Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Zacharias Andersson Ottum - fødd i Luster 1868 - utvandra til Amerika i 1911, men forsvinn sporlaust - ikkje nemnd i skiftet etter faren 1927 - kvar kan han ha vorte av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Zakarias Andersson Ottum, eldste son av Anders Zakariasson (1837-1927) og Kari Jacobsdotter (1838-1922), gardbrukarar på Ottum i Luster, var fødd i Luster 18.4.1868.

 

FT1900 syner han som busett heime i Luster som ugift driftehandlar: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037351000994

 

FT1910 syner han som ugift gardbrukar, busett i Luster, men mellombels med opphald i Christiania: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392131198

 

I 1911 utvandra Zakarias Ottum til Amerika.  Eg finn han ikkje i passasjerlistene over Bergen, men her er han på ei passasjerliste på ancestry og her står det at reisemålet hans var Chaplain, SK:

https://www.ancestry.com/interactive/1263/IMCANQC1865_T4774-00110?pid=6184179&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx13970&_phstart=successSource

 

Og det er det siste me ser til han.  Då det i 1927 vart halde skifte etter faren Anders Ottum i Luster, er Zakarias ikkje nemnd, so me lyt tru han var avliden utan å etterlata seg born...

 

Eg kan leggja til at faren Anders 29.5.1915 skreiv skøyte på heimegarden til broren Jakob Andersson Ottum (1870-1951).  Kanskje var Zakarias alt då avliden, eller han hadde sagt frå seg garden?

 

Det hadde vore kjempeflott å finna ut kva som skjedde med Zakarias, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

The Manitoba, Saskatchewan and Alberta, Canada, Homestead Grant Registers, 1872-1930 - Lenke Ancestry
Name:    Sakarias Ottum
Application Date:    8 May 1911
Place:    Saskatchewan, Canada
Part:    SW
Section:    4
Range:    4
Meridian:    W3

 

The Web: Saskatchewan, Death Index, 1889-1916 - Lenke Ancestry
Name:    Sakarias Ottum
Gender:    Male
Death Date:    28 Sep 1912
Death Place:    Saskatchewan, Canada

 

Saskatchewan Probate Estate Files, 1887-1931 - Lenke FS - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KSNT-693
Name:    Sakarias Ottum
Event Type:    Probate
Event Date:    1913
Judicial District:    Moose Jaw
File Number:    949

ZAC Ottum.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for kjapt og godt svar!  Eg er imponert over kva du greier å grava fram!

 

Problemet er med eitt løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.