Gå til innhold
Arkivverket

Syvert Olsen (1837- ) - sjømann frå Luster - gift i Kristiansand - men kvar vart det av han og kva med kona og borni? - ei sørlandsutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Ut ifrå det du skriv, kan det sjå ut som om alderen til bruri er feil oppgjevi i kyrkjeboki, for me har no vel ingen andre alternativ om ho verkeleg er frå Kristiansand!?

 

Men det store mysteriet er jo kvar det vart av dette parfolket i Amerika?  Kan dei ha bytt ut ættenamnet med noko heilt anna??

 

I mellomtidi kom det eit kjapt svar frå Brooklyn, NY som lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hello,

 

We do not have any archival information for the time period indicated. 

 

Regards,

 

Tina Pappanastos

Director of Admissions

Norwegian Christian Home & Health Center

1250 67th Street

Brooklyn, NY 11219

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So då kjem me ikkje noko lenger der heller...

 

Då er «gode råd dyre», men heilt vil eg ikkje gje opp denne utfordringi endå, og eg vonar på nye gode tips til å komma på spor etter Anna Cathrine, Johan Adolph og Syvert Andreas!

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Olson {Aarstue}, f. {i Luster} 5.12.1837, levde framleis i Luster i 1855.

Men under namnet Syvert Olsen reiste han til sjøs som matros, og han gifte seg i Kristiansand 14.8.1863 med Anna Cathrine Larsdotter Knudsen frå Kristiansand.  Ho var dotter av artillerist og politibetjent Lars Knudsen i Kristiansand, opphavleg frå Eggebø i Årdal, Rogaland, og kona Anna Cathrine, kjend som Cathrine Johansdotter frå Kristiansand og f. i Kristiansand 14.4.1835. 

 

##### (yrke og bustad? – 1865: sømand Kristiansand – Syvert rømte frå skipet i Liverpool i 1867 – Anna Cathrine enkje i Kristiansand 1875 kalla Johansdotter! – nemnd som Ane Knudsen i dødsmeldingi etter sonen Ole Severin i Kristiansand i 1881! – seinare lagnadar? – Anna utvandra truleg i 1884 til Brooklyn, NY – budde der i 1900 (2 born – eitt i live) og i 1905 på den skandinaviske gamleheimen i Brooklyn, NY!?)

 

Dei fekk tre born i lag, men Anna hadde òg ein son frå før:

a. Johan Adolph Johanson Hindorf, son av Anna og styrmann Johan Adolph Wilhelmson Hindorf frå Trondheim, var f. i Kristiansand 26.1.1856,

 

     ##### (n. 1865/1875 – gift i sjømannskyrkja i New York City, N.Y. 18.5.1882 med Marie Larsen (dotter av Lars Tjøstolfson), f. i Kristiansand 1858 – denne jenta finn eg ikkje!! – kan det vera Ingeborg Marie fødd i Kristiansand 11.5.1852? – lagnad? – one Herman W. Hindorf born Manhattan Sep. 9, 1883)

 

b. Syvert Andreas Syvertson Olsen, f. i Kristiansand 11.10.1862,

 

     ##### (n. 1865/1875 – konf. 1877 som «Syvertsen» - levde framleis i 1881 – lagnad?)

 

c. Carl Johan Syvertson Olsen, f. i Kristiansand 2.7.1864, d. i Kristiansand 9.6.1866.

d. Ole Severin Syvertson Olsen, f. i Kristiansand 8.8.1865, d. i Kristiansand 26.2.1881.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.