Lars E. Øyane Posted August 10, 2018 Share Posted August 10, 2018 Denne fødsli er registrert på Digitalarkivet: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001481460 Anna Olsdotter, fødd i Åsane 3.11.1862 - foreldri gardbrukar Ole Olson på Gjedeskar under Almås og kona Gjertrud Knutsdotter Dette må vera huslyden i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1254&kenr=014&bnr=0016&lnr=000 Denne Anna Olsdotter med ættenamnet Morvig gifte seg første gongen i Polk Co., MN 11.12.1882 med Christen Sylvester, fødd i Luster 27.1.1858. Han døydde ung (dato og stad ukjend), og Anna gifte seg att i Polk Co., MN 19.1.1901 med enkjemannen Hans Hansson Hoium, fødd i Luster 23.1.1850. Eg har vanskar med å få fram opplysningar hjå FamilySearch i kveld, men ancestry syner: FT1910 for Polk Co., MN seier at Anna utvandra i 1879 FT1920 for Polk Co., MN seier at Anna utvandra i 1872 Ho døydde i Polk Co., MN 20.5.1935.: https://www.findagrave.com/memorial/89614592 Kan nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til bygdeboki for Åsane, hjelpa meg finna ut av desse utfordringane: ** Finst dei ei forklaring på at denne huslyden skreiv seg Morvig i Amerika? ** På kva gard/plass var Anna oppvaksi? ** Kva er rett utvandringsår? ** På kva gard/plass var Ole Olson oppvaksen? ** På kva gard/plass var Gjertrud Knutsdotter oppvaksi? ** Kva opplysningar har bygdeboki om lagnaden til Anna i Amerika - særleg med omsyn til første ekteskapet hennar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Eli Randmo Posted August 10, 2018 Share Posted August 10, 2018 Eg har sendt over kopi av det bygdebøkene for Åsane skriv om denne huslyden til deg på epost. Opplysningane om Morvik, bnr. 2 Kogjerdet er henta frå bd. 4 q948.37 B/4 Bratland, Kenneth Åsane.IV. Slektshistorie : Salhus, Mjølkeråen, Morvik, Haukedal, Tertnes / Kenneth Bratland. - Bergen : Bodoni, 2010 . - 599 s. : ill., faks., kart (noen kol.), port. Bibliografi: s. 565. - Ordliste: s. 563 ISBN 978-82-7128-587-6 (ib.) Opplysningane om Almås, bnr. 3 Geitskardalen er henta frå bd. 2 q948.37 B/2 Bratland, Kenneth Åsane.II. Slektshistorie : Tellevik, Falkanger, Sætre, Ytre Hordvik, Midtre Hordvik, Indre Hordvik, Steinestø, Tuft, Hylkje, Almås, Haukås, Breistein, Brurås, Sæterstøl / Kenneth Bratland. - Bergen : Bodoni, 2008 . - 536 s. : ill., faks., kart, port. Bibliografi: s. 503-504. - Ordliste: s. 502 ISBN 978-82-7128-508-1 (ib.) Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted August 10, 2018 Author Share Posted August 10, 2018 Hjarteleg takk til Eli for tilsende sider frå bygdebøkene for Åsane! Eg har studert sidene, og so vidt eg kan sjå, finn eg svar på alle spørsmåli mine, med eitt unntak: ** Kva er rett utvandringsår? Det står at Ole og Gjertrud dreiv garden på Almås til 1878, men det står ikkje konkret at dei eventuelt utvandra det året... MEN, no fann eg dei i passasjerlistene over Bergen, og heile huslyden utvandra verkeleg i 1878: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=4031&merk=4031#ovre So då er problemet løyst, men eg let saki stå òpe enn so lenge, i tilfelle fleire opplysningar dukkar opp om lagnaden til Anna Olsdotter i Amerika. Kenneth Bratland er for tidi på ferie, men han kan ha ekstra opplysningar «på lur», og dei vil eg gjerne sjå... Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Egil Johannessen Posted August 10, 2018 Share Posted August 10, 2018 (edited) Legger inn FT 1900 The 1900 United States Federal Census - Lenke FS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M93C-YGF Name: Anna Morriz [Anna Morvig] Age: 37 Birth Date: Nov 1862 Birthplace: Norway Home in 1900: Garfield, Polk, Minnesota Street: Polk Street Sheet Number: 17 Number of Dwelling in Order of Visitation: 107 Family Number: 119 Race: White Gender: Female Immigration Year: 1877 Relation to Head of House: Daughter Marital Status: Widowed Father's name: Ole Morriz Father's Birthplace: Norway Mother's name: Gertrid Morriz Mother's Birthplace: Norway Mother: Number of Living Children: 1 Mother: How Many Children: 1 Years in US: 23 Can Read: Yes Can Write: Yes Can Speak English: YesHousehold Members: Ole Morriz 67 Gertrid Morriz 62 Anna Morriz 37 Ole Morriz 27 Christina Morriz 15 Julia Morriz 16 Edited August 10, 2018 by Egil Johannessen Link to comment Share on other sites More sharing options...
