Gå til innhold
Arkivverket

Torkild Arneson Sørheim (1865) og Ole Erikson Dale (1871) - to unge lustringar som forsvann i Amerika - finst det spor etter dei nokon stad??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet handlar om to ungdomar frå Luster som eg har slite med i over 35 år for å finna lagnadane til i Amerika.  Kanskje er no tidi kommi til å komma vidare?

 

Torkild Arneson Sørheim, son av husmann Arne Torkildson på Nylenda under Sørheim (1829-1909) og kona Britha Sjursdotter frå Berge (1829-1907), var fødd i Luster 29.11.1865, og utvandra til Amerika i 1885.  Torklild hadde ein eldre halvbror Sjur Larsson Berge (1855-1937) som utvandra i 1877, og han har me finne att i Goodhue Co., MN der to av morbrørne deira var farmarar, men Sjur var ugift.  Nokon obituary etter Sjur, kjend som Severt Berge, har eg ikkje sett (han døydde 27.1.1937).  Kan Torkild ha hamna same staden?  Kanskje kalla han seg for Thomas i Amerika?

 

Sjur Larsson Berge fekk ein «uekte» son  Luster før han utvandra til Amerika.  Sonen, Kristian Sjurson Dale (1877-1960) vart buande i Luster, men denne Kristian hadde ein halvbror som utvandra:

 

Ole Erikson Dale, son av Erik Gjertson Fuhr (1842-1915) som sidan utvandra til Fort Worth, TX, og Christi Endresdotter Dale (1845-1909) som alltid budde i Luster.  Ole var fødd i Luster 18.5.1871 og utvandra i 1891 til Amerika, og om han har me ei fråsegn om at han framleis levde i Amerika i 1923, men ingen veit kvar han var!?

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde komma på sporet etter desse karane i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for mange imponerande innlegg!  Og vipps, er Ole Erikson dukka opp i Amerika!

 

No lyt eg setja meg ned for å reinskriva desse opplysningane, men eg ville gjerne få uttrykka takksemdi mi!

 

Er det lov å vona på at Torkild dukkar opp like kjapt...?

 

Ei ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera desse biografiane!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget!

 

Eg har no hatt høve til å sjå litt meir på opplysningane som er komne om Ole Erikson Dale, og eg ser jo no heilt klart at det er to ulike personar som her er omskrivne.  Den første, som var gift og budde i Goodhue Co., MN døydde tydeleg under namnet Ole L. Dahl i Goodhue Co., MN 18.1.1943, og her er vigsli hans i Red Wing, MN i 1898, ogso do som Ole L. Dahl:

 

Name: Ole L Dahl
Gender: Male
Marriage Date: 2 Apr 1898
Marriage Place: Red Wing, Goodhue, Minnesota
Spouse's Name: Anna Olson Grindahl
Spouse Gender: Female
Event Type: Marriage

 

So då er det ikkje so mykje meir å skriva om «vår» Ole Erikson Dale, bortsett ifrå at han er oppspora!  Kvar han elles har butt fram til 1920, er nok verre å seia noko sikkert om...  Eg ser ei ikjelde på ancestry.com påstår han var 1920 i St. Louis Co., MN: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=6061&h=47976464&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=2442

 

men bortsett ifrå det vert det vel kanskje vanskeleg...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #11:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet etter over to år «i dvale».

 

Lagnaden til Ole Erikson Dale kom «på plass» med ein gong, og følgjande manuskript ligg føre for han:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Erikson Dale, son av Christi og husmann Erik Gjertson på Kvitli under Fuhr (1842‑1915), var f. 18.5.1871.

Ole E. Dale utvandra til Amerika i 1891 og

 

##### (yrke og bustad før 1910?)

 

Sidan var han jarnbanearbeidar («railroad worker»), mellom anna i Kelliher, Beltrami Co., Minn. og i Proctor, St. Louis Co., Minn. til han i 1924 busette seg i Ontonagon, Ontonagon Co., Mich. der han sidan livnærte seg som farmstyrar og tømmerarbeidar («farm manager and lumber worker»).  Han d. ugift i Ontonagon, Mich. 26.8.1946.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg veit ikkje om det let seg gjera finna ut noko særleg meir om det «tidlege livet» til Ole i Amerika, men kanskje er det nokon som har tips å komma med?

 

Elles har eg ikkje greidd å finna ut noko meir om Torkild Arneson Sørheim etter han utvandra til Amerika, so der er eg svært spent på om nokon kan hjelpa meg vidare?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp desse gutane «over there»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.