Gå til innhold
Arkivverket

Nils Eriksen (Sviggum) 1788-1868) - handelsmann i Bergen og huslyden hans - kvar vart det av sønene Erik og Johan Didrik?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Etter at det no i dette emnet:

https://forum.arkivverket.no/topic/226952-etterlyste-rekruttar-frå-luster-og-hafslo-kvar-vart-det-av-dei-eldre-emnetitel-johannes-christenson-beim-fødd-i-hafslo-1815-konfirmert-1830-forsvinn-sporlaust-men-truleg-avliden-før-1879-lagnaden-hans-kan-henda-til-nordland/

 

har dukka opp nye opplysningar om den sonen som handelsmann Nils Erikson (Sviggum) frå Hafslo fekk før han flytte til Bergen, ønskjer eg å ta opp denne huslyden til eigi drøfting i brukarforum.  Det er ikkje mange detaljane som mangler om denne huslyden, bortsett ifrå desse:

 

** Lagnaden til Erik Nilsson (Sviggum), skreddarlærlingen som i 1835 flytte til Lofoten?

 

** Lagnaden til Johan Didrik, fødd i Bergen 1825?

 

** Lagnaden til Anna Bergitt Johannessen, f. Hansen, fødd på Os 1852?

 

Her følgjer so manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enkja Anna Bergitte Olsdtr. Hansen, f. i Os den 23/2 1852, døypt 05/4 1852; var dotter av gjestgjevar i Kvalesund på Os, Ole Hansen Qvalesund f.1809 og kona Jacobine Conradine Hansdtr. Krüger f. 1821. Ole Hansen Qvalesund overtok gjestgjeveriet i Kvalesund etter bror sin i 1842. I tillegg til å vera gjestgjevar for ferdafolk hadde han òg eige notbruk, dreiv med sildesalting attåt og var ei tid ordførar i Os.

 

Anna Bergitte Hansen Kvalesund (Qvalesund) vart første gong gift med skippar Hans Arneson Sundøy i 1874. Sundøy i Os ligg i same grend som Kvalesund - Øyane. (Truleg oppkalla etter deg Lars) 🙂 😉

 

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Terje og Grethe for interessante og nyttige innlegg!

 

Det var overraskande å sjå at Johan Diderik framleis levde då han vart konfirmert i 1841; kvar kan han ha vorte av, tru?

 

Eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #1 slik:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Erikson {Sviggum}, døypt {i Hafslo} 17.8.1788,

Nils Eriksen flytte i ung alder til Bergen der han 31.8.1823 gifte seg med Anna Johnsdotter Davidsen frå Bergen.  Ho var dotter av tømmermann John Davidsen i Bergen, opphavleg frå Romslo i Haus, og kona Bertha Olsdotter, som visstnok var frå Sætre i Hamre, og vart døypt frå Milde store i Fana 24.6.1800, men voks opp i Bergen.  Nils fekk 4.9.1828 borgarskap i Bergen som høker og livnærte seg som handelsmann i Bergen levetidi ut.  Parfolket budde først i Trangesmuget på Nordnes, men flytte snart til Sandviksveien i Sandviken og budde ogso andre stader i same bydel.  Nils d. i Bergen 17.2.1868, medan Anna Eriksen d. same staden 6.9.1885.

Før Nils flytte til Bergen fekk han ein son i Hafslo, som visstnok voks opp på Sviggum:

a. Erik Nilsson, son av Nils og Kirsti Eriksdotter frå Alsteigen (1793-1857) som sidan vart gift med gardbrukar og enkjemann Nils Torstenson i Morki (1782-1853), vart døypt 26.12.1826 og ser ut til å ha vakse opp på Sviggum.

Erik Nilsson flytte på 1830-talet til Bergen der han gjekk i skreddarlære til han i 1835 flytte til

 

##### (Lofoten – seinare lagnad?)

 

Dette var altso sonen som Nils hadde frå før.

Men Nils og Anna fekk òg sju born i lag:

 

##### (dødsmeldingi 1868: fem myndige born derav to fråverande: https://media.digitalarkivet.no/view/23997/135

##### (dødsmeldingi 1885: fem myndige born: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/160

##### (dødsmeldingi 1871: mor og fem myndige søsken: https://media.digitalarkivet.no/view/23997/191

 

b. Ernst Olai Nilsson Eriksen, f. i Bergen 12.2.1824, d. i Bergen 25.9.1871.  Ernst var reipslagarsvein og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

c. Johan Diderik Nilsson Eriksen, f. i Bergen 2.10.1825,

 

     ##### (vart konfirmert i KK, Brgen 1841 – lagnaden hans? – d. før 1868!)

 

d. Susanne Sophie Nilsdotter Eriksen, f. i Bergen 15.2.1828, d. i Bergen 7.6.1917.  Susanne gifte seg i Bergen 27.9.1857 med enkjemannen Ingebrigt Rasmus Carlson Rasch, f. i Bergen 7.12.1825.  Han d. i Bergen 19.12.1902.  Ingebrigt gifte seg første gongen i Bergen 2.11.1851 med Anne Karine Jørgensen, f. i Bergen i 1807, men ho d. i Bergen alt 21.11.1855.  Ingebrigt Rasch var først reipslagarsvein, men vart sidan handelsmann.  Han budde i Bergen levetidi ut.  Ingebrigt Rasch fekk ei dotter, som var frå andre ekteskapet med Susanne Eriksen.

e. Ingeborg Agnethe Nilsdotter Eriksen, f. i Bergen 14.2.1830, d. i Bergen 9.2.1894.  Ingeborg budde i lag med foreldri i Bergen so lenge dei levde og sidan hjå broren Nils.  Ho var ugift.

f. Berthe Hansine Nilsdotter Eriksen, f. i Bergen 19.10.1834, d. i Leirvik på Stord 2.10.1917.  Ho gifte seg i Bergen 11.4.1864 med Knut Andersson frå Lyhammar i Kvinnherad, kjend som Knut Andersen.  Han var f. i Kvinnherad 26.9.1839 og d. i Leirvik på Stord 5.12.1910.  Knut var ei tid handelsbetjent i Bergen, men han og Berthe flytte kring 1867 til Leirvik på Stord der Knut var landhandlar, trygdeagent og sidan òg heradskasserar.  Dei fekk fem born i lag.

g. Nils Andreas Nilsson Eriksen, f. i Bergen 31.3.1837, d. i Bergen 27.2.1917.  Nils var korgmakarmeister og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

h. Marie Amalia Nilsdotter Eriksen, f. i Bergen 17.4.1840, d. i Bergen 7.1.1892.  Marie gifte seg i Bergen 3.5.1868 med Edvard Johan Ernstson Johannessen, f. i Bergen 8.4.1840.  Han d. i Bergen 27.9.1913.  Edvard gifte seg som enkjemann att i Bergen 14.11.1897 med enkja Anna Bergitte Olsdotter Arnesen, f. Hansen, opphavleg frå Kvalesund på Os, f. på Os 23.2.1852.  Ho d. som enkje i Bergen 8.6.1936.  Edvard Johannessen var kjøpmann og dampskipsekspeditør i Bergen der han budde levetidi ut.  Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Marie Eriksen.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.