Search the Community
Showing results for tags 'sjømannsrullar'.
-
Sjømannsrullar Bergen 1850-talet? - Peter Olai Trondsen
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette emnet er ei oppfølgjing av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/209449-øyanes-påskenøtt-2017-4-gjertrud-ingvaldsdotter-1833-frå-luster-gift-med-matros-peter-olai-trondson-frå-alvøen-1828-forsvinn-kring-1860-med-to-born-kvar-vart-det-av-dei/ Peter Olai Trondsen, fødd på Alvøen i dåverande Askøy prestegjeld 28.4.1828, er kalla matros då han 14.1.1859 gifte seg i Nykyrkja i Bergen med Gjertrud Ingvaldsdotter frå Luster: https://media.digitalarkivet.no/view/8362/167 Parfolket fekk to born i lag, siste barnet var sonen Peter Ingvald, fødd 5.9. og døypt 30.10.1859 - faren framleis matros: https://media.digitalarkivet.no/view/8358/21 So vart denne annonsa rykt inn i Bergen adresse.... 13.2.1861: På dette tidspunkt, d.v.s. 29.10.1860, var Peter Olai Trondsen avliden, men dødsfallet hans er ikkje registrert korkje i kyrkjebøkene for Bergen eller i dødsmeldingslistene same stad. Siste voni er at Peter Olai Trondsen finst innført i sjømannsrullane (der MÅ han jo vera...?), og at desse inneheld opplysningat om lagnaden hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
I 1854 vart ein del «unge mannskap» frå Luster og Hafslo etterlyste i samband med militærteneste - ein av desse var: Iver Gjertson Opheimshaug, fødd i Hafslo 26.7.1832 som son av Gjert Iverson (1799-1868) og Elisabeth Johannesdotter (1797-1885) som frå 1833 var husmannsfolknpå Ellingsete under garden Lie i Hafslo. Foreldri utvandra til Amerika i 1860, olg einaste broren Johannes (1838-1913) var utvandra alt i 1857. Einaste gongen Iver sidan dukkar opp i kjeldene våre i Hafslo er i 1859 då han fekk flytteattest for å dra til sjøs: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/28 Og ser ein nærare på denne flytteattesten, står det at han «afreiste herfra for ca, 7 Aar siden». Han var med andre borte frå Hafslo før han i 1854 vart etterlyst av styresmaktene, men kvar vart det av han? Eg hadde inne eit spørsmål om sjekking av sjømannsrullane for 12 år sidan, sjå gamle arkivforum #37606: https://forum.arkivverket.no/topic/123117-37606-sjømannsrullar-1859/?tab=comments#comment-1005827 men den gongen var dei ikkje tilgjengelege på nettet. Det hadde vore kjempefint om det let seg gjera finna lagnaden til Iver Gjertson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
- sjømannsrullar
- gjertson
-
(and 2 more)
Tagged with:
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.