Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'austre toten'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Sigmund Steinsbø

    OPL, "Gift Mand" Amund Pedersen.

    Hei, To jenter fødte i Oppland ; 1. Berte Amundsdtr. f. 24.11.1887 i Fåberg. (Nr. 1/1888 https://media.digitalarkivet.no/view/6087/60 ) 2. Mathea Amundsdtr. f. 21.08.1890 i Gausdal. (Nr, 66 https://media.digitalarkivet.no/view/6096/31354/21 ) Berte emigrerte til USA, og blei gift der. Etter kvart kom barnebarnet Ann Mae Dxxxxx til. Marte blei gift i Norge, og etter kvart kom tippoldebarnet Andreas Kxxxxxx til her. (Eg har anonymisert etternamna av personomsyn). Både Andreas og Ann Mae har DNA testa seg. Dei deler i alt 100cM, og lengste felles DNA blokk har dei på Kromosom1, frå posisjon 66,7 – 162,5 mill. Litt teknisk dette, men poenget er at dette treffet er heilt konsistent med at Berte og Mathea er halvsøstre, og at Amund Pederson er same «gift mand» i begge høva. Bror til far min, - Gunnar og søstera hans, - Sigfrid og deler og DNA med Ann Mae og Andreas i same område, - frå 91 – 113 mill. Med stort sannsyn har vi då ei felles anelinje som går saman med anane til denne Amund Pederson. Første spørsmålet er om anane hans. Det som gjer dette enda meir spanande, er at tre andre personar og har overlappande DNA segmentet med Ann Mae og Andreas; Else Wxxxx, Peder Lxxx og Anne Berit Hxxxx. Else og Peder felles ei felles tipp oldemor på austre Toten, - Helene Marie Olsdatter f. 27.06.1840 Rognebyehaugen. Helene Marie sine foreldre er Ole Evensen f. 04.02.1822 Røyse Nedre, og Johanna Maria Olsdatter f. 15.04.1819 Rogneby. Desse finn eg igjen som forfedre til Anne Berit. Ho kjem ned frå bror til Helene Marie, - Martinius Olsen f. 03.01.1850, Rogneby. Som sagt, skal det med stort sannsyn finnast ei kobling mellom Amund Pederson, og Ole Evensen/Johanna Marie, ikkje mange generasjonar over dei. Så om det er nokon som har info om anane til denne Amund Pederson, så er eg svært takksam. . (Eg har vore innom temaet tidlegare, men finn stadig nye samanhengar; https://forum.arkivverket.no/topic/247271-opl-f%C3%A5berg-berte-amundsdtr-f-1887/ ) PS. Mange andre med same DNA, har anar tilbake til nord-Aurdal, utan at eg enno ser samanhengen til desse enno…
  2. FT1865 for Nøkleberg på Austre Toten syner mellom anna desse huslydane: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0528&kenr=007&bnr=0082&lnr=000 Mellom innbuarane her er Karine Pedersdotter, som me finn att som fødd i Laeseiget på Austre Toten 2.6.1843: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008454068 Ifølgje FT1865 var foreldri då innerstfolk på Nøkleberg, Peder Christianson frå Vardal og Ragnhild Knutsdotter frå Nord-Aurdal. Ifølgje amerikanske kjelder skal Karine ha utvandra i 1873. Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna svar på desse utfordringane: * Kva skal me rekna som «endeleg bustad» for Peder Christianson og Ragnhild Knutsdotter på Austre Toten? * Kva gard/plass hadde Peder Chrostianson opphavet sitt ifrå? * Kva gard/plass hadde Ragnhild Knutsdotter opphavet sitt ifrå? * Utvandringsåret for Karine Pedersdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.