Lars E. Øyane Posted October 30, 2018 Share Posted October 30, 2018 (edited) Eg syner til skifteprotokoll nr. 10 for indre Sogn pagina 281b: https://media.digitalarkivet.no/view/24143/283?indexing= I høgre spalte på venstre side er det skifte etter husmann Lars Halvorson i Årdal, og går ein til linje #9 so les eg: «..Vurdering efter Afdøde Huusmand Lars Halvorsen paa ........... (innskoten linje!) under Gaarden Hestethun..» Kan nokon tyda kva som står på den innskòtne linja? Er det eit plassnamn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited October 30, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted November 6, 2018 Author Share Posted November 6, 2018 Eg har no fått litt hjelp hjå Statsarkivet i Bergen til å nyskanna og forstørra skriftbiletet som eg her har etterlyst ei tolking av. So er spørsmålet om nokon no greier å tolka den innskòtne linja som eg har vanskar med å lesa. Eg takkar endå ein gong so mykje for hjelpi! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted November 18, 2018 Author Share Posted November 18, 2018 (edited) Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som tydeleg ingen late seg frista til å sjå nærare på, og eg er den førsd@te til å innrømma. Det er ikkje lett å tyda... Det dreier seg om denne innskòtne linja: «...Vurdering efter Afdøde Huusmand Lars Halvorsen som boede paa ??Ossende??. under Gaarden Hestethun...» Me veit at sonen Sjur Larsson var husmann på ein plass under Hestetun som heitte Osane, og eg lurer på - kan det vera ei «dansk form» av dette plassnamnet? Eg takkar på ny for alle gode tips om tolkingi av dette plassnamnet... Edited November 18, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Posted November 18, 2018 Share Posted November 18, 2018 Eg les det som "... som boede paa Pladsen under Gaarden Hestethun..." Det var kanskje berre éin plass under Hestetun? Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted November 18, 2018 Author Share Posted November 18, 2018 Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget! Eg har sett litt meir på denne saki, men eg lyt seia eg har vanskar med å sjå at det står Pladsen der. Det ville òg vera eit uvanleg namn på ein plass under Hestetun. Det var mange husmannsplassar under denne garden på den tidi, og dei låg alle på Farnes og var ein del av gruvesamfunnet i Øvre Årdal tidleg på 1700-talet. Eit stykke ut på 1800-talet hadde dei elles ein plass under Hestetun som vart kalla Oddeplassen, men det var mykje seinare... Kanskje nokon fleire vil sjå litt å dette plassnamnet - kva det kan vera? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Posted November 20, 2018 Share Posted November 20, 2018 Eg meiner også det står Pladsen. Ei forklaring kan vere at han har tenkt å skrive meir - "Pladsen Sånnogsånn" under Hestetun, og så har han ikkje heilt hugsa kva det skulle stå - vi tek det att, tenkjer han, og gløymer det. Korrekturlesing var ein lite utøvd idrett i gamle dagar. Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now