Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Ingebrigtson (1744-1794) - frå Hafslo til Bergen - men kven var andre kona hans, og kvar vart det av alle borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi er ei oppfølging av tema #17930 frå det gamle brukarforum:

https://forum.arkivverket.no/topic/103677-17930-johannes-ingebrigtsen-drager-i-bergen-d-1794-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-853159

 

Då huslyden til Johannes Ingebrigtson (Øien) var oppe til drøfting mellom 2003 og 2006, fann me svar på nokre spørsmål, men framleis er det myklje som er uklårt, og no vonar egtat nye auge kan sjå på denne huslyden og kanskje bidra med å føya til nye detaljar?

 

Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Ingebrigtson Øien, frå Grindhaug 1 under Marheim, vart døypt {i Hafslo} 12.1.1744 og gifte seg første gongen 22.10.1769 med Inga Paulsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen.  Ho vart døypt {i Hafslo} 30.1.1746.  Johannes og Inga tok over styringi av heimeplassen hennar frå 1770, og 4.6.1771 fekk Johannes formell festesetel på plassen hjå Anders Pederson på Marheim.  Johannes og Inga dreiv plassen fram til kring 1780.

Johannes Ingebrigtsen og kona Inger flytte kring 1780 til Bergen og busette seg i Strangehagen der Johannes livnærte seg som dragar.  Inger vart gravlagd i Bergen 8.4.1785, og Johannes gifte seg 25.3.1787 att i Bergen med Anna Thorsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

Johannes heldt fram som drager i Bergen, men vart funnen død i ein brønn og vart gravlagd i Bergen 23.9.1794. 

 

##### (seinare lagnad Anna?)

 

Me kjenner til sju born etter Johannes, som alle var frå første ekteskapet med Inger:

 

##### (kan det ha vore fleire born? – oppl.?)

 

a. Peder Johannessen, døypt i Hafslo 5.9.1769, levde i 1776

 

     ##### (sikkert faren til Bergen med foreldri sine – lagnaden hans?)

 

b. Anna Johannessen, døypt i Hafslo 16.11.1771,

 

     ##### (sikkert òg fari med foreldri til Bergen – lagnaden hennar?)

 

c. Ingebrigt Johannessen, døypt i Hafslo 25.5.1775,

 

     ##### (sikkert faren til Bergen i lag med foreldri – lagnaden hans?)

 

d. Solvi, kjend som Sylvia Johannessen, døypt i Hafslo 24.11.1776, flytte med foreldri til Bergen der ho d. 14.1.1867.  Ho gifte seg første gongen i Bergen 21.10.1798 med Johannes Jacobsen, sidan kjend som Johan Jacob Steen, døypt i Bergen 30.9.1774.  Johan var skomakar, men d. i Bergen alt

 

     ##### (dødsdatoen hans? – kring 1805!?)

 

     Sylvia gifte seg 14.8.1808 att i Bergen med Ole Erikson Holstad, f. på Holstad i Ulstein kring 1767.  Han d. visstnok i Bergen 13.8.1840. 

 

     ##### (sjekka om det var han?)

 

     Ole var matros, og han og Sylvia vart buande i Bergen levetidi ut.  Sylvia fekk i alt elleve born, fire frå første ekteskapet og sju frå det andre.  Mellom desse borni var tre tvillingpar.

e. Anders Johannessen (1778-1779), f. og d. i Hafslo.

f. Bertha Johannessen, tvilling, f. i Bergen 26.1.1785,

 

     ##### (ho eller tvillingsøsteri Metta vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?)

 

g. Metta Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 26.1.1785,

 

     ##### (ho eller tvillingsøsteri Bertha vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Solvi, kjend som Sylvia Johannessen, døypt i Hafslo 24.11.1776, flytte med foreldri til Bergen der ho d. 14.1.1867.  Ho gifte seg første gongen i Bergen 21.10.1798 med Johannes Jacobsen, sidan kjend som Johan Jacob Steen, døypt i Bergen 30.9.1774.  Johan var skomakar, men d. i Bergen alt

