Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Anna Olsdotter - fødd 1808 - enkje frå Luster med to døtrer utvandra 1860 til Dane Co., WI - kvar i all verdi kan det ha vorte av denne jenta og døtrene hennar? - ei Amerikautfordring!


Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har slite med i 40 år for å finna lagnaden til i Amerika.  Eg fann ganske so snøgt ut at dei hadde utvandra til Bristol township, Dane Co., WI der dei i 1860 heldt hus hjå ein annan emigrant frå Luster, Anders Ellefson alias Andrew Weigen, utvandra i 1851, men so vert dei borte for meg!

 

Her er Anna Olson med døtrene Christine og Betsy i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSN-VGT

 

og her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Torgerson Sandvig, frå Sandviki (bnr. 3, b), vart døypt {i Luster} 18.11.1810 og d. på sjukehuset i Bergen 15.9.1843.  Han gifte seg 28.5.1833 med Anna Olsdotter frå Tandla, døypt {i Luster} 21.2.1808.  Anders Torgerson var jekteskipper, og han og Anna var vel helst for innerstfolk å rekna.  Dei busette seg visstnok kring 1835 i ei lita stove her på Tvingeborgneset under Sandviki (bnr. 5).  Dei sette nok opp stova sjølve, og me trur ho må ha stått om lag der stovene til dei tidlegare husmennene på plassen hadde vore.  Anders fall ifrå i ung alder, men Anna vart buande her til 1860.  Då vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som var, gjekk attende til garden.

Anna Olson utvandra til Amerika i 1860, og same året finn me ho att som hushaldar («housekeeper«) i Bristol township, Dane Co., Wis. hjå Anders Ellefson, i Amerika kjend som Andrew Weigen, utvandra frå Kvalsviki i 1851. 

 

##### (what became of her after 1860?)

 

Anders og Anna fekk tre born i lag; dessutan fekk Anna ei dotter etter ho vart åleine:

 1. Kirstina Andersdotter (1833-1834).

 2. Ole Andersson (1835-1839).

 3. Bertha Kirstine Andersdotter, f. i Bergen 26.4.1842,

Betsey Anderson utvandra til Amerika med mori i 1860 og budde same året hjå ho i Bristol township, Dane Co., Wis.

 

##### (what became of her after 1860?)

 

 4. Anna Christine, kjend som Christina Christophersdotter, dotter av Anna og husmann Christopher Larsson på Nausti under Flahammar (1821-1885), var f. i Bergen 19.9.1851.

Christine Olson utvandra òg med mori til Amerika i 1860 og budde hjå ho i Bristol township, Dane Co., Wis. same året,

 

##### (what became of her after 1860?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde berre vore heilt kjempe om denne huslyden kunne oppsporast no etter so mange år i løyndom, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
  • 1 år senere...

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 8 (1860-1870), Innflyttede 1860, Utflyttede 1860, Side 224
https://media.digitalarkivet.no/view/8402/209

 

Name: Betsey Anderson
Event Type: Census
Event Date: 1860
Event Place: Bristol, Dane, Wisconsin, United States
Gender: Female
Age: 18
Race: White
Race (Original): [Blank]
Birth Year (Estimated): 1842
Birthplace: Norway
 

Household Role Sex Age Birthplace
Ann Oleson   F 52 Norway
Christiana Oleson   F 9 Norway
Betsey Anderson   F 18 Norway

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MWMR-T3Z

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSN-VGT?i=25&cc=1473181

 

Hjarteleg takk tl Grethe for opphenting av dette emnet, som framleis står heilt uløyst.

 

Det er mi von at minst ei av døtrene vil dukka opp som brur eller som avlidi med «identifiserbare» foreldre, for ein eller annan stad der ute må dei jo ha gjort av seg...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.