Lars E. Øyane Posted December 13, 2018 Share Posted December 13, 2018 (edited) Følgjande barnedåp er innført i kyrkjeboki for Veøy 22.10.1758: * Mads Olson Remmeim's dotter Gjertrud: https://media.digitalarkivet.no/view/16042/222 På Eidhammer i Veøy budde i 1801 denne huslyden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058422002444 og desse foreldri Mads Olson Misfjord og Gyri Nilsdotter Eidhammer gifte seg i Veøy 8.1.1758: https://media.digitalarkivet.no/view/16042/218 men om dette er den same Mads Olson som hausten 1758 budde på Remmeim, kan eg ikkje seia noko meir om utan lokal bistand... Eg freistar identifisera ei Gjertrud (Marie) Madsdotter som i 1784 gifte seg i Bergen med Gjert Gunderson frå Askvoll (med mor Anna). Eldste dotter hennar heitte Anna Gurine (oppkalling?) Personleg trur eg IKKJE kona til Gjert Gunderson kom frå Veøy, men eg manglar prov! PS: Eg har bladd igjennom konfirmantane for Veøy frå 1770-talet, og her fann eg konfirmert i 1778 Gjertrud Madsdotter Eidhammer: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/280 Men FT1801 synte jo òg dei hadde ei dotter Gjertrud som då var 26 år gamal. Hadde dei verkeleg TO døtrer med same namn, eller er alderen frå 1801 feil? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited December 13, 2018 by Lars E. Øyane Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Ruben Mentzoni Posted December 13, 2018 Share Posted December 13, 2018 Bygdebok for Tresfjord. Det ser ut som om folketellinga for 1801 har mikset alderen mellom døtrene Gjertrud og Berit. Det er ihvertfall den slutninga forfatteren har kommet til. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted December 13, 2018 Author Share Posted December 13, 2018 Hjarteleg takk til Ruben for ei spennande melding! Då kan me trygt konkludera med at Gjertrud Eidhammar ikkje kan ha gift seg i Bergen i 1784, so då er den «nøtta» løyst! Ein ny kjempetakk for hjelpi! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.