Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Henrik Anfindson alias Henry Lewis, fødd kring 1824 i Noreg - kan henda i Ovestrudeiget i Nes i Hallingdal? - kven var han og kven var foreldri hans? - Var han morbror til Halgrim Olson Burtness i SD?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg freistar å finna det norske opphavet til denne farmaren i Clay Co., SD:

 

Henrik Anfindson alias Henry Lewis:

 

FT1880 oppgjeven fødd i Noreg kring 1825: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYY8-3QRS

 

FT1900 oppgjeven fødd i Noreg desember 1823, utvandra 1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PQ9-8D1

 

Dette utvandringsåret er feil, for kyrkjebøker frå Amerika syner at han alt kring 1860 (vigsli har eg aldri greidd å finna, men truleg var det i South Dakota!) gifte seg med enkja Kirsti Larsdotter, fødd i Luster 25.5.1822, som miste mann sin då dei våren 1860 var undervegs frå Wisconsin for å ta «homestead» i Clay Co., SD.  Henrik og Kirsti fekk to born fødde i Clay Co., SD:

 

* Ragnhild Lewis, fødd 25.8.1861, døydde 11.2.1871

* Andrena Lewis, fødd 12.10.1864, gifte seg i 1879 med Guttorm Myron, men døydde alt kring 1884 (dato og stad ukjende).

 

Leiter me hjå FamilySearch, finn me i grunnen berre eitt godt alternativ for denne Henrik, og det er:

 

* Henrik, fødd 17.11.1824 og døypt 5.12.1824 i Nes, Hallingdal, av foreldri Anfind Henrikson og Ragnhild Halgrimsdotter, plassfolk i Ovestrudeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/3053/27

 

Men so er spørsmålet:  Let det seg gjera, til dømes gjennom den nye bygdeboki for Nes, å få stadfesta at denne Henrik Anfindson kan vera ein aktuell «kandidat»?

 

Og i so fall, kva heitte plassen under Ovestrud som dei budde på, og kvar var foreldri ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Om tillegget i emnetitelen om Hallgrim Olson Burtness, sjå innlegg #3 under!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Blingsmo

Hos Østro(2015) Gards og slektshistorie for Flå i Hallingdal IV, finn eg desse folka under plassen Halsteinsplass/Viskop, frå 1803 øvre Viskop.

 

Om det er rett Henrik får ein ikkje svar på, men han for til Am. i 1852.

FLÅ IV s 200.PDF

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for eit spennande og interessant svar!

 

Det er tydeleg at Terje Østro aldri greidde å finna lagnaden til Henrik Anfindson, men opplysningane ligg jo forsovidt godt «til rette» for at me har finne «rett» person...

 

Kanskje kan det vera til styrking av denne teorien at Henry Lewis i SD hadde ei stedotter Anna Peterson (1851-1925) som gifte seg i Clay Co., SD 2.10.1870 med ein:

 

Halgrim Olson Burtness som skal vera fødd i Noreg kring 1846, men som døydde tidleg.

 

Kanskje er han den Halgrim Olson som var fødd 8.9. og vart døypt 5.10.1844 i Børtneseiget i Nes av foreldri Ole Arneson og Anna Anfindsdotter; https://media.digitalarkivet.no/view/1110/156

 

Og ser me på bokutsnittet frå Åvestrudplassen, so kjenner me att Anna som eldste søster til Henrik!!  Bingo!?

 

No er eg sjølvsagt òg spent på kva bygdeboki har å fortelja om Halgrim og lagnaden hans...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Blingsmo

Bygdeboki gjev ikkje noko 100% svar, men Halgrim for til Am. i 1867 så det høver godt at han gifte seg i 1870

NES VI s484.PDF

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for siste innlegget!

 

Eg tykkjer opplysningane er overtydande nok, so eg er no ganske so sikker på at me har finne fram til «rette» Henrik Anfindson og «rette» Hallgrim Olson Burtness!  Hallgrim er nok reist til morbroren sin då han utvandra i 1867, og der i huset trefte han jo jenta som etter kvart vart kona hans...

 

Her er forresten huslyden i FT1870 for Clay Co., SD - ikkje so lett å kjenna att når Henrik Anfindson er vorten til Andrew Lewis, men kona og borni/steborni stemmer alle, og som farmarbeidar har dei Andrew Olson, 25 år - som eg vil tru må vera Hallgrim Burtness!!

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DRZ3-6C9

 

Det er bra me har amerikanske kyrkjebøker som kan stadfesta namni!!

 

Problemet er soleis løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.