Jump to content
Arkivverket

Erik Nilsson Saue på Voss (1837- ) og kona Torbjørg Olsdotter Bø (1838-1879) - huslyden deira på Voss og i Amerika - manglande detaljar?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

8 hours ago, Lars E. Øyane said:

og kona Inger Vilhelmsdotter frå

     ##### (opphavet hennar? – vigsli: 28.12.1871: https://media.digitalarkivet.no/view/7092/85

 

Inger – nr 144 – fødd 4. juni – døypt 28. juni 1846 i Vangskyrkja - uægte – Ungk. Willum Jensen Dagestad og pige Ranvej Siursdtr Mossefind – takk til Else B. Rustad for tolking.

SAB, Voss Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 13, 1836-1851, s. 121

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070524640629

 

Vossaboki – band 4 – side 475:

På Dastadleite budde Jens Knutson Gjerme. Han var gift 1820 med Rannveig Velomsdtr. Bø.(...)

4 born – nr 2 var Velom. 1823 – skreddar, gift med Jorunn Torgeirsdtr Mølster.

 

På side 496 les eg om husmenn på Mosafinn:

Sjur Brynjulvson Liland, 1792 – 1867. Gift 1. 1815 med Ingebjørg Klasdtr Mosafinn.

Dottera Rannveig f. 1822 – gift 1866 med enkemann Olav Johannesson Nyre.

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Jostein for siste innlegget og avklaringi med omsyn til Inger Vilhelmsdotter!

 

Eg har no på morgonen sett litt meir på Sjur Sjurson og huslyden hans og har fått svar på en del.  Faren Sjur Styrkson var frå sjølve garden Gjerskval, men mori Gjertrud Knutsdotter har eg me vanskar med å finna ut av...

 

Går me so til Amerika, har eg oppdaga følgjande:

 

FT1900 syner Sever og Belle Severson i Chicago, IL: gifte i 15 år - 7 born, men ingen av dei levde: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D16Q-VFZ

 

FT1920 syner Sever med ei ny(?) kone i Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR6Q-3R9

 

Og dette må vel vera dødsfallet til «vår»Sjur Sjurson «Sever Severson» i Chicago, IL

 

Name Sever Severson
Event Type Death
Event Date 07 Feb 1936
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Address 6016 Nina Ave
Gender Male
Age 81
Marital Status Married
Race White
Occupation Inmate
Birth Date 24 Feb 1854
Birthplace Vast, , Norway
Funeral Home Halleman Funeral Home
Burial Date 10 Feb 1936
Burial Place Chicago, , Illinois
Cemetery Irving Park
Spouse's Name Marguiretie Severson
Informant's Name Sophie Holm
Entry Number 4086

 

Og dette må vera dødsfallet til den andre tyske kona Margaret Severson; dei budde i alle fall på same adresse:

 

Name Marguerite Severson
Event Type Death
Event Date 16 Jan 1942
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Address 6016 Nina Ave
Gender Female
Age 88
Marital Status Widowed
Race White
Occupation Housewife
Birth Date 03 Nov 1853
Birthplace Oldenberg, , Germany
Burial Date 17 Jan 1942
Burial Place Chicago, , Illinois
Cemetery ? Park
Informant's Name Mia Sparr
Entry Number 1613

 

Men kvar det vart av Ingeborg (Belle) har eg ikkje greid å finna ut av. 

 

Derimot KAN dette vera vigsli til Sever Severson og Margaret i Crown Point, Lake Co., IN 23.8.1918:

https://www.ancestry.com/interactive/60282/004839150_00104?pid=3659433&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx14595&_phstart=successSource

 

Her følgjer so ein oppdatert versjon av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #25 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Bjørnson Bø, frå Øygarden under Heltne i Dale, vart døypt 25.12.1805 og fekk 2.6.1837 auksjonsskøyte på Uri.  Han gifte seg 20.6.1838 med Kari Johannesdotter frå Bolstad, døypt 28.4.1796.  Ole og Kari vart buande i Uri og dreiv garden til 1841.

I 1841 flytte Ole Bjørnson og kona Kari til Voss der dei vart gardbrukarar på garden Bø.  Kari d. som kårkone på Bø på Voss 3.12.1872, medan Ole Bjørnson d. som kårmann same staden 13.10.1893.