 

     ##### (dødsdatoen hans? – kring 1805!?)

 

Er dette Solvie f.t. i 1801? Gift med Johannes Steensen:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390008168

 

Kan dette være Johan Jacob Steen i Undersøkelseskommisjonen?

https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000011221

https://www.digitalarkivet.no/view/213/op00000000009277

 

Sønnen Johan Steen:

https://www.digitalarkivet.no/view/213/op00000000009278

 

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Sylvia gifte seg 14.8.1808 att i Bergen med Ole Erikson Holstad, f. på Holstad i Ulstein kring 1767.  Han d. visstnok i Bergen 13.8.1840. 

     ##### (sjekka om det var han?)

 

Legger for ordens skyld inn giftermålet i 1808:

https://www.digitalarkivet.no/view/213/op00000000009278

 

Tenker du på denne dødsfallsregistreringen, Lars? - "Soefarende Ole Erichsen":

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 1 (1821-1847), Skifteprotokollside, Side 260b-261a
https://media.digitalarkivet.no/view/27883/262

 

Denne Ole var 73 år gammel, f. ca. 1767. Det står vel bare myndige arvinger og så er det nevnt to navn: Johannes Eriksen og Erik Eriksen. 

 

Bygdebok for Ulstein og Hareid, bind V:

 

 

Holstad.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Metta Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 26.1.1785,

 

     ##### (ho eller tvillingsøsteri Bertha vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?)

 

 

Jeg finner en Mette Johannesdatter i St. Jørgens hospital i Bergen i 1801, men hun er født i 1783:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390013679

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Då har du stadfest at Erik Olson verkeleg var frå Holstad i Ulstein, men framleis manglar me dødsfallet til skomakar Johan Jacob Steen...!  Han gøymer seg godt!

 

Eg har tidlegare finne fleire foreldrelause born med foreldre frå Luster som i 1801 budde på St. Jørgen, og eg trur ikkje dei alle var spedalske.  Men denne Metta frå 1801 kan eg ikkje sjå noko meir til...  Ho ser ikkje ut til å vera korkje gift eller navlidi i Bergen...  Kan ho vera flytt «på landet»?

 

Leiting etter Anna Johannesdotter er ingen sjølvsagt «oppgåve».  Eg fryktar for at me kjem til å enda opp med fleire alternativ...

 

Det som eg elles tykkjer er påfallande med denne huslyden, er at ingen born er registrerte mellom Anders i 1778 og tvillingane Bertha og Metta i 1785.  Kan de ha butt ein annan stad før dei kom til Bergen??

 

Eg har so langt ikkje sett noko SKIFTE etter Inger Paulsdotter frå 1785...

 

Kanskje hadde det vore ein tanke å freista finna borni som KONFIRMANTAR i Bergen?  Strangehagen ligg i Nykyrkjesokni, og eg finn Sylvia Johannesdotter konfirmert i Nykyrkja i 1793, busett hjå enkja etter Jens Werner:

https://media.digitalarkivet.no/view/8734/18

 

Og i Nykyrkja konfirmert i 1794 finn eg Ingebrigt Johannesson, 18 år, busett hjå Mme Gabrielsen:

https://media.digitalarkivet.no/view/8734/19

 

Går me attende, finn me ei Anna Johannesdotter konfirmert i Nykyrkja i 1788, 17 år gamal, busett hjå Helvig Warendal:

https://media.digitalarkivet.no/view/8734/14

 

Og i Nykyrkja konfirmert i 1786 Per Johannesson, 17 år, busett hjå skomakar Henrik Møller:

https://media.digitalarkivet.no/view/8734/13

 

I mine auge ser det ut som om borni har vorte «utplasserte» etter at mori døydde i 1785, men dei vart alle buande i Nykyrkjesokni, i alle fall enn so lenge...  Men kvar har dei so gjort av seg??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~

 

Johannes Ingebrigtson Øien, frå Grindhaug 1 under Marheim, vart døypt 12.1.1744 og gifte seg første gongen 22.10.1769 med Inga Paulsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen.  Ho vart døypt 30.1.1746.  Johannes og Inga tok over styringi av heimeplassen hennar frå 1770, og 4.6.1771 fekk Johannes formell festesetel på plassen hjå Anders Pederson på Marheim.  Johannes og Inga dreiv plassen fram til kring 1780.

