Gå til innhold
Arkivverket

Karine Pedersdotter Nøkleberg, fødd på Austre Toten 2.6.1843, utvandra i 1873(?) til Fillmore Co., MN - men kven var denne jenta? - bustaden til foreldri og opphavi deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1865 for Nøkleberg på Austre Toten syner mellom anna desse huslydane: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0528&kenr=007&bnr=0082&lnr=000

 

Mellom innbuarane her er Karine Pedersdotter, som me finn att som fødd i Laeseiget på Austre Toten 2.6.1843: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008454068

 

Ifølgje FT1865 var foreldri då innerstfolk på Nøkleberg, Peder Christianson frå Vardal og Ragnhild Knutsdotter frå Nord-Aurdal.

 

Ifølgje amerikanske kjelder skal Karine ha utvandra i 1873.

 

Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna svar på desse utfordringane:

 

* Kva skal me rekna som «endeleg bustad» for Peder Christianson og Ragnhild Knutsdotter på Austre Toten?

 

* Kva gard/plass hadde Peder Chrostianson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Ragnhild Knutsdotter opphavet sitt ifrå?

 

* Utvandringsåret for Karine Pedersdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

* Utvandringsåret for Karine Pedersdotter?

 

Fra TotenEmigrant  -  https://sites.google.com/site/totenemigrant/Toten-emigrant-1846/1871-1875

 

Med dampskipet ”Kong Sverre” 21. mai, 1874
1874/45  1. Karine Pedersdatter f. 2. jun. 1843 Laeseie

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000928653

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være Peder og Ragnhild som gifter seg i Østre Toten 17.04.1838?

Oppland fylke, Balke, Hoff i Østre Toten, Klokkerbok nr. 1 (1827-1839), Viede 1839, Side 202
https://media.digitalarkivet.no/view/9316/148

 

August, 1839

Oppland fylke, Balke, Hoff i Østre Toten, Klokkerbok nr. 1 (1827-1839), Fødte og døpte 1839, Side 90
https://media.digitalarkivet.no/view/9316/92

 

Stina, 1856

Oppland fylke, Balke, Hoff i Østre Toten, Klokkerbok nr. 3 (1848-1857), Fødte og døpte 1856, Side 63
https://media.digitalarkivet.no/view/9318/67

 

Petra, 1859

Oppland fylke, Balke, Hoff i Østre Toten, Klokkerbok nr. 4 (1858-1886), Fødte og døpte 1859, Side 23
https://media.digitalarkivet.no/view/9319/26

 

Jeg har undersøkt litt, og ifølge Språkrådet er Østre Toten det offisielle navnet. .Dette ordet er et stedsnavn, og har bare én form (den regionale nedarva formen, som stemmer med de lokale dialektene. Av samme grunn heter det Aust-Agder, men Østfold. Da gjelder vel det samme for Østerdalen. 

Se også http://norskstadnamnleksikon.no/

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Grethe for nye og utfordrande innlegg!

 

Då er utvandringi i alle fall på plass.

 

Det ser for meg ut som om Peder og Ragnhild i ganske so mange år har vore plassfolk under Lae, og i 1856 står det Bjørseth som bustad.  Bjørseth er visstnok ein nabogard til Lae, men det er i 1865 òg namnet på ein husmannsplass, tilsynelatande under Lae: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0528&kenr=009&bnr=0073&lnr=000

 

Men kvifor huslyden etter kvart kalla seg Nøkleberg, er for meg framleis ei gåte.  Kan foreldri etter 1865 ha fått bygsel på ein husmannsplass under Nøkleberg??

 

Elles kan det verta ei utfordring å definera opphavi til Peder og Ragnhild...

 

Når det gjeld debatten om bruk av geografiske eigenamn, er det nok mange meiningar ute og går om det, både når det gjeld gardsnamn, bygdenamn, kommunenamn for ikkje å gløyma landsnamn.  For meg heiter Norge alltid Noreg, men eg seier ikkje Sambandsstatane om USA slik Herbjørn Sørebø i si tid gjorde.  For meg er det naturleg å seia Austre Toten og Austre Slidre, og når eg dreg austafjells, so er det til Austlandet.  Diverre har me i Sogn sett døme på gardsnamn som er vorte endra og som soleis har fått ei anna tyding enn den opphavlege, sjå til dømes garden Rønnei i Luster som er vorte til Røneid, til tross for at dette ikkje er nokon -eid-gard!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera biografien om Karine Nøkleberg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.