Ole og Kari fekk ei dotter i lag; dessutan hadde Kari ein son frå før.  Båe var fødde og dels oppvaksne her i Luster:

 1. Svend Christianson (1817-1884), son av Kari og gardbrukar Christian Jørgenson på Søvde i Dale (1792-1854), vart husmann på Øygarden under Heltne i Dale.

 2. Torborg Olsdotter, f. 27.10.1838,

Torbjørg Olsdotter flytte i 1841 med foreldri til Bø på Voss og gifte seg på Voss 15.6.1858 med Erik Nilsson frå Saue på Voss.  Han var son av gardbrukar Nils Erikson på Saue og kona Ingeborg Andersdotter frå Vinje og f. på Voss 19.12.1837.  Torbjørg og Erik budde ei tid hjå foreldri hennar på Bø, men tok sidan over som gardbrukarar på heimebruket hans på Saue på Voss der Torbjørg d. som gardbrukarkone 17.1.1879.  Erik d. som gardbrukar same staden 10.8.1912.  Dei fekk ni born i lag:

a. Ingeborg Eriksdotter Saue, f. på Voss 31.7.1859, utvandra til Amerika i 1884, og gifte seg i Lee Co., Ill. 17.12.1884 med Sjur Sjurson frå Gjerskval på Voss, i Amerika kjend som Sever Severson.  Han var son av husmann Sjur Størkson på Teigen under Gjerskval, opphavleg frå Gjerskval, og kona Gjertrud Knutsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – kalla Mølster ved vigsli 23.6.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11772/382

     døypt frå Tverberg 24.6.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/11769/284

 

     og f. på Voss 26.2.1854.  Han utvandra òg til Amerika i 1884

 

     ##### (their destiny i America? – dates and places of death?)

 

     ##### (number of sons and daughters?)

 

b. Kari Eriksdotter Saue, f. på Voss 26.12.1860, d. på Voss 12.3.1939.  Kari gifte seg på Laksevåg ved Bergen 21.5.1883 med Nils Brynjulfson Løne frå Løne på Voss, f. på Voss 12.4.­1851.  Han d. på Voss 11.6.1929.  Kari og Nils tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Løne vestre på Voss og fekk fire born i lag.

c. Nils Erikson Saue, f. på Voss 28.6.1863, d. på Saue 19.3.1942.  Nils gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 8.4.1903 med Kari Andersdotter Tveite frå Tveite på Vossestrand, f. på Voss 18.2.1877.  Ho d. på Voss 19.8.1947.  Nils og Kari Saue tok over som gardbrukarar på heimebruket på Saue på Voss og budde der levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag.

d. Britha Eriksdotter Saue, f. på Voss 12.8.1865, gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 16.10.1885 med John Erikson Fenne frå Fenne på Voss, f. på Voss 7.2.1857.  John Fenne utvandra til Amerika alt i 1881, men var attendekomen derifrå.  So utvandra John på ny til Amerika i 1889, og i 1891 følgde Britha etter.  Men John Fenne d.

 

     ##### (date and place of his death? – US 1891!?)

 

     og Britha gifte seg

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage – US 1891?)

 

     att med Lars Erikson Fenne frå Fenne på Voss, ein yngre bror av John, f. på Voss 8.2.1874.  Han utvandra til Amerika i 1885. 

 

     ##### (budde i Munhall, Allegheny Co., Penn.!)

 

     Men i 1895 eller 1896

 

     ##### (kva år?)

 

     kom Lars og Britha attende til Noreg, og dei var

 

     ##### (gardbrukarar på Rokne på Voss? – 1900: arbeidsformann ved skiferbròt – bus. Saue)

 

     til dei i 1906 på ny fór til Amerika.  Reisemå­let var då Richmond, Va., og under namni Lars og Bertha Fenne finn me dei att som farmarar i Bruton district, York Co., Va., men kring 1915 flytte dei til Beloit, Rock Co., Wis. der Lars var maskinarbeidar («machinist»).  Bertha d. i Beloit, Wis. 8.1.1933, medan Lars Fenne d. same staden 12.8.1949.  Bertha fekk i alt ti born, to frå første ekteskapet og åtte frå det andre.

e. Olina Eriksdotter Saue, f. på Voss 17.12.1867, d. på Bø på Voss 3.1.1870.