Johannes Ingebrigtsen og kona Inger flytte kring 1780 til Bergen og busette seg i Strangehagen der Johannes livnærte seg som dragar.  Inger vart gravlagd i Bergen 8.4.1785, og Johannes gifte seg 25.3.1787 att i Domkyrkja i Bergen med Anna Thorsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

Johannes heldt fram som drager i Bergen, men vart funnen død i ein brønn og vart gravlagd i Bergen 23.9.1794. 

 

##### (seinare lagnad Anna?)

 

Me kjenner til sju born etter Johannes, som alle var frå første ekteskapet med Inger:

 

##### (kan det ha vore fleire born? – oppl.?)

 

a. Peder Johannessen, døypt i Hafslo 5.9.1769, levde i 1776

 

     ##### (konf. NK, Bergen 1786 – lagnaden hans?)

 

b. Anna Johannessen, døypt i Hafslo 16.11.1771,

 

     ##### (konf. NK, Bergen 1788 – lagnaden hennar?)

 

c. Ingebrigt Johannessen, døypt i Hafslo 25.5.1775,

 

     ##### (konf. NK, Bergen 1794 – lagnaden hans?)

 

d. Solvi, kjend som Sylvia Johannessen, døypt i Hafslo 24.11.1776, flytte med foreldri til Bergen der ho d. 14.1.1867.  Ho gifte seg første gongen i Bergen 21.10.1798 med Johannes Jacobsen, sidan kjend som Johan Jacob Steen, døypt i Bergen 30.9.1774.  Johan var skomakar, men d. i Bergen alt

 

     ##### (dødsdatoen hans? – kring 1805!?)

 

     Sylvia gifte seg 14.8.1808 att i Bergen med Ole Erikson Holstad, f. på Holstad i Ulstein kring 1767.  Han d. som sjømann i Bergen 13.8.1840.  Ole var matros, og han og Sylvia vart buande i Bergen levetidi ut.  Sylvia fekk i alt elleve born, fire frå første ekteskapet og sju frå det andre.  Mellom desse borni var tre tvillingpar.

e. Anders Johannessen (1778-1779), f. og d. i Hafslo.

f. Bertha Johannessen, tvilling, f. i Bergen 26.1.1785,

 

     ##### (ho eller tvillingsøsteri Metta vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?)

 

g. Metta Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 26.1.1785,

 

     ##### (ho eller tvillingsøsteri Bertha vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – ei Metta Johannesdotter budde 1801 på St. Jørgen i Bergen – 18 år – kan vera ho? – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den ene kandidaten som Grethe viser til i # 5

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000600275

 

var 53 5/6 år når hun døde i 1825, det vil etter mine beregninger si at hun var født ca. medio november 1771. Hun giftet seg i 1805 med Lars Andersen

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000996169

 

Her er de i 1815 med barna Inger Kirstine, Albrigt Christian, Johannes og Anders

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079007869

Endret av Carsten Schanche
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg ser òg at alderen til denne Anna Johannesdotter stemmer «på ein prikk» med «vår» Anna, so eg tenkte eg ville sjå litt på kven som var fadrar til borni hennar:

 

* Inger Kirstine, f. 20.3.1807, døypt DK, Bergen 12.4.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/204

 

* Johannes, f. 27.7.1808, døypt DK, Bergen 7.8.1808: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/9

 

* Anders, f. 13.8.1810, døypt DK, Bergen 19.8.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/22

 

* Albert Christian, f. 14.1.1815, døypt DK, Bergen 22.1.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/51

 

Diverre ser eg ingen spennande namn mellom fadrane til desse borni, men eg trur likevel denne Anna er ein svært aktuell «kandidat» for «vår» Anna!  Eit argument som absolutt taler for, er namnet på eldste dotteri, Inger Kirstine.  Mor hennar Anna heitte jo Inga, og Anna var 14 år då mori døydde!

