Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Ei ættegåte på Fimreite i Sogndal - kven var Nils Rasmusson Fimreite, 53 år gamal bonde på Fimreite i 1701 - kven var kona hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1701 for garden Fimreite i Sogndal syner mellom anna denne huslyden:

 

14830 Niels Rasmusen 53 o   FimmerEid Sogndals
14831 Elling Nielsen 11 s   FimmerEid Sogndals
14832 Rasmus Nielsen 8 s   FimmerEid Sogndals
14833 Peder Nielsen 3 s   FimmerEid Sogndals

 

Sonen Peder Nilsson gifte seg første gongen med Gjertrud Eriksdotter, enkja etter Anders Ellendson på Stedje i Sogndal (1663-1716), men ho vart gravlagd frå Stedje 3.1.1727, og Peder gifte seg att i Hafslo 2.7.1727 med Gjertrud Atlesdotter frå Urnes, fødd i Hafslo kring 1705.  Desse vart buande nokre år på Stedje, men vart sidan gardbrukarar på Bjørkum i Lærdal der Peder døydde 28.4.1763.  Gjertrud døydde same staden 22.6.1788.  Dei har ei kjempestor etterslekt.

 

Kven kan denne Nils Rasmusson ha vore?  Og kven var han gift med?  Eg finn ingen av borni hans døypte i Sogndal, men me ser at det i 1669 vart halde skifte etter Rasmus Olson på Elvagjeng i Sogndal, og han let etter seg mellom anna enkja Martha og borni Nils og Kirsti.  Kanskje er det denne Nils som sidan dukkar opp på Fimreite?  Men dette er kanskje tvilsamt, for Nils Rasmusson på Elvagjeng er 33 år gamal i 1666: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=SDAL1666&gardpostnr=285&merk=285#ovre

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Tandsether

Nils Rasmussen Fimreite f. ca. 1648, skifte på Fimreite 10.5.1724, er blant mine forfedre i Sogn. Her fra et tidligere innlegg: https://forum.arkivverket.no/topic/211336-brødrene-ole-rasmussen-f-1633-og-nils-rasmussen-f-1648-begge-jektebyggere-og-bosatt-fimreite-i-sogndal-søker-deres-opphav-kanskje-fra-nordfjord-eller-førde/?tab=comments#comment-1779734

 

En Rasmus Jektebygger er nevnt i Sogndal 1680, men vet ikke om det er faren.

 

Nils var gift med Synneve Gautesdatter Fimreite f. ca. 1653 bgr. fra Fimreite 31.10.1731. Hun var datter av Gaute Pedersen Fimreite og hans første kone NN Ellingsdatter øvre Slinde.

 

I dette skjøtet fra 1738 https://media.digitalarkivet.no/view/12401/189?indexing nevnes Mikkel Slindes barn Elling Mikkelsen Slinde på Ylvisåker, Nils Mikkelsen Slinde og Ingeborg gift med Lars Nilsen Fimreite, de selger gods i Mannsverk og Heggeteig som de arvet etter deres morfar Nils Rasmussen Fimreite (skifte 10.5.1724) og mormor Synneve Gautesdatter Fimreite (skifte 28.5.1732).

 

Edited by Terje Tandsether

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for eit svært spennande og imponerande innlegg!

 

Eg har òg lese gjennom det «gamle» emnet ditt om dei to brørne som var jektebyggjarar, og noterer meg med stor interesse for sambandet til Nordfjord.  For me veit vel strengt teke ikkje pr. i dag kvar Ole og Nils jektebyggjarar kom ifrå?  Og som ei bisetning vil eg gjerne få nemna at ein av dei tidlege brukarane på Urnes var Aamund Olson som skal ha vore fødd på Smørdal i Nordfjord kring 1645.  So kanskje det var ei viss flytting mellom landsdelane?  Jeremiasnamnet i Sogndal høyrer jo klart òg heime i Nordfjord...

 

Eg er svært takksam for at du Terje har identifisert kona til Nils Rasmusson som Synneva Gautesdotter frå Fimreite, og denne opplysningi stadfestar ein gamal teori som eg har når det gjeld namnet på kona til Atle Gunderson frå Gudvangen (1677-    ), ein som i 1701 framleis budde i Gudvangen,

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701nba&gardpostnr=12876&merk=12876#ovre

 

men som som få år etter tok over som brukar på eitt av bruki på Urnes i Hafslo etter Jørgen Sanderson, same bruket som ovannemnde Aamund Olson frå Smørdal hadde hatt.  Gjertrud Atlesdotter og mannen Peder hadde ei dotter Anna fødd før dotteri Synneva, medan søsteri Gjørond Atlesdotter på Urnes hadde Anna som eldste dotter!  So kona til Atle heitte nok ANNA, og ho har truleg vore av ei «fornem» ætt i indre Sogn, men kva for ei?  Kanskje du Terje eller andre har spekulert på dette, for dette er vel òg mellom forfedrene dine?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja desse gamle ættene!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Tandsether

Som nevnt stammer jeg fra Nils Rasmussen Fimreite, ikke gjennom sønnen Peder Nilsen Fimreite/Stedje/Bjørkum og kona Gjertrud Atlesdatter, men fra dattera Kari Nilsdatter ( -1718) gift med Mikkel Eriksen Slinde (1685-1734). Vet ikke hvem Atle Gundersen Urnes var gift med.

