Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Pederson Urnes - Sever Peterson 1829-1876 - eit kjempemysterium i Wisconsin - tolking av kart frå 1877? - kan gåta kring Sjur frå Hafslo og kona Anna frå Gransherad endeleg løysast?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Ivar, Renate, Anfinn og Randi Elisabeth for nye interessante kommentarar!

 

Først til Anfinn:  den første transkripsjonen av vigsi til Anna Herbjørnsdotter, referert i innleiingi, er nok kommi frå mormonarkyrkja, og som me ser har ancestry ei anna tolking (sjå innlegg #25).

 

Eg ser elles no at var litt for snøgg i identifikasjonen av Tilda.  Eh har ho jo frå som kona til Peder Martin. kjend som Martin P. Urness, og her er manuskriptet mitt for Martin der eg no har «bygt inn» Peter Finstuen, som heilt opplagt er mannen som Ivar fann (jmf. #15):

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peter Martin kjend som Martin P. Urness, f. i Iowa Co., Wis. 21.3.1857, d. i Moorhead, Minn. 10.6.1942.  Martin gifte seg første gongen i Whitehall, Wis. 11.2.1882 med enkja Thale Johnsdotter, opphavleg frå Haugen i Meråker, i Amerika kjend som Tilda Hogmo.  Ho var dotter av innerst og dagarbeidar John Olson i Haugmoen, opphavleg frå Brobakken under Eggen, og kona Anna Torgersdotter frå Gudågjerdet og f. i Meråker 11.5.1861, men utvandra til Amerika i lag med mor si i 1876.  Tilda gifte seg første gongen i Buffalo Co., Wis. 3.3.1878 med Peter Hansson frå Finstuen i Land, i Amerika kjend som Peter N. Finstuen.  Han var son av gardbrukar Hans Nilsson på Finstuen, opphavleg frå Granum i Sør-Aurdal, og kona Ingrid Knutsdotter frå Fløgum i Sør-Aurdal og f. i Land 23.10.1848.  Han utvandra til Amerika i

 

 

     ##### (utvandringi hans - etter 1865)

 

 

     Peter og Tilda farma i Burnside township, Trempealeau Co., Wis. men Peter d. under eit opphald i Pineries, Clark Co., Wis. alt 21.1.1881.  Tilda d. i Moorhead, Minn. 29.11.1917, og Martin gifte seg 20.12.1921 att i Clay Co., Minn. med enkja Martha Johannesdotter, opphavleg frå Holm i Rendal, i Amerika kjend som Martha Holm.  Ho var dotter av husmann Johannes Knutson i Holmslien under Holm, opphavleg frå Veltmyrsveen under Sørbruket i Ringsaker, og kona Rønnaug Olsdotter frå Ånslykkja i Ringebu og f. i Storelvdal 26.11.1870, men utvandra til Amerika i 1889.  Martha gifte seg første gongen i Cummings, N.D. 9.10.1892 med Ole A. Stonedahl, f. i Winneshiek Co., Ia. 25.8.1854.  Ole var møllestyrar («elevator manager»), og han og Martha flytte i 1904 til Zumbrota, Goodhue Co., Minn. der Ole d. 3.7.1910.  Martha Urness d. i Fargo, N.D. 17.12.1952.  Martin Urness og første kona Tilda budde først ei tid i Fargo, Cass Co., N.D., men flytte kring 1898 til Moorhead, Clay Co., Minn. der Martin livnærte seg som vaktmeister («church caretaker»).  Han fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet, men først kona Tilda ahadde òg ei dotter frå første ekteskpet sitt, ndre kona Martha hadde òg ei adoptivdotter frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, er det då berre utvandringi som manglar for Peter Finstuen, som framleis budde heime i 1865.  Eg har no blatt igjennom utvandringslistene for Land, men finn ikkje Peter nokon stad.  Har eg kanskje oversett han?  Ikkje alt er like lett å lesa....

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien.

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.