Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Hans Olson Qvale (1775-1855) - anglemakarmeistar i Bergen - kven var kona Anna Rasmusdotter Berg?


Recommended Posts

Ivar Moe har greidd det igjen:  I ettermiddag fortel han meg om denne byborgaren frå Luster:

 

image.png.6dded20047d3363024749e801dba55ac.png

 

Det var to personar med dette namnet frå Luster, som båe flytte til Bergen, og eg har oppdaga at eg har «plassert» anglemakarmeistar-titelen på feil mann!  Men Grethe har supplert med fleire opplysningar om denne Hans Olson Qvale, hjarteleg takk Grethe! - sjå innlegg 369 i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=15

 

Og på bakgrunn av dei nye opplysningane har eg sett opp følgjande manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Olson, son av Mari {Paulsdotter Qvale} og husmann Ole Salomonson i Tallehagen under Talle (1752-1826), vart døypt 13.6.1775 og voks truleg opp hjå farsfolket på Berge i Dale, for der budde han då han vart konfirmert i 1791,  Sidan tente han truleg fleire stadar i bygdi, og i 1801 ser me han budde på Flattun.

Hans Olson Qvale flytte kort etter hundreårsskiftet til Bergen der han gifte seg i Krosskyrkja 30.10.1803 med Anna Rasmusdotter Berg frå

 

##### (opphavet hennar? - foreldri?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - 1766?)

 

Han fekk 17.1.1815 borgarskap i Bergen som anglemakarmeistar, og han og Anna vart buande i Bergen der Anna d. som anglemakarkone 15.3.1838.

Som enkjemann flytte Hans Olson Qvale heim att til Kvalsøyri i Luster der han d. som legdelem 19.2.1855.  Han og Anna var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Den store utfordringi som står att her, er å identifisera Anna Rasmusdotter Berg, men er det mogeleg basert på so knappe opplysningar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Anna Rasmusdotter!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.