10.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/56

* Anna, døypt i Leikanger 10.10.1745: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/62

* Mons, døypt i Leikanger 7.9.1749: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/99

 

Ved eit par høve finn eg yrkestitelen «messingsmed», anten ved dåpen eller ved introduksjonen til mori, og dei hamna etter kvar på Osen i Feios, Leikanger der dei fire siste borni er døypte.  Bygdeboki for Leikanger skriv under garden Rinde på s. 675/676:

 

~~~~~~~~~~~

 

Kristoffer Monsson «Messersmed» 1704-1770

g. 1743 m. Brita Larsdtr. 1705-1780

 

a. Eirik

b. Lisbet 1730-

c. Kristi 1740-

~~~~~

d. Mons 1743-

e. Dordei 1744-

f. Anna 1745- {referert til Rinde 120 som gift 1778 med Knut Knutson 1754-1814 - med sju born}

 

Husfolk i Osen under Rinde.  Kristoffer var messersmed, knivsmed, men er òg kalla messingsmed.

 

~~~~~~~~~~~

 

No er me so heldige at det 3.10.1770 vart halde skifte etter Christopher Monsson på Rinde i Feios: https://media.digitalarkivet.no/view/24166/256?indexing=

 

Her kjem det fram at han let etter seg enkja, her kalla Britha Larsdotter, og fire born:

 

* Erik Christopherson, myndig

* Elisabeth Christophersdotter, 40 år

* Christi Christophersdotter, 30 år

* Anna Christopersdotter, 24 år

 

Britha Larsdotter vert sett til formyndar for dei tre døtrene!

 

Erik Christopherson er nok utan tvil han som med namnet Brekke gifte seg 11.11.1763 i Vik med Martha Aslaksdotter Vange: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=10901&merk=10901#ovre

 

Dei budde på ein husmannsplass i Vik som heitte Holen og fekk minst fire born der, mellom anna dotteri Dortha i 1770: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap

 

Men utfordringi er i første rekke denne:

 

** Kven var Christopher Monsson og dei to konene hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

Nei det blir ikkje så mykje jobbing med dette i sommarhalvåret, eg reknar med å komma sterkare att når kveldane mørknar.

Ny ættesoge for Feios er på trappene men visstnok ikkje komme i trykken enno. Eg har fått tilsendt manuskriptet og der finn eg fylgjande:

84 Kristoffer Monsson (1704-1770)

1743 g.m. Brita Lassedotter (ca.1705-1780)

Born:

a.      Eirik (    )

b.      Lisbet (1730-)

c.      Kristi (1740-)

----

d.      Mons (1743-)

e.      Dordei (1744-)

f.       Anna (1745-) 1778 g.m. Knut Knudsen Sanden (1756-1814) frå Sanden eller Husabøsanden  u. ga. 12 Husabø 232i på Leikanger, b. Rinde 120. Frå før hadde Anna sonen:      

a.      Kristoffer (1776-1776), Rinde 112a, m. Torstein Nilsson Hamre (1748-1829) frå indre Hamre 88f på Leikanger, b. på hm. plassen Verken u. Grinde 202 på Leikanger

Kristoffer Monson har hatt ei kone frå før som er mor til dei tre første borna. Husfolk i Osen under Rinde. Kristoffer var messersmed, knivsmed, men er og kalla messingsmed.

 

Så dette var nok ikkje så mykje meir enn det du alt har grave fram.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Erik Kristoffersen «Brekke» 1727-77, gift 1763 m/ Marta Aslaksdtr «Vange»  1730-77, vil du finna i Ættabokji utg 2008, s 33.

Under Aslakplassen, Hola under Vange (Holsen).

 

Erik ikkje konformert i Vik. Brekke = tenaradr. Far: til Marta er: Aslak Olason Berge, Kyrkjebø, 1690-1766.

I 1732 overtok Aslak Hagen under Juvik (L.nr 5). I 1740 kom huslyden til Hola i Seljedalen. 

 

Eirik fekk Nils f 1765 m/ Marta Nilsdtr Kinni (L.nr 56)

Erik og Marta 4 ongar: Kristoffer f 1765

                                        Dorte 1770-70

                                        Aslak 1770-70

                                        Gjertrud f 1772

14 nov 1777 tok eit Jordskred stova og alle fire på plassen døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne Marie og Jon for interessante innlegg!

 

Det var då ei sørgjeleg ende på soga for Erik og huslyden hans, men at Erik var son til «vår» Christopher Monsson, vert stadfest gjennom skiftet hans halde i Vik 10.11.1777: https://media.digitalarkivet.no/view/24167/472?indexing=

 

Etter Erik levde då:

* fullsøsteri Dordei Christophersdotter - «skal opholde sig i Nordfiord hvor hun er gift»

* halvsøsteri Anna Christophersdotter - gift og busett i Feios

 

Halvsøsteri er jo grei, men dei må ha «bomma» på namnet til fullsøsteri.  Det var jo mori som heitte Dortha.  Eg ser elles ikkje nokon god «kandidat» til ei søster gift mellom 1770 og 1777 og busett i Nordfjord, korkje Elisabeth eller Kirsti, men ei:

 

* Kirsti Christophersdotter Sogndalsfjæren gifte seg i Sogndal 28.12.1775 med enkjemannen Elling Arneson Gjerdet (Geirane?), og dei fekk ei einaste dotter Kirsti, døypt frå Sogndalsfjøra i Sogndal 26.8.1777.  Dei budde ikkje i Nordfjord, men dei budde «nord om (Sogne-)fjorden»!  Denne Kirsti Christophersdotter vart gravlagd frå Sogndalsfjøra 24.6.1798 og var då 66 år gamal!  Eg finn ingen Kirsti Christophersdotter døypt i Sogndal på den tidi som kan høva, so det er vel ikkje usannsynleg at dette kan vera dotteri til Christopher Monsson!?

 

