Gå til innhold
Arkivverket

Anders Arneson (1832-1889) - frå Kvalsvik i Luster til Nordland og so til Amerika - utvandringsåret og diverse opplysningar om stedotter og svigerdøtrer i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anders Arneson er mellom ungdomane som vart etterlyste då dei ikkje møtte til hærteneste i Luster i 1854.  Då det same året vart halde skifte etter faren i Luster, kjem det fram, at Anders reiste frå Luster kring 1849, og han skal ha butt ei tid i Nordland, men han utvandra sidan til Amerika der han vårern 1863 dukkar opp som brudgom i Dane Co., WI, so han må ha utvandra seinast i 1862!

 

Men er det mogeleg å finna ut kvar han var, medan han var i Nordland, og kva år utvandra han til Amerika?

 

Han hadde ein eldre bror Johannes Arneson, fødd i 1830, som òg reiste til Nordland.  Johannes gifte seg i Øksnes i 1855 og fekk ein son Anton Christian på Gimsøy i Vågan i 1858 før huslyden utvandra til Amerika kring 1860!  Kanskje Anders reiste i lag med dei??

 

Eg har finne bra med opplysningar om Anders i Amerika, men står fast på detaljar om stedotteri og konene til dei to sønene John Christian og Nels Louis.  Kanskje er det nokon som kan hjelpa meg komma vidare med denne huslyden?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Arneson {Kvalsvik}, f. {i Luster} 8.10.1832,

Andrew Weigen flytte fra Luster kring 1849, truleg til Nordland, men hamna noko seinare i Amerika.

 

##### (year of his emigration??)

 

Han gifte seg Dane Co., Wis. 27.3.1863 med Anna Johannesdotter frå Hola under Venjum i Hafslo, i Amerika kjend som Anna Johnson.  Ho var f. i Hafslo 26.2.1836 og utvandra til Amerika i 1856.  Andrew og Anna Johnson farma nokre år i Dane Co., Wis., men flytte kring 1867 til ein farm i Lodi township, Mower Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut. Andrew d. i Mower Co., Minn. 2.8.1889, medan Anna Weigen d. same staden 10.6.1907.  Dei fekk åtte born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før:

a. Britha, kjend som

 

     ##### (what was she known as?)

 

     dotter av Anna og gardbrukarsonen, dåverande enkjemann, Halvor Bugge Olson frå Hatleberg i Borgund, Lærdal (1820-1868), var f. i Dane Co., Wis. 7.8.1859,

 

     ##### (lived 1860 with mother in Bristol township, Dane Co., WI – not listed 1870 or 1875 – what became of her??)

 

b. John Christian Weigen, f. i Columbia Co., Wis. 30.5.1863, d. i Mower Co., Minn. 2.3.1894.  Han gifte seg i Mower Co., Minn. 13.10.1889 med Ragnild Gilbertson, f.

 

     ##### (place of her birth? – where in Wisconsin?)

 

     Wis. 21.1.1867 og d. i LeRoy, Minn. 24.12.1935. John og Ragnild Weigen farma i Lodi township, Mower Co., Minn. og fekk to døtrer i lag.

c. Arne Johan, kjend som Earnie J. Weigen, f. i Dane Co., Wis. 2.4.1865, farma i Lodi township, Mower Co., Minn., men d. ugift i LeRoy, Minn. 16.4.1935.

d. Nels Louis Weigen, f. i Dane Co., Wis. 26.5.1867, d. i Longmont, Colo. 7.5.1944. Han gifte seg i Mower Co., Minn. 27.12.1894 med Gina A.

 

     ##### (full name and middle name? – parents Ole Larson and Betsey Peterson!)

 

     Larson, f. i

 

     ##### (place of her birth? – WI)

 

     8.1.1871. Ho d. i Longmont, Colo. 5.10.1936.  Nels og Gina Weigen farma i Lodi township og sidan i Taopi township, båe i Mower Co., Minn., men flytte kring 1912 til McIntire, Mitchell Co., Ia. der Nels var jarnbarehandlar («hardware merchant») til dei kring 1925 tok pensjon og flytte til Longmont, Boulder Co., Colo.  Dei fekk ti born i lag.

e. Anton Olai Weigen, f. i Mower Co., Minn. 16.7.1869, farma i lag med broren Martin i Lodi township, Mower Co., Minn., men d. ugift i LeRoy, Minn. 7.5.1940.

f. Martin Weigen, f. i Mower Co., Minn. 26.11.1871, farma som nemnt i lag med broren Anton i Lodi township, Mower Co., Minn. og d.likeins ugift i LeRoy, Minn. 13.8.1949.

g. Anne Marie Weigen (1873‑1944), vart gift med Samuel Forthun, Jr. (1871‑1909), son av husmannssonen Samuel Olson frå Lovolden under Fortun (1832‑1903) (s.d.).

h. Lise Kirstine, kjend som Eliza Weigen, f. i Mower Co., Minn. 16.5.1878, d. ugift i Mower Co., Minn. 27.11.1901.

i. Sina Josephine Wigen, f. i Mower Co., Minn. 18.9.1880, d. i Austin, Minn. 4.12.1963. Sina var hushaldar («housekeeper¤) for brørne Anton og Martin på farmen deira i Lodi township, Mower Co., Minn. og vart likeins ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.