Gå til innhold
Arkivverket

Sølfest Nilsson frå Svad i Luster (1733-1782) - gardbrukar på Farnes i Balestrand - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ingvar !

 

Kven som har feil, kan eg ikkje svara på. Men ekteskap mellom ei niese og ein morbror, vart nok ikkje godteke før event søknad til Kongen i København.

Eg veit ikkje om du og Trygve Mundal har vore inne på denne Slektssida i Slekt og Data, Slektsforum, SF, Vik:

2 damer frå Texas ....

Sendet ved 2 vedlegg:

http://www.norwayancestors.com/getperson.php?personID=I56273&tree=tree4

og:  http://www.norwayancestors.com/pedigree.php?personID=I42256&tree=tree4

 

Vær merksam på at dette ikkje er Primær-kjelder, Ingvar !

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut til at texikanarane også trur at Synneva gifte seg med morbroren sin.

 

Vel, så har nok eg og desse frå Texas noko til felles: Me nedstammar frå Synneva og Anders i Øvre Mundal.

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har noen kommentarer til de siste innleggene her (selv om de jo ikke har noe med det opprinnelige temaet å gjøre). 

 

Anbjørn Eriksen Bergheim var gift med Randi Hansdatter øvre Mundal  fra Fjærland. Dattera Synneva var gift med Anders Hansen på øvre Mundal. Randi og Anders var søsken, og barn av Hans Torsen øvre Mundal som det var skifte etter i 1698. Far og datter var altså gift med to søsken, noe som må sies å være ganske uvanlig.

 

Etter bygdeboka for Leikanger så var Synneva Anbjørnsdatter gift med sin egen morbror, noe som selvsagt ikke er riktig. Det var skifte etter Randi Hansdatter på Bergheim i 1720, hun hadde ingen barn og ble arvet av sine søsken. Hun er derfor ikke mor til Synneva.

 

På tinget på Eskestrand i Norum, Sogndal 28.11. 1666 står det at Anbjørn Berge i Feios stevner Lars Olsen Slinde på sitt umyndige barns vegne. Lars hadde vært formynder for Anbjørns avdøde kone Ellene Ellingsdatter for hennes arvelige lodd og anpart etter hennes avdøde foreldre. Det nevnes odelsgods i Slinde, Ellene eller Eli kan derfor være datter av Erlend Slinde eller Elling Slinde som begge nevnes i koppskatten 1645. 

 

Ting på Nornes i Sogndal 14.10. 1667. Her sies det direkte at Anbjørn Berge hadde ei datter Synneve med Ellene: 

https://media.digitalarkivet.no/view/28559/60

 

Litt mer om slektstavla som er nevnt tidligere. Botolv indre Borlaug bygslet garden i 1625 og kalles da Botell Ottesønn: 

https://media.digitalarkivet.no/view/76833/343

 

Sjur Monsen Dale var sønn av Mons Jomarsen Drege f. ca. 1593, skifte på Drege 26.1. 1655. Dette er nevnt i tingbok for Vik, det står også at Mons var gift med ei søster av Jon Ellendsen Holstad og avdøde Ole Bøe, begge i Vik. Far til disse var Ellend Jonsen Holstad i Vik nevnt 1610-1623. Under Feidje i Leikanger bygdebok er det nevnt at Mons Feidje og kona Gjørid Ellingsdatter var leilendinger der i 1640-åra, med datter Ingeborg. Det kan være samme ekteparet. Gjørid døde på Drege i 1700, 92 år gammel.

 

Mons er nevnt i ei skatteliste 1624 der det står at han hadde arvet i Sæbø etter sin mor, og hans far Jomar Drege hadde odel i Drege.

 

Av tingboka for Vik går det også fram at Mons Drege hadde flere barn enn sønnen Sjur nevnt i bygdeboka. Nils Monsen, smed og innvåner i Bergen var en, og det er nevnt at Nils hadde 10 medarvinger. Av disse nevnes Simen Monsen og Jon Monsen, samt Sjur Monsen Dale som var den eldste. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terje !

 

Når du er i stand til å lesa desse «kråketerna» frå 1625 og 1667, ja då forstår eg knapt nok rekk deg litt opp på skinnleggen.

