Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Else Malene Adamsdotter Reutz, fødd i Luster kring 1705 - dotter av priviligert handelsmann Adam Stevelinson Reutz - levde ved skiftet etter far sin i 1722, men kvar vart det av ho?


Recommended Posts

Adam Stevelinson Reutz (1683-1722), priviligert handelsmann busett på Heltnhe i Luster, var gift med Metta Andersdotter frå Rønnei (av den «sokalla» Heiberg-ætti) og fekk fem born.

 

Yngst av desse var Else Malene Reutz, som må ha vore fødd kring 1705.

 

Ho levde i 1722, men etter den tid har me ingen opplysningar om ho.  Ho må ikkje forvekslast med den eldre søsteri Elsebe Margrethe Reutz som var gift i Bergen med Hans Hansson Rødberg og fekk elleve born med han!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Else Malene!

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit kjapt svar i dette emnet!

 

Det er vel ingen tvil om at er slekti til Else Malene Reutz som vert «rulla opp» av Knut Bryn i det gamle emnet frå 2002, som eg ikkje har sett før.

 

Else Malene Reutz, som etter alt å dømma må ha vore noko yngre enn det som eg har trudd, var altso gift med sokneprest Even Pederson Steen til Aurdao og sidan til Nes i Hallingdal og hadde minst desse borni:

 

* Even Evenson Steen, kjøpmann i Christiania

 

* Mette Margrethe Evensdotter Steen, døypt i Aurdal 2.4.1739

 

* Hilleborg Dorthea Evensdotter Steen, døypt i Aurdal 16.3.1740, gíft Hellingaand, København 5.2.1772 med landinspektør Friderich Ditlef Floer i Skive, Danmark

 

* Petter Didrik Stalling Evenson Steen, døypt i Aurdal 24.1.1743

 

* Bertha Marie Evensdotter Steen, døypt i Nes 5.6.1746 - busett 1801 hjå søsteri Hilleborg i Skive, Danmark

 

* Adam Reutz Evenson Steen, døypt i Nes 28.12.1747

 

* Roer Evenson Steen, døypt i Nes 28.12.1748

 

* Arnt Christopher Evenson Steen, døypt i Nes 3.3.1749

 

* Jacob Evenson Steen, gravlagd i Nes 3.3.1751

 

Kanskje Knut Bryn har skaffa fram litt fleire opplysningar sidan emnet vart drøfta for 16 år sidan?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne gåta!

  • Liker 1
2 timer siden, Knut Holt Sandblost skrev:

Mette Margrethe Steen var gift med Hans Herlofsen i Arendal, og Peter Diderik Stelling Steen med Hans' søster Maren. Se s 21 og 76 ff her: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012011306088

 

NB.no er såvidt jeg kjenner til kun for norske IP adresser og Lars får vel dermed ikke åpnet boken - så jeg legger inn noen sider.

 

Side 21

Side 21.jpg

 

Side 74                                                                                                             Side 75

Hans Herlofsen_side 74.jpgHans Herlofsen_side 75.jpg

 

Side 76                                                                                                         Side 77

Hans Herlofsen_side 76.jpgHans Herlofsen_side 77.jpg

 

Side 80

Hans Herlofsen_side 80.jpg

Endret av Egil Johannessen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.