 

Eg lyt «tyggja» litt meir på dette, men takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sett og tenkt litt meir på denne huslyden og oppdaga at eitt faddernamn kjem att i alle fall to gongar, Ole Eriksen!

 

No er det sikkert fleire som heitte Ole Eriksen i Bergen, men ein av dei var han som tok over som husmann på plassen Øyen under Marheim etter at Johannes Ingebrigtsen flytte til Bergen, og her er huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~

 

Ole Erikson Marum, frå Skogateigen under Sviggo, var f. våren 1752 og gifte seg 27.10.1777 med Elisabeth Ellendsdotter frå nedre Jørongo.  Ho vart døypt 22.1.1747.  Ole og Elisabeth flytte til ein plass under Marheim kring 1780 og budde her til kring 1784.  Me trur det var i Øy dei oppheldt seg desse åri.

Ole Eriksen og kona Elisabeth flytte kring 1784 til Bergen der me finn Ole att som drager.  Parfolket busette seg i Verftsgaten i Bergen, men Elisabeth vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 17.11.1814.  Ole Eriksen d. som almisselem i Bergen 4.6.1836 og budde då i Knøsesmuget i Bergen.  Me kjenner til sju born etter dei:

a. Anna Olsdotter (1777-1831), vart gift med husmannssonen Jørgen Hermundson frå Røssemyrhaugen under Skår i Luster (1773-1829) (s.d.).

b. Rannei, kjend som Randi Olsdotter, døypt i Hafslo 17.1.1779, d. som enkje i Bergen 10.10.1844.  Rannei gifte seg i Bergen 21.11.1802 med Herman Schultz Jensen, f. i Bergen 28.3.1779.  Han d. på sjukehuset i Bergen 12.5.1840.  Herman var tømmermann, og han og Randi vart buande i Bergen levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

c. Erik Olson, døypt i Hafslo 15.9.1782, var seglmakarsvein i Bergen so seint som i 1804, men den seinare lagnaden hans er ukjend.

d. Ragnhild Olsdotter, f. i Bergen 12.5.1786, vart gravlagd i Bergen 13.12.1791.

e. Ole Olson, f. i Bergen 17.4.1789, vart gravlagd i Bergen 13.12.1791.

f. Berthe Margrethe Olsdotter, tvilling, f. i Bergen 29.7.1791, vart visstnok gravlagd i Bergen 10.9.1791.

g. Christiane Elisabeth Olsdotter, likeins tvilling og f. i DK, Bergen 29.7.1791, vart visstnok gravlagd i Bergen 30.9.1791.

 

~~~~~~~~~~~

 

Dersom dette er mannen som opptrer to gongar som faddar, er det eit nytt indisium på at det er «vår» Anna som gifte seg med bokbindaren i Bergen...

 

Eg har elles i kveld sett litt etter dei andre søskeni og finn ein tømmermann Ingebrigt Johannesson som døydde i Bergen 29.6.1832:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001038747

 

Han ligg i alle fall ikkje langt unna i alder, men KAN òg vera denne frå undersøkjingskommisjonen 1804(?):

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=1040&merk=1040#ovre

 

Elles trur EG me lyt sjå andre stadar etter Metta Johannesdotter, for ho har eg tidlegare identifisert som del av ein annan huslyd, som òg kom frå Luster og som er drøfta i dette emnet:

https://forum.arkivverket.no/topic/208279-tre-småjenter-av-bremer-ætti-frå-luster-til-bergen-på-1790-talet-men-kva-lagnad-fekk-dei/?tab=comments#comment-1752329

 

Det skal ikkje vera so enkelt dette, men eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.