Gå til innhold
Arkivverket

Anna Olsdotter Gjedeskar under Almås i Åsane - fødd 1862 - i Amerika kjend som Anna Morvig - kven var denne jenta? - foreldre og lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne fødsli er registrert på Digitalarkivet: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001481460

 

Anna Olsdotter, fødd i Åsane 3.11.1862 - foreldri gardbrukar Ole Olson på Gjedeskar under Almås og kona Gjertrud Knutsdotter

 

Dette må vera huslyden i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1254&kenr=014&bnr=0016&lnr=000

 

Denne Anna Olsdotter med ættenamnet Morvig gifte seg første gongen i Polk Co., MN 11.12.1882 med Christen Sylvester, fødd i Luster 27.1.1858.  Han døydde ung (dato og stad ukjend), og Anna gifte seg att i Polk Co., MN 19.1.1901 med enkjemannen Hans Hansson Hoium, fødd i Luster 23.1.1850. 

 

Eg har vanskar med å få fram opplysningar hjå FamilySearch i kveld, men ancestry syner:

 

FT1910 for Polk Co., MN seier at Anna utvandra i 1879

FT1920 for Polk Co., MN seier at Anna utvandra i 1872

 

Ho døydde i Polk Co., MN 20.5.1935.: https://www.findagrave.com/memorial/89614592

 

Kan nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til bygdeboki for Åsane, hjelpa meg finna ut av desse utfordringane:

 

** Finst dei ei forklaring på at denne huslyden skreiv seg Morvig i Amerika?

 

** På kva gard/plass var Anna oppvaksi?

 

** Kva er rett utvandringsår?

 

** På kva gard/plass var Ole Olson oppvaksen?

 

** På kva gard/plass var Gjertrud Knutsdotter oppvaksi?

 

** Kva opplysningar har bygdeboki om lagnaden til Anna i Amerika - særleg med omsyn til første ekteskapet hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sendt over kopi av det bygdebøkene for Åsane skriv om denne huslyden til deg på epost.

Opplysningane  om Morvik, bnr. 2 Kogjerdet er henta frå bd. 4

 

q948.37 B/4
    Bratland, Kenneth
    Åsane.IV. Slektshistorie : Salhus, Mjølkeråen, Morvik, Haukedal, Tertnes
        / Kenneth Bratland. - Bergen : Bodoni, 2010  . - 599 s. : ill.,
        faks., kart (noen kol.), port.

    Bibliografi: s. 565. - Ordliste: s. 563
    ISBN 978-82-7128-587-6 (ib.)

 

 

Opplysningane om  Almås, bnr. 3 Geitskardalen er henta frå bd. 2

 

q948.37 B/2
    Bratland, Kenneth
    Åsane.II. Slektshistorie : Tellevik, Falkanger, Sætre, Ytre Hordvik,
        Midtre Hordvik, Indre Hordvik, Steinestø, Tuft, Hylkje, Almås,
        Haukås, Breistein, Brurås, Sæterstøl / Kenneth Bratland. - Bergen :
        Bodoni, 2008  . - 536 s. : ill., faks., kart, port.

    Bibliografi: s. 503-504. - Ordliste: s. 502
    ISBN 978-82-7128-508-1 (ib.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eli for tilsende sider frå bygdebøkene for Åsane!  Eg har studert sidene, og so vidt eg kan sjå, finn eg svar på alle spørsmåli mine, med eitt unntak:

 

** Kva er rett utvandringsår?

 

Det står at Ole og Gjertrud dreiv garden på Almås til 1878, men det står ikkje konkret at dei eventuelt utvandra det året...

 

MEN, no fann eg dei i passasjerlistene over Bergen, og heile huslyden utvandra verkeleg i 1878:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=4031&merk=4031#ovre

 

So då er problemet løyst, men eg let saki stå òpe enn so lenge, i tilfelle fleire opplysningar dukkar opp om lagnaden til Anna Olsdotter i Amerika.  Kenneth Bratland er for tidi på ferie, men han kan ha ekstra opplysningar «på lur», og dei vil eg gjerne sjå...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn FT 1900

 