f. Olaf Erikson Saue, kjend som Ole E. Saue, f. på Voss 10.1.1870, utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Chicago, Ill. 26.4.1894 med Ingeborg Torbjørnsdotter Hauge frå Hauge på Voss, i Amerika kjend som Belle Hauge.  Ho var dotter av husmann Torbjørn Knutson på Haugamoen under Hauge, opphavleg frå Hakestad i Ulvik, og kona Inger Vilhelmsdotter frå Mulen øvre under Mossefinn og f. på Voss 1.2.1875, men utvandra til Amerika i 1891.  Ole Saue var ei tid kontormann («express man») i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte først på 1900-talet til Lake Mills, Jefferson Co., Wis. der han dreiv landhandel («general merchant») før han og Bella slo seg ned som farmarar i Sun Prairie township, Dane Co., Wis.  Som pensjonistar flytte dei inn til Madison, Dane Co., Wis. der Ole d. 18.10.1940.  Belle Saue d. same staden 23.12.1959.  Dei fekk tre born i lag.

g. Olina Eriksdotter Saue, f. på Voss 6.10.1872, d. på helsetunet på Voss 15.4.1965.  Ho gifte seg i Årstad, Bergen 21.12.1892 med Ivar Larsson Løne frå Løne på Voss, f. på Voss 19.7.­1874.  Han d. på Løne 22.2.1958.  Olina og Ivar tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Løne austre på Voss og fekk to søner i lag.

h. Barbro Eriksdotter Saue, f. på Voss 27.3.1875, d. på Vinje på Vossestrond 24.10.1940.  Ho gifte seg på Voss 2.7.1895 med Anders Rognaldson Sundve frå Sundve på Vossestrond, f. på Voss 15.9.1873.  Han d. på Vinje 17.2.1956.  Anders og Barbro tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Sundve på Vossestrond, Voss og fekk ein son i lag.

i. Torbjørg Eriksdotter Saue, f. på Voss 16.12.1878, d. på Voss 25.2.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

 

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Eg kontakta Statsarkivet i Bergen me følgjande opplysningar om dødsfallet til Erik Saue i 1912:

 

«Erik Nilsen Saue var dødsfall nr 2 i august 1912 i Voss. Han etterlet seg "6 myndige børn hvoraf 2 i Amerika".»

 

Dei hadde òg lagt ved ei erklæring frå ervingane i Amerika, mellom anna ei frå Sjur Surson Gjerskval der han fråseier seg alle krav om arv.  Og sidan det var to andre born som då levde i Amerika, Britha og Olaf, lyt me tolka dette slik at Ingeborg Eriksdotter døydde før 1912, men er det mogeleg å finna dødsfallet hennar i Chicago, IL - mellom 1900 og 1912??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

lyt me tolka dette slik at Ingeborg Eriksdotter døydde før 1912, men er det mogeleg å finna dødsfallet hennar i Chicago, IL - mellom 1900 og 1912??

 

?

The U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969 - Lenke Ancestry
Name:    Ingeborg Sivertsen
Record Type:    Death
Death Date:    2 Nov 1907
Burial Date:    5 Nov
Church Name:    Trinity Lutheran Church
Church Location:    Chicago, Illinois

 

1907_IS.jpg

Link to comment
Share on other sites

På adressen 6016 Nina Avenue lå Norwegian Old People's Home

 

Salvert Silvertsen og Margaret Silvertsen bodde der i 1930:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XSPR-SZ1

 

Marguerite Severson bodde der som enke i 1940:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K4MC-851

 

Edited by Lars Waaltorp
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Egil og Lars W. for nye imponerande innlegg!

 

Då er med andre ord Ingeborg kommi til rette.  Dette Severson-namnet hart so mange ulike variantar...!