 

Og som du sjølv skriv, Terje: Vi er utanfor dette oppr emnet ! Laaangt utanfor også !

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk igjen til Terje Tandsether for ei nyttig oppklåring. Dette er viktige opplysningar å ha med når det skal lagast ættebok for Fjærland.

 

Om eg forstår det rett, er det altså ikkje ekteskapet mellom Synneva og Anders som er feil, men derimot morskapet til Synneva. Ho har altså mest sannsynleg vore dotter av ei Eli frå Slinde, er det ikkje slik å forstå? 

 

Deretter får me det som eg oppfattar som nokre tilleggsopplysningar om slekta til Ola Olson Dalen. Mange takk for det også! Skal ta ein titt på dette i bygdeboka for Vik ved høve. Men det verkar som at her er nokre detaljar som har fått bygdebokforfattarane hus forbi.. 🙂

 

 

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg blett opp i Feios ættesoge, og skuffande nok har ho ikkje fåt med seg nokon av dei rettingane me har drøfta her.

 

Side 22 har boka ikkje fått med seg at Ola Olson frå Indre Borlaug kom til Indre Farnes. Og side 496 fastheld den nye ætteboka at Synneva Arnbørnsdotter frå Bergheim si mor var Randi Hansdotter.

 

Konklusjonen, særleg når det gjeld den siste saka, er vel at det er viktig å unngå fylgjefeil frå gamle bygdebøkrer når ein lagar nye. 

 

Og med det skal eg slutta å avspora denne tråden noko meir.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #32:

 

Eg bit meg vel merke i den siste kommentaren til Ingvar om «at det er viktig å unngå fylgjefeil frå gamle bygdebøkrer når ein lagar nye».

 

Nettopp av den grunn gjekk eg i si tid attende til originalkjeldene den gongen eg fekk i oppdrag å skriva nye Gards- og Ættesogebøker for Luster!  Oppattprenting av «gamalt nytt» har ikkje noko for seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til 4. siste innlegg (og noen avsluttende ord om dette, siden det har sklidd ut en smule fra det opprinnelige spørsmålet!) 

 

Ja, mor til Synneva Anbjørnsdatter het Eli(ne) Ellingsdatter, det sies tydelig. Synnevas eldste datter het også Eli.

 

På et ting i Kvamsøy 1677 (Ytre Sogn tingbok) sies det at Iver Ellingsen Øfsttuns slekt og svogere var Gaute Fimreite, Henrik Lomelde og Anbjørn Bergum. Gaute Fimreite var trolig gift med ei Ellingsdatter (hadde en sønn Elling f. 1677), Henrik Lomelde var gift med Anne Ellingsdatter og Anbjørn Bergheim var gift med Eli Ellingsdatter. Jeg tror at denne søskenflokken var barn av en Elling Fredriksen på øvre Slinde nevnt der 1645-1649, men det sies også at Elling hadde bodd på Hopperstad i Vik før han kom til Slinde. Elling var trolig sønn av Fredrik Sundvornes i Vik nevnt 1603-1624.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
På 18.1.2021 den 21.48, Terje Tandsether skrev:

Skiftet etter Ole Olsen på Indre Farnes i 1729 nevner som barnas verger blant annet farbroren Sjur Eggum og farsøstermannen Ingebrikt Åfet (gift med Unni Olsdatter Indre Borlaug). 

 

Denne Ole Olsen Dalen er derfor sønn av Ole Botolvsen Indre Borlaug og Unni Sjursdatter Dale. I bygdeboka for Leikanger under Indre Borlaug står det at disse hadde en sønn Ole, men ikke hvor det ble av ham.

 

Fra skiftet etter Ole i 1729:

https://media.digitalarkivet.no/view/24158/94

 

Eg sit no med Feios ættesoge føre meg og må få koma med ei ørlita retting til dette:

Ingebrikt (Toraldson) Åfet var gift med Kari, ikkje Unni, Olsdotter Borlaug. Dette går fram av Feios-boka side 22 og 459. Det var mora som heitte Unni.

 

Leikanger side 621 og 745.

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg lova i si tid at eg ikkje skulle avspora denne tråden noko meir. Men sidan me er inne på denslags, så er det eit mysterium til som dukkar opp når ein held saman bygdebøkene for Feios og Fjærland. Det er spørsmålet om kvar Gjørid Ellingsdotter Tjugum gjorde av seg.

