Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Thelacious Harold Thorson frå Kragerø/Sannidal(?) til Amerika (1865-1950) - opphavet hans i Noreg og utvandringsåret?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i mange år slite med å identifisera denne Thelacious Harold Thorson som i Amerika gifte seg med ei jente av sognaætt, ei fjern slektning av meg...

 

No oppdaga eg eit family tree hjå ancestry, men dette ser mildt sagt noko «forvirrande» ut.  No vonar eg at det finst einkvan med lokal kunnskap i dette området som kan hjelpa meg «rydda opp» i denne huslyden?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Olson Øvrebø, f. {i Luster} 20.3.1847,

Peter O. Overboe utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg første gongen i Sioux City, Ia. 17.5.1876 med Christina Nilsdotter frå Fuglesteg, i Amerika kjend som Christine Solfestson.  Ho var f. i Luster 4.12.1853, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1858.  Peter og Christine slo seg ned som farmarar i Summerhill township, Dixon Co., Nebr. der Christine d. alt 8.4.1881.  Peter gifte seg so att i Chickasaw Co., Ia. 14.2.1883 med Gjertrud Marie, kjend som Jane Munson, dotter av gardbrukar Melchior Schjeldrup Monsson frå Vamberg i Jostedalen (1813-1893).  Jane var f. i Jostedalen 16.3.1843, men utvandra til Amerika frå Lærdal i 1857.  Peter og Jane heldt fram med farmingi i Dixon Co., Nebr. til dei i 1887 flytte til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia.  Jane d. i New Hampton, Ia. 29.1.1936, medan Peter Overboe d. same staden 12.2.1937.  Han fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre; dessutan adopterte han og Jane ei lita jente:

a. Nilda Gustava Overboe, f. i Dixon Co., Neb. 1.8.1879, d. i Dixon Co., Neb.

 

     ##### (tre månader gamal)

 

b. Oscar Nels Overboe, f. i Dixon Co., Neb.

 

     ##### (hausten)

 

     1880, d. i Dixon Co., Neb.

 

     ##### (våren 1881, fem og ein halv månad gamal)

 

c. Oscar Carl Overboe, f. i Dixon Co., Nebr. 17.11.1885, d. i Dixon Co., Nebr. 17.6.1886.

d. Mabel Carina Overboe, adoptivdotteri, var f. i Dakota Co., Nebr. 16.4.1886 og d. i Ft. Dodge, Ia. 13.3.1961.  Ho gifte seg i Chickasaw Co., Ia. 29.6.1921 med enkjemannen Thelacious Harold Thorson frå Kragerø

 

     ##### (sjekka? - Sannidal?)

 

     Han var son av

 

     ##### (foreldri? - family tree på ancestry oppgjev som foreldre Ole Hansen Abrahamson (d. 1870) og Berthe Tomine Halvorsdotter - f. Drangedal 1833! - sidan attgift med Erik Thorson!)

 

     og f.

 

     ##### (fødestad?)

 

     5.10.1865, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1871

 

     ##### (sjekka? - 1872?)

 

     og d. i Humboldt, Ia. 6.7.1950.  Thelacious var butikkmann («grocery salesman»), og han og Mabel budde i Humboldt, Humboldt Co., Ia.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen

Norway Baptisms, 1634-1927  -  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N45B-2HF
Name: Harald Tolesius Olesen
Gender: Male
Birth Date: 05 Oct 1865
Christening Date: 26 Nov 1865
Christening Place: SANNIDAL, TELEMARK, NORWAY
Father's Name: Ole Hansen
Mother's Name: Berte Tomine Halvorsdr

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
21 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Thelacious Harold Thorson frå Kragerø

Han her, kanskje

Harald Tolesius

image.png.e4fd87ec9e2dbc80ab77a59b35defad1.png

SAKO, Sannidal kirkebøker, F/Fa/L0011: Ministerialbok nr. 11, 1863-1873, s. 62
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061130010065
 

Farsnamnet stemmer ikkje, men dersom opplysningar her er rette gifte mora seg på nytt etter at faren Ole drukna, med ein Thorsen:

https://www.findagrave.com/memorial/23598830/thelacious-harald-thorson

Edited by Richard Johan Natvig

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen

Nr. 37, 38 og 39  -  Telemark fylke, Sannidal, Skåtøy i Kragerø, Sannidal, Ministerialbok nr. 13 (1854-1873), Utflyttede 1871, Side 51, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005060941

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum
17 timer siden, Egil Johannessen skrev:

Familietre FS: Thelacious Harold Thorsen  -  https://www.familysearch.org/tree/person/details/9ZDK-NZN

 

https://www.familysearch.org/tree/person/details/LKJT-Y1M

 

----

Carl A. Thorsen

BIRTH 1862
Kragero, Kragerø kommune, Telemark fylke, Norway
DEATH 1959 (aged 96–97)
Humboldt, Humboldt County, Iowa, USA
BURIAL Humboldt, Humboldt County, Iowa, USA Add to Map
PLOT Blk 20, Lot 35
MEMORIAL ID 29352469 · View Source

 

Family Members

Spouse

https://www.findagrave.com/memorial/29352469/carl-a_-thorsen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil, Richard Johan og Ann-Mary for mange spennande og interessante innlegg!

