Gå til innhold
Arkivverket

Christopher (1860-1913) og Arne (1863- ) - brør frå Skagen i Luster, ein via Amerika til Bergen og ein via Bergen til Galleberg i Vestfold - kvar vart det av desse huslydane?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Lars W., Grethe og Lars J. for nye spennande og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Det er ei stor glede for meg å sjå at detaljane kjem på plass, ein etter hin, men det ser ut til at me treng direkte kontakt med etterkomarar for å få dei «ferskaste» opplysningane på plass...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei to brørne og huslydane deira:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

 8. Christopher Iverson {Skagen}, f. {i Luster} 30.10.1860,

Chris Skagen utvandra til Amerika i 1890 og var sidan ein gong heime på vitjing i 1903.  Han budde i Viroqua, Vernon Co., Wis. der han livnærte seg som vertshushaldar («saloon keeper»).  Men kring 1906 flytte han attende til Noreg,

 

##### (skulle ikkje heimreiseåret vera oppgjeve ved FT1910? –eg ser det ikkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708063002

 

og han gifte seg i Bergen 22.1.1910 med Ingeborg Andersdotter frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var dotter av strandsitjar og skreddar Anders Henrikson på Lærdalsøyri og kona Anna Hansdotter frå Helland og f. i Lærdal 22.9.1876.  Christopher Skagen var handelsmann («frihandlar») i Bergen, men d. i Kronviken i Årstad 12.5.1913.  Ingeborg Skagen d. som enkje på Kronstad i Årstad, Bergen 10.7.1939.  Dei fekk to born i lag:

a. Anna Bergljot Christophersdotter Skagen, f. i Bergen 4.6.1911, d. i Bergen 30.1.1986.  Anna gifte seg i Hosanger 28.12.1946

 

     ##### (eller vart berre bryllupet feira der?)

 

     med Bernhard Larsson Haaland frå Heldal i Hosanger, f. i Hosanger 30.1.1902.  Han d. i Bergen 9.3.1984. 

 

     ##### (oppl.? – ho kontordame i 1934 - han tobakkshandlar - 1951: timeskrivar)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - ein son Lars!?)

 

b. Ivar Albert Christopherson Skagen, f. i Bergen 25.10.1912, d. på eit sjukehus i Bergen 15.7.1999.  Han gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 9.3.1940 med Erna Margareth Bertrandsdotter Olsen frå Bergen, f. i Bergen 9.6.1916.  Ho d. eit omsorgssenter i Fana, Bergen 25.2.2008. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1940: politikonstabel Bergen!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? –to born(?) - inkl. Sissel Inger 1946-2013 og Eli g.m. John)

 

 9. Arne Iverson {Skagen}, f. {i Luster} 1.8.1863,

Arne Skagen skulle ha utvandra til Amerika i 1885, men det vert fortalt at han «hoppa av« på vegen etter eit båtuhell på veg til Bergen.

 

##### (landhandlar Nøstedstranden i Lier 1893-1894 - budde 1897 i Drammen, men var 1900 ugift skreddarmeistar busett på Trøgstad i Ullensaker)

 

Han gifte seg i Johanneskyrkja i Christiania 20.9.1901 med Maren Ovidie Olsdotter Ellingsen frå Ertelien, Åsterud på Tyristrand.  Ho var dotter av gardbrukar og gruvestigar Ole Ellingson på Ertelien, Åsterud på Tyristrand, opphavleg frå Nordengen på Tyristrand, og andre kona Anna Julia, kjend som Julia Olsdotter frå Borgen på Modum og f. på Tyristrand 17.3.1873.  Arne og Maren busette seg på Dalsrud, Galleberg i Sande der

 

##### (budde tydeleg der levetidi ut!?)

 

Arne d.

 

##### (dødsstaden?)

 

15.5.1940, medan Maren Skagen d.

 

##### (dødsstaden?)

 

11.8.1952.  Dei fekk fem born i lag:

 

##### (hadde dei kan henda fleire?)

 

a. Borghild Julie Arnesdotter Skagen, f. i Christiania 7.3.1902, d. i Ullensaker 21.4.1902. 

b. Dagny Marie Arnesdotter Skagen, f. i Ullensaker 22.7.1903, d.

 

     ##### (gravlagd Bragernes)

 

     6.3.1988.  Dagny gifte seg i Sande 1.2.1930 med Olav Helgeson Nøkleby frå Nøkleby i Norderhov, f. i Norderhov 23.7.1902.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – busett Bragernes 30.3.1968)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1930 reparatør Drammen)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

c. Ivar Olai Arneson Skagen, f. i Sande 9.11.1906, d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – bisett Bragernes)

 

     29.9.1985.  Han gifte seg på Hønefoss i Norderhov 12.11.1932 med Magnhild Kristiansdotter Hæhre frå Hønefoss, f. i Norderhov 20.8.1905.  Ho d. i Drammen 26.12.1993. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

d. Borghild Julie Arnesdotter Skagen, f. i Sande 30.4.1910, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? - gravlagd med foreldri – ugift? – lagnaden hennar?)

 

e. Anne Margrete Arnesdotter Skagen, f. i Sande 8.7.1913, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Sande)

 

     18.5.1955.  Anne gifte seg i Sande 17.4.1938 med Einar Wilhelm Karlson Larsen frå Sande, f. i Sande 3.11.1907.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Sande)

 

     25.12.1988. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1938 lagerekspeditør Sande – 1988 bus. Hanekleiva i Sande)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.