Egil Johannessen Posted August 10, 2018 Share Posted August 10, 2018 (edited) ? Little Falls Weekly Transcript (Little Falls, Minnesota) 14 Apr 1899, Friday, Page 5 Svenska amerikanska posten, 18. april 1899, side 2 Edited August 10, 2018 by Egil Johannessen Link to comment Share on other sites More sharing options...
Egil Johannessen Posted August 10, 2018 Share Posted August 10, 2018 (edited) Legger inn konfirmasjonen til datteren Julia Maria - Lenke Ancestry: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=3576138 The U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969 Name: Julia Maria Sylvester Record Type: ConfirmationBirth Place: Crookston Minnesota, USA Confirmation Date: 6 Nov 1898 Father: Christ Sylvester Mother: Anna Sylvester Church Name: Concordia Lutheran Church Location: Fertile, Minnesota Edited August 10, 2018 by Egil Johannessen Link to comment Share on other sites More sharing options...
Egil Johannessen Posted August 10, 2018 Share Posted August 10, 2018 Her er vel familien i 1895, men både navn og alder avviker (spes. for Christ/Chris) Minnesota State Census, 1895 - Lenke FS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQDS-JMD Name: Christ Solvertersen Event Place: Garfield township, Polk, Minnesota Age (Original): 27y Birth Year (Estimated): 1868 Birthplace: Norway Race (Original): W Gender: Male Household Role Sex Age Birthplace Christ Solvertersen Male 27y Norway Anne Solvertersen Female 32y Norway Julia Maria Solvertersen Female 11y Minnesota Lenke Ancestry Link to comment Share on other sites More sharing options...
Jon Sværen Posted August 12, 2018 Share Posted August 12, 2018 Eg og har hatt personar i FT 1895, Minnesota, der BÅDE navn og alder avvik sterkt frå FT 1900. Det var heilt tilfeldige/flaks at eg klarte å finna mine ! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted August 13, 2018 Author Share Posted August 13, 2018 Hjarteleg takk til Egil og Jon for dei siste innleggi om Anna Olsdotter Morvig og opphavet hennar! Eg har i mellomtidi òg vore i kontakt med bokskrivaren for Åsane, Kenneth Bratland, og han har ikkje noko å tilføya som eg ikkje alt har fått greie på... Den eine biografien som inkluderer Anna Morvig, er ein del av denne huslyden: https://forum.arkivverket.no/topic/224656-sølfest-sølfestson-alias-sylvester-sylvesterson-frå-berge-i-luster-1827-1902-gift-tre-gongar-og-utvandra-i-1866-til-buffalo-co-wi-fleire-utfordrande-greiner-ma-til-overhalla-og-ringsaker/ der avsnittet om Chris Sylvester no ser slik ut etter opplysningane som Egil kom med ovanfor: ~~~~~~~~~~~~~~~ c. Christen, kjend som Chris Sylvester, f. i Luster 27.1.1858, utvandra til Amerika i 1866 og miste livet då han vart påkøyrd av eit tog nær Crookston, Minn. 11.4.1899. Han gifte seg i Polk Co., Minn. 11.12.1882 med Anna Olsdotter frå Geitskardalen, Almås i Åsane, Hamre, i Amerika kjend som Anna Morvig. Ho var dotter av gardbrukar Ole Olson på Geitskardalen, Almås, opphavleg frå Kogjerdet, Morvik, og kona Gjertrud Knutsdotter frå Tyssen på Evanger og f. i Hamre 3.11.1862, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1878. Chris og Anna Sylvester farma i Garfield township, Polk Co., Minn. Som enkje gifte Anna seg sidan att med gardbrukarson og enkjemann Hans Hansson Hoium frå Skildeim (1850‑1928) (s.d.). Ho d. i Fertile, Minn. 20.5.1935. Christ og Anna fekk ei dotter i lag (sjå under Skildeim). ~~~~~~~~~~~~~~~ Anna kjem òg inn som ein del av huslyden til Hans Hoium, men dette manuskriptet er enno ikkje ferdig oppdatert... Problemet kring Anna og opphavet hennar er soleis løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i so måte! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now