 

Då er Thelacious identifisert med omsyn til namn og fødsel samt emigrasjon.  Men eg har litt vanskar med å identifisera foreldri hans.  Her fann eg vigsli deira i Sannidal 11.5.1862: https://media.digitalarkivet.no/view/1398/36

 

Eg ser dei båe er fødde i Drangedal, og eg fann konfirmasjonen til Ole i 1852: https://media.digitalarkivet.no/view/1354/186

 

Men nokon konfirmasjon for Bertha Tomine finn eg ikkje...

 

Bertha Tomine var fødd 12.10.1833 på Lien under Hoftøen i Drangedal: https://media.digitalarkivet.no/view/7855/50

 

Ole Hansson var fødd 9.9.1835 på Fagernæs i Drangedal: https://media.digitalarkivet.no/view/7855/101

 

Kva eg er ute etter, er:

 

** På kva gard/plass voks Ole Hansson opp?

 

** På kva gard/plass voks Bertha Tomine Halvorsdotter opp?

 

Her følgjer eit manuskript til erstatning av manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Olson Øvrebø, f. 20.3.1847,

Peter O. Overboe utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg første gongen i Sioux City, Ia. 17.5.1876 med Christina Nilsdotter frå Fuglesteg, i Amerika kjend som Christine Solfestson.  Ho var f. i Luster 4.12.1853, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1858.  Peter og Christine slo seg ned som farmarar i Summerhill township, Dixon Co., Nebr. der Christine d. alt 8.4.1881.  Peter gifte seg so att i Chickasaw Co., Ia. 14.2.1883 med Gjertrud Marie, kjend som Jane Munson, dotter av gardbrukar Melchior Schjeldrup Monsson frå Vamberg i Jostedalen (1813-1893).  Jane var f. i Jostedalen 16.3.1843, men utvandra til Amerika frå Lærdal i 1857.  Peter og Jane heldt fram med farmingi i Dixon Co., Nebr. til dei i 1887 flytte til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia.  Jane d. i New Hampton, Ia. 29.1.1936, medan Peter Overboe d. same staden 12.2.1937.  Han fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre; dessutan adopterte han og Jane ei lita jente:

a. Nilda Gustava Overboe, f. i Dixon Co., Neb. 1.8.1879, d. i Dixon Co., Neb.

 

     ##### (tre månader gamal)

 

b. Oscar Nels Overboe, f. i Dixon Co., Neb.

 

     ##### (hausten)

 

     1880, d. i Dixon Co., Neb.

 

     ##### (våren 1881, fem og ein halv månad gamal)

 

c. Oscar Carl Overboe, f. i Dixon Co., Nebr. 17.11.1885, d. i Dixon Co., Nebr. 17.6.1886.

d. Mabel Carina Overboe, adoptivdotteri, var f. i Dakota Co., Nebr. 16.4.1886 og d. i Ft. Dodge, Ia. 13.3.1961.  Ho gifte seg i Chickasaw Co., Ia. 29.6.1921 med enkjemannen Harald Tolesius Olson frå Malmhella i Sannidal, i Amerika kjend som Thelacious H. Thorson .  Han var son av innerst og matros Ole Hansson på Malmhella i Sannidal, opphavleg frå

 

     ##### (kvar er han oppvaksen? - Sandnes eller Fagernes i Drangedal?)

 

     og kona Bertha Tomine, kjend som Tomine Halvorsdotter frå

 

     ##### (kvar er ho oppvaksi? - Drangedal?)

 

     og f. i Sannidal 5.10.1865.  Han utvandra til Amerika med mor si i 1871 og d. i Humboldt, Ia. 6.7.1950.  Thelacious var butikkmann («grocery salesman»), og han og Mabel budde i Humboldt, Humboldt Co., Ia.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men nokon konfirmasjon for Bertha Tomine finn eg ikkje...

 

Familien flytta til Sannidal i 1839 (nr. 15-20):

SAKO, Drangedal kirkebøker, F/Fa/L0007a: Ministerialbok nr. 7a, 1837-1856, s. 404
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051011040367
 

Ho blei konfirmert i Sannidal i 1850 (nr. 34):

SAKO, Sannidal kirkebøker, F/Fa/L0007: Ministerialbok nr. 7, 1831-1854, s. 203
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051006011016
 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** På kva gard/plass voks Ole Hansson opp?

 

I sjøfartsrullen er han oppgitt som "Ole Hansen Sanæs" som kan tyda på at det var her han voks opp? 

 

Du spør ikkje om det, men i følgje same rulle er han "død i Riga 28/9 70 med Skib Philotaxe"

 

SAKO, Kragerø innrulleringskontor, F/Fc/L0002: Hovedrulle, 1868-1871, s. 23
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20090428640023
 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.