Men opphavet til ætti finn me førebels ikkje.  Når dei først dukkar opp i Sogn, so er dei på Lærdalsøyri, og dit kan vel ein messingsmed vera komen nær sagt kvar som helst ifrå...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vet ikke om dette kan være av interesse: Det ble holdt skifte etter avdøde Malene Eriksdatter Vindedal i Lærdal 5.2.1739. Hun var gift med Henrik Vindedal, men de hadde ingen barn og Malene ble arvet av sine søsken: Jakob Sæbø, Brita gift med Torjer Mjelde og Durdej gift med Christoffer Messingsmed https://media.digitalarkivet.no/view/24136/171

 

Jakob Eriksen Sæbø giftet seg i 1724 og var trolig gammel nok til å være nevnt i manntallet 1701, men finner ingen i Lærdal med dette navnet.  Laberg antyder at Jakob kanskje var sønn av Erik Nilsen, husmann under Bjørkum i Erdal 1701 og 36 år gammel. Erik hadde ingen sønner i 1701.

 

Til innlegg 2 og Anne Marie Bøtun Øyri, hvis du ser dette: Jeg har tidligere nevnt at jeg har noen tillegg til bygdeboka for Leikanger når det gjelder eldre slektsopplysninger i Fresvik. Nå i sommervarmen har jeg ikke sett noe på det, får ta det til høsten. Men du nevner at ny ættesoge for Feios er på gang. Vet du når den blir gitt ut? Jeg har også noen opplysninger fra Feios på 1600- og 1700-tallet som burde være med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget!

 

Det er jo kjempebra at du har greidd å finna, om ikkje opphavet direkte, so i alle fall søskeni til Dortha!  Ho var altso Lærdalsjente, og kanskje vil ogso opphavet til Christopher dukka opp etter kvart...

 

Det er utruleg kva som finst av opplysningar i kjeldene våre der ute, berre ein søker på «rette» måten, «på rett stad til rett tid»!  Tilsynelatande «umogelege» ættesamband dukkar opp, eitt etter hitt...

 

Eg vonar at bokskrivarane for Feios får med seg desse opplysningane for å gjera boki derifrå endå eit hakk betre!  Eg har òg ein del «linkar» til Feios - trafikken på Sognefjorden var mykje meir aktiv på 1700-talet enn kva mange veit...  Og sikkert er det ættesamband som me endå ikkje har oppdaga...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 5.7.2018 den 6.55, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Anne Marie og Jon for interessante innlegg!

 

Det var då ei sørgjeleg ende på soga for Erik og huslyden hans, men at Erik var son til «vår» Christopher Monsson, vert stadfest gjennom skiftet hans halde i Vik 10.11.1777: https://media.digitalarkivet.no/view/24167/472?indexing=

 

Etter Erik levde då:

* fullsøsteri Dordei Christophersdotter - «skal opholde sig i Nordfiord hvor hun er gift»

* halvsøsteri Anna Christophersdotter - gift og busett i Feios

 

Halvsøsteri er jo grei, men dei må ha «bomma» på namnet til fullsøsteri.  Det var jo mori som heitte Dortha.  Eg ser elles ikkje nokon god «kandidat» til ei søster gift mellom 1770 og 1777 og busett i Nordfjord, korkje Elisabeth eller Kirsti, men ei:

 

* Kirsti Christophersdotter Sogndalsfjæren gifte seg i Sogndal 28.12.1775 med enkjemannen Elling Arneson Gjerdet (Geirane?), og dei fekk ei einaste dotter Kirsti, døypt frå Sogndalsfjøra i Sogndal 26.8.1777.  Dei budde ikkje i Nordfjord, men dei budde «nord om (Sogne-)fjorden»!  Denne Kirsti Christophersdotter vart gravlagd frå Sogndalsfjøra 24.6.1798 og var då 66 år gamal!  Eg finn ingen Kirsti Christophersdotter døypt i Sogndal på den tidi som kan høva, so det er vel ikkje usannsynleg at dette kan vera dotteri til Christopher Monsson!?

 

Men opphavet til ætti finn me førebels ikkje.  Når dei først dukkar opp i Sogn, so er dei på Lærdalsøyri, og dit kan vel ein messingsmed vera komen nær sagt kvar som helst ifrå...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lars: Du ser altso heilt vekk frå at mora Dorthe Kan ha døydd i svangerskap, og ha fått eit levande ongje ?  Ei dtr som dei døyper Dorthe (som korkje du eller eg finn som døypt). Men som KAN væra døypt og Presten har utelete å føra inn.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste kommentar!

 

Jau, Jon, eg er med på den, men om so var tilfelle, ville Dortha vore nemnd i skiftet etter faren frå 1770 (sjå innlegg #1), og han hadde ikkje trengt freista få ei ny dotter Dortha med andre kona si...

 

So eg trur framleis at Kirsti i Sogndal var søsteri til Erik Haalen...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Til Terje og Lars:

Eg vil svært gjerne ha supplerande opplysningar om Fresvik, men ta det når det høver. Blir meir jobbing utpå hausten av meg også.

Ang bygdeboka for Feios så veit eg ikkje når ho kjem ut men skal visst vera nokså klar med manuskriptet. Trur ikkje han som samlar opplysnngar og skriv er inne på dette forumet, så kanskje det kan vera lurt å kontakta han direkte. Han har mail adr:

Rune Lee <rlrunelee@gmail.com

Vil tru han er glad for all info han kan få tak i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.