 

Elles har eg no i ettermiddag freista finna ut kven denne Marguerite Hendricks kan ha vore, som Sever gifte seg att med i 1918, men det ser ikkje so enkelt ut.  Dette er truleg Margaret Hendricks i FT1910 for Chicago, IL, utvandra 1878, enkje med seks born derav fem i live:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVW-HBY

 

Dette er truleg eldste sonen Charles Hendricks i WW1draft, der mori er nemnd som næraste pårørande:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-814X-57Y

 

Og her er einaste dotteri frå FT1910 Sophie med mann Joseph Wayman og ei dotter i Chicago, IL 1900:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DZJS-K6W

 

og vigsli til Joseph Wayman og Sophie Henrice:

 

Name Joseph S. Wayman
Age 26
Birth Year (Estimated) 1873
Birth Date 1873
Spouse's Name Sophie Henrice
Spouse's Age 19
Spouse's Birth Year (Estimated) 1880
Spouse's Birth Date 1880
License Type Marriage
Event Date 26 Apr 1899
Event Place Chicago, Cook, Illinois, Usa

 

Elles er det jo påfallande at ho står med utvandringsår 1884, same som mann sin, både i 1920 og i 1930, medan ho både i 1930 og 1940 er vorti 100% «norsk»!

 

Kanskje ein OBITUARY etter Marguerite Severson kan hjelpa oss finna ut kven ho var?

 

Her kjem eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Bjørnson Bø, frå Øygarden under Heltne i Dale, vart døypt 25.12.1805 og fekk 2.6.1837 auksjonsskøyte på Uri.  Han gifte seg 20.6.1838 med Kari Johannesdotter frå Bolstad, døypt 28.4.1796.  Ole og Kari vart buande i Uri og dreiv garden til 1841.

I 1841 flytte Ole Bjørnson og kona Kari til Voss der dei vart gardbrukarar på garden Bø.  Kari d. som kårkone på Bø på Voss 3.12.1872, medan Ole Bjørnson d. som kårmann same staden 13.10.1893.

Ole og Kari fekk ei dotter i lag; dessutan hadde Kari ein son frå før.  Båe var fødde og dels oppvaksne her i Luster:

 1. Svend Christianson (1817-1884), son av Kari og gardbrukar Christian Jørgenson på Søvde i Dale (1792-1854), vart husmann på Øygarden under Heltne i Dale.

 2. Torborg Olsdotter, f. 27.10.1838,

Torbjørg Olsdotter flytte i 1841 med foreldri til Bø på Voss og gifte seg på Voss 15.6.1858 med Erik Nilsson frå Saue på Voss.  Han var son av gardbrukar Nils Erikson på Saue og kona Ingeborg Andersdotter frå Vinje og f. på Voss 19.12.1837.  Torbjørg og Erik budde ei tid hjå foreldri hennar på Bø, men tok sidan over som gardbrukarar på heimebruket hans på Saue på Voss der Torbjørg d. som gardbrukarkone 17.1.1879.  Erik d. som gardbrukar same staden 10.8.1912.  Dei fekk ni born i lag:

a. Ingeborg Eriksdotter Saue, f. på Voss 31.7.1859, utvandra til Amerika i 1884, og gifte seg i Lee Co., Ill. 17.12.1884 med Sjur Sjurson frå Gjerskval på Voss, i Amerika kjend som Sever Severson.  Han var son av husmann Sjur Størkson på Teigen under Gjerskval, opphavleg frå Gjerskval, og kona Gjertrud Knutsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – kalla Mølster ved vigsli 23.6.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11772/382

     døypt frå Tverberg 24.6.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/11769/284

     konfirmert frå Oppeland(?): https://media.digitalarkivet.no/view/11772/240

 

     og f. på Voss 26.2.1854.  Han utvandra òg til Amerika i 1884.  Sever var snikkar og sidan byggmeistar («carpenter and contractor»), og han og Ingeborg budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Ingeborg d. 2.11.1907.  Sever gifte seg som enkjemann 23.8.1918 att i Crown Point, Ind. med enkja Marguerite Hendricks,

 

     ##### (apparently born in Oldenburg, Germany Nov. 3, 1853!? – who was she?)

 

     Sever og Marguerite vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Sever d. 10.2.1936.  Marguerite Severson d. same staden 16.1.1942.  Marguerite hadde visstnok seks born frå første ekteskapet sitt, medan Sever og Ingeborg fekk sju born i lag, som alle d. i ung alder.

b. Kari Eriksdotter Saue, f. på Voss 26.12.1860, d. på Voss 12.3.1939.  Kari gifte seg på Laksevåg ved Bergen 21.5.1883 med Nils Brynjulfson Løne frå Løne på Voss, f. på Voss 12.4.­1851.  Han d. på Voss 11.6.1929.  Kari og Nils tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Løne vestre på Voss og fekk fire born i lag.

