Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Elias og Olina Dale, fødde i Luster 1889 og 1891 - reiste i ung alder til Trondheims-kanten, men ingen veit kvar det vart av dei - er det mogeleg å finna dei att?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Olson Tubbene (1858-1938) og Eli Torbjørnsdotter Fortun (1863-1938) var husmannsfolk på plassen Tubbene under Dale prestegard i Luster.  Dei fekk åtte born i lag, eitt av dei døydde ugift i Luster, og fem andre flytte alle til Bergen.  Men dei to eldste søskeni reiste heimefrå i ung alder, og lokale folk meinte dei skulle vera flytte til Trondheimskanten:

 

* Elias Hansson Dale, fødd i Luster 10.7.1889

 

* Olina Hansdotter Dale, fødd i Luster 11.6.1891

 

Kanskje nokon kan hjelpa meg finna spor etter dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Vielse nummer 26

 

Sør-Trøndelag fylke, Lade (Strinda, Moholt) i Strinda, Ministerialbok nr. 607A05 (1916-1935), Viede 1917, Side 604-605
Permanent bilde-ID: kb20051024030685
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051024030685
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051024030685.jpg

 

Nummer 6

 

Sør-Trøndelag fylke, Lade (Strinda, Moholt) i Strinda, Klokkerbok nr. 606C10 (1911-1937), Viede 1917, Side 183
Permanent bilde-ID: kb20050408030209
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050408030209
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050408030209.jpg
 

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp

?

Lina Dahle, død 7.5.1915 i Trondheim:

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, 602/L0147: Klokkerbok nr. 602C15, 1911-1924, s. 117
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060522070398

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp

Lenke til digital versjon av Selbuboka:  http://selbuboka.no/wordpress/?page_id=2474&hilite=gurine

 

Marstad mellom gnr. 83/3:

1885-1890 Anne Halvardsdt., f. 1862, d. 1890. G. 1884 m. Ole Jørnsen Uthusdalen fra Mosletta, f. 1862, d. 19 , som var g. II m. Guru Evensdt.

Barn: Gurine, f. 1886, gift Dahle og bodde i Trondheim. (Barn: Anne og Hans).

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for imponerande og kjempefine innlegg!

 

De greidde å finna dei to søskeni, og eg er særleg overraska over å sjå at dei har etterkomarar, som slekti i Sogn og Bergen aldri har høyrt om!

 

Eg har sett opp følgjande manuskript for Elias og Olina:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 2. Elias Hansson Dale, f. {i Luster} 10.7.1889,

Elias H. Dahle flytte kring 1908 til Strinda og gifte seg der 18.11.1917 med Gurine Olsdotter Marstad frå Marstad i Selbu.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Jørgenson på Marstad, opphavleg frå Mosletta under Uthus,

 

##### (har eg oppfatta dette rett?)

 

og første kona Anna Halvorsdotter frå Marstad og f. i Selbu 9.6.1886.  Elias var sjukevoktar og sidan fabrikkarbeidar og målar.  Han og Gurine vart buande i Strinda der Gurine d. på sjukeheimen 9.7.1926.  Elias Dahle d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - gravlagd Tilfredshet 29.1.1949!)

 

1949.  Elias og Gurine fekk to born i lag:

a. Anne Eliasdotter Dahle, f. i Strinda 25.4.1918, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfalet hennar? - dødsfallet kunngjort som meldt 24.9.1985)

 

     .9.1985. 

 

     ##### (oppl. elles? - ugift?)

 

b. Hans Eliasson Dahle, f. i Strinda 9.10.1919, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - gravlagd Lademoen 4.7.1942)

 

     Han arbeidde som sjåfør

 

     ##### (kva slag?)

 

     men var ugift.

 

     ##### (sjekka om han var ugift?)

 

 3. Olina Hansdotter Dale, f. {i Luster} 11.6.1891,

Lina H. Dahle flytte i 1912 til Trondheim og arbeidde som tenestejente, men d. på eit sjukehus i Trondheim 7.5.1915.  Ho var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar, Lars W. og Sven for kjappe og gode innlegg.

 

Eg har lagt inn tilleggsopplysningane i manuskriptet i innlegg #11 over og reknar med det neppe vert so enkelt å komma so mykje lenger...  KLanskje me kan spora opp slektningar i Selbu som veit meir...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.