Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Sjømannsrullar Bergen 1850-talet? - Peter Olai Trondsen


Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/209449-øyanes-påskenøtt-2017-4-gjertrud-ingvaldsdotter-1833-frå-luster-gift-med-matros-peter-olai-trondson-frå-alvøen-1828-forsvinn-kring-1860-med-to-born-kvar-vart-det-av-dei/

 

Peter Olai Trondsen, fødd på Alvøen i dåverande Askøy prestegjeld 28.4.1828, er kalla matros då han 14.1.1859 gifte seg i Nykyrkja i Bergen med Gjertrud Ingvaldsdotter frå Luster:

https://media.digitalarkivet.no/view/8362/167

 

Parfolket fekk to born i lag, siste barnet var sonen Peter Ingvald, fødd 5.9. og døypt 30.10.1859 - faren framleis matros: https://media.digitalarkivet.no/view/8358/21

 

So vart denne annonsa rykt inn i Bergen adresse.... 13.2.1861:

 

image.png.f038262ff705fc712e389ede145952ca.png

 

På dette tidspunkt, d.v.s. 29.10.1860, var Peter Olai Trondsen avliden, men dødsfallet hans er ikkje registrert korkje i kyrkjebøkene for Bergen eller i dødsmeldingslistene same stad.

 

Siste voni er at Peter Olai Trondsen finst innført i sjømannsrullane (der MÅ han jo vera...?), og at desse inneheld opplysningat om lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Siste voni er at Peter Olai Trondsen finst innført i sjømannsrullane (der MÅ han jo vera...?), og at desse inneheld opplysningat om lagnaden hans?

 

ser dårleg ut med rullar for den aktuelle tida:

http://www.arkivportalen.no/search?repository=SAB&text=innrulleringssjefen

Men kanskje du kan ta kontakt med Statsarkivet i Bergen for å høyra om det finst rullar eg har oversett.

1 time siden, Richard Johan Natvig skrev:

ser dårleg ut med rullar for den aktuelle tida:

http://www.arkivportalen.no/search?repository=SAB&text=innrulleringssjefen

Men kanskje du kan ta kontakt med Statsarkivet i Bergen for å høyra om det finst rullar eg har oversett.

 

Som nyttig lesning anbefaler jeg kapittelet om Utskrivning i Liv Myklands Håndbok for brukere av statsarkivenehttps://www.digitalarkivet.no/db10171808729526

 

Generelle spørsmål om arkivene i Statsarkivet i Bergen kan postes i Spør Arkivverket, mens anmodninger om oppslag i arkivene kan rettes til Arkivverket via skjema: https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning

Lars har ikke tilgang til www.nb.no fra utlandet. Det finnes en veiledning på Arkivverkets nettsider om sjøinnrullering:

https://www.arkivverket.no/slektsgranskning/sjoinnrullering 

 

 

Endret av Grethe Flood
1 time siden, Grethe Flood skrev:

Lars har ikke tilgang til www.nb.no fra utlandet.

 

Nei, men det er heller ingen som ha lenket til www.nb.no i denne tråden; Liv Myklands bok er lagt ut i Digitalarkivet. Fint med lenke til Arkivverkets temaside i tillegg!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.