Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Kven var bakarkona Anna Monsen, f. Olsen (Gjertøy?) i Molde - fødd kring 1818?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg syner til denne vigsli i Molde 25.6.1843 mellom Hans Andersen Monsen, bakarsvein, fødd Bergen 1819, og Anna Olsdotter Giertøe, 25 år: https://media.digitalarkivet.no/view/16056/136

Ein av trulovarane er Ole Giertøe, truleg far hennar!?

 

FT1865 syner fødestaden hennar som Bolsøy: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1502&kenr=0084&bnr=0084&lnr=000

 

Men eg finn ikkje noki Anna Olsdotter fødd i Bolsøy som eg tykkjer «høver»!

 

No ser eg at Gjertøy er eit gardsnamn på Hitra i Sør-Trøndelag, men kan Anna vera derifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om opphavet til Anna Olsdotter!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
Skrevet (endret)

Ifølge temaet på Slektsforum giftet søsteren Gjertrud Olsdatter  seg med Carl Johan Eriksen.

Set at det står Ole Knudsen Gjertøe på ene forloveren.

Nr 11.

https://media.digitalarkivet.no/view/16056/136

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye spennande innlegg!

 

Med opplysningane om søsteri og at faren heitte Ole Kntuson, finn eg denne barnedåpen i Bolsøy:

 

Gjertrud, fødd 21.7.1821, døypt 2.9.1821, dotter av husmann Ole Knutson Gjertøen og kona Mari Madsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/16058/10

 

Og då finn eg òg denne dåpen i Veøy:

 

Anna, fødd 14.11.1818, døypt 13.12.1818, dotter av Ole Knutson Westad og Marie Madsdotter Westad: https://media.digitalarkivet.no/view/16045/6

 

Ein yngre bror Knut Lorentz er fødd i Bolsøy 12.6.1826, døypt 2.7.1826.  Ogso då er foreldri plassfolk på Gjertøen: https://media.digitalarkivet.no/view/16058/30

 

Dette tyder at Gjertøen må vera ein HUSMANNSPLASS i Bolsøy, men under kva for ein gard??

 

AHA: I 1910 ser eg at Hjertøen er bnr. 11 av gnr. 25 Moldegaard i Bolsøy, so då har me svaret!!

 

Då er med andre ord problemet løyst, og eg er kjempenøgd!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
Skrevet (endret)

Hjertø ligger under Gardsnr 25.Merknad gard:11.

1900-telling for 1544 Bolsø

Personliste Herad Krets Gardnr Bruksnr. Gard Uthus Tal pers. Pers. tilstades Pers. heimehøyrande Korn, potet Kreatur Fjærkre Bikubar Kjøkkenhage Frukthage
128 128 Bolsø 1 Under 25 1 Hjertø n 3 3 3 j j n n n j
  Hushald nr. Førenamn Etternamn Kjønn Fam. stilling Sivilstand Yrke Fødd år Fødestad Nasjonalitet Trussamf.
618 1 Kristian Knutsen m Hf g Pladsbr. & fisker m J 1830 Sunelven Rom N S fglass.gif
619   Ane Knutsdtr k Hm g Pladsbrkone 1820 Vestnes Rom N S fglass.gif
620   Kristi Knutsdtr. m!! FL e Husindustri 1829 Vestnes N S fglass.gif

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f01544&gardpostnr=128&merk=128#ovre

 

 

Gardsnr 25 er Moldegaard.Gammelt løpenr :11.

 

  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Kommune: Bolsøy
  • Sogn: Bolsø
  • Gårdsnummer: 25
  • Gammelt matrikkelnr: 5
  • Navn på gård: Moldegaard

Antall bruk registrert på matrikkelgården: 1


Bruksnr Gammelt
løpenr
Bruksnavn Brukers navn Skyld i
Mark-Øre
Skyld i
Daler-Ort-Skilling
Merknad
1 11 Moldegaard Hans Thiis Møller 21-1 2-2-12-0  

http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1544&gnr=25

 

 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for siste merknaden om denne bustaden!

 

Det er forresten pussig, og det skjer rett som det er, når du, Ann-Mary, legg inn kommentarar på det eine eller andre tema hjå meg, får eg IKKJE den foreskrivne meldingi frå Brukarforum om «nytt innlegg», og det til tross for at eg abonnerer på emnet!  Det skjer ikkje kvar gong, men av og til.  Eg fekk meldingar om dei to innleggi over (innlegg #2 og #3), men altso ikkje om innlegg #5!

 

Men eg oppdaga jo meldingi likevel og takkar på ny for framifrå bistand om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.