Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Christen Johannesson Fjøsne eller Mørkrid - fødd i Luster 1761 - levde i Luster 1781 - forsvinn so sporlaust - kan henda til Bergen?


Recommended Posts

Denne personen har eg leitt etter i snart 40 år utan å finna spor etter kvar han vart av.

 

Kanskje nokon kan hjelpa meg leita etter han?

 

Johannes Paulson (1724-1780) og kona Mari Torgersdotter (1738-1814) var husmannsfolk på Sanden under Fjøsne i Luster.  Dei hadde fleire born som alle vart buande i Luster; berre denne eine sonen har eg vanskar med å finna att:

 

** Christen Johannesson, døypt i Luster 3.9.1761, er nemnd som konfirmant i 1781 og var då busett på Mørkrid i Luster, men det er siste gongen me ser han nemnd: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457738

 

Kvar i all verdi kan han ha vorte av?

 

Flytte han kan henda til Bergen?

 

Eller kan han vera identisk med denne gardbrukaren i Aure i Møre og Romsdal; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058432001580

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051103002054

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Grenader Christen Johannesen giftet seg med enken Berit Eriksdatter i Aure i 1793:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002441146

 

I 1801 er det forresten en Marit Johannesen, som står som "hans søster" og hun tilhører huslyden til Christen Johannesen: 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058432001583

Christen Johannesen kårmann på Ulfnes, død 1827, 64 år gml:

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 578/L0903: Ministerialbok nr. 578A02, 1819-1838, s. 204-205
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050706010380
 

 

Hjarteleg takk til Grethe og Richard for interessante innlegg om denne utfordringi!

 

Eg hadde ikkje observert at Christen Johannesson på Ulsnes i Aure er nemnd med ei søster Marit i 1801.  «Vår» Christen hadde rett nok ei eldre søster Martha, men ho vart buande i Luster og var gift lenge før 1801!

 

So då kan me sjå bort ifrå Christen Johannesson i Aure som ein «kandidat» for «vår» Christen, men kvar i all verdi kan «vår» Christen då ha vorte av??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden hans!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.