 

Fyl ein Laberg si bygdebok for Balestrand er saka nokså enkel, ho slo seg ned i Horpedalen i Fjærland og fekk døtrene Brita og Mari (i det minste som levde opp). Gjørid er omtala som barn øvst på side 371 og som vaksen side 623. Denne historia vert stadfesta i Trygve K. Mundal si ættebok for Fjærland, under Horpedal øvst på side 4. Men her finn me i tillegg til Britha 1764 og Mari 1768 og Aamund 1772 og Kari 1773, som me ikkje ser noko meir til, og Randi 1774 som døydde 3 veker gamal. 

 

I bygdebøkene for Feios finn ein derimot heilt andre opplysningar om Gjørid Ellingsdotter. Ho dukkar opp i Leikanger bygdebok side 622 som husmannskone i Borlaugkroken i Indre Borlaug. Her er ho notert med borna Randi 1758, Oddmund 1760, Brita 1761, Oddmund 1762, Randi 1762, Oddmund 1767 og Mari 1768. Alle utanom Brita og Mari døydde småe, og då står me likevel att med dei same to døtrene som levde opp som hjå Laberg og for så vidt Mundal. Når det gjeld Mari er det til og med same fødselsår anten ho vart fødd i Borlaugkroken eller i Horpedalen, nemleg 1768. Når det gjeld Brita finn me derimot to ulike fødeår, 1761 og 1764. Det pussige er altså at slik sett er det likevel visse kontaktpunkt mellom dei motstridande historiene.

 

Både bøkene for Fjærland og Feios er dessutan samde om at mannen hennar var Ola Pe(de)rson, men dei er heilt usamde om kven han var. I den versjonen av historia som vert fortald i Fjærland var han son av Per Åmundson Horpedal (1702-1772), som Laberg fortel at dreiv eit bruk i Mundal ei tid, før han tok over farsgarden Horpedal. 

 

I Feios-versjonen av historia var han derimot son av Peder Olson Kolåsen/Borlaug (1691-17??). Begge versjonane er likevel paradoksalt nok samde om at mor hans heitte Synneva. Anten Synneva Johannesdotter Borlaug (1714-1794), slik dei trur i Fjærland, eller Synneva Olsdotter Henjum, slik dei trur i Feios. Og paradoksalt nok igjen, så finn ein denne Synneva, fødd 1714 og gift til Horpedal, i Leikanger bygdebok nedst på side 621. Så akkurat det er bygdebøkene samde om, men ikkje korvidt ho vart sigermor til Gjørid Ellingsdotter.

 

Den nye ætteboka for Feios burde ha gjeve oss svaret på desse spørsmåla, men ho gjentek berre i hovudsak den versjonen av historia som står i Leikanger bygdebok. Her finn me Gjørid Ellingsdotter på side 25. Her står rett nok at ho var frå Grøneng og ikkje noko om Tjugum, men det finn me svaret på i bygdeboka til Laberg side 352, der det går fram at faren, Elling Frikson, dreiv Grøneng ei tid før han overtok kona sitt bruk på Tjugum. Så det er nok framleis den same Gjørid Ellingsdotter me snakkar om.

 

Men i Feios-boka har ho litt færre born enn i Leikanger-boka. Nemleg Randi, Oddmund, Randi og Oddmund, alle døde unge, før Mari i 1768. Eg skriv dette dessverre utan Feios ættebok føre meg, så eg kan ikkje seia kva fødeår dei andre borna er utstyrde med i denne boka. Feios-boka grunngjev elles ikkje kvifor ho har fått redusert talet på born frå 7 til 5.

 

Konklusjonen er altså som i saka om Mundal og Bergheim at her er noko som ikkje stemmer, men det er vanskeleg å vita kva. Ein kan lura på om Ola Pederson har hatt husmannsplassen Borlaugkroken før han tok over heimegarden, sjølv om Laberg seier at han då heldt til i Mundal. Eller ein kan lura på om det var to systre som heitte Gjørid Ellingsdotter og begge vart gifte med ein Ola Pederson og begge fekk ei dotter Mari i 1768. Eller her er noko anna som har skjedd. 

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.