The 1900 United States Federal Census - Lenke FS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M93C-YGF
Name:    Anna Morriz
[Anna Morvig] 
Age:    37
Birth Date:    Nov 1862
Birthplace:    Norway
Home in 1900:    Garfield, Polk, Minnesota
Street:    Polk Street
Sheet Number:    17
Number of Dwelling in Order of Visitation:    107
Family Number:    119
Race:    White
Gender:    Female
Immigration Year:    1877
Relation to Head of House:    Daughter
Marital Status:    Widowed
Father's name:    Ole Morriz
Father's Birthplace:    Norway
Mother's name:    Gertrid Morriz
Mother's Birthplace:    Norway
Mother: Number of Living Children:    1
Mother: How Many Children:    1
Years in US:    23
Can Read:    Yes
Can Write:    Yes
Can Speak English:    Yes
Household Members:    
Ole Morriz    67
Gertrid Morriz    62
Anna Morriz    37
Ole Morriz    27
Christina Morriz    15
Julia Morriz    16

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

Little Falls Weekly Transcript (Little Falls, Minnesota) 14 Apr 1899, Friday, Page 5

Little Falls Weekly Transcript (Little Falls, Minnesota) 14 Apr 1899, Friday, Page 5.jpg

 

Svenska amerikanska posten, 18. april 1899, side 2

Svenska amerikanska posten, 18. april 1899, side 2.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn konfirmasjonen til datteren Julia Maria - Lenke Ancestry: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=3576138

 

The U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969
Name:    Julia Maria Sylvester
Record Type:    Confirmation
Birth Place:    Crookston Minnesota, USA
Confirmation Date:    6 Nov 1898

Father:    Christ Sylvester
Mother:    Anna Sylvester
Church Name:    Concordia Lutheran
Church Location:    Fertile, Minnesota

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vel familien i 1895, men både navn og alder avviker (spes. for Christ/Chris)

 

Minnesota State Census, 1895 - Lenke FS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQDS-JMD
Name:    Christ Solvertersen
Event Place:    Garfield township, Polk, Minnesota
Age (Original):    27y
Birth Year (Estimated):    1868
Birthplace:    Norway
Race (Original):    W
Gender:    Male
Household    Role    Sex    Age    Birthplace
Christ Solvertersen        Male    27y    Norway
Anne Solvertersen        Female    32y    Norway
Julia Maria Solvertersen        Female    11y    Minnesota

 

Lenke Ancestry

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg og har hatt personar i FT 1895, Minnesota, der BÅDE  navn og alder avvik sterkt frå FT 1900. 

 

Det var heilt tilfeldige/flaks at eg klarte å finna mine !

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Jon for dei siste innleggi om Anna Olsdotter Morvig og opphavet hennar!

 

Eg har i mellomtidi òg vore i kontakt med bokskrivaren for Åsane, Kenneth Bratland, og han har ikkje noko å tilføya som eg ikkje alt har fått greie på...

 

Den eine biografien som inkluderer Anna Morvig, er ein del av denne huslyden:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/224656-sølfest-sølfestson-alias-sylvester-sylvesterson-frå-berge-i-luster-1827-1902-gift-tre-gongar-og-utvandra-i-1866-til-buffalo-co-wi-fleire-utfordrande-greiner-ma-til-overhalla-og-ringsaker/

 

der avsnittet om Chris Sylvester no ser slik ut etter opplysningane som Egil kom med ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

c. Christen, kjend som Chris Sylvester, f. i Luster 27.1.1858, utvandra til Amerika i 1866 og miste livet då han vart påkøyrd av eit tog nær Crookston, Minn. 11.4.1899.  Han gifte seg i Polk Co., Minn. 11.12.1882 med Anna Olsdotter frå Geitskardalen, Almås i Åsane, Hamre, i Amerika kjend som Anna Morvig.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Olson på Geitskardalen, Almås, opphavleg frå Kogjerdet, Morvik, og kona Gjertrud Knutsdotter frå Tyssen på Evanger og f. i Hamre 3.11.1862, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1878.  Chris og Anna Sylvester farma i Garfield township, Polk Co., Minn.  Som enkje gifte Anna seg sidan att med gardbrukarson og enkjemann Hans Hansson Hoium frå Skildeim (1850‑1928) (s.d.).  Ho d. i Fertile, Minn. 20.5.1935.  Christ og Anna fekk ei dotter i lag (sjå under Skildeim).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna kjem òg inn som ein del av huslyden til Hans Hoium, men dette manuskriptet er enno ikkje ferdig oppdatert...

 

Problemet kring Anna og opphavet hennar er soleis løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.