Gå til innhold
Arkivverket

Hans Andersson, fødd 1801 Lunden i Luster - gift på Laksevåg i 1827 med enkja Ingeborg Cecilie Engelsdotter frå Alvøen - men kvar vart det av dette parfolket?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Innlegg #26:

 

Hjarteleg takk til Lars J. som tydeleg har lese tankane mine «på avstand»!

 

No vert eg meir of meir overtydd om at Johanna rett og slett vart «bortsett» p.g.a. sjukdom, so det må vera rett person!  Nokon som er usamd?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Står det ikke g.k foran navnet til Johanne? Det står vel for gift kone? (Første lenken i det siste innlegget til Lars)

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stemmer det, Rune. Hun står som gift både i 1891 og ved dødsfallet, og vi ser vel også at Elling i utgangspunktet sto oppført som gift i 1891-tellingen? Jeg heller, som Lars Ø., nå mot at det er "vår" Johanne som ble sendt til Lindås. Kan flyttelister si noe?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #29:

 

Hjarteleg takk til Rune og Lars J. for dei siste innleggi!

 

Då er «saki» kring Johanna Larsdotter etter mitt syn løyst, og eg har sett opp eit revidert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andersson {Lunden}, døypt {i Luster} 17.5.1801,

Hans Andersson flytte i ung alder til Laksevåg ved Bergen og gifte seg der 26.8.1827 med enkja Ingeborg Cecilie Engelsdotter, opphavleg frå Skålevik på Laksevåg.  Ho var dotter av strandsitjar og matros Engel Andersson på Skålevikneset under Skålevik og kona Martha Nilsdotter frå Breivik og vart døypt på Laksevåg 13.5.1792.  Ingeborg gifte seg første gongen på Laksevåg 23.11.1817 med Lars Johannesson frå Myren, Alvøen på Laksevåg.  Han var son av gardbrukar og smed Johannes Monsson på Myren, Alvøen, opphavleg frå Tysse indre i Samnanger, og kona Anna Marie Hansdotter frå Myren og vart døypt på Laksevåg 1.1.1792.  Lars og Ingeborg var paktarar på Stykket, Myren, Alvøen på Laksevåg der Lars d. 8.7.1823.  Hans Andersson tok over som paktar på Stykket, Myren, Alvøen på Laksevåg der han d. 13.5.1847.  Ingeborg d. som enkje same staden 7.2.1860.  Dei fekk ikkje born i lag, men Ingeborg hadde tre døtrer frå første ekteskapet sitt:

a. Johanna Marie Larsdotter, f. på Laksevåg 5.8.1818, d. på Myren, Laksevåg 21.8.1818.

b. Johanna Helene Larsdotter, f. på Laksevåg 23.6.1819, vart sjuk og bortsett som fattiglem på Smørdal på Lindås der ho d. 4.7.1896.  Johanna gifte seg på Laksevåg 27.7.1851 med Elling Andreas Andersen frå Sørehamn, Alvøen, f. på Laksevåg 4.12.1831.  Han d. som fabrikkarbeidar på Alvøen 25.5.1918.  Elling var snikkar og tømmermann på papirfabrikken i Alvøen, og han og Johanna budde på Haugen, Alvøen på Laksevåg.  Dei fekk ni born i lag.

c. Serine Karine Larsdotter, f. på Laksevåg 15.5.1821, gifte seg i Torvastad 31.10.1850 med Christopher Conrad, kjend som Conrad Christopherson frå Leitet ved Lillesund, Haugesund, f. i Skåre 3.8.1824.  Conrad var innerst og målar, og parfolket budde på Leitet ved Lillesund i Haugesund, men utvandra i 1868 til Amerika med reisemål Chicago, Ill.  Kan henda budde dei òg ei tid der, men på 1870-talet busette dei seg nær Carrollton, Carroll Co., Miss. der Conrad livnærte seg som snikkar («carpenter»).  Sarah d. i Carroll Co., Miss.

 

 

     ##### (exact date of his death?)

 

 

     1886, medan Conrad Christopherson d. i Shawnee, Okla.

 

 

     ##### (exact date of his death?)

 

 

     1894.  Dei fekk seks born i lag.

 

 

     ##### (borni deira:

            * Ingeborg Vilhelmine, f. i Haugesund 22.4.1851, dpt. Skaare 11.5. – n. 1865

            * Christopher Conrad, f. i Haugesund 21.8.1852, dpt. Skaare 5.9. – n. 1865/1868

            * Lauritz Martin, f. i Haugesund 17.6.1854, dpt. Skaare 18.6. – n. 1865/1868

            * Marthe Marie, f. i Haugesund 27.7.1857, dpt. Skaare 30.8. – n. 1865/1868

            * Constance Serine, f. i Haugesund 29.3.1860, dpt. Skaare 8.4.

            * Conrad Severin, f. i Haugesund 4.5.1863, dpt. Skaare 24.5. – n. 1865/1868)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Då sit me att med spørsmåli kring opphavet til Johannes Monsson på Myren, om han var frå Tysse, og dødsfalli til Serine «Sarah» og Conrad Christopherson i Amerika, men desse vert det truleg vanskeleg å finna svar på...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjelder Johannes Monsen og hans evt opphav på Indre Tysse i Samnanger, så skal hans foreldre være  Mons Johannesson  Indre Tysse gift 1761 med Sigri/Siri Olsdtr. Haug. I følge bygdebok for Samnanger er Mons oppført som busitter på bruket fra 1759-1771, men etter det mangler det opplysninger om dem. Det kan jo da tyde på at familien flyttet på seg.

Under døpte i Os finner jeg et par med samme navn som døper en datter Synneve 05.03.1775 og da er bostedet Høysæter. Om det er samme familie var de da kanskje på vei mot Bergensområdet?

 

Jeg finner imidlertid ingen Mons Johannesson eller Siri Olsdtr. nevnt på Høysæter, så de har neppe blitt værende lenge der.

 

Ved vielsen til Johannes i 1788 er han ført som soldat. Kanskje man kan finne svar der på hvor han kom fra.

Det er ingen åpenbare slektninger av Johannes blant fadderne ved barnedåpene.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #32:

 

Hjarteleg takk til Rune for dei siste overtydande innleggi!

 

Jau, det står heilt klart at Johannes var fødd på «Tøsse i Samnanger», so då er ogso den saki løyst!

 

Eg har ført inn rettingi i Innlegg #29!

 

Då er det berre dei to dødsfalli i Amerikan som står òpne i denne huslyden!  Kjempebra!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.