Gå til innhold
Arkivverket

Margretha (1818) og Synneva (1827) Endresdøtrer frå Eide i Luster - ugifte søstrer med born som utvandra til Amerika, men kvar vart det av dei? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet vart i 2018 grunna skyldskap «hengt på» følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202828-tre-søsken-frå-luster-skalperte-av-indianarar-i-1860-åri-er-det-mogeleg-å-finna-fleire-opplysningar-om-dette/?tab=comments#comment-1882466

 

men då det ikkje er komme nokon attendemeldingar på det, tek eg det i dag opp som eige tema.  Her er kva opplysningar eg sit med om Margretha og Synneva:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Margretha Endresdotter {Eide}, f. {i Luster} 13.9.1818,

Margretha Anderson(?) flytte til Bergen i 1851, og derifrå utvandra ho i 1856 til Amerika

 

##### (her destiny?)

 

Ho fekk to born i Noreg:

a. Mari Andersdotter, dotter av Margretha og husmannssonen Anders Thomasson frå Sage under Fuhr (1818-    ), var f. i Luster 12.7.1843, men utvandra til Amerika med mor si i 1856

 

     ##### (her destiny? – perhaps this one?    

Name

Ole Johnson Aas

Event Type

Marriage

Event Date

09 Apr 1879

Event Place

Armenia, Juneau, Wisconsin, United States

Gender

Male

Race

White

Birthplace

Kingston, Norway

Father's Name

John Johnson Aas

Mother's Name

Ingabar Johnson Aas

Spouse's Name

Mary Anderson

Spouse's Gender

Female

Spouse's Race

White

Spouse's Father's Name

Andrew Anderson

Spouse's Mother's Name

Margaret Anderson

 

b Petra Andrea Pedersdotter, dotter av Margretha og hattemakarmeistar Peder Andreas Thistel i Bergen (1828-1897), var f. i Bergen 30.10.1852, men d. i Bergen 27.11.1854.

 

##### (more children in America?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Endresdotter {Eide}, f. {i Luster} 21.1.1827,

Synneva Anderson(?) utvandra til Amerika i 1860

 

##### (her destiny?)

 

Synneva fekk to born i Luster:

a. Bertha Thomasdotter, dotter av Synneva og husmann Thomas Trondson på Stubbøy under Øyene (1825‑1879), var f. i Luster 17.4.1852, men utvandra til Amerika med mor si i 1860,

 

     ##### (her destiny?)

 

b. Ole Jensson (1859‑1859), f. og d. i Luster, var son av Synneva og gardbrukar Jens Olson på Fuglesteg (1838 1880).

 

##### (more children in America?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Mor til dei tre søskeni som vart etterlyste i ovennemnde tema, Christi Endresdotter (som døydde i Luster), var søster til Margretha og Synneva, og dei hadde ogso ei anna søster Johanna Endresdotter, som utvandra til Amerika og som eg har sport opp der borte.  Eg tenkte at Johanna kanskje kunne leia oss til Margretha og/eller Synneva der borte, men so løangt har det ikkje lukkast...

 

Her er opplysningane eg sit med når det gjeld denne Johanna Endresdotter og mann hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Rasmusson Kilen, opphavleg frå Fura under Hauge, var f. 11.12.1817 og gifte seg 12.10.1843 med Johanna Endresdotter frå Eidsbakken under Eide, f. 14.3.1822.  Erik og Johanna hadde først ein plass på Bøen under Berge i Dale, men kring 1854 kom dei til Gjerdet, og her vart dei buande som plassfolk til 1858.

 

Erick og Johanna Kilen utvandra til Amerika i 1858 og farma først nokre år i Hampden township, Columbia Co., Wis., men flytte kring 1862 til Arendahl township, Fillmore Co., Minn. og derifrå i 1867 til ein farm i Belmont township, Jackson Co., Minn. der dei vart buande levetidi ut.  Erick Kilen d. i Jackson Co., Minn. 31.5.1897, medan Johanna d. same staden 25.6.1901.  Dei fekk tretten born i lag:

 

Her er denne huslyden i FT1860 for Hampden township, Columbia Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9LNF

 

Her er denne huslyden i FT1870 for Belmont township, Jackson Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LDQ-238

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har mellom anna søkt meg gjennom vigselsregistrene i Wisconsin, og eg fann den eine vigsli mellom Ole Johnson Aas og Mary Anderson som er innfelt ovanfor og som eg MISTENKER kan vera dotteri som Margretha hadde med seg til Amerika i 1856.  Men kan Ole og Mary finnast att i andre kjelder?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips når det gjeld denne huslyden og lever i voni!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld også gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi frå august.

 

Eg har framleis svært stor tru på at denne Mary Anderson som i 1879 gifte seg med Ole Johnson Aas i Juneau Co., WI kan vera dotteri til «vår» Margretha, men kan Mary og Ole finnast att i andre kjelder?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg la for eit par timer sidan ut som eige tema spørsmål om hjelp til identifiasjon av ekteparet frå Juneau Co., WI 1879: https://forum.arkivverket.no/topic/238085-løyst-hjelp-til-identifikasjon-av-norsk-par-vigde-i-juneau-co-wi-i-1879/

og det synte seg raskt at dette IKKJE er folki som eg leiter etter, so me er «back to square #1».

 

Kvar i all verdi er det so vorte av Margretha og Synneva og døtrene deira?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.