Jump to content
Arkivverket

Kvar er det vorte av dei gamle fellesbasane for fødde, vigde og avlidne i Bergen?

Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg har fleire gongar vore borti tilfelle av at kyrkjelege handlingar som var registrerte i dei gamle fellesbasane for fødde, vigde og avlidne i Bergen ikkje er å finna under den funksjonen i det nye digitalarkivet som heiter «avansert personsøk».

Her er berre eit døme som eg nettopp vart merksam på:

Følgjande vigsle finst i den gamle databasen for vigde i Bergen frå 1816 og utover:

Reg. #272: Knud Wichers Uk skriverkarl 22 5 mnd. med Oline Georgine Rosenberg Jfr. 21 6 mnd. vigde DK 20.11.1820

Kvifor finn eg ikkje denne vigsli under «avansert personsøk»?

Dette er berre eitt døme...  Er det mogeleg å få attende dei nemnde fellesbasane i Digitalarkivet?

Eg saknar ogso dei gamle databasane frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.  Me har no ikkje noko å hjelpa oss med når me leiter etter t.d. fødsler, vigsler og dødsfall i Sogndal og andre kommunar i «nordfylket».  Forskingi er vorti mykje meir arbeidskrevjande enn før!

Eg takkar so mykje på førehand for oppklaring!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Når det gjelder samledatabasene for Bergen så er de på lagt ut på Digitalarkivet, men ikke som samledatabase lengre. Registreringen til kirkebøkene er nå splittet opp og knyttet til den kirkeboken de tilhører. 

Men du finner uansett alt dette ved å søke på Avansert personsøk. 

Link to comment
Share on other sites

Når det gjelder den vielsen fra 1820, så har jeg sjekket. Det stemmer at den ikke er å finne på Digitalarkivet. Ser også at det kun er vielsene fra 1725-1815 som er lagt ut. 

Deretter ser jeg at vielsen fra 1821 og fremover er lagt ut

Hva som har skjedd med perioden 1816-1820 vet jeg ikke. Det må jeg undersøke nærmere

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

54 minutter siden, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

Men du finner uansett alt dette ved å søke på Avansert personsøk. 

Man kan også benytte listespesifikt søk med geografisk avgrensning til Bergen, f.eks. for viede. Dette søket vil være identisk med søket i den gamle samledatabasen.

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

Man kan også benytte listespesifikt søk med geografisk avgrensning til Bergen, f.eks. for viede. Dette søket vil være identisk med søket i den gamle samledatabasen.

Det er fleire databasar for Bergen enn den gamle samledatabasen for perioden 1815-1894. Men det listespesifikke søket vil iallefall (i teorien) fange opp det som den gamle databasen omfatta.

Desse gamle samledatabasane inneheldt også innførsler frå dissentersamfunn som f. eks. metodistkyrkja. Dette er såvidt eg veit kyrkjebøker som ikkje er skanna. Desse innførslene finst då truleg heller ikkje i "nye" Digitalarkivet.

Eksempel: http://web.archive.org/web/20160807231422/http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=68955

http://web.archive.org/web/20160807231316/http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=doed1881&gardpostnr=29071&merk=29071

http://web.archive.org/web/20160807231509/http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=doed1881&gardpostnr=28836&merk=28836

(Vigsla mellom Otto og Sigfride har eg aldri greidd å finne).

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

På 16.9.2019 den 11.29, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

Når det gjelder den vielsen fra 1820, så har jeg sjekket. Det stemmer at den ikke er å finne på Digitalarkivet. Ser også at det kun er vielsene fra 1725-1815 som er lagt ut. 

Deretter ser jeg at vielsen fra 1821 og fremover er lagt ut

Hva som har skjedd med perioden 1816-1820 vet jeg ikke. Det må jeg undersøke nærmere

Da har vi gravd vigsler fra domkirken i Bergen for perioden 1816 til 1826 frem. Det viste seg at perioden 1816 til 1821 ikke var overført fra gamle Digitalarkivet, mens 1821 til 1826 var mangelfull. Nå skal disse være på plass. 

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

På 15.9.2019 den 23.01, Lars E. Øyane skrev:

Eg saknar ogso dei gamle databasane frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.  Me har no ikkje noko å hjelpa oss med når me leiter etter t.d. fødsler, vigsler og dødsfall i Sogndal og andre kommunar i «nordfylket».  Forskingi er vorti mykje meir arbeidskrevjande enn før!

Siste endestasjon for desse databasane er her:

https://www.digitalarkivet.no/content/557/transkripsjonar-som-ikkje-er-publiserte-i-digitalarkivet

Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Torbjørn, Renathe-Johanne, Kristian og Tone Merete for interessante og nyttige kommentarar.

Eg er glad for at basen for vigde i Bergen er oppdatert.  Eg har nemlig sakna fleire vigsler i den perioden som dette gjeld.

Ogso er eg takksam for at du, Torbjørn, har lagt ut referansa til dei gamle samlebasane for Sogn og Fjordane.  For dei som veit kva desse inneheld (og ikkje inneheld), er det nyttige basar som sparar mykje ekstraarbeid!

Men eg er framleis ikkje sikker på om dei gamle samlebasane for Bergen er so komplette som dei var, og vil henta fram eit døme frå avlidne i 1797:

Frå avlidnebasen for Bergen 1668-1815 syner eg til linje #18801:

1809   Colben Widingsens søn m 2   1797 StJ DK

Denne guten som altso vart gravlagd på St. Jørgen 18.9.1797, 2 år gamal, har ikkje noko namn oppgjeve, men pårørande var Colben Widingsen (skal vera Wikingsen!), i basekolonna ført under YRKE.

Kan nokon fortelja meg korleis ein skal finna denne gravferdi ved avansert søk i Digitalarkivet?

Eg takkar på ny for hjelpi!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hei

Personen er der

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000444393

Du kan ikke søke i merknadskolonnen under avansert personsøk. Du kan søke på merknad når du søker direkte i kilden.

Nå må du søke i transkriberingen for Domkirken, ikke St. Jørgen. Vedkommende er gravlagt på St. Jacobs (under Domkirken).

Årsaken til at du ikke kan finne personen ved avansert personsøk er at farens navn skulle ha stått som pårørende, men det står i merknadsfeltet. Dette var en mange uheldige måte å føre transkriberinger før i tiden. Det er rett og slett gamle synder som henger igjen. 

Dette kan kun fikses ved en korrektur og gjennomgang av den enkelte registrering. Dette har dessverre ikke Arkivverket resurser til. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.