c. Nils Erikson Saue, f. på Voss 28.6.1863, d. på Saue 19.3.1942.  Nils gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 8.4.1903 med Kari Andersdotter Tveite frå Tveite på Vossestrand, f. på Voss 18.2.1877.  Ho d. på Voss 19.8.1947.  Nils og Kari Saue tok over som gardbrukarar på heimebruket på Saue på Voss og budde der levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag.

d. Britha Eriksdotter Saue, f. på Voss 12.8.1865, gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 16.10.1885 med John Erikson Fenne frå Fenne på Voss, f. på Voss 7.2.1857.  John Fenne utvandra til Amerika alt i 1881, men var attendekomen derifrå.  So utvandra John på ny til Amerika i 1889, og i 1891 følgde Britha etter.  Men John Fenne d.

 

     ##### (date and place of his death? – US 1891!?)

 

     og Britha gifte seg

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage – US 1891?)

 

     att med Lars Erikson Fenne frå Fenne på Voss, ein yngre bror av John, f. på Voss 8.2.1874.  Han utvandra til Amerika i 1885. 

 

     ##### (budde i Munhall, Allegheny Co., Penn.!)

 

     Men i 1895 eller 1896

 

     ##### (kva år?)

 

     kom Lars og Britha attende til Noreg, og dei var

 

     ##### (gardbrukarar på Rokne på Voss? – 1900: arbeidsformann ved skiferbròt – bus. Saue)

 

     til dei i 1906 på ny fór til Amerika.  Reisemå­let var då Richmond, Va., og under namni Lars og Bertha Fenne finn me dei att som farmarar i Bruton district, York Co., Va., men kring 1915 flytte dei til Beloit, Rock Co., Wis. der Lars var maskinarbeidar («machinist»).  Bertha d. i Beloit, Wis. 8.1.1933, medan Lars Fenne d. same staden 12.8.1949.  Bertha fekk i alt ti born, to frå første ekteskapet og åtte frå det andre.

e. Olina Eriksdotter Saue, f. på Voss 17.12.1867, d. på Bø på Voss 3.1.1870.

f. Olaf Erikson Saue, kjend som Ole E. Saue, f. på Voss 10.1.1870, utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Chicago, Ill. 26.4.1894 med Ingeborg Torbjørnsdotter Hauge frå Hauge på Voss, i Amerika kjend som Belle Hauge.  Ho var dotter av husmann Torbjørn Knutson på Haugamoen under Hauge, opphavleg frå Hakestad i Ulvik, og kona Inger Vilhelmsdotter frå Mulen øvre under Mossefinn og f. på Voss 1.2.1875, men utvandra til Amerika i 1891.  Ole Saue var ei tid kontormann («express man») i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte først på 1900-talet til Lake Mills, Jefferson Co., Wis. der han dreiv landhandel («general merchant») før han og Bella slo seg ned som farmarar i Sun Prairie township, Dane Co., Wis.  Som pensjonistar flytte dei inn til Madison, Dane Co., Wis. der Ole d. 18.10.1940.  Belle Saue d. same staden 23.12.1959.  Dei fekk tre born i lag.

g. Olina Eriksdotter Saue, f. på Voss 6.10.1872, d. på helsetunet på Voss 15.4.1965.  Ho gifte seg i Årstad, Bergen 21.12.1892 med Ivar Larsson Løne frå Løne på Voss, f. på Voss 19.7.­1874.  Han d. på Løne 22.2.1958.  Olina og Ivar tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Løne austre på Voss og fekk to søner i lag.

h. Barbro Eriksdotter Saue, f. på Voss 27.3.1875, d. på Vinje på Vossestrond 24.10.1940.  Ho gifte seg på Voss 2.7.1895 med Anders Rognaldson Sundve frå Sundve på Vossestrond, f. på Voss 15.9.1873.  Han d. på Vinje 17.2.1956.  Anders og Barbro tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Sundve på Vossestrond, Voss og fekk ein son i lag.

i. Torbjørg Eriksdotter Saue, f. på Voss 16.12.1878, d. på Voss 25.2.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje det òg let seg gjera identifisera mor til Sjur Sjurson frå Gjerskval, Gjertrud Knutsdotter?  So vidt eg kan sjå, vart ho fødd på Tverberg, konfirmert frå Oppeland og budde på Mølster då ho gifte seg, men kvar voks ho opp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.