Gå til innhold
Arkivverket

Ole Østenson Bolstad (1889-1945) - steinarbeidar i Bergen - gift tre gongar med jenter frå Tysnes - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jeg må få si takk for alle flotte og informative svar her idag. Ole hadde to tanter i Luster i Sogn, den ene utvandret til USA. Disse to grenene har holdt nær kontakt med hverandre i alle år over Atlanterhavet. Vi kaller hverandre alle cousins, min generasjon i Amerika er mine femmenninger. Idag fant jeg ut at det også er tre femmenninger her i Norge. Og de har fortsatt det gamle slektsnavnet fra Luster. Moro å vite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #30:

 

Hjarteleg takk til Kristian for mange spennande og nyttige innlegg.

 

Eg er ogso svært glad for at Birger har fått so mange nye opplysningar i slektstreet sitt!

 

Eg har sjekka ut vigsli til Agnes Vermedal i Sandvikskyrkja i Bergen og no oppdatert manuskriptet mitt frå innlegg #17:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Endå er nye opplysningar dukka opp, og dette manuskriptet er erstatta av eit nytt i innlegg #36 under!

 

Kanskje greier nokon å identifisera Ingvald Færevaag og vigsli/kona hans?  Kanskje er det meir å leggja til om Olav Bolstad?  Var han gift?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #36:

 

Hjarteleg takk til Kristian for nye utfyllande innlegg om denne huslyden!  Dette er jo kjempebra!

 

Det tek til verkeleg å «minka» på manglande detaljar, og eit oppdatert manuskriopt til erstatning for manuskriptet i innlegg #30 ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter eit nytt avklarande innlegg frå Sven er dette manuskriptet no nesten komplett og erstatta av eit nytt i innlegg #38 under!

 

Det hadde vore kjempekjekt om dei siste detaljane om Agnes og Leif kunne dukka opp, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Agnes Larsdotter Vermedal, dotter av Elise og steinarbeidar Lars Johannesen, var f. i Bergen 14.7.1925 og

     ##### (lever 2020?)

https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000003259290

 

Hun døde på Gullstøltunet Sykehjem ifølge dødsannonsen

 

Samme grav som Leif Lindal Larsen:

https://gravplass.no/gravsok/?firstName=agnes&lastName=larsen&yearOfDeath=2003&cemetery=&search=search

https://gravplass.no/gravsok/?firstName=leif&lastName=larsen&yearOfDeath=1994&cemetery=42f5756f-f30a-4ac5-a33d-df4f62413b13&search=search

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #38:

 

Hjarteleg takk til Sven for eit glimrande innlegg!

 

Etter dette er me nesten heilt i mål...  Det einaste eg no manglar, er yrket til Leif Lindal Larsen.  Kanskje vil dette gå fram av ei gamal adressebok eller telefonkatalog for Bergen?

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet som erstatning for manuskriptet i innlegg #36:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Østenson Bolstad, f. {i Luster} 1.9.1889,

Ole Østenson Bolstad flytte til Bergen der han gifte seg første gongen 3.1.1923 med Anna Sofie Hansdotter Færevaag frå Færevåg på Tysnes.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Sjurson på Færevåg, opphavleg frå Landeråen, og kona Martha Gundersdotter frå Færevåg og f. på Tysnes 23.9.1891.  Men Anna d. på eit sjukehus i Bergen 3.7.1927, og Ole gifte seg att i Bergen 6.10.1928 med enkja Bertha Marie Olsdotter Gjetlesen, opphavleg frå Skjellevik på Tysnes.  Ho var dotter av husmann og båtbyggjar Ole Engelson på Kalvevik under Skjellevik og kona Martha Christophersdotter frå Nesthus og f. på Tysnes 28.2.1882.  Men Bertha d. i Bergen 2.6.1931, og Ole gifte seg tredje gongen i Bergen 4.1.1932 med Elise Alette Amundsdotter Vermedal frå Vermedal på Tysnes.  Ho var dotter av gardbrukar Amund Erikson på Vermedal og andre kona Hansina Nilsdotter frå Brekke og f. på Tysnes 22.5.1895.  Ole Bolstad livnærte seg som steinarbeidar og budde levetidi ut i Bergen der han d. på eit sjukehus 25.10.1945.  Siste kona Elise Bolstad d. på eit sjukehus i Bergen 15.6.1986.  Ole Bolstad let etter seg to søner, ein frå første ekteskapet og ein frå det siste, men første kona hadde òg ein son frå før, medan siste kona hadde ei dotter frå før:

a. Ingvald Ingvaldson Færevaag, son av Anna og snikkar Ingvald Andreasson Ytre Birkeland frå Fana, var f. på Tysnes 9.5.1917 og d. på sjukeheimen på Tysnes 14.5.2006.  Han gifte seg på Tysnes 26.10.1940 med Anna, kjend som Annemor Fredriksdotter Landeråen frå Landeråen på Tysnes, f. på Tysnes 6.7.1918.  Ho d. på sjukeheimen på Tysnes 26.2.2006.  Ingvald og Annemor var gardbrukarar på Færevåg på Tysnes, men Ingvald siglde for det meste som tømmermann i utanriksfart.  Dei fekk tre døtrer i lag.

b. Øystein Olson Bolstad, f. på Tysnes 24.4.1923, d. på sjukehuset på Stord 8.10.1994.  Han gifte seg på Tysnes 19.3.1949 med Sofie Jonasdotter Søreide frå Søreide på Tysnes.  Ho var f. på Tysnes 7.3.1921 og d. på sjukehuset på Stord 29.8.1991.  Øystein var matros, og han og Sofie budde på Uggdalseidet på Tysnes.  Dei fekk ein son i lag.

c. Agnes Larsdotter Vermedal, dotter av Elise og steinarbeidar Lars Johannesen, var f. i Bergen 14.7.1925 og d. på ein sjukeheim i Fana, Bergen 21.10.2003.  Ho gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 3.3.1956 med Leif Lindal Georgson Larsen frå Bergen, f. i Bergen 8.5.1922.  Han d. på eit sjukehus i Bergen 26.2.1994.  Leif var

 

     ##### (yrket hans?)

 

     og han og Agnes budde i Bergen.  Dei fekk ein son i lag.

d. Olav Olson Bolstad, f. i Bergen 25.3.1932, d. på eit sjukehus i Bergen etter eit ulukkeshende 15.10.1966.  Olav var fiskearbeidar og budde i Bergen, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Leif Lindal Georgson Larsen frå Bergen, f. i Bergen 8.5.1922.  Han d. på eit sjukehus i Bergen 26.2.1994.  Leif var

 

 

 

     ##### (yrket hans?)

 

Ved vielsen  i 1956 ble han oppgitt å være skipsarbeider.

 

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Klokkerbok nr. D 3 (1953-1974), Viede 1956, Side 38b-39a
Permanent bilde-ID: kb10051105301042
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051105301042
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051105301042.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.