 

Så skrev jeg at en Rasmus Jektebygger er nevnt i Sogndal 1680. Det er ikke riktig, han er nevnt i skiftet etter Peder Olsen Fimreite i 1680, men det står ikke hvor Rasmus bodde. Peder Olsen, som også var jektebygger, kom fra Gloppestad i Nordfjord.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget om denne huslyden.

 

Eg ser du sår tvil om bustaden til Rasmus Jektebygger i Sogndal, me du seier vel ikkje noko om at han ikkje var far til Ole og Nils?  No er det vel so at ein jektebyggjar ikkje alltid måtte vera gardbrukar, og dersom Rasmus var husmann, kan han ha butt nær sagt kvar som helst...

 

Nei, so enkelt skal det tydeleg ikkje vera...

 

Elles er det framleis ei stor utfordring å identifisera kona til Atle Gunderson på Urnes.  Ho har nok høyrt til ei av «stormannsættene» i området, men kva for ei...?

 

Me får lata saki liggja enn so lengje og vona at det kanskje vil dukka opp nye element...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg kan ikkje sjå at denne jenta har vore nemnd før:

 

Gjertrud, dotter av Nils jægtebygger, døypt i Sogndal 23.2.1694: https://media.digitalarkivet.no/view/11651/14

 

Ingen av sønene til Nils Rasmusson er nemnde i dåpsprotokollane i Sogndal, men no veit me vel frå andre kjelder at Nils Rasmusson var jektebyggjar...

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Tandsether

Hvor kom Nils Rasmussen Fimreite (og broren Ole Rasmussen) fra?

 

Koppskatten 1645 er søkbar for Ytre Sogn, Indre Sogn og Nordfjord. Sunnfjord fant jeg ikke. Søker jeg på Rasmus så finner jeg i Ytre Sogn 21, i Indre Sogn 19 og i Nordfjord 277 (!) Så har jeg sett i manntallene 1664-1666 for Selje, Eid, Gloppen og Innvik prestegjeld (Innvik bare 1664). Her finner jeg følgende aktuelle:

 

1. Innvik 1664, Nedstryn sogn. Bruker Rasmus Rasmussen Lunde 66 år, sønn Nils Rasmussen 16 år.

 

2. Selje 1666. Nils Rasmussen 13 år, tjener på en gard der. Han er kanskje ikke så aktuell.

 

3. Gloppen 1666. Bruker Rasmus Ommedal 52 år, sønn Nils Rasmussen 15 år, knekt Arne Rasmussen 20 år.

 

4. Gloppen 1666. Bruker Rasmus Gloppestad 56 år, bruker Rasmus Steffensen Gloppestad 44 år, sønner Nils Rasmussen 12 år, Peder Rasmussen 8 år, Peder Rasmussen 10 år og Adrian Rasmussen 2 år. Det går ikke fram av manntallet hvilken Rasmus som er far til hvem: https://media.digitalarkivet.no/view/35521/107 Bygdeboka viser til et skifte som sier at Rasmus Steffensen var far til den ene Peder, og Adrian.

 

Koppskatt Gloppestad i Gloppen 1645: Bruker Rasmus og kone Kari, men også husmann Rasmus og kone Kari.

 

Gloppen 1701: Tjener Nils Rasmussen Førde 50 år, født i sognet. Bruker Peder Rasmussen Gloppestad 54 år.

 

Bygdeboka/kirkeboka for Gloppen har følgende opplysninger om Gloppestad (det var mange bruk der, dette er kalt Larsbruket): Rasmus Olsen Gloppestad begravet 28.3.1689, 84 år 6 mnd. Han var bruker fra 1639. Rasmus Gloppestads kvinne Kari begravet 2.8.1691, 77 år 11 uker. Før Rasmus var Ole Sjursen bruker fra 1602.

 

Rasmus Steffensen Gloppestad (1619-1689) gift med Marta Jensdatter (1629-1696) er nevnt i et annet innlegg i Brukerforumet. Dette paret kan ikke ha en sønn Ole Rasmussen f. ca. 1633.

 

Lurer på om det er Rasmus Olsen Gloppestad og kona Kari som er foreldre til Nils på Fimreite? Etter navnet hadde vel Rasmus Olsen også en sønn Ole Rasmussen. Nils Rasmussen hadde ei datter som het Kari. Ole Rasmussen hadde døtrene Anne og Johanne, ingen Kari. Har sett i skifteregisteret for Nordfjord som begynner 1690, uten å finne noe.

 

Det var forbindelser mellom Gloppestad og Sogn. Peder Olsen jektebygger på Fimreite (død 1680) var som tidligere nevnt sønn av Ole Olsen Gloppestad. I 1701 tjente en Nils Andersen på Gloppestad, 19 år og født i Sogns fogderi.

 

Aamund Olsen Smørdal nevnt i #3 og som  ble bruker på Urnes tjente på Evebøe i Gloppen 1666. Det står at han var 16 år og født på Smørdal i Eid prestegjeld. Her er han nevnt i skiftet etter mora 1715 som bosatt Ornes i Sogn: https://media.digitalarkivet.no/view/24222/187

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.